5. Programkategori 22.10 Post- og telekommunikasjonar
- 5.1 Kap. 1380 Post- og teletilsynet (jf. kap. 4380)
- 5.2 Orientering om anbodsutsetjing av tungtransporten i Posten
- 5.3 Orientering om sal av Posten Servicepartner AS
På grunn av at Post- og teletilsynet skal ha eit særskilt ansvar for teletryggleik og -beredskap, jf. St.meld. nr. 47 (2000-2001) Telesikkerhet og -beredskap i et telemarked med fri konkurranse og Innst. S. nr. 329 (2000-2001), gjer departementet framlegg om å auke løyvinga på kap. 1380 post 1 Driftsutgifter med 1,2 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon på kap. 1360 post 1 Driftsutgifter.
Samferdselsdepartementet gjer i proposisjonen framlegg om endringar i løyvingane på kap. 1380 og 4380 som følgje av at laboratorieverksemda i Post- og teletilsynet blir skilt ut i eit aksjeselskap eigd av Post- og teletilsynet og Nemko AS.
Comlab har i dag 15 tilsette. Det nye selskapet, Nemko Comlab AS, vil vere operativt seinast frå 1. juni 2002. Post- og teletilsynet og Nemko AS vil kvar eige 50 pst. av aksjeselskapet. Bakgrunnen for etableringa av selskapet er m.a. at ein ønskjer eit klarare skilje mellom oppgåvene som styresmakt og utføring av måleoppdrag i ein konkurransemarknad.
Post- og teletilsynet tek sikte på å overdra heile selskapet til Nemko etter 2 års drift.
I samband med etableringa gjer departementet framlegg om å auke løyvinga på kap. 1380 Post- og teletilsynet post 1 Driftsutgifter, med 1,2 mill. kroner. Departementet gjer også framlegg om å redusere løyvinga på kap. 1380 post 1 Driftsutgifter med 0,5 mill. kroner som følgje av utskiljinga av Comlab. Netto vil dette medføre ein auke av kap. 1380 post 1 Driftsutgifter med 0,7 mill. kroner. Vidare gjer departementet framlegg om å redusere kap. 1380 post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald med 0,7 mill. kroner og redusere kap. 4380 post 1 Diverse avgifter og gebyr med 1,2 mill. kroner.
I tillegg vil eigenkapitalinnskottet og overføringa av anleggsmiddel på 4 mill. kroner måtte løyvast på respektive kap. 1380 ny post 90 Innskott eigenkapital i Nemko Comlab AS og kap. 4380 ny post 90 Overføring av eigedelar til Nemko Comlab AS.
Komiteen tek den nye organiseringa til orientering og føreset at endra løyvingar gjer det mogleg å etablera og driva det nye systemet på ein tilfredsstillande måte.
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti, støttar Regjeringa sitt forslag og har elles ingen merknader.
Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet saknar ei vurdering av føremoner og ulemper av overgang til aksjeselskap og seinare overdraging av heile selskapet til Nemko etter 2 års drift. Desse medlemene har elles ingen merknader til framlegget.
I proposisjonen blir det orientert om anbodsutsetjing av tungtransporten i Posten. Formålet for Posten med å setje tungtransporten ut på anbod er å få ein meir effektiv transport, redusere transportkostnadene og betre utnytte drifta i Postens heileigde dotterselskap Wajens AS og Nettlast AS.
Det var berre transportverksemda til Posten som etter utløp av anbodsfristen hadde lagt inn eit totaltilbod. I tillegg hadde 23 aktørar lagt inn bod på mindre oppdrag. For å oppnå reell konkurranse om totaloppdraget, har Posten vedteke å avlyse første anbodsrunde. Selskapet vil lyse ut anbodet på nytt i løpet av våren 2002.
Posten har opplyst at anbodsutsetjinga kan få følgjer for om lag 225 tilsette i Posten.
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti, meiner at Posten Norge BA må ha fridom til å organisere si drift på ein kostnadseffektiv måte og er positive til at Posten sitt kjøp av tungtransporttenester blir sett ut på anbod.
Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet saknar også her ei vurdering av føremoner og ulemper ved omgjeringa av systemet. Desse medlemene føreset at det vert lagt til rette for at Posten sine dotterselskap Wajens AS og Nettlast AS kan konkurrera med private aktører på like vilkår, og at det i prosessen er eit nært samarbeid med leiing og tilsette i Posten sine dotterselskap.
Departementet orienterer i proposisjonen om sal av Posten Servicepartner AS.
Posten har forhandla ferdig ein avtale med ISS Norge om sal av Posten sin gjenverande eigardel på 51 pst. i Posten Servicepartner AS.
Posten Servicepartner AS leverer tenester som reinhald, kantine og bygningstenester (drift og vedlikehald) til heile postkonsernet. Posten ønskjer å selje selskapet for å fokusere drifta i konsernet om hovudverksemda.
I dag er det 922 tilsette i Posten Servicepartner AS. Bemanninga vil etter Posten si meining i alle høve bli redusert til om lag 380 i løpet av 2002. Dei tilsette frå Posten Servicepartner AS vil ha rett til ein omstillingspakke dersom ISS Norge ikkje kan tilby dei tilsette høveleg arbeid.
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet og Kristelig Folkeparti, meiner at Posten Norge BA må ha fridom til å organisere si drift på ein kostnadseffektiv måte for å nå målet om at heile landet skal ha gode og rimelege posttenester.
Fleirtalet konstaterer at verksemda i Posten Servicepartner AS ikkje går inn i Posten Norge BA sin kjerneverksemd. Fleirtalet har difor ikkje innvendingar mot at Posten Norge BA vil selje sin gjenverande eigardel på 51 pst. i Posten Servicepartner AS.
Komiteen sine medlemer frå Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartietsaknar også her ei nærare vurdering av føremoner og ulemper ved endringa. Desse medlemene har merka seg at det her dreier seg om 922 tilsette i dag, og at talet på tilsette vil verta redusert til 380 i løpet av 2002. Desse medlemene ser på dette som ganske dramatisk for dei tilsette, og føreset at arbeidsgjevar på ein anstendig måte tek ansvar for dei som mistar arbeidet som fylgje av dette. Desse medlemene finn på desse vilkår å kunne godta endringa.