Tilråding frå komiteen
Komiteen har elles ingen merknader, viser til dokumentet og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
I
-
1. Stortinget ber Regjeringa innføre ei ordning med statleg garanti i fiskerinæringa. Ordninga skal administrerast av SND. SND får høve til å gi inntil 50 pst. garanti.
-
2. Garantiramma skal setjast til kr 200 000 000. Kr 50 000 000 vert løyvd over SND sitt tapsfond, kap. 2420/55.
-
3. Ordninga tek til å gjelde straks.
II
Dokumentnr. 8:52 (2002-2003) - forslag fra stortingsrepresentantene Bendiks H. Arnesen, Reidar Sandal, Asmund Kristoffersen og Karl Eirik Schjøtt-Pedersen om etablering av statlig garanti for driftstilskudd til fiskerinæringen - vert å leggje ved protokollen.