8. Komiteen si tilråding
Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
I
Stortinget samtykkjer i at:
1. Bompengeselskapet får rett til å krevje inn bompengar til delvis finansiering av Listerpakka. Vilkåra går fram av St.prp. nr. 60 (2001-2002) og Innst. S. nr. 227 (2001-2002).
2. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet og fastsetje nærare reglar for finansieringsordninga.
3. E39 Lyngdal-Flekkefjord blir gjennomført som eit prøveprosjekt for OPS-ordninga.
II
Stortinget ber Regjeringen sørge for at nytt treningssenter for Luftfartsverkets brann- og redningstjeneste snarlig etableres i Tjeldsund, uavhengig av den kommende selskapsdannelsen.