3. Forslag frå mindretal
Forslag frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti:
Forslag 1
Stortinget ber Regjeringa koma tilbake til Stortinget med ein handlingsplan for berekraftig bruk og vern av bynære marker, som sikrar ei langsiktig og økologisk forsvarleg forvaltning av bymarkene, og som fremjar fortetting av bystrukturen.
Forslag 2
Stortinget ber Regjeringa ta nye initiativ for å få i gang bygging av bybanar, og at dette skjer i samband med statsbudsjettet for 2003.
Forslag 3
Stortinget ber Regjeringen gjøre Groruddalen til en miljøsone med spesielle tiltak og virkemidler for å redusere luftforurensningen, støybelastningen og andre miljøbelastninger, samt verne om Groruddalens miljøkvaliteter.
Forslag 4
Stortinget ber Regjeringa revidere dei "Rikspolitiske retningslinjene for å styrke barn og unges interesser i planleggingen", med tanke på å gjere dei tydelegare og meir forpliktande.
Forslag frå Sosialistisk Venstreparti:
Forslag 5
Stortinget ber Regjeringa kome tilbake til Stortinget med ein handlingsplan for å sikre den blågrøne strukturen i byområda våre.
Forslag 6
Stortinget ber Regjeringa leggje helse- og miljøfaglege kriterium til grunn for revideringa av luftkvalitetsforskriftene. Dei nye forskriftene må òg innehalde krav om at alle nye prosjekt/tiltak som vil auke luftforureininga i allereie belasta område, ikkje kan gjennomførast utan kompenserande tiltak.
Forslag 7
Stortinget ber Regjeringa, i samband med budsjettforslaget for 2003, kome med forslag til tiltak som kan føre til at tomtearealet over sterkt trafikkerte vegar blir teke i bruk.