12. Komiteens tilråding
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
I
St.meld. nr. 19 (2001-2002) - nye oppgaver for lokaldemokratiet - regionalt og lokalt nivå - vedlegges protokollen.
II
Stortinget ber Regjeringa om å leggje til rette for at ansvaret for regionale miljø- og landbruksoppgåver (med unntak av klagebehandling og legalitetskontroll) vert lagt til fylkeskommunen.
III
Stortinget ber Regjeringa syte for at noverande fylkeslandbrukstyre vert nedlagt og at dei oppgåvene fylkeslandbruksstyret har i dag, vert overførte til fylkeskommunen.
IV
Stortinget ber Regjeringa syte for at fylkeskommunen si rolle som planstyresmakt vert styrkt.
V
Stortinget ber Regjeringa leggje til rette for at Statens nærings- og distriktsutviklingsfond framleis skal forvalte dei bedriftsretta bygdeutviklingsmidlane.
VI
Stortinget ber Regjeringa medverke til ein modell som skaper reelle partnarskap mellom fylkeskommunane og ulike statlege aktørar, der partane deltek forpliktande i ulike regionale utviklingsprosjekt.
VII
Stortinget ber Regjeringa om å ikkje tillate forsøk med oppgåvedifferensiering av vidaregåande opplæring.