Forslag frå mindretal
Forslag frå Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet:
Stortinget ber Regjeringa:
-
– ta initiativ i den Norsk-russiske fiskerikommisjon om å innføre eit forvaltningsmål om å halde kongekrabbebestanden så langt nede som mogleg.
-
– ta initiativ i den Norsk-russiske fiskerikommisjon om tiltak som kan gje bidrag til at forvaltningsmålet blir nådd. Slike tiltak kan til dømes vere: fritt fiske, fangstpremie, utkastforbod og å tillate fangst på hokrabber.
-
– ta initiativ i den Norsk-russiske fiskerikommisjon for fangstkvoter som er store nok til å kunne forvalte kongekrabba som uønska i Noreg.