Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

5. Programkategori 21.50 Jernbaneformål

Departementet gjer greie for innsparingar ved raskare framdrift i prosjektet Sandvika-Asker.

I samband med innhentinga av anbod på tunnelentreprisane til prosjektet, har Jernbaneverket kome fram til at det kan sparast om lag 159 mill. kroner ved å slå entreprisane saman og framskunde prosjektet med eitt år, samanlikna med den opphavlege planen som låg til grunn for løyvinga i statsbudsjettet for 2002. På den bakgrunn har Jernbaneverket no inngått kontrakt for prosjektet som inneber at det kan ferdigstillast i 2005 i staden for i 2006.

Samferdselsdepartementet vil kome tilbake til dei budsjettmessige konsekvensane i samband med statsbudsjettet for 2003.

Komiteen har ingen merknader.

Det blir i proposisjonen orientert om ei mogleg forlenging av statslånet til BaneTele AS.

I samband med omdanninga av BaneTele til aksjeselskap blei det løyvd eit mellombels statslån på 196 mill. kroner. Løyvinga til lån til BaneTele AS blei av Kongen i statsråd 15. februar 2002 fastsett til 209 mill. kroner. Statslånet skal betalast tilbake 1. juli 2002. BaneTele AS har bedt om ei forlenging av det mellombelse statslånet. Samferdselsdepartementet vil vurdere ei slik forlenging.

Komiteen har ingen merknader.