Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Merknader frå komiteen

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigvald Oppebøen Hansen, Reidar Sandal, Karl Eirik Schjøtt-Pedersen og Signe Øye, frå Høgre, Peter Gitmark, Hans Kristian Hogsnes og Kari Lise Holmberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen og Heikki Holmås, frå Kristeleg Folkeparti, Anita Apelthun Sæle og Ivar Østberg, og frå Senterpartiet leiaren Magnhild Meltveit Kleppa, viser til brev frå Kommunal- og regionaldepartementet motteke 25. oktober 2002. Brevet følgjer vedlagt denne innstillinga.

Fleirtalet meiner det er viktig å setje i verk næringspolitiske og distriktspolitiske tiltak som kan oppretthalde næringsverksemd og busetnad i distrikta. Fleirtalet er kjent med at Odda og Indre Hardanger over tid har hatt ein vanskeleg situasjon som har ført til at Odda kommune har hatt omstillingsstatus frå 1996 t.o.m. 2003. Med føremål om å skape flest mogeleg nye, lønsame arbeidsplassar har kommunen motteke totalt 17 mill. kroner frå omstillingsbevilgninga (kap. 552 post 56) som ligg under Kommunal og regionaldepartementet. Fleirtalet har merka seg at tilsvarande beløp er innvilga av offentlege myndigheiter lokalt/regionalt.

Fleirtalet meiner at arbeid er ein viktig faktor for deltaking i samfunnet og at tap av arbeidsplassar kan gi negative konsekvensar på mange ulike område, m.a. opphoping av sosiale problem. Fleirtalet vurderer at omstillingsstatus for Odda kommune har vore eit viktig verkemiddel for å motverke arbeidsløyse. Fleirtalet vurderer at dette tiltaket isolert sett ikkje er nok.

Medlemene i komiteen frå Høgre og Kristeleg Folkeparti viser til at tal frå Aetat syner at av 133 oppsagte ved Odda Smelteverk så er det 18 personar som pr. 8. oktober 2002 er registrert heilt ledige. Desse medlemene seier seg difor samd med Kommunal- og regionaldepartementet at det bør tilretteleggjast for betre rammevilkår for næringsverksemd i Noreg. Å satse på skatte- og avgiftslette og eit meir næringsvennleg offentleg regelverk, fremje innovasjon og nyskaping er tiltak som desse medlemene trur vil gi positiv verknad, også i kombinasjon med spesielle omstillingstiltak som er gjeldande for Odda og Indre Hardanger.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at vi no står overfor ei alvorleg svekking av industri og anna konkurranseutsett verksemd. Det siste halve året er om lag 2 000 industriarbeidsplassar gått tapte kvar månad. Fleirtaletvil peike på at denne utviklinga fører til aukande arbeidsløyse og svekkar grunnlaget for verdiskaping og velferd.

Fleirtalet meiner at det er behov for ein langt meir offensiv politikk for arbeid og verdiskaping enn det Regjeringa legg opp til. Fleirtalet viser til sine respektive partier sine merknader i Budsjett-innst. S. I (2002-2003).

Fleirtaletviser til at Odda kommune i følgje forslagsstillarane har mista om lag 800 industriarbeidsplassar på 20 år, og at folketalet i Indre Hardanger går ned. Fleirtaletvil peike på at det vil vere viktig å disponere verkemidlar som kan bidra til at industribedrifter kan leggje om produksjonen og vidareførast som lønsame og meir miljøvenlege bedrifter.

Fleirtaletmeiner at Regjeringa aktivt må leggje til rette for ei positiv omstilling og etablering av nye arbeidsplassar i område som er ramma av omfattande nedlegging av arbeidsplassar. Fleirtaletvil peike på at ei nedlegging kan kome så fort og med så kort førehandsvarsling at det til ei kvar tid er naudsynt med ein særleg beredskap i Regjeringa. Fleirtalet meiner Regjeringa bør tilretteleggje ein eigen akuttberedskap som er operativ og kan tiltre når situasjonen krev det, og fremjar forslag i samsvar med det. Fleirtaletmeiner at ein viktig del av ein slik beredskap er at Aetat har eit regelverk som gjer etaten operativ i akutte situasjonar. Fleirtalet vil peike på at ein såleis kan ha klare rutinar for kontakt og oppfylgjing overfor næringsliv og lokalsamfunn i tilfelle der det er viktig å etablere kontakt og handle raskt.

Fleirtalet meiner at Regjeringa aktivt må leggje til rette for ei positiv omstilling og etablering av nye arbeidsplassar i område som er ramma av omfattande nedlegging av arbeidsplassar.

Fleirtaletfremjar fylgjande forslag:

"Stortinget ber Regjeringa om å tilretteleggje ein akuttberedskap som kan tiltre overfor næringsliv og lokalsamfunn ved omfattande nedlegging av arbeidsplassar."

"Stortinget ber Regjeringa leggje til rette for utvikling av nye arbeidsplassar i område som er ramma av omfattande nedlegging av arbeidsplassar, og å gjere greie for tiltaka i den varsla stortingsmeldinga om distrikts- og regionalpolitikken."

Medlemene i komiteen frå Høgre og Kristeleg Folkeparti meiner at gjennom desentralisering av ansvar og mynde til fylkeskommunane, som i samarbeid og regionale partnerskap m.a. skal fordele rammer til operative aktører (m.a. SNDs distriktskontor), kan det skapast større regional fridom, lokal råderett og ikkje minst kan ein tilpasse verkemiddelbruk til regionale tilhøve som kan utløyse regionalt verdiskapingspotensiale.

Desse medlemene meiner det er positivt at det, ut frå ei miljøvurdering, vert gjennomført omlegging av produksjonen ved Odda Smelteverk. Desse medlemene vil her peike på at det i St.meld. nr. 15 (2001-2002) Tilleggsmelding til Norsk klimapolitikk, er tilrådd nye verkemidlar som er planlagt iverksett frå 2005. Desse medlemene vurderer at desse verkemidlane kan vere relevante for dette aktuelle prosjektet.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet, vil også fokusere på at infrastrukturen i Odda og Indre Hardanger dannar viktig grunnlag for sysselsetjing og busetnad. Fleirtalet vil spesielt for denne regionen peike på behovet for rassikring av utsette vegstrekningar og utbetring og oppgradering av vegstandarden.

Medlemene i komiteen frå Høgre, Fremskrittspartiet, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet vil i den samanheng peike på Regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2003 der det er planlagt igongsetjing av rassikringstiltak på utsette stader i Indre Hardanger.

Vidare vil desse medlemene tillate seg å trekkje fram at bru over Hardangerfjorden ville vore eit svært viktig grunnlag for nyskaping og utvikling av næringslivet og auka busetnad i Hardangerregionen generelt, og Indre Hardanger spesielt.

Disse medlemmer peker på at viktige tiltak med langsiktig virkning for denne regionen i Hordaland er samferdselstiltak.

Disse medlemmer peker på Jondalstunnelen som et slikt viktig tiltak.

Tunnelen vil bedre vegforbindelsen både mot Bergen og mot Østlandet, samt bedre mobiliteten for arbeidskraft bosatt i og rundt regionen.

Komiteen viser ellers til sine respektive merknader i Innst. S. nr. 119 (2000-2003) og i Budsjett-innst. S. nr. 13 (2002-2003).

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti og Senterpartiet, viser til at flertallet vil ta stilling til de enkelte prosjekter i særskilte saker og i kommende budsjettinnstillinger.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Torbjørn Andersen og Per Sandberg, viser til det arbeid som pågår med kommunedelplan/reguleringsplan med sikte på anleggsstart i 2005. Prosjektet er av fylket prioritert som prosjekt nr. 1 av gjenværende større fylkesvegprosjekter som iflg Innst. S. nr. 119 (2000-2001) bør få statlige bidrag som en overgangsordning utenfor rammen til riksvegprosjekter og med store lokale bidrag.

Disse medlemmer anbefaler at statlige bidrag som er nødvendig for å realisere prosjektet innarbeides i statsbudsjettet fra 2004.

Disse medlemmer vil peke på at bygging av bro over Hardangerfjorden også er et viktig tiltak for regionen. Disse medlemmer legger til grunn at broen bør kunne realiseres basert på delvis eller hel privat finansiering, og at arbeidet med nødvendig planavklaring/konsekvensutredning må forseres.

Komiteen peker på at utbygging av bredbånd/digital kommunikasjon også er en investering i infrastruktur som staten bør ta medansvar for. Slik investering vil gi positiv virkning for etablering av arbeidsplasser og sikring av bosetting i distriktene - herunder Odda/Indre Hardanger. Komiteen viser til at Regjeringen har bebudet en melding vedrørende dette, og avventer dette. Komiteen viser ellers til merknader og forslag i Budsjett-innst. S. nr. 5 (2001-2002).

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet vil i tillegg peke på at de viktigste og generelle virkemidlene til økt sysselsetting og bosetting er å gi industrien konkurransedyktige betingelser. Å sikre økonomisk vekst i den norske økonomien må sees som å være det mest nyttefulle grep Stortinget kan foreta seg for å sikre norsk industri.

Disse medlemmer mener at for å nå disse målene må det langt gunstigere skatte- og avgiftsbetingelser samt forenkling av relevant lovverk til.

Disse medlemmer viser til at Fremskrittspartiets alternative næringspolitikk inneholder slike tiltak. Og mener videre at det viktigste tiltaket som kan settes inn for å stimulere til økt sysselsetting i Odda og Indre Hardanger er å gi industrien konkurransedyktige betingelser.

Disse medlemmer viser til Fremskrittspartiets alternative statsbudsjett hvor partiet forslår et såkornfond som både kan gi tilskudd og lån til nyskapingsprosjekter som har vanskeligheter med å få tak i midler annet sted. Disse medlemmer ønsker å bruke noe av oljeformuen til vekst innenlands, slik at vi skaper en større kapitalbase i landet, som igjen vil skape økt økonomisk vekst i landet.

Komiteens medlemmer fra Høyre, Fremskrittspartiet og Kristelig Folkeparti viser også til at den statlige virkemiddelpolitikken skal opp til ny behandling, og venter derfor en egen sak om dette på nyåret.

Disse medlemmer foreslår følgende:

"Dokument nr. 8:146 (2001-2002) - forslag fra stortingsrepresentantene Olav Akselsen, Audun Bjørlo Lysbakken og Rune J. Skjælaaen om tiltak for å opprettholde næringsvirksomhet og bosetting i Odda og Indre Hardanger - vedlegges protokollen."