Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Sammendrag

Det nærmar seg 10 år sidan lov av 17. juli 1992 nr. 100 om barneverntenester blei vedteken. Då lova hadde vore i kraft i dryge tre år, gav Regjeringa i St.meld. nr. 39 (1995-1996) Stortinget ei førebels orientering om erfaringane med lova og om situasjonen i barnevernet på dette tidspunktet, jf. Innst. S. nr. 6 (1996-1997).

Sidan den gongen har lova blitt endra ei rekkje gonger. Viktige reglar i lova er blitt evaluerte i eit eige delforskingsprogram i regi av Noregs forskingsråd, og ulike sider ved den nye ordninga med fylkesnemnder for sosiale saker er særleg vurderte. Ei rekkje departement har samarbeidd om ein handlingsplan mot barne- og ungdomskriminalitet som tek sikte på å førebyggje og kjempe mot problemåtferd blant barn og unge (St.meld. nr. 17 (1999-2000), jf. Innst. S. nr. 215 (1999-2000)). Sist, men ikkje minst har Befringutvalet som skulle ta for seg alle sentrale område i barnevernet med særleg vekt på førebyggjande tiltak i familien og nærmiljøet, lagt fram si utgreiing i NOU 2000:12 Barnevernet i Norge - tilstandsvurderinger, nye perspektiver og forslag til reformer. NOU-en har vore på høyring, og departementet har motteke mange og omfattande fråsegner.

Med bakgrunn i utgreiinga og høyringsfråsegnene, evalueringa av lova og fylkesnemnda, og departementet si eiga erfaring med lova, er tida inne for å gje Stortinget den tilbakemeldinga om barnevernet som det har bede om. Barne- og familiedepartementet viser i denne samanhengen også til St.meld nr. 39 (2001-2002) Oppvekst og levekår for barn og ungdom i Norge, odelstingsproposisjon om den framtidige organiseringa av dei oppgåvene som i dag ligg inn under fylkeskommunen, odelstingsproposisjon med andre lovendringar og stortingsmelding om familiepolitikken.

I den politiske plattforma for Samarbeidsregjeringa (Semerklæringa) heiter det om barnevernet at Samarbeidsregjeringa vil satse sterkare på førebyggjande barnevern. I første rekkje må foreldra og miljøet omkring få hjelp til å løyse oppgåvene. Først når dette i stor nok grad er utprøvd, må det bli aktuelt å skilje barn frå foreldra.

Når ein tek dette som utgangspunkt, er det fordi det her ligg under at det er foreldra som har hovudansvaret for barna sine. Der foreldra sviktar eller kjem til kort, har både barn og foreldre rett til hjelp. Først og fremst skal familiane få hjelp til å leve og bu saman. Når det ikkje let seg gjere, har barnevernet eit lovpålagt ansvar for å skaffe barn og unge omsorgstilbod utanfor heimen.

Familien utgjer eit fundament i samfunnet. Det er derfor ei overordna oppgåve for barnevernet å gjere sitt til at foreldre får så gode vilkår som mogleg for å ta vare på barna sine.

Regjeringa meiner det skal sterke grunnar til for at barn og unge skal skiljast ut eller ekskluderast frå det sosiale fellesskapet på heimstaden. Det vi kan kalle nærleiksprinsippet, bør vere grunnleggjande for alle oppvekstinstansar. Av og til er det likevel nødvendig å verne barna frå deira eigne nære omgjevnader.

Ein god oppvekstpolitikk må først og fremst byggje på at foreldre og familie tek på seg sitt ansvar som stabile omsorgspersonar. Ein politikk for å styrkje familien sin situasjon må innebere å hjelpe utsette familiar til å halde saman.

Ein av dei berande grunnverdiane er forankra til det såkalla biologiske prinsippet. Dette biologiske faktumet er akseptert som eit grunnlag for den rettslege reguleringa av forholdet mellom foreldre og barn. Retten til å stifte familie, med alt det dette inneber, er ein av dei universelle menneskerettane. Ein kan her også vise til FN-konvensjonen om barnerettane.

Det biologiske prinsippet har kome klart til uttrykk i forarbeida både til barnelova og barnevernlova sjølv om vi ikkje finn det uttalt i teksten. Det primære er at barnet skal vekse opp hos dei biologiske foreldra. Å flytte frå sin biologiske familie blir sett på som eit traume for barn. Det synest å ha vore ein tendens på 90-talet at ein har auka vektlegginga av dei biologiske relasjonane i psykologiske og juridiske vurderingar omkring omsorgssituasjonen til barn.

Befringutvalet peiker på at barnevernet generelt har vore skeptisk til fosterheimsplassering hos slektningar. Barne- og familiedepartementet meiner det kan vere behov for å revurdere ein slik praksis.

I barnevernlova står det beste for barnet som ein overordna grunnverdi. Det er også i samsvar med FN-konvensjonen om barnerettane.

Ved alle handlingar som vedkjem barn og som blir utførte av offentlege eller private velferdsorganisasjonar, domstolar, administrative styresmakter eller lovgjevande organ, skal det først og fremst takast omsyn til kva som gagnar barnet best.

Barne- og familiedepartementet vil understreke kor viktig det er at det skjønnsmessige ikkje bør løynast eller mystifiserast i barnevernsaker. Barnevernet bør ytterlegare styrkje sin kompetanse i å kommunisere kva for avvegingar som blir gjorde. Barne- og familiedepartementet ønskjer å setje i verk særlege tiltak for å styrkje ei slik open innstilling.

Regjeringa meiner det er viktig at dreiinga i retning av at barnevernet så langt som mogleg skal vere ei førebyggjande hjelpeteneste, blir ført vidare og forsterka i åra som kjem. Siktemålet må vere at barnevernet på eit så tidleg tidspunkt som mogleg skal oppdage dei barna som er problemutsette og setje i verk tiltak for dei i familien i lokalmiljøet. Målet med denne vektlegginga av tidleg hjelp og støtte er også at det i minst mogleg grad skal bli nødvendig å plassere barn og unge utanfor heimen. Dette bør vere ein del av verdigrunnlaget i eit moderne barnevern.

Samstundes må barnevernet halde fast også på dei andre lovpålagde oppgåvene sine, til dømes oppgåva som kontrollør og den instansen som på vegner av samfunnet skal ta vare på dei mest utsette barna.

Det har skjedd ei dreiing i barnevernet som inneber meir vekt på den delen av tenesta som arbeider ute i familiane nettopp for å hindre meir inngripande tiltak. Dette er ei utvikling Regjeringa stør.

I møte med praktikarar, administratorar og barnevernforskarar har Barne- og familiedepartementet motteke klare signal om at tenestene sjølve ønskjer ei utvikling med større vekt på open innstilling og førebyggjande familiearbeid. Barnevernet må sikrast auka kompetanse og få betra føresetnadene sine for å kommunisere utetter viktige verdiar om det beste for barnet. Barne- og familiedepartementet ser at ei positiv utvikling alt er i gang. Dette er eit godt utgangspunkt for å vidareutvikle barnevernet i åra som kjem.

Barnevernet utøver faget sitt i spenningsfeltet mellom på den eine sida krav til samhandling og samarbeid, og på den andre sida plikt til å handle når omsynet til barnet tilseier det. Barnevernet er både hjelpar og tvangsmakt – begge delar til beste for barnet. Denne dobbeltrolla bør barnevernet kommunisere ope om. Større innsyn i barnevernet vil kunne ha positiv verdi for legitimiteten.

Barne- og familiedepartementet vil halde fram arbeidet med å leggje til rette for at foreldre, barnehagepersonale, barnevern og andre i det offentlege tenesteapparatet utviklar god kontakt. Tverrfagleg og tverretatleg samarbeid er heilt nødvendig for å skape gode velferdstilbod for barn og foreldre.

Departementet ser det som viktig at også andre hjelpetenester i kommunen aktivt nyttar sin kompetanse og si erfaring når det gjeld barn og unge som har eller står i fare for å utvikle problem. Samstundes vil Barne- og familiedepartementet kome med framlegg om at barnevernet får eit meir sentralt ansvar i det førebyggjande arbeidet, fordi nokon må ta eit hovudansvar for at dette samarbeidet mellom etatane fungerer. Det vert framheva at teieplikta i barnevernlova ikkje skal vere til hinder for nødvendig samarbeid til beste for barnet.

Meldinga gjer greie for den rettslege utviklinga innan barnevernet frå den første barnevernlova i 1896, lova frå 1953 og til den nogjeldande barnelova av 17. juli 1992 nr. 100. Førebyggingstanken har vorte viktigare og i 1992-lova ser ein tydeleg ei utvikling i retning av endå større vekt på førebygging.

Når det gjeld dei private institusjonane, heiter det i meldinga at mange av desse tiltaka er svært kostbare. Fylkeskommunane, som betaler for desse dyre og somme gonger lite eigna tiltaka, har til dels følgt for dårleg opp både i forhold til barna og sjølve tiltaket. Barnevernlova frå 1992 har ingen reglar om godkjenning av institusjonar, men fylkesmannen har tilsynsansvar etter lova. Barne- og familiedepartementet kom i Ot.prp. nr. 15 (2001-2002) med framlegg om fylkeskommunal godkjenning for private barneverninstitusjonar som ikkje er innpassa i planen til fylkeskommunen. Proposisjonen blei i Ot.meld. nr. 3 (2001-2002) trekt tilbake på grunn av arbeidet med ny organisering av oppgåvene til fylkeskommunen etter barnevernlova. Som ein konsekvens av dette arbeidet vil spørsmålet om kva for ein instans som skal vere godkjenningsmakt, bli vurdert på nytt.

Regjeringa ønskjer å sameine måla om ein god barndom og ei god ungdomstid med kvalifisering for framtida. Barn og unge med særskilde behov må sikrast ei best mogleg framtid gjennom samarbeid og tilrettelegging både lokalt og nasjonalt. Ein må ta omsyn til utsette barn og unge i alle politiske prosessar som har med deira situasjon å gjere. Ikkje minst i kommunal planlegging og politikk må omsynet til barn og unge vere gjennomgripande.

I den generelle barne- og ungdomspolitikken ønskjer Regjeringa ein aktiv politikk for å stimulere barn og ungdom til deltaking og medansvar i samfunnet. Det er viktig å ha ein god dialog mellom barn, ungdom og vaksne, slik at også behova og interessene hos barn og ungdom blir tekne vare på. Barn og ungdom må bli høyrde, og synspunkta deira må ein ta på alvor. Dette gjeld også i barnevernsaker.

Utjamning av levekårsskilnader, solidaritet, likeverd og mangfald står sentralt i barne- og ungdomspolitikken. Eit overordna mål er å sikre alle barn og unge likeverdige tilbod og utviklingsvilkår. For å motverke ulikskapar vil Regjeringa leggje særskild vekt på å betre oppvekstkåra for dei dårlegast stilte, mellom anna gjennom ein handlingsplan mot fattigdom. Eit godt barnevern er ein viktig del av ein heilskapleg barne- og ungdomspolitikk.

Norske styresmakter har i dei seinare åra lagt vekt på å styrkje oppvekstmiljøet, mellom anna gjennom omfattande reform- og forsøksarbeid og gjennom utvikling av tilbod og tenester som er eigna til å dekkje dagens behov. Trass i den innsatsen som alt har skjedd, kan vi enno ikkje seie oss nøgde. Den offentlege politikken må utformast og organiserast slik at alle barn og ungdommar får gode utviklingsvilkår og den hjelp og støtte dei har behov for. For å sikre dette er det ikkje minst nødvendig med eit godt samarbeid mellom etatar og tenester i kommunane.

Regjeringa ser det som viktig at alle barn og unge får høve til å delta aktivt og vere med på å utforme og gjennomføre barne- og ungdomspolitikken. I tillegg til at barn og ungdom kan verke med til å lyfte kvaliteten på barne- og ungdomspolitikken og gjere han meir treffsikker, er deltakinga viktig for opplæring i demokratiske haldningar og handlemåtar. Det er eit mål at alle kommunane i landet legg opp eit systematisk arbeid for å trekkje barn og ungdom aktivt inn i arbeidet for å betre oppvekstmiljøet.

Deltaking og medverknad blir nærmare omtalt i St.meld. nr. 39 (2001-2002) Oppvekst og levekår for barn og ungdom i Norge.

Å sikre barn og unge lik rett og like vilkår for utdanning og kvalifisering er eit sentralt mål for barne- og ungdomspolitikken.

Auka krav til utdanning fører til at fallhøgda blir større for barn og ungdom som ikkje greier å utvikle sine evner og anlegg innanfor utdanningssystemet. Regjeringa vil føre vidare innsatsen overfor ungdom som fell utanfor utdanningssystemet. Eit nært samarbeid mellom barnevern og oppfølgingsteneste vil i mange tilfelle vere til stor hjelp.

For å sikre eit godt helsefremjande og førebyggjande arbeid blant barn og ungdom er det nødvendig med samordning og samarbeid på tvers av etatar og sektorar og mellom offentleg og frivillig innsats.

Gjennom "Opptrappingsplan for psykisk helse 1999-2006" er det lagt opp til ei omfattande utbygging av psykisk helsevern for barn og ungdom.

Ved behandlinga av statsbudsjettet for 2001 slutta Stortinget seg til at det skal liggje føre ein politisk vedteken plan i kommunane for det psykososiale helsearbeidet. Planen skal også omhandle barn og unge.

Regjeringa har sett i gang eit arbeid med å gjennomgå og ajourføre opptrappingsplanen for psykisk helse, både når det gjeld brukartiltak, informasjon, kommunale og spesialiserte tenester og kompetansetiltak. Opptrappingsplanen har lagt vekt på barn og unge.

Etter reforma av spesialisthelsetenestene er psykisk helsevern for barn og unge overførd til helseføretaka. Sosialdepartementet greier no ut spørsmålet om framtidig organisering av dei delane av tiltaksapparatet for rusmiddelmisbrukarar som framleis er lagde til fylkeskommunen. Barne- og familiedepartementet har sendt på høyring framlegg til framtidig organisering av dei oppgåvene innanfor barnevernområdet som i dag ligg i fylkeskommunen. Dette inneber nye utfordringar til framtidig organisering av samarbeidet. Departementa har derfor sett i gang eit arbeid for å sikre ei god samordning mellom desse tenestene i framtida, uavhengig av kva for forvaltningsløysingar som blir valde.

Eigenaktivitet og kreativitet er berande prinsipp i Regjeringa si satsing på barn og ungdom. Barn og ungdom er aktive utøvarar, skaparar og brukarar i kultur- og fritidsverksemd. Kultur- og fritidspolitikken må tilretteleggjast slik at alle grupper av barn og ungdom får høve til å delta i eit aktivt og mangfaldig kulturliv. Regjeringa ser det som viktig at innsatsen retta mot barn og unge på kultur- og fritidsområdet blir styrkt og utvikla vidare. Dei frivillige organisasjonane på kulturfeltet er viktige og skal sikrast gode kår. Kultur- og kyrkjedepartementet arbeider for tida med ei ny kulturmelding som etter planen skal leggjast fram for Stortinget tidleg på våren 2003. Barn og unge vil vere eit tema i denne meldinga. Kultur på barne- og ungdomsområdet er også omtalt i meldinga til Stortinget frå Barne- og familiedepartementet om oppvekst og levekår for barn og unge (St.meld. nr. 39 (2001-2002)).

Problem knytte til vald, mobbing, kriminalitet, rus og rasisme blant barn og ungdom har kome meir i framgrunnen dei seinare åra. Nokre få barn og unge med innvandrarbakgrunn er utsette for kjønnsskamfaring. Situasjonen vekkjer uro. Regjeringa ønskjer eit breitt engasjement for å snu utviklinga. For å få til den nødvendige satsinga er det lagt opp til styrkt innsats og betre samordning både i kommunar og på statleg nivå.

Rusproblem er aukande og spreier seg til nye grupper. Regjeringa har som mål å redusere det totale alkoholforbruket og styre meir av alkoholomsetninga inn i lovlege former. Regjeringa vil derfor arbeide ut ein eigen handlingsplan mot rusproblem som vektlegg både førebyggjande tiltak og betre behandlingstilbod for rusmisbrukarar.

Alle familiar med barn i Noreg er omfatta av ein aktiv fordelingspolitikk med siktemål anten å kompensere barnefamiliane for nokre av meirutgiftene ved å ha barn, eller bidra med tenester eller overføringar for å stø opp om omsorga familien skal gje barna. Dei viktigaste ordningane er barnetrygd, fødsels- og adopsjonspengar og eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, kontantstøtte og tilbod om barnehageplass. I møtet mellom familien og barnevernet veit barnevernet at det kan ta utgangspunkt i desse ordningane når opplegget for den enkelte familien skal drøftast.

Det heiter i meldinga at Regjeringa vil at alle familiar som ønskjer det, skal ha tilbod om ein godt tilpassa barnehageplass til ein rimeleg pris. Regjeringa fører vidare og styrkjer den treårige satsinga på kvalitetsutvikling i barnehagane som har pågått sidan 2001. Regjeringa vil halde fram arbeidet med å leggje til rette for at barnehagepersonale, foreldre, barnevern og andre offentlege tenester utviklar ein meir open dialog innanfor dei rammene lovverket set. Tverrfagleg og tverretatleg samarbeid er heilt nødvendig for å skape gode velferdstilbod for barn og foreldre. I tråd med St.meld. nr. 27 (1999-2000) Barnehage til beste for barn og foreldre, har Barne- og familiedepartementet sett i verk forsøksprosjekt som har som mål å betre samarbeidet mellom barnehagen, barnevernet og foreldra.

I 1995 blei det starta opp eit foreldrerettleiingsprogram av Barne- og familiedepartementet i samarbeid med dåverande Sosial- og helsedepartementet og dåverande Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet. Med utgangspunkt i nyare kunnskap om barn og samspel ville ein frå staten si side intensivere innsatsen med å førebyggje psykososiale problem og redusere samspelvanskar mellom foreldre og barn. Foreldrerettleingsprogrammet er eit generelt tilbod, samstundes som det er viktig å nå dei som har størst behov. Programmet vil bli utvikla vidare både i forhold til foreldre med små barn og foreldre med barn og ungdom i skolealder.

Meldinga tar óg opp ordninga med familievernkontora, jf. lov av 19. juni nr. 62 1997. Regjeringa vil satse på å styrkje kontakten mellom familievernet og barnevernet.

Barne- og familiedepartementet har i samarbeid med tidlegare Sosial- og helsedepartementet teke initiativ til å etablere eit permanent tilbod til familiar med funksjonshemma barn. Tiltaket er sett i gang i 2002. Målet er å gje eit landsdekkjande tilbod som er forankra ved familievernkontora.

Ei viktig utfordring for familievernet er samarbeidet med andre og nærståande tenester. Dette gjeld ikkje minst barnevernet, men også psykiatrien, delar av tiltak for rusmiddelmisbrukarar, pedagogisk-psykologisk teneste og andre. Regjeringa vil no satse på eit meir planstyrt og systematisk samarbeid mellom familievernet og andre tenester.

Departementet har nyleg lagt fram framlegg til ein plan for kompetanseutvikling i familievernet. Siktemålet med planen er nettopp å styrkje ei systematisk og heilskapleg kompetanseutvikling for heile tenesta. Planen tek opp dei utfordringane familievernet står overfor, og lanserer tiltak for å setje tenesta i stand til betre å møte dei. Planen inneheld både kortsiktige og langsiktige tiltak. Arbeidet med å setje i verk kompetansetiltaka starta i 2002.

Å vekse opp med foreldre som misbruker rusmiddel, representerer ein stor helserisiko for barn. Som gruppe har dei gjennomsnittleg meir problem med kjensler, åtferd og læring enn andre.

Fordi rusmisbruk er tabulagt, er ein ofte redd for å bringe temaet på banen. Resultatet er store mørketal og barn som ikkje får hjelp. Barne- og familiedepartementet vil ta initiativ til å få utarbeidd eit temahefte om denne problematikken.

Barne- og familiedepartementet meiner det er nødvendig med betre hjelp til barn som opplever vald i heimen. Mellom anna vil det bli sett i verk kompetansetiltak på krisesentra slik at dei blir betre i stand til å hjelpe barna. Vidare vil det bli sett i verk tiltak som rettar seg direkte mot oppfølginga av barna. Barne- og familiedepartementet vil vurdere å opprette eit kontaktforum mellom krisesentra og offentlege hjelpetenester, mellom anna for å sikre at barnevernet får informasjon om barn som opplever vald i familien.

Departementet er oppteke av at instansar som gjennom verksemda si observerer teikn på barnemishandling, utviklar rutinar for å klarleggje kva som faktisk har skjedd, og for å melde sakene til barnevernet dersom det er sannsynleg at barn har blitt mishandla.

Det er behov for å styrkje kompetansen innanfor barneverntenesta om barn som opplever og blir utsette for vald. Det er også nødvendig å tydeleggjere det ansvaret barnevernet har for barna. Meir satsing på opplæring i foreldredugleik i familiar der ein ser teikn til valdsbruk, bør bli ei viktig målsetjing.

Barne- og familiedepartementet vil i samarbeid med andre tilgrensande statlege styresmakter ta initiativ til å få utarbeidd informasjonsmateriell om barn som opplever vald heime, og det ansvaret ulike instansar har i slike saker.

Omfanget av fysisk barnemishandling er nokså usikkert. Kva som er fysisk barnemishandling, er også delvis eit definisjonsspørsmål.

For å styrkje tiltaksapparatet og kompetansen om m.a. seksuelle og psykiske overgrep mot barn, arbeider eit prosjekt (2000-2002) under leiing av Statens helsetilsyn med å byggje ut og styrkje fagmiljøa i regionane. Statens helsetilsyn kjem i samarbeid med andre nærliggjande departement til å gje ut ei rettleiing om arbeid på dette saksfeltet i løpet av 2002. Barne- og familiedepartementet vil i samarbeid med Utdannings- og forskingsdepartementet gje ut ei rettleiing om handtering av mistankar om seksuelle overgrep mot barn utførte av tilsette ved skolar, barnehagar eller barneverninstitusjonar.

Det nemnde regionprosjektet som blir leidd av Statens helsetilsyn, arbeider også for å styrkje kompetansen og tiltaksapparatet når det gjeld fysisk barnemishandling og til dels psykisk mishandling og vanskjøtsel av barn. Dei departementa det gjeld, vil innan utgangen av 2002 ta stilling til korleis arbeidet for å kjempe mot ulike former for vald mot barn, og arbeidet for å hjelpe dei utsette barna, skal integrerast med liknande tiltak der vaksne og eldre er målgruppene.

Hausten 2001 ratifiserte Noreg tilleggsprotokollen til FNs barnekonvensjon om sal av barn, barneprostitusjon og barnepornografi (jf. St.prp. nr. 58 for 2000-2001). Regjeringa vil understreke at effektive tiltak mot barnepornografi og sexturisme krev samarbeid på tvers av landegrensene. Dei nordiske og baltiske ministrane med ansvar for likestillingsspørsmål, tok i 2001 initiativ til ein opplysningskampanje mot menneskehandel i 2002. Ein tek sikte på å legge fram ein nasjonal kampanjeplan i 2. halvår 2002.

Det er eit etisk dilemma om styresmaktene skal prioritere å kartlegge problemomfang eller å utvikle arbeidsmetodar for å løyse problema. Etter Regjeringa si vurdering bør utvikling av arbeidsmetodar prioriterast høgast, samstundes som ein bør undersøkje nærmare kva karakter og omfang problema har. Barne- og familiedepartementet og andre nærliggjande departement vil i samarbeid med aktuelle fagmiljø sørgje for å få utvikla informasjonsmateriell og betre utdanningsmateriell. Regjeringa vil i denne samanhengen også understreke det ansvaret utdanningsinstitusjonane og arbeidsgjevarane har for at dei tilsette får høg nok kompetanse til å arbeide med dei vanskelegaste barnevernsakene.

Regjeringa ønskjer å halde fram arbeidet mot tvangsekteskap og har offentleggjort dokumentet "Innsats mot tvangsekteskap 2002". Satsinga går ut på tiltak for å sikre at unge menneske med minoritetsbakgrunn veit kva for rettar dei har og kvar dei kan vende seg for å få hjelp. Regjeringa vil no satse på ei kompetanseheving innanfor offentlege etatar slik at dei kan hjelpe dei unge på ein god og omsorgsfull måte på dette området. Regjeringa vil også arbeide for lovendringar som kan gjere sitt til å hindre tvangsekteskap. Ho vil mellom anna foreslå ufråvikeleg offentleg påtale i tvangsekte­skapssaker.

I 2000 la Regjeringa fram Handlingsplan mot kjønnslemlestelse. Regjeringa følgjer opp med ein tiltakspakke mot kjønnsskamfaring i 2002.

Den tradisjonelle fattigdommen er så godt som utrydda. Likevel tyder undersøkingar frå ei rekkje land på at barna utgjer ein stadig større del av dei fattige i den vestlege verda.

Fattige barn i dag er som oftast ikkje fattige i den forstand at dei ikkje har mat, klede eller tak over hovudet. Fattigdommen råkar barna på den måten at dei av økonomiske grunnar blir utestengde frå å vere med på det same som andre barn. Denne "nye forma" for fattigdom kan ramme hardt i eit samfunn med generelt høg levestandard og auka kjøpepress mot barn og unge, og der barn og unge flest deltek i organiserte aktivitetar som kostar pengar.

Nyborgutvalet, som avga si innstilling i 2000, har sett på korleis ein kan redusere det kommersielle presset mot barn og unge (NOU 2000:6 Oppvekst med prislapp).

Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei samla oversikt over kva som blir gjort på dette området i løpet av 2002.

Regjeringa vil mellom anna invitere dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane til ein dialog om korleis ein kan samarbeide om å redusere det kommersielle presset mot barn og unge. Regjeringa vil også ta opp korleis lokale lag og foreiningar kan unngå at barn og ungdom fell utanfor verksemda deira av økonomiske eller andre årsaker. Dette vil bli sett i samanheng med Friforn-ordninga (tilskot til frivillige lokale lag og organisasjonar). Regjeringa er oppteken av at ingen barn skal stengjast ute på grunn av eigendelar i grunnskolen. Som ledd i dette er det frå 2002 lagt inn ekstra midlar i rammetilskotet til kommunane for å sikre at leirskoleopphald skal vere gratis. Regjeringa vil om kort tid fremje ein odelstingsproposisjon om rett til gratis grunnskoleopplæring der det vil vere med ei presisering av gratisprinsippet.

Barne- og familiedepartementet gir ei utdjupande vurdering av oppvekst og levekår i St.meld. nr. 39 (2001-2002).

Som ledd i oppfølginga av Sem-erklæringa har Regjeringa sett ned eit statssekretærutval (leidd av Sosialdepartementet) for å koordinere Regjeringa sin innsats mot fattigdom. Gjennom ulike konferansar har både aktuelle forskingsmiljø, frivillige organisasjonar og representantar frå brukarane kome med innspel til Regjeringa sitt arbeid mot fattigdom. Det skal i løpet av hausten 2002 lagast ei samla framstilling av Regjeringa sin kamp mot fattigdom gjennom ein eigen tiltaksplan.

Dei seinare åra har det vore eit politisk påtrykk om auka etterforsking av lovbrot utførte av barn og unge. Ei arbeidsgruppe nedsett av den førre Regjeringa foreslo i eit høyringsnotat mellom anna å endre straffeprosesslova slik at alle lovbrot blir etterforska sjølv om lovbrytaren er under den kriminelle lågalderen. Framlegga i høyringsnotatet vil bli følgde opp av Justisdepartementet og Barne- og familiedepartementet i samarbeid.

Innsats mot vald og annan kriminalitet blant barn og ungdom har høg prioritet. I desember 1999 la Barne- og familiedepartementet fram St.meld. nr. 17 (1999-2000) Handlingsplan mot barne- og ungdomskriminalitet. Planen omfattar vel 40 igangsette og nye innsatsområde. Alle tiltaka blir førte vidare.

Befringutvalet foreslår at det blir utgreidd om ein bør utvikle spesielle plasseringstiltak utanfor barnevernet som alternativ til varetektsfengsling eller anna straffeforfølging. Barne- og familiedepartementet vil ikkje følgje opp framlegget om vidare utgreiing av alternative plasseringar utanfor barnevernet for kriminell ungdom. Elles får barne- og ungdomskriminalitet ein breiare omtale i St.meld. nr. 39 (2001-2002) "Oppvekst og levekår for barn og unge i Norge".

Ungdomskontraktar er ei ordning der vi i Noreg er inspirerte av danske erfaringar med alternativ til straff for kriminalitet. På grunnlag av erfaringane vil departementa ta avgjerd om vidare oppfølging.

På bakgrunn av dei gode erfaringane med familie- og nærmiljøbaserte tiltak for barn og unge med åtferdsproblem, ønskjer Regjeringa også å satse særleg på å utvikle vidare denne typen tilnærming og metodikk i åra som kjem.

Teieplikta er blitt framheva som eit hinder for godt samarbeid. Utgreiingar tyder på at lovreglane om teieplikt i seg sjølve ikkje er noko stort hinder for samarbeid mellom etatane. Likevel kan uvisse og usemje om tolking av reglane skape samarbeidsproblem. Justisdepartementet og Barne- og familiedepartementet vil derfor arbeide ut eit rundskriv om teieplikt til bruk i det konkrete samarbeidet mellom barnevern og politi.

Barne- og familiedepartementet og Justisdepartementet sette hausten 2000 ned ei tverrdepartemental arbeidsgruppe som fekk i oppdrag å sjå på korleis innsatsen i forhold til barne- og ungdomskriminaliteten kan styrkjast og utviklast vidare. Rapporten har vore på høyring, og på bakgrunn av det som kom fram i høyringa, vil Justisdepartementet fremje ein odelstingsproposisjon med ei rekkje forslag til endringar i politilova, straffeprosesslova og straffelova. Lovendringane vil opne for ei rekkje nye tiltak mot barne- og ungdomskriminalitet.

Regjeringa vil våren 2003 kome tilbake til Stortinget med dei meir grunnleggjande kriminal- og barnepolitiske spørsmåla som barne- og ungdomskriminaliteten reiser.

Barne- og familiedepartementet meiner at barneverntenesta i kommunar med samisk folkesetnad skal ha kunnskap om og ta omsyn til samiske perspektiv i avgjerdsprosessen og ved val av tiltak.

Barne- og familiedepartementet vil, i samarbeid med mellom andre Barnevernets utviklingssenter i Nord-Noreg, stimulere til at det blir utvikla undervisningsopplegg for studentar i grunn- og vidareutdanningane og for tilsette i den kommunale barneverntenesta i samiske område.

Utforming og oppfølging av barne- og ungdomspolitikken for samiske barn og unge må ha som mål å skape oppvekstmiljø der samisk og norsk kultur elles i størst mogleg grad har same status og blir opplevd som likeverdige.

Som oppfølging av St.meld. nr. 15 (2000-2001) Nasjonale minoritetar i Noreg vil Barne- og familiedepartementet få utarbeidd ei nordisk kunnskapsoversikt om barn og ungdom frå dei nasjonale minoritetane. Her vil barnevernet også bli omtalt. Målet er å kartleggje forsking, utgreiingar, rapportar med meir innanfor området nasjonale minoritetar og å kaste lys over tema det manglar systematisk kunnskap om. Arbeidet vil starte opp i 2002.

Det har lenge vore eit klart mål for Barne- og familiedepartementet at kompetansen om utanlandsadopsjon bør styrkjast. Det vil bli laga ein eigen informasjonspakke til kommunane, som saman med nye retningslinjer og søknadsskjema vil gjere sitt til å forenkle behandlinga av sakene. Departementet er no i ferd med å utarbeide ein kompetanseplan om utanlandsadopsjon.

Departementet vurderer for tida kva for instansar som skal behandle klagar på adopsjonsfeltet. Ein tek sikte på å sende ut eit høyringsnotat om organisering av klagebehandlinga ved søknad om adopsjon i løpet av første halvår 2002.

Som det går fram av Sem-erklæringa, er det ei klar målsetjing for Regjeringa å heve adopsjonsstøtta i løpet av perioden fram til 2005.

Barne- og familiedepartementet vil hjelpe til med å styrkje den generelle fleirkulturelle kompetansen innanfor barnevernet og gjere sitt til at denne kompetansen blir integrert og brukt i praksis. Departementet vil i samarbeid med aktuelle fagmiljø setje i gang tiltak for å styrkje og systematisere fagleg rettleiing og konsultasjon om "etniske barnevernsaker" til tilsette i barnevernet. I den nye tiltakspakken frå Regjeringa for arbeid mot tvangsekteskap er det sett i verk ulike tiltak for å styrkje kompetansen på spesielle problemområde blant minoritetsgrupper og offentleg tilsette mellom anna i sosialtenesta og politiet.

Barnevernet har behov for meir kunnskap om bruk av tolk. Det finst også indikasjonar på at tolkane si rolle i barnevernsaker i praksis ikkje alltid er klar nok. Departementet vil derfor ta initiativ til at det blir utarbeidd ein eigen informasjonsbrosjyre om bruk av tolk i barnevernet.

Utlendingsdirektoratet har det overordna ansvaret for tilbodet til einslege mindreårige i mottak. Det er brei politisk semje om at tilbodet til einslege mindreårige i mottak kan bli betre, og Regjeringa ønskjer å styrkje tilbodet til denne gruppa endå meir i mottaksfasen.

Regjeringa la i juni 2002 fram ein handlingsplan med tiltak for å auke deltakinga i samfunnet for barn og unge med innvandrarbakgrunn. Eit av tiltaka i planen er å setje ned ei arbeidsgruppe som skal greie ut alternative mottaks- og busetjingsmodellar for einslege mindreårige. Regjeringa vil sjå nærmare på problemstillinga som gjeld mottaka og barnevernstenesta.

Regjeringa vil framleis gje kommunane handlefridom når det gjeld organisatorisk forankring av ansvaret og arbeidet med einslege mindreårige som gruppe. Regjeringa vil samstundes understreke at det i arbeidet med einslege mindreårige er behov for tverretatleg og tverrfagleg samarbeid.

På bakgrunn av mellom anna tilrådingar i forsking frå dei siste åra vil Regjeringa understreke at barneverntenesta si rolle i arbeidet med einslege mindreårige må styrkjast, og at det må gjerast barnevernfaglege vurderingar før tiltak blir etablerte. Barne- og familiedepartementet ser no på korleis barneverntenesta si rolle kan styrkjast. Regjeringa vil også setje i verk tiltak som hjelper til med å rettleie og kvalifisere slektningane til å ta imot einslege mindreårige.

Regjeringa er av den oppfatning at dei økonomiske ordningane i tillegg til integreringstilskotet i hovudsak dekkjer dei utgiftene kommunane har som er knytte til busetjing av einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar.

Regjeringa meiner at ein i mottaksfasen må sikre at det blir gjennomført ei systematisk og fagleg vurdert kartlegging av livssituasjon, identitet og klarlegging av omsorgsbehov med meir før busetjing i ein kommune.

På bakgrunn av forsking dei siste åra og tilbakemeldingar frå praksisfeltet er Barne- og familiedepartementet samd i at det er eit særleg behov for å styrkje oppfølginga frå kommunane av einslege mindreårige flyktningar. Det er no starta opp eit arbeid med sikte på å arbeide ut retningslinjer for å godkjenne og følgje opp plasseringar hos slekt.

Barne- og familiedepartementet vil ta initiativ til at det blir oppretta eit kontaktforum/nettverk for kommunane om einslege mindreårige.

Regjeringa vil hjelpe til med å gje betre traumebehandling til krigsskadde barn i mottak og kommune. Regjeringa vil hjelpe til at alle einslege mindreårige får eit tilbod om samtalegruppe, andre tilpasssa aktivitetar og/eller psykologibehandling som svarer til behovet hos den enkelte.

At barn skal ha høve til å kome med sitt syn i saker som gjeld dei sjølve, er eit viktig prinsipp som er nedfelt i barnekonvensjonen.

Regjeringa arbeider med å innlemme FNs barnekonvensjon i norsk lov. Justisdepartementet har i samarbeid med nærliggjande departement utarbeidd eit høyringsnotat om korleis dette bør gjerast. I høyringsnotatet blir det gjort framlegg om å endre barnevernlova § 6 3 for å styrkje synleggjeringa av barnekonvensjonen artikkel 12. Framlegget går ut på at barn som har fylt 7 år, skal ha ein absolutt rett til informasjon og ein absolutt tilgang til å uttale seg før det blir teke avgjerd i ei sak som vedkjem dei, medan barn under 7 år får slik tilgang etter ei konkret vurdering av om barnet er i stand til å lage seg eigne synspunkt.

Regjeringa vil på bakgrunn av det som har kome fram i høyringsrunden, fremje ein odelstingsproposisjon om innarbeiding av barnekonvensjonen.

Barne- og familiedepartementet vil vidare vurdere nærmare ordlyden i barnelova § 31 i forhold til barnekonvensjonen. I samband med det som tidlegare er nemnd vil ein foreslå å senke aldersgrensa til sju år for når barnet skal ha rett til å gje uttrykk for synspunkta sine.

Under 1.4 (Velferdspolitikk for barn og familiar), blei dei tenestene barnevernet samarbeider med, omtalte med tanke på kor viktig samhandlinga mellom barnevernet og desse tenestene er i eit moderne velferdssamfunn. I dei aller fleste tilfella vil problema til barna og familien kunne dempast eller løysast på ulike arenaer utan inngripande tiltak frå barnevernet si side. Spørsmål om koordinering og ansvar for at dei rette tinga skjer til rett tid, vil ofte vere avgjerande for eit godt resultat.

Regjeringa vil understreke kor viktig det er at kommunen legg til rette for god samhandling mellom tenestene og gjev barnevernet ei sentral nok rolle i dette samarbeidet, slik intensjonen i barnevernlova også er.

I dette kapittel blir levekåra til særleg utsette grupper i velferdssamfunnet omtalte. Barn og familiar kan ut­vikle problem av svært ulike grunnar. Ein fellesnemnar i tilnærminga til alle utsette barn og familiar bør likevel vere at det som hovudregel skal arbeidast ut frå eit ressursperspektiv. I den seinare tida er det dokumentert lovande resultat med ulike metodar som er kjenneteikna av at ressursane i familiane blir kartlagde og brukte aktivt. Barne- og familiedepartementet vil stimulere til at denne typen metode- og tiltaksutvikling held fram.

Dei viktigaste tiltaka som Regjeringa og departementet gjer framlegg om å setje i verk for å styrkje ei ressursorientert tilnærming til utsette barn og familiar, er:

  • – Det er utarbeidd ein strategiplan mot eteforstyrringar som mellom anna inneheld ulike framlegg til førebyggjande tiltak. Målet med tiltaka er å hjelpe ungdom til meir forståing og innsikt og bevissttgjering om eigne val

  • – Regjeringa vil vidareføre foreldrerettleiingsprogrammet overfor foreldre med små barn og foreldre med barn i skolealder. Programmet vil også bli vidareført i forhold til grupper med særlege behov, til dømes i forhold til familiar i flyktning- og asylmottak og overfor barn og unge med eteproblem. I tillegg blir det planlagt prøveprosjekt i barnehagar for foreldrerettleiing retta mot minoritetsfamiliar

  • – Barne- og familiedepartementet har lagt fram og vil følgje opp ein plan for kompetanseutvikling av familievernet

  • – Regjeringa vil i løpet av hausten 2002 leggje fram ein tiltaksplan mot fattigdom

  • – Barne- og familiedepartementet vil i samarbeid med Helsedepartementet arbeide for at familiar med barn som har eller står i fare for å utvikle alvorlege åtferdsproblem, får hjelp gjennom metodane "Parent Management Training" (PMT) og "Multisystemic Therapy" (MST)

  • – Barne- og familiedepartementet vil i samarbeid med andre nærliggjande styresmakter ta initiativ til å utarbeide ulike former for materiell om barn som opplever vald i heimen

  • – Dei aktuelle departementa vil innan utgangen av 2002 ta stilling til korleis arbeidet for å kjempe mot ulike former for vald mot barn og korleis hjelp til utsatte barn skal integrerast med liknande tiltak der vaksne og eldre er målgruppene

  • – Barne- og familiedepartementet vil setje i verk kompetansetiltak på krisesentra slik at dei betre er i stand til å hjelpe barna. For dette formålet vil det bli arbeidd ut ein rettleiar som legg vekt på barneperspektivet og samarbeidet med aktuelle hjelpeinstansar

  • – Det vil bli sett av midlar til utviklingsprosjekt som har som mål å innarbeide kunnskap om samisk kultur i barnevernet og samarbeidande tenester

  • – Det vil bli utarbeidd ei kunnskapsoversikt om barn og unge frå dei nasjonale minoritetane

  • – Barne- og familiedepartementet vil arbeide ut ein informasjonspakke til kommunane om adopsjon, og det vil bli arbeidd ut ein eigen kompetanseplan for utanlandsadopsjon

  • – Barne- og familiedepartementet vil i samarbeid med aktuelle fagmiljø setje i gang tiltak for å styrkje rettleiing og konsultasjon til tilsette i barnevernet som arbeider med "etniske barnevernsaker"

  • – Regjeringa har starta opp eit arbeid for å greie ut alternative mottaks- og busetjingsmodellar for einslege mindreårige og vil arbeide ut rutinar for godkjenning og oppfølging av private plasseringar / plasseringar hos slekt

  • – Barne- og familiedepartementet vil setje i verk tiltak som kan hjelpe til å rettleie og kvalifisere slektningar til å ta imot einslege mindreårige. Rekrut­terings- og opplæringsprogrammet for foster­-foreldre, PRIDE, skal tilpassast opplæring av både fosterforeldre som ikkje er etnisk norske og norske fosterforeldre som tek imot einslege mindreårige

  • – Barne- og familiedepartementet vil ta initiativ til at det blir oppretta kontaktfora for kommunane om einslege mindreårige og føre vidare støtte til kvalifiseringa av fagfolk

  • – Regjeringa vil hjelpe til med å gje betre traumebehandling til krigsskadde barn i mottak og kommune

  • – Regjeringa vil hjelpe til at alle einslege mindre­årige får eit tilbod om samtalegruppe, andre tilpasssa aktivitetar og/eller psykologibehandling som svarer til behovet hos den enkelte. Sosial- og helsedirektoratet er i gang med ei utgreiing om oppbygging av kompetanse og organisering av tjenestetilbodet til grupper med ulike traume

  • – Barne- og familiedepartementet vil i løpet av 2002 gjennomføre og/eller starte tiltaka i dokumentet "Innsats mot tvangsekteskap 2002"

  • – Barne- og familedepartementet vil i løpet av våren 2002 leggje fram ein tiltakspakke mot kjønnsskamfaring som skal gjennomførast eller setjast i gang i løpet av året

  • – Barne- og familiedepartementet vil vidare vurdere ordlyden i barnelova § 31 i forhold til barnekonvensjonen, her medrekna aldersgrensa for når barnet skal ha rett til å gje uttrykk for sine synspunkt.

Ansvaret for å utføre oppgåver og yte tenester etter barnevernlova er fordelt mellom dei tre forvaltningsnivåa: kommune, fylkeskommune og stat.

I den framtidige organiseringa av barnevernet vil Regjeringa halde fram tre viktige målsetjingar. For det første må tilboda i barnevernet styrkjast og det førebyggande arbeidet prioriterast høgare. For det andre må samarbeidet mellom forvaltningsnivåa vitaliserast i retning av at andrelinjetenestene (i dag fylkeskommunen) bruker meir av ressursane sine i kommunen i samarbeid med det kommunale barnevernet. For det tredje må samarbeidet mellom dei ulike tenestene for barn og unge haldast oppe og utviklast vidare.

Regjeringa vil følgje opp tenestene for barn og unge med tanke på å få eit best mogleg samarbeid mellom tenestene.

Systemrevisjon bør bli ein integrert del av ein ny og heilskapleg tilsynsmetodikk, som også inkluderer direkte kontakt med bebuarane gjennom samtalar, brukarundersøkingar og liknande.

Mellom anna som oppfølging av NOU 2000:12 "Barnevernet i Norge", blir det no arbeidd med å utvikle ein tilsynsmetodikk i barnevernet etter prinsipp om systemrevisjon. Barne- og familiedepartementet har gjeve midlar til eit forprosjekt i Hordaland.

Statlege styresmakter har avgjort at tilsynet frå fylkesmannen og andre regionale statlege styresmakter skal samordnast betre. Barne- og familiedepartementet har sett ned ei arbeidsgruppe for å betre og modernisere tilsynet både med forvaltninga og med institusjonane. Arbeidsgruppa vil levere rapport i løpet av 2002.

Befringutvalet og Fosterhjemsforeningen er opptekne av betalingsordningane for funksjonshemma barn som er plasserte i fosterheimar. Det blir vist til at usemje om betalinga særleg oppstår der fosterheimen ligg i ein annan kommune og eventuelt også i ein annan fylkeskommune enn plasseringskommunen.

Barne- og familiedepartementet vil i samarbeid med fylkesmennene følgje nøye med i situasjonen for fosterheimane som har funksjonshemma barn. Om nødvendig vil Barne- og familiedepartementet i samarbeid med andre ansvarlege statlege styresmakter vurdere ytterlegare presiseringar av aktuelle reglar. Usemje mellom kommunar og eventuelt fylkeskommunar om økonomi skal ikkje føre til at denne særleg sårbare gruppa barn ikkje får den hjelpa dei og fosterheimen treng.

Kommunen har ansvaret for alle de oppgåvene som er omhandla i barnevernlova som ikkje er lagt til fylkeskommunen eller eit statleg organ. Dette inneber at dei fleste barnevernoppgåvene er eit kommunalt ansvar.

Fylkeskommunane har ansvaret for andrelinjetenesta, det vil seie for etablering og drift av institusjonar, for barn og unge som fell inn under barnevernlova og for å assistere kommunane med plassering av barn og ungdom utanfor heimen.

Barne- og familiedepartementet sende 13. februar 2002 ut eit høyringsnotat med alternative framlegg til framtidig organisering av dei oppgåvene fylkeskommunen etter gjeldande rett har ansvaret for på barnevernområdet og familievernområdet.

I høyringsnotatet er fire alternative modellar for organisering i framtida utgreidde. Regjeringa tok i høyringsnotatet ikkje stilling til kven av dei fire modellane som bør veljast.

Ved utgangen av april 2002 hadde det kome inn totalt 127 høyringsfråsegner der ein hadde konkludert når det gjeld val av modell om framtidig organisering av barnevernet, 87 av desse ønskjer ein statleg modell.

Høyringsinstansane sine viktigaste innvendingar mot vidare fylkeskommunalt ansvar er at dette vil vere i strid med den framtidige oppgåvefordelinga som er vedteken av Stortinget.

Dei høyringsinstansane som går imot den statlege modellen, grunngjev dette med at modellen er i strid med lokaldemokratiske prinsipp, og at han vil føre med seg sentralisering og byråkratisering.

Regjeringa har etter ei samla vurdering kome til at andrelinjetenesta sine oppgåver på barnevernområdet og familievernområdet bør overførast til staten. Regjeringa har lagt stor vekt på kva høyringsinstansane har meint. Eit stort fleirtal av høyringsinstansane meiner klart at det ikkje er mogeleg å overføre desse oppgåvene til kommunane på grunn av det store talet små kommunar.

Kommunene har eit stort ansvar på barnevernområdet etter gjeldande oppgåvefordeling. Regjeringa meiner at det ansvaret kommunane har i dag må utviklast vidare. Dette vil føre med seg at det må satsast meir på førebygging, slik at fleire barn får tidleg hjelp og at slik hjelp kan gis lokalt i kommunane. Dette inneber at kommunane framleis skal vera den viktigaste aktøren på barnevernområdet i framtida, men at tida ikkje er inne for å overlate ansvaret for dei fylkeskommunale oppgåvene til kommunane no. Regjeringa vil opne for forsøk der nokre store kommunar eller fleire mindre kommunar saman kan ta ansvar for fleire oppgåver enn dei har i dag. Oslo kommune er i en særstilling. Regjeringa vil derfor føre vidare Oslo sitt heilskapsansvar slik dei i dag har som kommune og fylkeskommune.

Når Regjeringa går inn for den statlege modellen, har dette også samanheng med at dette er den einaste måten å sikre eit heilskapleg og likeverdig tilbod i heile landet.

Regjeringa vil foreslå at den statlege verksemda blir organisert som gjort greie for i høyringsnotatet. Det vil seie at verksemda blir organisert etter forvaltningsmodellen. Forvaltningsorganisering gjer det mogleg å drive politisk og økonomisk styring med alle sider av verksemda.

Den statlege verksemda skal etter forslaget ha fem regionale einingar, lokalisert same staden som dei regio­nale helseforetaka, med ansvar for mellom anna institusjonsverksemda i eigen region. Dette vil i første rekke vere eit administrativt nivå. Verksemda skal samordnast sentralt med departementet som øvste styresmakt. Den faglege verksemda ute i distrikta skal styrkast og desentraliserast ved at einskilde institusjonar blir tilført faglege ressursar og blir bygd ut til "kompetansesentra" til nytte for kommunane.

Barne- og familiedepartementet vil også kontinuerleg vurdere den økonomiske delinga av utgiftene mellom staten og kommunen slik at dette ikkje blir avgjerande for val av omsorgsform.

Regjeringa vil leggje fram ein proposisjon med forslag til statleg overtaking av andrelinjetenesta i barnevernet. Samstundes vil Regjeringa også foreslå at fylkeskommunen sine oppgåver på familievernområdet blir overført til staten frå same tidspunkt. Etter forslaget skal familievernet organiserast etter same modell som barnevernet.

Befringutvalet reiser spørsmålet om det trass i den positive haldninga styresmaktene har til tverrfagleg samarbeid, er behov for lovreglar som gjev eit klarare juridisk grunnlag for at samarbeidet skal fungere i praksis.

Både ut frå statistikken og annan tilgjengeleg informasjon blir spørsmålet om i kor stor grad barnevernet i praksis prioriterer oppgåver etter barnevernlova § 3 1 og § 3 2, i stor grad ståande utan svar. Regjeringa vil vurdere nærmare om det er behov for endringar av kapittel 3 i barnevernlova.

Lekfolka er etter 1992-lova blitt borte som obligatorisk innslag i det kommunale barnevernet.

Befringutvalet kjem i NOU 2000:12 med framlegg om at kvar kommune bør ha eit folkevalt organ med særleg ansvar for førebyggjande oppgåver etter barnevernlova § 3 1 første ledd. I høyringsfråsegnene hevdar enkelte kommunar at det bør vurderast tiltak som sikrar at lokalpolitikarar får oversikt over og tek ansvar for tenestetilbodet til det kommunale barnevernet.

Kommunen har eit lovpålagt ansvar i forhold til den førebyggjande verksemda barneverntenesta skal stå for. Regjeringa meiner likevel at det er den enkelte kommunen som må avgjere på kva måte dei, eventuelt gjennom folkevalde organ, skal organisere og gjennomføre oppgåvene sine ut frå barnevernlova § 3 1 første og andre ledd.

Barne- og familiedepartementet meiner at lov- og regelverket i seg sjølv ikkje er eit vesentleg hinder for samarbeid om førebyggjande tiltak i barnevernssaker. Hindringane kan stort sett knytast til andre forhold, som til dømes praktiseringa av regelverket. Slike synspunkt er også i samsvar med vurderingane Befringutvalet har om dette spørsmålet.

Utvalet foreslår likevel ei endring i barnevernlova som i tillegg til informasjonsgrunnlaget for somme av avgjerdene i barnevernet kjem inn på samarbeidsforholdet til andre etatar. Framlegget går for det første ut på at regelen i barnevernlova om opplysningsplikt skal utvidast til å gjelde fleire situasjonar (reglar i barnevernlova) enn i dag.

Utvalet foreslår også at teieplikta innanfor forvaltninga ikkje skal vere til hinder for å gje opplysning til barnevernet dersom barnet er i ein situasjon som kan føre med seg tiltak etter barnevernlova (opplysningsrett). Dei fleste høyringsinstansane som uttalte seg til framlegget, var positive.

Barne- og familiedepartementet er kjent med at barnevernet i nokre saker etter barnevernlova har vanskar med å hente inn opplysningar fordi foreldra ikkje samtykkjer. I slike tilfelle er det viktig for barnevernet å få informasjon slik at desse vesentlege spørsmåla kan vurderast på eit fullstendig og forsvarleg grunnlag. Denne problemstillinga vil derfor bli nærmare vurdert i ein odelstingsproposisjon om endringar i barnevernlova.

Når det gjeld framlegget om å gje personer med forvaltningsmessig teieplikt utvida tilgang til å gje meldingar til barnevernet, kjem personvernet sterkare inn i biletet.

Regjeringa er oppteken av å ta vare på personvernet til den enkelte, og er oppteken av at foreldre og barn må kunne ha tillit til hjelpeapparatet. Samstundes må teiepliktreglane opne for nødvendig kommunikasjon mellom samarbeidspartnarar. Barne- og familiedepartementet vil derfor vurdere nærmare framlegget om opplysningsrett for personar med forvaltningsmessig teieplikt i samband med utarbeiding av ein odelstingsproposisjon om endringar i barnevernlova.

Departementet meiner at barnevernet i dag er for restriktive når det gjeld å gje opplysningar til samarbeidspartnarar. Det er både prisverdig og nødvendig at barnevernet tek vare på eit sterkt personvern, men slik departementet ser det, bør barnevernet samstundes gjere sitt til å få til eit godt samarbeid til beste for barnet. Departementet meiner derfor at barnevernet bør vere positive til å gje opplysningar til samarbeidspartnarar når lova opnar for slik kommunikasjon. Departementet vil arbeide ut eit rundskriv om teieplikt i barnevernet der regelverket blir omtalt nærmare.

Barneombodet seier i høyringsfråsegn til NOU 2000:12 at gjeldande regelverk skaper problem for eit godt samarbeid mellom ulike etatar. I fråsegna foreslår Barneombodet mellom anna å skilje det tunge "myndighetsbarnevernet" frå det generelle ansvaret kommunen har for å tryggje oppvekstkår og for å gjere vedtak og følgje opp hjelpetiltak.

Regjeringa meiner at det skal svært sterke grunnar til for å gripe inn i det kommunale sjølvstyret slik den oppvekstlova det er framlegg om, ville gjere. Regjeringa finn ingen grunn til å tru at ei eiga oppvekstlov eller eventuelle påbod om ei bestemt organisasjonsform ville løyse utfordringane som er knytte til å få til ein heilskapleg barne- og ungdomspolitikk i kommunane.

Befringutvalet drøftar i NOU 2000:12 om tvangs­saker bør skiljast organisatorisk ut frå andre barnevernoppgåver. Utvalet tilrår ikkje ein slik løysingsmodell av omsyn til at ein og same instans i størst mogleg grad bør ha ansvaret for barnevernsaker.

Etter ei samla vurdering går Regjeringa ikkje inn for verken framlegget om ei eiga oppvekstlov eller framlegget om å skilje ut kontrollfunksjonane i barnevernet i eigne einingar. Regjeringa meiner at det snarare er samarbeid enn samordning som er løysinga på utfordringane.

Departementet vil i samarbeid med Kommunal- og regionaldepartementet setje i gang eit arbeid med å greie ut om det er mogleg å endre barnevernlova når det gjeld interkommunalt samarbeid.

Barne- og familiedepartementet vil stimulere til å setje barn og unge sentralt på dagsorden i kommunar og fylke. Tverrsektorielt samarbeid og betre utnytting av ressursane må stå sentralt i arbeidet med å vidareutvikle det barne- og ungdomspolitiske arbeidet lokalt.

Som oppfølging av Sem-erklæringa er det eit viktig mål for Regjeringa å tilpasse det offentlege tenestetilbodet til individuelle ønske innanfor rimelege grenser.

Som ledd i arbeidet med å modernisere, effektivisere og forenkle offentleg sektor, vil Regjeringa krevje at statlege etatar og tenesteytarar skal gjennomføre systematiske undersøkingar. Evalueringane skal vere ein del av årlege rapporteringar og brukast som samanlikningsgrunnlag mellom tenester. Regjeringa vil ikkje påleggje kommunane å gjennomføre slike evalueringar. Samstundes reknar Regjeringa med at evalueringar vil vere nyttige for å gjere kommunale tenester betre.

Både i forhold til generell barne- og ungdomspolitikk og til barnevern må involverte barn, unge og familiar vere i fokus for det daglege arbeidet. Regjeringa meiner behova hos enkeltmenneska må vere grunnlaget som resultata blir målte opp mot. Organisering, forvaltningsrutinar, økonomistyring og rapportering er støttefunksjonar for å nå slike mål.

Både Regjeringa og kommunane er opptekne av å styrkje det førebyggjande arbeidet retta mot familiar og oppvekstmiljø. At det er nødvendig med eit godt tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid, blir ofte framheva. Befringutvalet hevdar at førebyggjande verksemd på oppvekstområdet er eit forsømt og undervurdert samfunnsområde. Utvalet seier at for å få stor nok breidd og tyngd i dette arbeidet, må den førebyggjande verksemda bli ein fast og integrert del av barne- og ungdomsarbeidet på alle nivå i samfunnet, ikkje minst i kommunane. Regjeringa vil på dette punktet framheve kor viktig det er at ein etat får eit hovudansvar for å koordinere det førebyggjande arbeidet i kommunen.

Frå brukarhald blir hjelpeapparatet ofte kritisert for at barn og foreldre må "springe frå den eine tenesta til den andre" og innrette seg etter stadig nye (saks)behandlarar. Frå Regjeringa si side er det viktig å understreke at det ikkje skal trenge å vere slik. Tenestene skal tilpasse seg brukarane, ikkje omvendt. Dette gjer det nødvendig med fleksible løysingar baserte på lokale føresetnader.

Departementa vil i samarbeid med kommunane setje i gang ei brei utgreiing for å sjå barnevernet, barnehagen, skolen, fritidssektoren, PPT, helsestasjonane og skolehelsetenesta i samanheng og vurdere heilskapen i tilboda til barn ut frå behova hos brukarane.

Meldinga synleggjer at ansvaret for å utføre oppgåver og yte tenester til barn og unge og familiane deira er fordelt mellom ulike instansar og forvaltningsnivå. Kapitlet byggjer på fråsegn i Sem-erklæringa om at Regjeringa vil satse sterkare på førebyggjande barnevern.

Barne- og familiedepartementet legg til grunn at førebyggingsinnsatsen må setjast inn med tanke på å betre oppvekstvilkåra for særleg utsette grupper. Verksemda må så langt som mogleg integrerast i normaltilboda til barn og unge. Ein kan lettare unngå overdriven sektorfokusering dersom det førebyggjande arbeidet blir koordinert gjennom ein etat. Samarbeid er viktig for å nå målet om gode oppvekstkår for alle barn, for å førebyggje skeivutvikling og problem og for å finne fram til gode tiltak for dei barna, unge og familiane som treng det. Tversektorielt samarbeid og betre utnytting av ressursane må stå sentralt i arbeidet med å vidareutvikle det barne- og ungdomspolitiske arbeidet lokalt. Her må ein også sjå dei offentlege tiltaka i samanheng med det arbeidet frivillige organisasjonar gjer, fordi innsatsen frå frivillige krefter, frå foreldre, barn og unge sjølve er ein sentral føresetnad for å utvik­le eit godt oppvekstmiljø. Det er ein stor fordel om det er ein etat som tek ansvaret for at etatane planlegg og gjennomfører gjeremåla sine i dialog med kvarandre og brukarane. Ut frå regelen i barnevernlova § 3 2 om at barnevernet skal medverke til at barna sine interesser også blir tekne vare på av andre offentlege etatar, og at desse etatane skal delta i planleggingsverksemd og samarbeidsorgan, kan det vere naturleg at barneverntenesta tek ei slik koordinatorrolle. Viktigast i denne samanhengen er det likevel at ein etat har eit slikt ansvar. Det bør framleis vere opp til den enkelte kommunen å avgjere kva for etatar som skal ha koordineringsansvar i forhold til generell førebyggjande verksemd og tiltak for nærmare definerte risikogrupper.

Førebyggjande oppgåver bør dessutan nedfellast og synleggjerast i rutinane til dei aktuelle etatane, i langsiktige målsetjingar og i årsplanar. For at folkevalde skal kunne ha høve til å gjere reelle val i arbeidet med kommunebudsjetta, er det viktig at informasjon om barnevernet sine disposisjonar, arbeidsmåtar og valalternativ blir synleggjorde. I denne samanhengen kan det vere formålstenleg å lage faste informasjonsrutinar til kommunestyret, til dømes ein årleg presentasjon av mål og strategiar hos barnevernet der mellom anna situasjonen i barnevernet, kompetanseoppbygginga, samarbeidet med andre instansar og framlegg til førebyggingsarbeid blir tekne opp.

  • – Departementet vil støtte arbeidet med å få eit meir einsarta tilsyn av høg kvalitet gjennom å utvikle ein meir systematisk og felles tilsynsmodell.

  • – Tilsynet frå fylkesmannen og andre statlege styresmakter skal samordnast betre. I tillegg til konkrete samordningstiltak som fylkesmannen tek initiativ til i kvart enkelt fylke, skal aktuelle departement og direktorat innleie eit samarbeid med sikte på å leggje til rette for større grad av felles tiltak når det gjeld delegering, metodikk, gjennomføring og reaksjonsmåtar i tilsynet med kommunale tenester.

  • – Departementet vil i samarbeid med fylkesmennene følgje opp spørsmålet om ansvarsfordelinga når det gjeld funksjonshemma barn under omsorg etter barnevernlova. Om nødvendig vil departementet i samarbeid med andre ansvarlege statlege styresmakter vurdere ytterlegare presiseringar av aktuelle reglar.

  • – Fosterheimsavtalen er endra mellom anna med sikte på å unngå at det blir eit usikkert ansvarsforhold når det gjeld funksjonshemma barn under omsorg som har rett til tiltak både etter barnevernlova og lov om sosiale tenester.

  • – Departementet vil vurdere om det er behov for endringar i barnevernlova §§ 3 1 og 3 2 for å styrke det førebyggjande arbeidet.

  • – Departementet vil stimulere til å setje barn og unge sentralt på dagsorden i kommunar og fylke.

  • – For at folkevalde skal ha høve til å gjere reelle val i arbeidet med kommunebudsjettet, er det viktig at informasjon om barnevernet sine disposisjonar, arbeidsmåtar og valalternativ blir synleggjorde. Kommunestyret bør til dømes minst ein gong pr. år få lagt fram for seg ein rapport frå barneverntenesta om situasjonen i barnevernet og med framlegg til førebyggingstiltak.

  • – Barne- og familiedepartementet er kjent med at barnevernet i nokre saker etter barnevernlova §§ 4 19, 4 20 og 4 21 har vanskar med å hente inn opplysningar fordi foreldra ikkje samtykkjer. Også her er det likevel viktig for barnevernet å få informasjon. Denne problemstillinga vil derfor bli nærmare vurdert i ein odelstingsproposisjon om endringar i barnevernlova.

  • – Barne- og familiedepartementet vil vurdere nærmare framlegget om opplysningsrett for personar med forvaltningsmessig teieplikt i samband med utarbeidinga av ein odelstingsproposisjon om endringar i barnevernlova.

  • – Barne- og familiedepartementet er av den oppfatning at barnevernet i dag er for restriktive når det gjeld å gje opplysningar til samarbeidspartnarar. Departementet vil arbeide ut eit rundskriv om teieplikt i barnevernet der regelverket blir nærmare omtalt.

  • – Aktuelle departement vil i samarbeid med kommunane sette i verk ei brei utgreiing for å sjå barnevernet, barnehagen, skolen, fritidssektoren, PPT, helsestasjonane og skolehelsetenesta i samanheng og vurdere det heilskaplege tilbodet til barn ut frå brukarane sine behov.

  • – Departementet er oppteken av at barneverntenesta og dei andre hjelpetenestene skal tilpasse seg behova hos brukarane. I denne samanhengen er det viktig at tenestene samordnar hjelpa si. Ideelt burde det vere slik at det er nok at brukarane vender seg til ein instans, til dømes barnevernet.

  • – Ein etat i kommunane bør ha koordineringsansvaret i det førebyggande arbeidet. Ut frå barnevernlova § 3 2 vil det vera naturleg at barneverntenesta tek ei slik rolle.

Saksbehandlingstida bør reduserast endå meir, men systemet vil likevel alltid vere avhengig av ein del ytre faktorar som verken fylkesnemndene sjølve eller departementet har kontroll over. Departementet vil i alle fall arbeide vidare med effektivisering av arbeidet i fylkesnemnda.

I oppsummeringa skriv Befringutvalet at studiane gjennomgåande konkluderer med at fylkesnemndene representerer ei betring i rettstryggleiken for individet i forhold til ordninga med kommunale barnevernsnemnder.

Befringutvalet meiner det er behov for ein gjennomgang og ei avklaring av kva for saksbehandlingsreglar som skal gjelde for fylkesnemndene.

På bakgrunn av forskingsresultata kan ikkje departementet sjå at rettstryggleiken ved behandling av ei sak for fylkesnemnda kan betrast (vesentleg) ved at det blir gjeve eigne saksbehandlingsreglar for fylkesnemndene. Etter departementet si oppfatning vil eigne saksbehandlingsreglar for nemndene kunne føre til at ein del av fleksibiliteten går tapt, og at ein får eit meir rigid system som ikkje på same måten tek vare på behova som finst ved behandlinga av dei ulike sakstypane. Ei intern arbeidsgruppe i fylkesnemnda har greidd ut spørsmål i tilknyting til saksbehandling i fylkesnemnda. Utgreiinga blei ferdig i februar i 2002 og vil bli følgd opp av departementet i samarbeid med fylkesnemndsleiarane i løpet av året.

Fylkesnemndene har i ei felles høyringsfråsegn til utgreiinga frå Befringutvalet gjeve utrykk for at lova legg opp til eit komplisert system for behandling av akuttsaker som både dei enkelte barneverntenestene og fylkesnemndene kan ha vanskeleg for å følgje på ein tilfredsstillande måte. Dei foreslår at det blir vurdert om det bør innførast ein "forhøyrsrettsmodell" for behandling av akuttsaker i fylkesnemnda.

Departementet vil på bakgrunn av det fylkesnemndene peiker på når det gjeld omsynet til rettstryggleiken, foreslå at det blir utgreidd nærmare om det er mogleg å innføre ein slik "forhøyrsrettsmodell".

Etter barnevernlova § 7-4 kan fylkesnemnda oppnemne ein eigen talsperson for barnet i saker som skal behandlast i nemnda.

Befringutvalet meinte at talspersonen ikkje bør gjere seg opp ei eiga meining om saka, men berre vere talerøyr for barnet. Fleirtalet av høyringsinstansane gjev si støtte til dette.

I tråd med framlegget frå Befringutvalet meiner departementet det er viktig at forskriftene i større grad enn i dag sikrar at talspersonen berre skal vere talerøyr for barnet.

Ein så omstendeleg prosess som den som gjeld for barnevernsaker i dag, legg beslag på knappe økonomiske ressursar, samstundes som partane kan tyngjast av svært lang saksbehandlingstid.

Eit framlegg som vil korte ned saksgangen for tvangsvedtak i barnevernet, er å innføre færre ankeinstansar. Dette er eit framlegg som Befringutvalet og fylkesnemndene sjølve har gjeve utrykk for at ein bør følgje opp.

Departementet vil vurdere å fremje eit lovframlegg som inneber at ei rettsleg overprøving av vedtak i fylkesnemnda skjer direkte for lagmannsretten.

Barnevernsaker er lukka for publikum og pressa, og vedtaka i nemnda er ikkje offentlege. Befringutvalet uttaler at det vil vere av verdi å gje ålmenta, her medrekna pressa, innsyn i og tilgang til referat av enkeltsaker i fylkesnemnda, men på ein slik måte at omsynet til personvernet omkring partane blir sikra.

Befringutvalet meiner ein kan reise spørsmål ved om det er rett å konstatere at barnevernsakene er så vidt spesielle at dei må skjermast for innsyn, til skilnad frå til dømes straffesaker, her medrekna sedskapssaker.

Departementet ser det også som nødvendig at det blir meir ope omkring vurderingane og behandlinga av sakene i fylkesnemnda.

Eit viktig tiltak som blir gjennomført med det første, er å leggje eit utval av fylkesnemndsvedtak ut på Lovdata. Barne- og familiedepartementet meiner at dette langt på veg vil møte behovet for ein meir open prosess.

Departementet er kjent med at nokre fylkesnemnder følgjer den praksisen at det ikkje er høve for kommunar til å ha både leiaren for barneverntenesta og saksbehandlar til stades under forhandlingsmøte. Grunngjevinga for dette er at den offentlege partssida ikkje skal bli for dominerande. Departementet ser at denne praksisen kan ha uheldige sider, og vil vurdere om fylkesnemnda bør "opnast" også på denne måten.

Barne- og familiedepartementet skreiv i Ot.prp. nr. 44 (1991-1992) at departementet må følgje med på korleis ordninga med nemndsmedlemmene fungerer.

Departementet er oppteke av og arbeider for at dei sakkunnige utvala blir styrkte med fleire medlemmer som har utdanning som psykologar eller psykiatrar. Samstundes må dei sakkunnige utvala styrkjast med både samisk kompetanse og kompetanse om innvandrarar.

Departementet vil også vurdere om talet på sakkunnige ved fylkesnemndsbehandlinga kan reduserast i enkelte eller alle saker.

I kapittel 1.7 går det fram at evalueringa av fylkesnemndene viser at ordninga i det store og heile sikrar rettstryggleiken for partane på ein god måte. Kort oppsummert hevdar meldinga at nemndsordninga har medverka til auka rettstryggleik for barn og foreldre i saksbehandlinga, under forhandlingane og i vedtaka. I tillegg har ordninga verka med til å styrkje legitimiteten til barnevernet både hos klientane og mellom folk flest. Denne legitimiteten kan styrkjast endå meir ved meir open tilgang til arbeidet og avgjerdene i fylkesnemndene og gjennom tilgang på anonymiserte vedtak.

Rettstryggleiken for barnet ved behandlinga av tvangssaker i fylkesnemnda vil bli styrkt dersom dei framlegga blir vedtekne som gjeld talspersonordninga og endringa i barnevernlova § 6 3. Endringsframlegget i barnevernlova § 6 3 gjeld at barn som har fylt 7 år, skal ha rett til informasjon og høve til å uttale seg før det blir teke avgjerd i sak som vedkjem dei.

Slik departementet ser det, tilseier ikkje forskingsresultata frå evalueringa av nemndene at det bør gjevast eigne saksbehandlingsreglar for behandling av fylkesnemndssaker. Dei saksbehandlingsreglane som gjeld i dag, gjev etter departementet si meining ein fleksibilitet som sakene er tente med.

Barne- og familiedepartementet vil framover arbeide for endå meir effektivisering av arbeidet i fylkesnemndene, her medrekna ein reduksjon av saksbehandlingstida.

Tiltak som vil bli følgde opp:

  • – Departementet vil gjennomgå talspersonordninga med sikte på eventuelle endringar i forskrifta for i større grad å sikre at talspersonen skal vere talerøyr for barnet, og for å sjå ordninga i samanheng med framlegget om å endre aldersgrensa i barnevernlova § 6 3 om barns rett til å bli høyrde.

  • – Departementet vil vurdere å foreslå endring i sosialtenestelova § 9 6 for å redusere talet på sakkunnige medlemmer og dermed også talet på allmenne medlemmer i fylkesnemnda.

  • – Ei intern arbeidsgruppe i fylkesnemnda har greidd ut spørsmål i tilknyting til saksbehandling i fylkesnemnda. Utgreiinga vil bli følgd opp av departementet i samarbeid med fylkesnemndsleiarane i løpet av 2002.

  • – Departementet vil følgje opp spørsmålet om å avgrense den rettslege overprøvinga av vedtak i fylkesnemnda. Departementet vil vurdere eit lovframlegg som inneber at vedtaka blir overprøvde direkte for lagmannsretten.

  • – Departementet vil arbeide for at eit tilfeldig utval av vedtak blir lagt ut på Lovdata, for å gjere vurderingar og arbeid i fylkesnemnda meir opne for innsyn

  • – Departementet vil sjå nærmare på vilkåra for å gje pressa ein avgrensa tilgang til å følgje enkeltsaker i nemnda.

  • – Departementet vil vurdere å "opne" fylkesnemndene ved at tilsette i barneverntenesta i opplæringssamanheng får høve til å følgje saker i nemnda.

  • – Departementet vil arbeide for at dei sakkunnige utvala blir styrkte gjennom rekruttering av fleire psykologar og psykiatrar som medlemmer .

  • – Departementet har som mål å rekruttere fleire sakkunnige med samisk språk- og/eller samisk kulturkompetanse.

  • – Departementet har som mål å rekruttere fleire sakkunnige med kompetanse om innvandrarar.

Utgangspunktet for barnevernlova og Regjeringa er at det er best for barn å vekse opp hos dei biologiske foreldra. Sjølv om det blir påvist svikt i foreldra si omsorgsevne, og sjølv om svikten kan vere av til dels alvorleg karakter, er hovudregelen at ein primært skal prøve å betre situasjonen ved hjelpetiltak i heimen.

Sentrale mål for den førebyggjande verksemda er å gjere sitt til å skape trygge oppvekstvilkår for barn og unge, hindre problemutvikling og unødige omsorgsovertakingar. Førebyggjande tiltak skal hjelpe til med å integrere barn og unge i familie og nærmiljø og gje dei ein trygg og stimulerande oppvekst.

Det pågår fleire prosjekt og utviklingsprogram som tek sikte på å betre oppveksten for barn og unge. Dette skjer i stor grad gjennom auka tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid. Regjeringa vil understreke kor viktig det er å samarbeide på tvers av profesjonar, etatar, sektorar og forvaltningsnivå for å løyse dei omfattande og komplekse utfordringane som mange barn og unge står oppe i.

Generelt er det behov for større medvit om korleis ein kan ta i bruk barna, dei unge og familiane sine eigne og fornybare ressursar. I denne samanhengen ønskjer Regjeringa å stimulere til bruk av utradisjonelle løysingar anten i form av å dra inn nye yrkesgrupper eller ved å nytte nye samarbeidsformer eller metodar.

Regjeringa legg til grunn at den førebyggjande innsatsen som hovudregel bør vere ein integrert del av det ordinære arbeidet for barn og ungdom. For å unngå at førebyggjande innsats blir tilfeldig og fragmentert, er det nødvendig at verksemda fell inn i ein formalisert struktur slik at han set varige spor. Førebyggjande tiltak bør derfor inngå i eit program eller ein verksemdsplan. Tiltak bør integrerast i dei førebyggjande planane i kommunane og prioriterast når det gjeld bruk av arbeidstid og materielle ressurssar. Det er likevel opp til kommunane å velge kva for dokument dei vil omtale den forebyggjande innsatsen i.

Besøks- og avlastningsheimar er ikkje spesifikt nemnde i lova, men har i fleire år vore det mest brukte hjelpetiltaket. Barne- og familiedepartementet vil synleggjere dette tiltaket ved å ta det inn som eitt av døma på hjelpetiltak i barnevernlova § 4 4.

Befringutvalet er oppteke av at eksemplifiseringa i lova av hjelpetiltak i § 4 4 kan vere til hinder for at hjelpetiltaka blir nok behovsstyrte og verke med til å hemme kreativitet og mangfald. Utvalet gjer derfor framlegg om at eksemplifiseringa blir stroken. Framlegget blir støtta av eit fleirtal av høyringsinstansane.

Departementet deler ikkje Befringutvalet si oppfatning om at eksemplifiseringa bør strykast. Slik departementet ser problemstillinga, er det fleire viktige argument som taler for å halde oppe dagens eksemplifisering. Ei slik opplisting av eksempel gjer det truleg lettare å argumentere lokalt for utvikling av slike tiltak, og for at dei tiltaka som blir nemnde eksplisitt i lova, også blir haldne oppe i periodar med trong kommuneøkonomi, fordi kommunane er pliktige til å yte tenester etter barnevernlova.

Departementet vil understreke at det i dag går klart fram av lova og forarbeida at opprekninga i barnevernlova § 4 4 andre ledd er eksempel og ikkje ei uttømmande liste.

Sjølv om eit fleirtal av høyringsinstansane som har uttalt seg til framlegget, støttar tilrådinga frå Befringutvalet, kan Barne- og familiedepartementet ikkje sjå at det er behov for ei slik endring som det er framlegg om. Men det er viktig at retningslinjene blir reviderte jamleg, slik at nye døme blir tekne inn etter kvart som nye typar hjelpetiltak blir utvikla.

I NOU 2000:12 blir det skrive om ein tendens til at barneverntenesta i for stor grad fokuserer på problem og manglar ved foreldra. Departementet deler bekymringa om at barneverntenesta bruker mindre tid og ressursar enn tiltenkt på å hjelpe foreldra til å skape ein god nok omsorgssituasjon i heimen. Barneverntenesta bør i større grad enn i dag hjelpe familien til å bli best mogleg i stand til å ha hovudansvaret for barns omsorg, tryggleik, utvikling og oppseding. Ei av hovudmålsetjingane er å gje førebyggjande tiltak og hjelpetiltak i heimen eit tydelegare og større innhald.

Barne- og familiedepartementet meiner barneverntenesta også må vurdere den økonomiske situasjonen i familien med tanke på å sikre nødvendig hjelp som kan føre til at fokus blir flytt frå økonomiske problem til oppgåva med å ta nødvendig omsorg for barn.

Departementet vil framheve at det er viktig å vurdere undervegs om hjelpetiltaka verkar med til å skape ei positiv utvikling hos det enkelte barnet i familien, og om det eventuelt er behov for andre og/eller supplerande tiltak.

Befringutvalet kjem med framlegg om at frivillige plasseringar etter § 4 4 femte ledd maksimalt skal vare i seks månader, og at plasseringar ut over dette tidsrommet må avgjerast av fylkesnemnda for sosiale saker. Som grunngjeving for framlegget viser utvalet til at ein kan reise spørsmål ved om barneverntenesta i nokon grad nyttar frivillige plasseringar utanfor heimen for å unngå ei kostbar og arbeidskrevjande fylkesnemnds­behandling, at rettstryggleiken for barna kan bli dårleg ved at det blir uklart og vanskeleg å vite kor lenge plasseringa skal vare, og at også rettstryggleiken for foreldra kan bli svekt.

Det at kvar sak må vurderast konkret og individuelt ut frå kva som er den beste løysinga for barnet, gjer det problematisk å innføre ein absolutt tidsfrist.

Barne- og familiedepartementet finn at ei tidsavgrensing i lova slik Befringutvalet gjer framlegg om, vil bli for absolutt og ikkje gje rom for nødvendig fleksibilitet. Fleirtalet av høyringsinstansane gjekk også imot framlegget med denne grunngjevinga. Det er likevel viktig at barneverntenesta sørgjer for at frivillige plasseringar blir brukte etter formålet sitt. Barne- og familiedepartementet finn derfor at ein i retningslinjer bør utdjupe barneverntenesta si plikt til jamleg å vurdere den enkelte plasseringa.

Befringutvalet set også søkjelyset på at det er viktig med familieutvkling og fokusering på det som kan utvikle seg positivt.

Eitt av framlegga i NOU’en (Befringutvalet) er å greie ut nærmare ein eventuell lovregel om at det skal gjevast tilbod om gratis og anonym rettleiing for barn, unge og familien deira – enkeltvis eller samla.

Barne- og familiedepartementet ser ikkje behov for å greie ut spørsmålet om lovfesting av gratis og anonym rettleiing for barn, unge og familiane deira. Departemente vil likevel gje ut ein brosjyre der dei ulike informasjons-, råd- og rettleiingstelefonar og -instansar blir presenterte samla.

Eit anna av framlegga frå Befringutvalet i NOU 2000:12 handlar om barnevernet si utgreiing av familien.

Barne- og familiedepartementet er til liks med Befringutvalet oppteke av å styrkje og støtte familien slik at familien får gode utsikter til å gje barna det dei treng av omsorg, fostring og læring. Departementet er samd med utvalet i at det er behov for vidare styrking av fokuset på det grunnlaget for positiv utvikling som finst i foreldra og familien. Departementet meiner derfor at den tilnærmingsmåten utvalet gjer framlegg om når det gjeld utgreiing av familien, kan vere fornuftig, og vil omtale dette prinsippet i nye retningslinjer om det arbeidet barnevernet gjer i utgreiingssaker.

Departementet meiner at barneverntenesta i større grad enn i dag bør hjelpe familien til å bli best mogleg i stand til å ha hovudansvaret for å gje barna omsorg, tryggleik, utvikling og oppseding. Ei av hovudutfordringane vil vere å gje førebyggjande tiltak og hjelpetiltak i heimen eit tydelegare og meir omfattande innhald.

Befringutvalet foreslår at det i barnevernlova § 4 16 om oppfølging og vedtak om omsorgsovertaking, blir presisert at barnevernet skal ha eit sjølvstendig ansvar for å sørgje for at foreldra får nødvendig hjelp og støtte til å betre sin livssituasjon.

Barne- og familiedepartementet er samd med utvalet i at det er viktig at barneverntenesta etter ei omsorgsovertaking stør opp om dei foreldra som ønskjer hjelp. Barne- og familiedepartementet vil foreslå ei lovendring i § 4 16 for å presisere det ansvaret barnevernet har for å følgje opp foreldre etter ei omsorgsovertaking.

Befringutvalet har også eit anna framlegg retta mot foreldre med barn plasserte utanfor heimen. Utvalet foreslår som ein ide til fornyingstiltak i barnevernet at det i nokre fylke blir prøvd ut ei ordning med støtteperson for foreldra. Denne ordninga er no vedteken i Danmark.

Barne- og familiedepartementet vil følgje med på korleis ordninga blir praktisert og eventuelt evaluert i Danmark, og vurdere om støttepersonordninga eller liknande ordningar bør regelfestast her til lands.

Barne- og familiedepartementet vurderer å arbeide ut eit rundskriv der støtteperson for foreldre blir omtalt som ei god ordning som ein vil tilrå.

Barne- og familiedepartementet har i eit høyringsnotat om innarbeiding av barnekonvensjonen i norsk rett foreslått at delar av barnekonvensjonen blir teken inn i barnevernlova § 4 15 slik at barneverntenesta ved val av plasseringsstad også skal ta omsyn til at det er ønskjeleg med kontinuitet i oppsedinga av barnet og til den etniske, religiøse, kulturelle og språklege bakgrunnen barnet har. Framlegget som har fått stor støtte hos høyringsinstansane, vil saman med andre framlegg bli fremja av Justisdepartementet i ein odelstingsproposisjon om innarbeiding av barnekonvensjonen i norsk rett.

Barne- og familiedepartementet er kjent med at det somme stader er vanskeleg å rekruttere mange nok tilsynsførarar til fosterheimane. Det er derfor nødvendig å gå fleire vegar for å finne gode løysingar.

Det er etablert eit samarbeid mellom alle fylkeskommunar som i dag gjennomfører rekrutterings- og opplæringsprogrammet PRIDE (Parents, Resources, Information, Development, Education) overfor foster­-foreldre.

Barne- og familiedepartementet støttar vidareføringa av PRIDE i år 2002 og vil stille opp med ekstra midlar for å tilpasse dette programmet til deltakarar med annan enn norsk etnisk bakgrunn.

Barne- og familiedepartementet har ved fleire høve uttalt at fosterforeldre etter gjeldande forståing av lovverket ikkje er å sjå på som arbeidstakarar i arbeidsrettsleg forstand, men som sjølvstendige oppdragstakarar i forhold til barneverntenesta.

Departementet har nyleg innleidd eit endå tettare samarbeid med Sosialdepartementet om presisering av dei rettane fosterforeldre har som oppdragstakarar for barneverntenesta.

Befringutvalet kjem med framlegg om at det blir lov- eller forskriftsfesta at barnevernet ved rekruttering av fosterheimar først må søkje etter moglege fosterheimar i familien og nettverket omkring barnet.

Fleirtalet av høyringsinstansane som har uttalt seg til dette framlegget, er negative.

Barne- og familiedepartementet er på same måten som Befringutvalet opptekne av å styrkje og støtte familien, og av at familien får dei beste vilkåra for å gje barna det dei treng av omsorg, fostring og læring. Departementet er derfor samd med utvalet i at det er behov for å fokusere på dei ressursane som finst hos foreldra og familien.

Barne- og familiedepartementet finn det mest formålstenleg at spørsmålet om bruk av biologisk familie og nettverk som fosterheim blir behandla i retningslinjer, og ikkje i lov eller forskrift. Departementet vil likevel alt no understreke kor viktig det er at barneverntenesta vurderer om slik plassering er aktuell i det enkelte tilfellet.

Barne- og familiedepartementet meiner det bør leggjast til rette for samvær mellom barn under omsorg og foreldre, så lenge samvær er til det beste for det enkelte barnet. Reglane i barnevernlova om samvær byggjer på at kontakten mellom barn i fosterheim og foreldra er svært viktig.

Barne- og familiedepartementet ser det slik at ein ved avgjerder om samvær må ta omsyn til den livshistoria barnet har, slik at barnet får høve til framleis å ha kontakt også med andre det har hatt nær tilknyting til. Barneverntenesta bør vurdere samværsordninga og eventuelt samværsavtalen undervegs, slik at dette kan justerast av barnevernet sjølv eller av fylkesnemnda gjennom ny sak om samvær. Det er viktig at stemma til barnet også får ein plass under gjennomgangen, på same måten som når samværsordninga skal utformast første gongen.

Utgangspunktet er at samværet skal vere til beste for barnet.

I nokre saker kan det vere mistanke om at barnet blir utsett for overgrep under samværet. Dersom samvær i slike saker blir bestemt, må barnet vernast. Spørsmålet om korleis barn best kan sikrast i slike situasjonar, vil bli teke opp i Familiemeldinga som skal fremjast for Stortinget vinteren 2002/2003.

Ei arbeidsgruppe med representantar frå Barne- og familiedepartementet, domstolen og politidirektoratet har sett på tiltak som betre enn i dag kan ta vare på barnet sin situasjon i saker der barn med bakgrunn i barnelova og tvangsfullbyrdingslova skal flyttast frå ein omsorgsperson til ein annan. Barne- og familiedepartementet er samd med arbeidsgruppa i at det må gjevast reglar som slår fast at offentleg tilsette tenestemenn med barnefagleg kompetanse har plikt til å hjelpe namsmennene i denne typen saker. Aktuelle instansar kan vere familievernet, psykisk helsevern for barn og unge, pedagogisk-psykologisk teneste eller barnevernet. Problemstillinga vil bli følgd opp av Justisdepartementet og Barne- og familiedepartementet.

Samanfattande kan ein seie at oppgåva for barneverninstitusjonane er at dei saman med fosterheimane er den garantien barnevernet har for at alle barn og unge skal kunne få eit trygt omsorgstilbod når dei treng det. Det overordna målet med institusjonsopphaldet er tilbakeføring til eigen heim eller plassering i fosterheim – eventuelt etablering på eiga hand.

Samarbeidet mellom barnevernet og det psykiske helsevernet har utvikla seg positivt dei siste åra. Regjeringa vil følgje opp samarbeidet mellom psykisk helsevern for barn og unge og barnevernet for å sjå til at dei to tenestene blir best mogleg koordinerte.

Barne- og familiedepartementet sende i mars 2001 ut eit høyringsnotat der det blei foreslått å ta inn ein paragraf i barnevernlova som gjev departementet heimel til å gje forskrifter om kvalitetskrav til barneverninstitusjonar. Framlegget omfatta både dei fylkeskommunale og private institusjonane. Det blei vidare foreslått ei særskild godkjeningsordning for private institusjonar som ikkje er innpassa i fylkeskommunen sin plan. Framlegget fekk brei støtte frå høyringsinstansane. Framlegget blei fremja for Stortinget (Ot.prp. nr. 103 (2000-2001)), men blei trekt tilbake hausten 2001 fordi det er nødvendig å sjå spørsmålet i samanheng med utgreiinga av den framtidige organiseringa av oppgåvene som i dag ligg i fylkeskommunen. Regjeringa vil hausten 2002 legge fram ein odelstingsproposisjon med forslag om statleg overtaking av fylkeskommunen sine oppgåver på barnevernområdet og familievernområdet. I proposisjonen vil det også bli lagt fram forslag om å innføre ein ny heimel for departementet til å gje forskrifter om kvalitetskrav til barneverninstitusjonar. Det vil i tillegg bli lagt fram forslag om ei særskild godkjenningsordning for private institusjonar. Etter forslaget vil statlege, regionale styresmakter i barnevernet bli godkjenningsinstans.

Befringutvalet gjorde framlegg om at forskrifta som regulerer tvangsbruk under opphald i barneverninstitusjon, bør gjennomgåast med sikte på om det er i barnet si interesse med dagens avgrensingar.

Barne- og familiedepartementet sende 14. februar 2001 ut på høyring framlegg til revisjon av denne forskrifta og vil på bakgrunn av det som har kome fram i høyringsrunden, vurdere kva for framlegg som bør følgjast opp.

NOU 2000:12 omtaler åtferdsvanskar hos barn og unge som eit utfordrande problemområde. Befringutvalet er oppteke av at det må gjerast mindre attraktivt for kommunane å "eksportere" barn og unge bort frå nærmiljøet.

Departementet er samd med Befringutvalet på dette punktet. Departementet vil oppmode fylkeskommunen til å bruke ein større del av ressursane sine i samarbeid med kommunane til familie- og nærmiljøbaserte tiltak. Fleire fylkeskommunar er alt inne i ein slik dreiingsprosess.

Det er sett i gang opplæring i alternative metodar for å førebyggje og stoppe problemåtferd hos barn og unge. Barne- og familiedepartementet og Helsedepartementet samarbeider om å implementere desse metodane i alle fylka. Alvorlege adferdsproblem blant barn og unge er ei felles oppgåve og utfordring for dei to departementa. Samarbeidet vil bli vidareført gjennom forskning, evaluering og iverksetting av dei aktuelle behandlingsmetodane mellom anna i samarbeid med region- og kompetansesentra for barn og unge.

Befringutvalet kjem i NOU 2000:12 med framlegg om at inngrepskriteria i barnevernlova skal behandlast under eitt, slik at omsorga blir overteken også der inngrepskriteriet knyter seg til åtferdsvanskane hos ungdommen.

Barne- og familiedepartementet vil peike på at dersom det er ein samanheng mellom problema hos barnet og foreldra si omsorg, gjev alt dagens lov fylkesnemnda høve til å gjere vedtak om omsorgsovertaking og åtferdstiltak samstundes. Slik departementet ser det, tek dagens ordning vare på den nødvendige fleksibiliteten. Barne- og familiedepartementet meiner derfor at dagens ordning bør stå ved lag.

Stortinget vedtok hausten 1996 å sende over til regjeringa eit oversendingsframlegg utan realitetsvotering der Stortinget oppmoda regjeringa til å vurdere om barnevernlova § 4 20 fungerer etter sitt hovudformål.

I ein høgsterettsdom frå 1997, innteken i Rt. 1997 s. 534, uttalte førstvoterande at lovgjevar burde vurdere "om det bør åpnes for en rett til samvær mellom biologiske foreldre også etter en adopsjon".

På bakgrunn av oppmodinga frå Høgsterett om å vurdere å opne for rett til samvær også etter ein adopsjon, og oversendingsframlegget frå Stortinget, tok departementet initiativet til forskingsprosjektet "Fratakelse av foreldreansvar og adopsjon". Sjølve forskingsprosjektet "Fratakelse av foreldreansvar og samtykke til adopsjon" er til no ikkje avslutta.

Undersøkinga gjeld også saker som berre gjeld fråtaking av foreldreansvar. Det kan tyde på at rettstilstanden knytt til fråtaking av foreldreansvaret er for uklar. Dette spørsmålet vil departementet følgje opp og vurdere nærmare før det tek stilling til kva skritt som bør takast for å avhjelpe denne situasjonen.

Befringutvalet tilrår i si innstilling at spørsmålet om samværsrett etter adopsjon blir vurdert nærmare.

Slik Barne- og familiedepartementet ser det, er det ut frå den kunnskapen ein har om dette spørsmålet i dag, ikkje godt nok grunnlag for å opne for ei endring som inneber høve til å fastsetje ein samværsrett for biologiske foreldre etter at adopsjonen er gjennomførd. Etter Barne- og familiedepartementet sitt syn er det fleire viktige innvendingar mot å innføre ein rett til samvær etter ein adopsjon. Den viktigaste innvendinga er at ei slik endring kan føre til ein auke i talet på adopsjonar etter barnevernlova. Slik departementet ser det, er dette ikkje ei ønskjeleg utvikling.

Barne- og familiedepartementet følgjer nøye utviklinga når det gjeld desse spørsmåla og vurderer heile tida om det er forhold som tilseier at det bør gjerast endringar i lova.

Barnevernlova inneheld i dag ikkje ein lovbestemt rett for barn til å motta barneverntenester, sjølv om lova slik ho er i dag, legg plikt på barnevernet på fleire område.

Befringutvalet kjem med framlegg om at ein lovbestemt rett bør innførast for å gjere det tydeleg at det er barn og barns interesser som står i fokus, og som ledd i ei harmonisering med sosialtenestelova og kommunehelsetenestelova.

Det ville vore positivt om ein gjennom ei lovfesting av rettane kunne klargjere brukarane sin posisjon andsynes kommunen ved at området for bruk av skjønn blir avgrensa. Ei lovfesting av rettane ville også gjere tydelegare det høvet brukarane har til å nytte seg av rettsapparatet for å få tiltak og tenester, og eventuelt for å fremje krav om erstatning for manglande inngrep frå barnevernet si side.

Etter departementet sitt syn er det viktigaste likevel at barn og unge som har behov for hjelp etter lova, får slik hjelp i rett tid. Når ein ser på dei pliktene som alt ligg på kommunane i dag, er det departementet sitt syn at ei lovfesting av rettar vil ha liten reell verdi for brukarane av tenestene.

Etter ei samla vurdering finn departementet at det ligg føre såpass tungtvegande argument mot ei lovfesting av rett til barneverntenester, at framlegget frå Befringutvalet på dette punktet ikkje bør følgjast opp.

Meldinga gjennomgår og understrekar kor viktig generelt førebyggjande arbeid er for barn, unge og familiar. Teksten under 1.8 bør ein sjå i samanheng med det som blir skrive om førebygging under 1.5 om barnevernet og velferdspolitikken og under 1.6 om organiseringa av barnevernet og samarbeidet med andre instansar.

I mesteparten av dette kapitlet oppsummerer departementet det ein veit om korleis reglane i barnevernlova og tiltaka frå barnevernet fungerer. Sjølv om hovudbodskapen i teksten vanskeleg kan samanfattast i nokre få setningar, vil departementet likevel framheve kor viktig det er å satse endå meir på å utvikle gode, fleksible og behovstilpassa hjelpetiltak i nær dialog med involverte barn og foreldre.

I dei tilfella barn og unge må plasserast utanfor heimen, er det som oftast til beste for barna at barn og biologiske foreldre har samvær. I mange tilfelle vil det også vere aktuelt å føre barna tilbake til heimen. Som det vil gå fram av enkelte av oppfølgingsframlegga, ser departementet behov for at barneverntenesta må arbeide meir systematisk og målretta når det gjeld spørsmåla om samvær og tilbakeføring til heimen.

Kapitlet drøftar også dei lovendringsframlegga frå Befringutvalet som gjeld tiltak frå barnevernet. Som det går fram av teksten, finn ikkje departementet grunnlag for å støtte framlegga om å lovfeste retten til barneverntenester eller til å innføre ei tidsavgrensing når det gjeld plasseringar utanfor heimen som hjelpetiltak.

Departementet går heller ikkje inn for å lovfeste retten til gratis og anonym rettleiing til barn og foreldre etter dansk modell slik Befringutvalet gjer framlegg om. Departementet understrekar at ein her berre avviser framlegget om å lovfeste ei ny teneste, men samstundes er positive til denne typen tiltak.

Dei viktigaste tiltaka som Regjeringa gjer framlegg om å setje i verk for å betre tiltaka i barnevernet, er desse:

  • – Besøks- og avlastningsheimar er ikkje spesifikt nemnde i lova, men har i fleire år vore det mest brukte hjelpetiltaket. Barne- og familiedepartementet vil synleggjere dette tiltaket ved å ta det inn som eitt av døma på hjelpetiltak i barnevernlova § 4 4.

  • – Førebyggjande innsats bør som hovudregel vere ein del av det ordinære arbeidet kommunen gjer for barn, unge og familiar. Det er behov for tiltak som fangar opp risikogrupper på eit tidleg stadium. Tiltaka bør integrerast i dei førebyggjande planane i kommunane og prioriterast når det gjeld tid og ressursar. I denne samanhengen ønskjer departementet å stimulere til utradisjonelle løysingar og ny kompetanse anten i form av å dra inn nye yrkesgrupper eller ved å nytte nye samarbeidsformer eller metodar.

  • – Barne- og familiedepartementet meiner det er behov for å vidareføre og styrkje førebyggjande tiltak i familiar med barn som er i ein vanskeleg livssituasjon. Departementet vil derfor føre vidare støtta til nasjonal samordning og oppfølging av mellom anna Home-Start Familiekontakten. Departementet vil også støtte vidareutvikling og spreiing i bruken av andre familiebaserte førebyggjande tiltak og hjelpetiltak i barnevernet.

  • – Helsedepartementet vil i samarbeid med Barne- og familiedepartementet vurdere forsøket med familiesentralar med tanke på vidareutvikling der ein mellom anna vil ta stilling til kva rolle barnevernet bør ha i eit slikt lågterskeltilbod.

  • – Barne- og familiedepartementet vil gje ut ein brosjyre der dei ulike informasjons-, råds- og rettleiingstelefonar og -instansar blir presenterte samla.

  • – Barne- og familiedepartementet meiner at det er behov for vidare styrking av fokuset på ressursane hos foreldra og familien. Departementet vil omtale desse verdiane i nye retningslinjer om barnevernet sitt arbeid i utgreiingssaker.

  • – Barne- og familiedepartementet er oppteke av at barnevernet i utgreiinga av barnevernsaker bør styrkje fokuset på ressursane hos foreldra og familien og på spørsmålet om korleis foreldra kan få hjelp til å betre omsorgsevna si. Dette vil bli utdjupa i retningslinjer frå Barne- og familiedepartementet som omhandlar arbeidet til barnevernet i utgreiingssaker.

  • – Oppfølginga av foreldre etter ei omsorgsovertaking burde ha vore betre. Barne- og familiedepartementet vil kome med eit framlegg til lovendring i § 4 16 for å presisere det ansvaret barnevernet har for å følgje opp foreldre etter ei omsorgsovertaking.

  • – Barne- og familiedepartementet ser at bruk av støtteperson for foreldra etter ei plassering utanfor heimen kan vere ein måte å styrkje oppfølginga av foreldra på, og vil omtale dette tiltaket i rundskriv. Departementet vil også ta initiativ til å få arbeidd ut eit temahefte om arbeid med foreldre når barn blir plasserte utanfor heimen.

  • – Justisdepartementet vil leggje fram ein odelstingsproposisjon om innarbeiding av FNs barnekonvensjon i norsk lov. Dette vil mellom anna få innverknad på barns rett til å bli høyrde, noko som mellom anna vil verke inn på bruken av tiltak i barnevernet.

  • – Barne- og familiedepartementet er oppteke av at frivillige plasseringar etter § 4 4 femte ledd blir brukte etter formålet. Departementet ønskjer ikkje å innføre noka lovpålagd tidsavgrensing på frivillige plasseringar som hjelpetiltak (§ 4 4 femte ledd), men vil presisere kor viktig det er at barneverntenesta sørgjer for at frivillige plasseringar blir brukte etter sitt formål. Departementet vil i retningslinjer utdjupe den plikta barneverntenesta har til med jamne mellomrom å vurdere den enkelte plasseringa.

  • – Barne- og familiedepartementet vil avklare kva rammevilkår fosterheimane skal ha når det gjeld sosiale rettar, og vil sjå nærmare på spørsmål knytte til den arbeidsrettslege situasjonen deira.

  • – I den vidare oppfølginga av planen for foster­heimstenesta vil Barne- og familiedepartementet mellom anna leggje vekt på dette: Betre samordning og organisering av opplæringa av fosterforeldra, høgare fagleg kvalitet på oppfølginga av fosterforeldra, styrking av tilsynsførarfunksjonen og opplæringa av tilsynsførarane, tilpassing av PMT og MST til den spesielle situasjonen fosterforeldra er i.

  • – Opplæringsprogrammet PRIDE for fosterforeldre skal utviklast vidare og mellom anna tilpassast fosterforeldre med annan enn norsk etnisk bakgrunn.

  • – Barne- og familiedepartementet vil vurdere om fylkesmannen også skal få avgjerdsmakt til å avgjere usemjer om punkt i fosterheimsavtalen.

  • – Regjeringa vil sikre vidare samarbeid og koordinering mellom barnevernet og det psykiske helsevernet for barn og unge.

  • – Barne- og familiedepartementet vil nøye følgje utviklinga når det gjeld spørsmål om adopsjon etter fråtaking av foreldreansvar, jf. barnevernlova § 4 20. Departementet vil på denne bakgrunnen vurdere behovet for å gje retningslinjer som sikrar at det ikkje blir gjeve samtykke til adopsjon der det er til beste for barnet å ha samvær med biologiske foreldre.

Befringutvalet tilrår at det blir utvikla ordningar som sikrar kontinuitet og stabilt personell i barnevernet. Barne- og familiedepartementet er samd i dette.

NOU 2000:12 Barnevernet i Norge framhevar samarbeidskompetanse som ein særleg viktig føresetnad for eit godt barnevern.

Departementet deler synet i utvalet på at samarbeidskompetanse er sentralt i barneverntenesta. Vidare ser departementet det som viktig at det blir etablert arenaer for samarbeid. Samarbeidspartnarane til barnevernet må kjenne til kva barneverntenesta arbeider med.

Kort oppsummert er kanskje den største utfordringa at kompetansebehova i barnevernet inkluderer både stor breidd og djupn. Det blir venta av tilsette i barnevernet at dei "kan litt om alt" og samstundes har kompetanse til å prioritere førebyggjande tiltak, setje inn hjelpetiltak på eit tidleg stadium av problemutviklinga tilpassa individuelle behov, og kunne arbeide med vanskelege saker som gjeld åtferdsproblem, omsorgssvikt og mishandling. For å makte dette må barnevernet ha fagleg tryggleik og opne kanalar til andre etatar.

Slik Regjeringa vurderer det, vil framlegget frå Befringutvalet om endring av regelen om opplæring i barnevernlova § 2-1 innebere ei viss skjerping av pliktene til kommunane fordi framlegget også framhevar utvikling av kompetanse. Regjeringa meiner at det generelt sett må liggje føre svært tungtvegande behov for å gje statlege reglar om kompetansestyrking som høyrer inn under arbeidsgjevaransvaret til kommunane og fylkeskommunane.

Barne- og familiedepartementet går inn for å prøve ut andre måtar for å utvikle og halde ved like kompetansen til dei tilsette i barnevernet.

NOU 2000:12 tilrår at det blir sett i verk vidare utgreiingsarbeid om to framlegg: lengre utdanning og innføring av autorisasjonsordninger.

Det går ikkje fram av NOU-en kva ei eventuell autorisasjonsordning for personell bør innebere.

Eit sentralt spørsmål blir om det å innføre ein autorisasjonsprosedyre knytt til dei noverande grunnutdanningane for sosialarbeidarar (sosionomar og barnevernspedagogar) vil føre til kompetanseheving. Barne- og familiedepartementet vil i samråd med andre nærliggjande departement vurdere nærmare om ei autorisasjonsordning for tilsette i barnevernet er formålstenleg.

Barne- og familiedepartementet vurderer det i utgangspunktet ikkje som formålstenleg å stille meir spesifiserte krav til kommunale og regionale styresmakter når det gjeld kvalifikasjonar for tilsette i barnevernet.

Sosialdepartementet og Sosial- og helsedirektoratet er i ferd med å vurdere behovet for autorisasjonsordningar for sosialpersonell. I dette arbeidet er det aktuelt å vurdere om ein skal stille krav om individuell oppdatering i form av vidare- og etterutdanning.

Regjeringa vil at desse spørsmåla skal bli nærmare utgreidde av aktuelle departement og ekspertorgan. Ei slik vurdering bør også sjå på kva slags utilsikta verknader framlegga frå Befringutvalet eventuelt kan få for sosialarbeidarutdanningane og andre utdanningar.

Befringutvalet etterlyser meir forsking på mange område. Meldinga viser til studier som Noregs forskingsråd går inn for.

Grunnen til at departementet kanaliserer mesteparten av forskingsmidlane gjennom midlar til Noregs forskingsråd og som basisløyvingar til utviklingssentra er at ein vil kvalitetssikre prosjekta. Departementet har ved somme høve òg leigt inn forskingsmiljø for å ta seg av avgrensa forskingsoppdrag.

Det forskings- og utviklingsarbeidet som blir gjort ved dei regionale utviklingssentra og ved NOVA (Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring) er sentralt for den vidare utviklinga i barnevernet. Desse forskings- og utviklingseiningane er særleg viktige for lokalt utviklingsarbeid og for å ta vare på kontakten mellom forsking og praksisfeltet.

Barne- og familiedepartementet vil derfor saman med utviklingssentra og NOVA sjå på korleis verksemdene kan utvikle samarbeidet sitt, og korleis dei eventuelt kan samordne arbeidet sitt. Korleis sentra og NOVA i større grad kan involvere seg i lokalt utvik­lingsarbeid, vil også vere eit tema. Samstundes må sentra få handlingsrom til å utvikle seg og vidareutvikle spisskompetanse på aktuelle område.

I samband med behandlinga i Stortinget av Dokument nr. 8:19 (1999-2000) Forslag om en handlingsplan for barnevernet, blei spørsmålet om det er behov for ein eigen plan for kompetansestyrking i barnevernet spesielt understreka.

NOU 2000:12 etterlyser ordningar som sikrar systematisk kompetanseheving og stabilt personell blant yrkesutøvarane.

For å gje barn og familiar tidleg og rett hjelp er det viktig at kommunane har nødvendig kompetanse knytt til metodar i førebyggjande arbeid. Barne- og familiedepartementet vil i samarbeid med andre aktuelle departement spreie kunnskap og kompetanse om verksame førebyggjande metodar til kommunane.

Det er under 1.9 peikt på at kompetansebehova i barnevernet er mange og samansette.

Barne- og familiedepartementet vil framheve den lovpålagde og etiske plikta kommunane har til å sørgje for å halde oppe og styrkje kompetansen til dei tilsette i barnevernet. Dette kan også hjelpe til å sikre kontinuitet og stabilt personell i barnevernet.

Andrelinjetenestene i barnevernet har eit stort ansvar for å sørgje for at spesialkompetanse om problemstillingar som barnevernet arbeider med, er tilgjengeleg, mellom anna i form av rettleiings- og konsultasjonstilbod. Den framtidige ansvarsfordelinga mellom fylkeskommunale og statlege styresmakter når det gjeld kompetansestyrking, vil vere avhengig av kva slags løysingar som blir valde når det gjeld dei oppgåvene i barnevernet som fylkeskommunane i dag utfører.

I forhold til grunnutdanningsbehova for barnevernpersonell vil Regjeringa følgje opp Ot.prp. nr. 40 (2001-2002) frå Utdannings- og forskingsdepartementet når det gjeld vurderingar av kor personleg skikka studentane i sosialfagutdanningane er. Aktuelle departement og ekspertorgan vil også vurdere behova for eventuelle endringar i grunnutdanningane, fleire vidareutdanningstilbod og/eller autorisasjon for personell som arbeider i barnevernet. Behova for endringar må vurderast i lys av dei nye behova for kompetanse i barnevernet som er omtalte i mellom anna denne meldinga.

Når det gjeld forskings- og utviklingsarbeid, vil Barne- og familiedepartementet:

  • – Føre vidare satsinga på barnevernforsking i regi av Noregs forskingsråd utover programperioden (2002-2004)

  • – Stimulere til fagleg vidareutvikling av NOVA og dei tre regionale utviklingssentra i barnevernet

  • – Føre vidare arbeidet med å byggje opp Senter for studiar av problemåtferd og innovativ praksis til eit dynamisk knutepunkt i arbeidet med å førebyggje og endre problemåtferd blant barn og unge

  • – Om det ligg føre viktige kompetansebehov som vanskeleg kan dekkjast på anna vis, vil Barne- og familiedepartementet framleis gje direkte støtte til enkelte forskingsprosjekt, vidareutdannings- og etterutdanningstiltak.

På nasjonalt nivå går Regjeringa inn for at Barne- og familiedepartementet, andre aktuelle departement og fagmiljø skal:

  • – Hjelpe til med å utvikle og spreie kunnskapar om verksame førebyggjande metodar og velfungerande hjelpetiltak i barnevernet

  • – Hjelpe til å styrkje kompetansen i hjelpeapparatet om ulike former for (fysisk, seksuell, psykisk) vald mot barn i familiar. Dette kan gjerast både gjennom informasjonsmateriell og vidareutvikling av nasjonale og regionale spisskompetansemiljø. Kompetansestyrkinga bør vere tverretatleg innretta, og i tillegg til barnevernet omfatte til dømes første- og andrelinjetenestene i helsestellet, tenester for rusmiddelmisbrukarar, familievernet og politiet

  • – Gjennomgå og vurdere nærmare korleis rettleiingstilboda til tilsette i barnevernet kan styrkjast. Rettleiing bør ein sjå i nær samanheng med etterutdanningstilbod. Nasjonale styresmakter skal derfor sørgje for at det blir utvikla informasjonsmateriell som gjer sitt til å sikre systematikk, kvalitet og kontinuitet i etterutdannings- og rettleiingsverksemda innanfor barnevernet

  • – Vurdere nærmare om ei autorisasjonsordning for tilsette i barnevernet er formålstenleg.

Mot slutten av det hundreåret vi nyleg gjekk ut av, skjedde det mykje positivt med barnevernet. Fleire barn og unge fekk hjelp, spekteret av tiltak blei breiare og meir nyansert, og det blei rekruttert fleire fagfolk til feltet. Det er denne utviklinga som har blitt karakterisert som ein periode då barnevernet kom ut av velferdspolitikken sin skugge. I eit slikt perspektiv ser Regjeringa det som ei utfordring å sikre at barnevernet blir verande utanfor skuggen i åra som kjem. Barnevernet i det nye hundreåret bør og skal vere ein integrert og sentral del av tilbodet frå velferdssamfunnet til problemutsette barn og unge og familiane deira.

I dei aller fleste tilfella der det er aktuelt å kople inn barnevernet, vil det å hjelpe familien også vere den beste hjelpa barnet kan få. Det er då også alt slik at det er hjelpetiltaka som aukar mest i barnevernet. Spørsmålet som blir reist i denne meldinga, er likevel om den hjelpa som blir ytt, kjem tidleg nok og er nok heilskapleg og systematisk. Ofte synest det å vere slik at dei enkelte hjelpetiltaka blir sette inn for seint til å få den ønskte effekten, samstundes som hjelpa ikkje i stor nok grad blir sett inn i samanheng med den totale situasjonen familien er i. I dag innser fagfolk meir og meir kor viktig det er å stimulere den heilskaplege situasjonen i familien og ressursane som finst der, samstundes som det blir sett inn hjelpetiltak der familiane har særleg behov. Dette krev eit visst fokusskifte i det kommunale barnevernet både når det gjeld haldningar og metodisk opprusting. Dette inneber også eit mindre tilbaketrekt barnevern. Meldinga drøfter ei rekkje konkrete tilnærmingar som er eigna til å hjelpe barn og unge i familien på ein heilskapleg måte, og der samarbeidet med familien er vesentleg. Etter Regjeringa si oppfatning er det behov for at slike metodar i større grad skal inngå i tilnærminga til utsette barn og familiar enn tilfellet er i dag. Ei slik perspektivdreiing er også i tråd med den politiske plattforma til regjeringspartia (Sem-erklæringa). På kort sikt vil dette innebere ein viss kostnadsvekst i form av auka ressursar til det kommunale barnevernet. På lang sikt vil ein slik snunad kunne føre til innsparingar, fordi ein etter alt å dømme vil kunne førebyggje mange av dei dyraste tiltaka utanfor heimen.

I dag er det ingen etat som har eit klart hovudansvar for å samordne innsatsen for utsette barn og unge i kommunane. Regjeringa meiner det er viktig å sikre ein slik funksjon i framtida, mellom anna for å unngå dobbeltarbeid og gråsoner mellom tenestene, men først og fremst for å sikre ein koordinert førebyggjande innsats når det gjeld utsette barn og unge. Ein slik koordinerande instans skal sørgje for god kommunikasjon mellom tenestene, og for at det skjer noko i tide. Etter Regjeringa sitt syn er det mykje som taler for at barnevernet bør kunne ta på seg denne oppgåva.

Det er eit mål at barnevernet skal bli respektert for dei oppgåvene tenesta utfører, og at barnevernet dermed oppnår legitimitet hos brukarar, samarbeidspartnarar (andre tenester), i samfunnet og befolkninga elles. For å oppnå ein slik status er det viktig at barnevernet er tydeleg og kommuniserer mest mogleg ope om sine verdiar og si rolle. Den dobbeltrolla barnevernet har som hjelper og kontrollør, står sentralt i dette biletet. Regjeringa vil ikkje gå inn for ei deling av barnevernet, til dømes i ei hjelpeteneste og ein annan del for å setje i verk tiltak utanfor heimen. Regjeringa ser det slik at eit barnevern som har den nødvendige kompetansen i førebyggjande familiearbeid, også vil oppnå legitimitet når det viser seg nødvendig med tvangsinngrep. Ei eventuell rolle som sentral koordinator i kommunen vil på same måten kunne få positiv effekt på legitimiteten.

Det nye barnevernet har høg kompetanse på ulike former for førebyggjande familiearbeid og kjem tidleg inn med tiltak til utsette barn og familiar. Ein viktig grunn til at det førebyggjande arbeidet fungerer bra, er at barnevernet samarbeider godt med andre etatar og tenester i kommunen (særleg skole og helse). I mange kommunar har barnevernet fått ei koordinerande pådrivarrolle i forhold til samarbeidspartnarane sine. Denne sentrale posisjonen i arbeidet for oppvekstvilkåra for barn og unge fører til at tenesta til kvar tid står høgt oppe på den politiske dagsorden.

I det nye barnevernet speler nivået over kommunen på lag med barnevernet i kommunane.

Det nye barnevernet har som målsetjing å arbeide heilskapleg – til beste for barnet, og ikkje kvar for seg ut frå etats- eller profesjonsgrenser. Gode resultat hjelper til å forsterke denne tendensen i åra som kjem.

Meldinga argumenterer for ein snunad av barne- og ungdomsvernet i retning mot meir førebyggjande familiearbeid til beste for barnet. Det kan vere avgjerande at barnevernet går inn i eit tett samarbeid med andre etatar og hjelpeinstansar. Meldinga tek til orde for at barnevernet kan ha ei koordinerande rolle. Regjeringa vil styrkje ei kompetanse- og ei tiltaksutvikling som harmonerer med dreiinga mot større vekt på tidleg og god hjelp til barn og familiar.

Kommunen har stor fridom til å organisere førebyggingsarbeidet på den måten dei finn mest formålstenleg. Regjeringa vil oppmode kommunane til å leggje til rette for tverretatleg og tverrfagleg samarbeid.

Meldinga inneheld ei rekkje konkrete framlegg til tiltak, både nye tiltak og tiltak som alt er i gang. For ein del av tiltaka vil det vere nødvendig med auka ressursar. Dette vil Regjeringa kome tilbake til i dei årlege budsjettframlegga. Det er særleg på to område det kan bli nødvendig med auka ressursar. Det eine gjeld styrking av kapasiteten og kompetansen hos det kommunale barnevernet når det gjeld det førebyggjande arbeidet med barn og familiar. Det andre gjeld vidareutvikling av familie- og nærmiljøbaserte metodar for å førebyggje, dempe og behandle alvorlege åtferdsproblem hos barn og unge.