Tilråding frå komiteen
Komiteen si tilråding til vedtak vert fremja av Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti.
Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
Stortinget gjev samtykke til at Noreg tek del i avgjerda i EØS-komiteen nr. 168/2002 av 6. desember 2002 om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/39/EF om endring av direktiv 97/67/EF med omsyn til ytterlegare opning for konkurranse på marknaden for posttenester i Fellesskapet.