Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Samandrag

Regjeringa ønskjer å vidareutvikle ein heilskapleg og samordna by- og tettstadpolitikk, som skal gjelde på tvers av sektorar og forvaltningsnivå. Denne meldinga gjer greie for utviklingstrekk og utfordringar - og konkretiserer overordna mål og prinsipp for utvikling av attraktive, miljøvenlege og funksjonelle byar og tettstader.

Regjeringa vil leggje til rette for:

  • – Trygge, vakre og opplevingsrike byar og tettstader med god miljø- og bukvalitet for befolkninga.

  • – Funksjonelle og attraktive byar og tettstader for eit konkurransedyktig næringsliv.

  • – Bystrukturar og bymiljø som stimulerer til helsefremjande livsstil.

  • – Eit funksjonelt og miljøvenleg transportsystem med sterkare satsing på kollektivtransport, sykling og gange.

  • – Byar og tettstader som tek vare på natur- og kulturmiljøet.

I meldinga vert det fremja ein del forslag for få betre planlegging etter plan- og bygningslova (PBL), som mellom anna går på forenkling og effektivisering. Dette må sjåast i samanheng med revisjonen av PBL som no er starta, og departementet tek sikte på at oppfølginga av Planlovutvalet skal leggjast fram for Stortinget våren 2004.

Regjeringa vil leggje til rette for og stø opp om ei utvikling som tek vare på det gode livet i byar og tettstader og dei positive kvalitetane ved å bu sentralt. Det er viktig at både den overordna bystrukturen og dei einskilde områda i byane og tettstadene vert utvikla i den retninga ein ønskjer. Å utvikle meir berekraftige og konkurransedyktige byar og tettstader krev eit langsiktig perspektiv der arealplanlegginga blir eit viktig reiskap.

Behovet for nært samarbeid mellom ulike offentlege etatar, næringsliv og befolkninga er ein viktig føresetnad for å nå Regjeringa sine mål. Kommunane har ein nøkkelrolle i dette arbeidet. Regjeringa konkretiserer i meldinga planprinsipp for dei overordna fysiske strukturane for byar og tettstader og for den meir detaljerte fysiske utvklinga av stadene. Fylkeskommunane og kommunane har saman med staten eit ansvar for å følgje opp desse prinsippa gjennom areal- og transportplanlegginga regionalt og lokalt.

Regjeringa meiner at byar og tettstader i større regionar bør samarbeide om den regionale utviklinga. Ein meir berekraftig byutvikling må sikrast gjennom langsiktige utbyggingsstrategiar og samordna areal- og transportplanlegging.

Byane og tettstadene i framtida bør vere tette, funksjonelle, mangfaldige og i større grad vere baserte på miljøvenleg transport. Eit tenleg hovudvegnett bør tilgodesjå byane og tettstadene sine viktigaste knutepunkt og funksjonar som krev mykje biltransport. Kollektivtransporten må styrkjast og vere ryggraden i transportsystemet og bystrukturen. Grøntstrukturen, det biologiske mangfaldet og viktige kulturmiljø skal sikrast som føresetnad for ei tettare byutvikling. Tettleiken til byane og klar avgrensing mot omlandet med jordbruksareal og til marka er viktig for å redusere arealforbruket, ta vare på det biologiske mangfaldet og sikre friluftslivet. Ny utbygging bør i hovudsak skje innanfor byggjesona, ved omforming og fortetting, framfor utbygging på grøne areal. Nye bustader og verksemder som fører til mange reisande, bør lokaliserast til knutepunkt og andre nærområde for kollektivtransporten.

Regjeringa vil ta initiativ til å utvikle samspelet mellom byane, tettstadene og omlandet til desse. Regjeringa vil leggje til rette for å utvikle attraktive tettstader som både har ei klar rolle som livskraftige ankerfeste i sine lokalsamfunn og som samstundes er ein del av ein overordna bystruktur.

I dei såkalla arbeids-, bustads- og serviceregionane (ABS-regionar) bør det definerast regionsentra med tydelege regionale funksjonar.

Regjeringa vil halde fram med programmet "Attraktive og miljøvenlege tettstader i distrikta", som skal avsluttast i 2005. Det vil bli lagt vekt på betre samordning av offentlege og private verkemiddel, opparbeide kompetanse for å utvikle samarbeid og partnerskap, formidle kunnskap og røynsler og styrkje nettverket mellom dei deltakande partane.

Regjeringa vil ta initiativ til å utvikle samspelet mellom byane, tettstadene og omlandet til desse. Særpreget til tettstadene og regionane og deira spesielle føresetnader for utvikling av næringsliv og tenestetilbod må utnyttast, slik at ein kan få betre regional balanse og god ressursutnytting. Regjeringa vil halde fram med programmet "Attraktive og miljøvenlege tettstader i distrikta", som skal avsluttast i 2005.

Regjeringa meiner det er nødvendig med ei sterk kopling mellom areal- og transportplanlegging og samferdsleinvesteringar i byområda. Dette vil kunne føre til at investeringsmiddel i større grad kjem kollektivtransportsystemet og sykkelvegnettet til gode.

Regjeringa vil revidere dei rikspolitiske retningslinene for samordna areal- og transportplanlegging med bakgrunn i røynsler og evalueringar.

Regjeringa meiner byområda skal utviklast med utgangspunkt i samordna areal- og transportplanar og at følgjande prinsipp bør leggjast til grunn:

  • – Den geografiske avgrensinga av planarbeidet må tilpassast byområdet si funksjonelle avgrensing - uavhengig av administrative grenser.

  • – Planprosessen må organiserast som eit samarbeid mellom styresmakter om høvesvis arealplanlegging og transportplanlegging innanfor det geografisk avgrensa området.

  • – Det bør fastsetjast mål for dei utfordringane som skal løysast gjennom planen.

  • – Planen bør klarleggje ein heilskapleg verkemiddelstrategi for å løyse byområdet sine utfordringar. Utbyggingsmønster, senterstruktur, grøntstruktur, investeringar i og drift av transportsystem og andre verkemiddel, her medrekna trafikkavgrensa tiltak, bør sjåast i samanheng.

  • – Planen bør klarleggje ansvaret for gjennomføring og finansiering av valde løysingar.

Regjeringa meiner det er nødvendig med ei sterkare kopling mellom areal- og transportplanlegging og samferdsleinvesteringar i byområda. Samordna areal- og transportplanar skal stå sentralt i Nasjonal transportplan sine prioriteringar av prosjekt i byområda.

Regjeringa vil rette fokus mot statlege lokaliseringsavgjerder for å sikre at lokalisering av slik verksemd medverkar til å utvikle byar og tettstader i den retninga ein ønskjer. Regjeringa vil leggje samordna areal- og transportplanar til grunn for avgjerder om lokalisering av større offentleg verksemd, her medrekna service-, helse- og utdanningsinstitusjonar.

Det er nødvendig med ein eigen transportpolitikk for byområda, der det skal leggjast til rette for at ein auka del av kollektivtransporten skal vere eit alternativ til å auke vegkapasiteten. Målet til Regjeringa er å auke kollektivtransporten sin marknadsdel i høve til personbilen i byområda.

Ei einsidig forbetring i tilbodet i kollektivtransporten vil ikkje vere tilstrekkjeleg for å auke kollektivtrans­porten sin marknadsdel i høve til personbilen. Det må også leggjast til rette for trafikkavgrensa tiltak.

Regjeringa vil setje i verk forsøk med alternativ forvaltningsorganisering av transportsystemet i større byområde. Føremålet er å få til ein betre og meir samordna areal- og transportpolitikk i storbyområda og ei samla utnytting av dei midla som staten, fylkeskommunane og kommunane brukar til transportføremål. Røynslene frå forsøka vil også gi grunnlag for å vurdere ei føremålstenleg organisering av planlegginga i byområda. Forsøka er nærare gjort greie for i stortingsmeldinga om kollektivtransport, jf. St.meld. nr. 26 (2001-2002).

Regjeringa vil vidareutvikle og formidle ny kunnskap om samanhengen mellom arealbruk, bystruktur, transport, fysisk aktivitet og helse, slik at førebyggjande helsepolitikk i sterkare grad vert integrert i areal- og transportplanlegginga. Det vil bli lagt til rette for ei vidare utbygging av samanhengande sykkelvegnett, der det vert lagt stor vekt på fysisk utforming, skilting og oppmerking.

Regjeringa vil i tillegg utarbeide ein nasjonal sykkelstrategi i samband med Nasjonal transportplan 2006-2015.

Regjeringa vil gjere greie for behovet for ny hamnestruktur, med sikte på å medverke til næringsutvikling, robuste regionar og betre rollefordeling og samvirke mellom dei ulike transportformane. Regjeringa meiner at det bør vuderast å få til fleire interkommunale hamnesamarbeid.

Regjeringa vil leggje til rette for at fortetting og omforming skjer med kvalitet, og at lokalområde i byar og tettstader vert utvikla i eit helskapleg perspektiv. I stor grad må utfordringane knytt til trafikk og press på areal møtast med heilskaplege grep som gjer det mogleg å halde på og vidareutvikle eksisterande kvalitetar, og som samstundes tek vare på behovet for fornying. Det er særleg behov for satsing på pleie av omgjevnadene, offentlege uterom, grøntareal og kulturmiljø.

Regjeringa meiner grøntstrukturen bør kartleggjast og innarbeidast i by- og tettstadsplanane for arealbruk og transport, og vedlikehald av grøntstrukturen bør vere ein del av kommunane sitt arbeid med førebyggjande helsevern.

For å vedlikehalde og vidareutvikle grøntstrukturen vil Regjeringa:

  • – Medverke til at kunnskap om biologisk mangfald blir lagt til grunn.

  • – Utvikle geografiske informasjonssystem og geodata som tek vare på behovet for data om tilstand og utvikling av grøntstruktur.

  • – Medverke med vegleiingsverksemd andsynes by- og tettstadskommunar, her medrekna juridiske problemstillingar.

Regjeringa vil også følgje opp framlegga i friluftsmeldinga om å medverke til å få i stand eit kompetansenettverk for grøntstruktur.

For at kommunane, næringslivet, friviljuge organisasjonar og private betre skal kunne følgje opp mål og oppmodingar frå sentralt hald om auka satsing på kulturminnevernet, vil Regjeringa:

  • – Medverke til å styrkje rehabilitering som alternativ til nybygging innan byggje- og eigedomsbransjen, mellom anna ved å sjå nærare på økonomiske rammevilkår for eigarar og staten sin praksis i høve til eigen bygningsmasse.

  • – Styrkje kommunane sine føresetnader til å forvalte kulturminne gjennom plan- og bygningslova og ved overføring av oppgåver på kulturminnefeltet.

  • – Styrkje kulturminneaspektet i plan- og bygningslova for å gjere det lettare for kommunane å utarbeide og gjennomføre kulturminnestrategiar.

  • – Styrkje og vidareutvikle det etablerte bynettverket for samarbeid om kulturminnearbeid. Departementet vil vurdere å setje i gang pilotprosjekt med auka lokalt ansvar innanfor kulturminneforvaltninga i samarbeid med byane og andre interesserte kommunar.

  • – Oppdatere registre og kunnskapsbasar slik at kunnskapen som finst på feltet blir tilgjengeleg også for dei som skal ta avgjerd, forvaltninga, eigarar og publikum.

  • – Oppgradere kunnskapsgrunnlag, FoU og allsidig kompetanseutvikling, medrekna handverksfaga.

  • – Stimulere til auka samarbeid mellom offentleg forvaltning, museum, fagmiljø, frivljuge organisasjonar og utdanningsinstitusjonar.

Regjeringa vil styrkje innsatsen for å betre luftkvaliteten mellom anna ved å:

  • – Fastsetje strengare grenseverdiar for lokal luftkvalitet i løpet av 2002 gjennom ny føresegn om lokal luftkvalitet, basert på EUs direktiv for grenseverdiar av forureinande stoff i luft.

  • – Leggje dei nasjonale måla for lokal luftkvalitet til grunn for Nasjonal transportplan (NTP).

  • – Vurdere og iverksetje tiltak for å redusere utsleppa frå skip og hamner.

  • – Dempe transportbehovet i byregionane ved å stimulere til planlegging og avgjerder som vektlegg dette.

  • – Styrkje miljøvenlege og helsefremjande transportformer som kollektivtransport, sykkel og gange.

  • – Auka kunnskap om forureining frå vedfyring og vurdere verkemiddel som kan redusere denne forureininga.

  • – Leggje til rette for bruk av reinare drivstoff.

  • – Invitere til etablering av pilotprosjekt for utprøving av miljøsoner i nokre norske byar for å klarleggje moglege tiltak og verkemiddel.

Hovudstrategien til Regjeringa for å redusere støyplagen og nå det nasjonale målet for støy er å setje i verk ein offensiv for kjeldereduserande tiltak. Dette inneber mellom anna å:

  • – Ta i bruk verkemiddel som stimulerer til auka bruk av støysvake kjørety og bildekk.

  • – Styrkje regelverket og praktiseringa av dette, mellom anna gjere plan- og bygningslova og plan­systemet betre som det primære støyførebyggjande verktyet.

  • – Leggje det nasjonale målet for støy til grunn i Nasjonal transportplan (NTP).

  • – Invitere til etablering av pilotprosjekt for utprøving av miljøsoner i nokre byar.

  • – Styrkje kompetansen, forsking og modellutvikling innan støyfeltet.

For å redusere lokale miljøproblem vil Regjeringa invitere til utprøving av miljøsoner i nokre byar og tettstader, og dei ulike miljøutfordringane skal sjåast under eitt innanfor eit område. Miljøsoner er særleg egna i byar og tettbygde strøk som har store miljøproblem som skuldast vegtrafikk.

Regjeringa meiner det er behov for ei betre koordinering av staten sine interesser i byområde med samansette utfordringar. Eit eksempel på dette er staten si avtale med Oslo kommune om eit forpliktande samarbeid om betre miljø i Groruddalen.

Regjeringa meiner at det er viktig for sentrumsutviklinga å få til eit godt samarbeid mellom kommunen og dei tunge aktørane i sentrum, private som offentlege. Det kan utprøvast alternative organisasjonsmodellar for samarbeid om planlegging, drift og vedlikehald med utgangspunkt i felles kvalitetsmål.

Regjeringa strekar under kor viktig det er at byomforming og ny utbygging kan knyttast nært til kollektivtransporten, ved stasjonar eller knutepunkt. Regjeringa vil på ulike måtar leggje til rette for gjennomføring av fortetting og omformingsprosjekt.

Regjeringa vil stimulere næringslivet til å ta større ansvar for reisene til sine tilsette og kundar gjennom vegleiing og støtte til å utarbeide mobilitetsplanar og ved å innføre incentiver for å fremje miljøvenleg og helsefremjande transportval.