1. Samandrag
Utanriksdepartementet viser i proposisjonen til at Europaparlaments- og rådsdirektiv 98/30/EF om felles regler for det indre marked for naturgass (gassmarknadsdirektivet) vart vedteke i Rådet og tok til å gjelde i 1998 - med frist for gjennomføring i den nasjonale lovgjevinga til EU-medlemene august 2000.
I oktober 2001 vedtok EØS-komiteen at gassmarknadsdirektivet skal innlemmast i vedlegg IV til EØS-avtala (Energi), og Utanriksdepartementet foreslår i denne proposisjonen å gje samtykke til godkjenning av denne avgjerda.
I direktivet er det m.a. fastsett felles reglar for regulering av overføring, distribusjon, forsyning og lagring av naturgass i medlemsstatane. Direktivet inneheld reglar om organisering av gassektoren og om korleis han skal verke, om tilgang til marknaden og kriterium og framgangsmåtar for tildeling av rettar til overføring, distribusjon, forsyning og lagring av naturgass. Vidare er det reglar i direktivet om oppsplitting av rekneskapane til selskap som driv minst to av verksemdene overføring, distribusjon og lagring av gass. Det er ingen krav om føring av åtskilde rekneskapar for produksjon av gass.
Direktivet inneheld vidare reglar om korleis systema for overføring, distribusjon m.v. av gass skal drivast, medrekna reglar om at utanforståande tredjemenn skal sikrast tilgang til røyrleidningssystema på grunnlag av anten regulert eller forhandla tredjepartstilgang. Direktivet inneheld òg reglar for å kunne nekte kvalifiserte gasskjøparar tilgang til røyrleidningane, samt krav om at det vert skipa ei ordning for regulering.
I artikkel 23 i direktivet er det teke inn ei eiga føresegn om at naturgassføretak og kvalifiserte gasskjøparar òg skal sikrast tilgang til oppstraumsgassrøyrleidningsnett for å sikre ein konkurransedyktig indre gassmarknad. - Ilandføringsrøyrleidningane frå den norske kontinentalsokkelen til kontinentet vil vere eit "oppstraumsgassrøyrleidningsnett" i medhald av direktivet.
Det er i proposisjonen elles gjort nærare greie for dei einskilde artiklane i direktivet.
Departementet viser òg til at Kommisjonen i mars 2001 gjorde eit formelt framlegg til endring av gassmarknadsdirektivet, og at dersom dette arbeidet fører til eit endringsdirektiv, vil Noreg måtte ta stilling til spørsmålet om innlemming av dette direktivet i EØS-avtala som eiga sak. Ein kan ikkje sjå at endringsarbeidet, slik det ligg no, vil få konsekvensar av særleg verknad for Noreg.