4. Programkategori 21.60 Samferdselsberedskap
Samferdselsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga på kap. 1360 post 1 Driftsutgifter med 1,2 mill. kroner frå 4,9 mill. kroner til 3,7 mill. kroner, jf. omtalen under kap. 1380 Post- og teletilsynet i proposisjonen.
Komiteen føreset at Post- og teletilsynet kan ivareta oppgåvene sine på ein tilfredsstillande måte etter budsjettendringane, og sluttar seg på denne bakgrunn til framlegget.