1. Innleiing
I Finansdepartementets proposisjon om tilleggsløyvingar og omprioriteringar på statsbudsjettet for 2002 er det gjort framlegg om løyvingar på Samferdselsdepartementets budsjett for 2002. Desse gjeld programkategoriane 21.20 Luftfartsformål, 21.30 Vegformål, 21.40 Særskilde transporttiltak og 21.50 Jernbaneformål.
Endringane blir nærare omtala i Samferdselsdepartementets proposisjon.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Bjørgulv Froyn, Martin Kolberg, Oddbjørg Ausdal Starrfelt og Tor-Arne Strøm, frå Høgre, Anne Berit Andersen, Sverre J. Hoddevik, Hans R. Kjæstad og leiaren Petter Løvik, frå Framstegspartiet, Morten Ørsal Johansen og Kenneth Svendsen, frå Sosialistisk Venstreparti, Geir-Ketil Hansen og Heidi Sørensen, frå Kristeleg Folkeparti, Odd Holten og Jan Sahl og frå Senterpartiet, Jorunn Ringstad, viser til innstilling frå finanskomiteen i samband med behandlinga av St.prp. 63 (2001-2002) når det gjeld forslag til vedtak vedkomande løyvingane.
Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet stiller seg noe kritisk til at en så stor sak som omorganisering av Statens vegvesen, samt en del andre viktige saker, legges fram sammen med mange mindre orienteringssaker i en samleproposisjon.
Komiteens medlemmer fra Høyre og Kristelig Folkeparti er tilfreds med at omstillingen av Statens vegvesen nå er i gang og at Regjeringen vil komme tilbake til verdifastsettelsen og åpningsbalansen i det nye entreprenørselskapet i statsbudsjettet for 2003.