2. Programkategori 21.20 Vegformål
- 2.1 Omorganisering av produksjonsverksemda i Statens vegvesen til aksjeselskap - oppretting av eit interimselskap
- 2.2 Rv 9 Setesdalen - delvis bompengefinansiering
- 2.3 Rv 70 Nordsundbrua - Løkkemyra, ny innfartsveg til Kristiansund i Møre og Romsdal - delvis bompengefinansiering
- 2.4 Rv 661 ny bru over Straumen i Skodje kommune i Møre og Romsdal - delvis bompengefinansiering
Det kan visast til St.prp. nr. 1. Tillegg nr. 4 (2001-2002) der det blei lagt fram eit forslag om omorganisering av produksjonsverksemda i Statens vegvesen til statsaksjeselskap. Stortinget slutta seg til dette ved handsaminga av budsjettet.
Samferdselsdepartementet gjer i proposisjonen framlegg om endring i løyvingar som følgje av oppretting av eit interimselskap for å førebu omorganiseringa av produksjonsverksemda i Statens vegvesen.
Det vert gjort framlegg om fullmakt til å utgiftsføre driftsutgifter for interimselskapet på nytt kap. 1321 Oppretting av selskap for vegproduksjon post 70 Tilskott til drift, mot tilsvarande reduksjon av kap. 1320 post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m. Departementet gjer også framlegg om å løyve kr 100 000 i eigenkapital til interimselskapet.
Departementet tek sikte på å opprette det permanente selskapet med verknad frå 1. januar 2003. Departementet arbeider med å opprette eit styre for interimselskapet som også vil inngå i styret for det permanente selskapet.
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti, sluttar seg til forslaget til løyving og har elles ingen merknader.
Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet er svært kritisk til at ei så stor og omfattande sak som omdanning av Statens vegvesen vert handsama stykkevis og delt utan at Stortinget som besluttande organ har oversikt over totale kostnader og totale konsekvensar.
Desse medlemene syner til vedlagde spørsmål og svar der det heller ikkje tyder på at statsråden har den naudsynte oversikten. Desse medlemene vil koma tilbake til meir konkrete merknader i samband med handsaming av St. prp. nr. 60 (2001-2002) som omhandlar fleire element av omdanningsprosessen. For ikkje å seinka prosessen ytterlegare, finn desse medlemene likevel at ein ikkje vil gå i mot forslag til løyving av eigenkapital med kr 100 000.
Rv 9 er eit viktig samband mellom Agderfylka og indre delar av Rogaland, Hordaland og Telemark. Vegen knyter saman kystvegen E18/E39 med ferjeterminalen i Kristiansand til vegnettet i indre delar av nabofylka via E134 ved Haukeligrend.
Delar av rv 9 oppfyller ikkje krava til standard, særleg når det gjeld vegbreidd.
Det blir tilrådd i proposisjonen at bompengeselskapet får høve til å krevje inn bompengar til delvis finansiering av utbygging av rv 9 Setesdalen i Aust-Agder.
Aust-Agder fylkeskommune har søkt om at det blir innført bompengeinnkrevjing på rv 9 for å oppnå måla som er lagde til grunn i St.meld. nr. 46 (1999-2000) Nasjonal transportplan 2002-2011.
Både Aust-Agder fylkesting, vertskommunane for bomstasjonane Bygland og Valle, og Bykle kommune har slutta seg til bompengefinansiert utbygging.
Vilkåra går nærare fram av proposisjonen. Det vil bli lagt vekt på den lokale prioriteringa av utbyggingsstrekningar og tiltak, og på dei prioriteringane som fylket har gjort, når det gjeld midlar til rv 9 i fylkesfordelt riksvegramme til Aust-Agder.
Samferdselsdepartementet har merka seg at kostnadsoverslaga har stor uvisse, da berre nokre av parsellane har reguleringsplan. Det er lagt til grunn at omfanget av utbygginga blir tilpassa ramme på 206 mill. kroner. Dersom det ser ut til å bli kostnadsoverskriding ut over dette, står finansieringsplanen fast og innhaldet i pakken må takast opp til ny vurdering.
Trafikkmengda på rv 9 varierer frå om lag 700 ÅDT på dei lågast trafikkerte strekningane til over 4 500 ÅDT ved Evje sentrum. Sommardøgntrafikken er om lag 50 pst. høgare enn årsdøgntrafikken. I perioden 1992-2001 var det 166 trafikkulykker med personskade på rv 9.
Utbygginga har som hovudmål å forbetre framkomsten og redusere trafikkulykkene ved å utbetre dei smalaste vegpartia til tofelts vegstandard. I dag står det igjen totalt 58 km som ikkje er tofelts veg. Det blir sett av inntil 22 mill. kroner til miljø- og trafikktryggleikstiltak i områda Moisund, Evje nord, Byglandsfjord og Harstadberget. I denne summen inngår også refusjon av 4 mill. kroner til Valle kommune for forskottering av gang- og sykkelveg på strekninga Rysstad S - Rysstad som blei bygd i 2000.
Nytte-kostnadsanalysen med delvis bompengefinansiering av prosjektet viser ei netto nytte (NN) på -33 mill. kroner (2002-kroner). Netto nytte over totale kostnader (NN/K) er rekna ut til -0,18.
Tabell 2.2 i proposisjonen viser finansieringsplanen til Samferdselsdepartementet.
Tabell 2.2 Finansieringsplan i mill. 2002-kroner
2002-2005 | 2006-2011 | Sum | Pst. | |
Statlege midlar | 16,0 | 15,0 | 31,0 | 14,0 |
Bompengar til investering | 56,5 | 84,0 | 140,5 | 69,0 |
Refusjon, Bykle kommune | 10,0 | 12,0 | 22,0 | 11,0 |
Lokale tilskott | 9,5 | 3,0 | 12,5 | 6,0 |
Sum | 92,0 | 114,0 | 206,0 | 100,0 |
I tillegg til statlege midlar blir det lagt til grunn at ei forskottering på 22 mill. kroner frå Bykle kommune til tiltak på rv 9 blir refundert i løpet av tiårsperioden. Forskotteringa medverka til ferdigbygging av delar av rv 9 i Bykle. Lokale tilskott ut over dette utgjer 12,5 mill. kroner. Resten blir finansiert gjennom bompengeinnkrevjing i 15-årsperioden.
Bompengeinnkrevjinga skjer gjennom to ubetente bomstasjonar på rv 9, ein i Bygland på grensa til Evje og Hornnes og ein i Valle på grensa til Bygland. Bommen i Bygland har einvegs innkrevjing for nordgåande trafikk i ein femårsperiode. Deretter blir innkrevjinga i denne bommen avvikla. Bommen i Valle har einvegs innkrevjing for sørgåande trafikk i første femårsperiode. I den neste tiårsperioden skjer innkrevjinga i begge retningar. Det blir kravd inn bomavgift heile døgnet i begge stasjonane.
Det er oppretta eit lokalt bompengeselskap som er fylkeskommunalt. Bompengeselskapet kan etter avtale med Vegdirektoratet forlengje innkrevingsperioden med inntil 5 år og/eller auke taksten med inntil 20 pst. dersom bompengeinntektene blir lågare enn føresett. Vegdirektoratet vil inngå avtale med selskapet i tråd med standardavtalen.
Aust-Agder fylkesting har vedteke å stille fylkeskommunal garanti for eventuelle låneopptak på inntil 60 mill. kroner.
Av proposisjonen går det fram at det ikkje er full lokal semje om at rabattsystemet i takstretningslinene skal følgjast. Bygland kommune ønskjer eit betalingstak på 1 000 kroner pr. år for dei lokale trafikantane. Samferdselsdepartementet vil peike på at ei ordning med eit slikt betalingstak ikkje vil vere i tråd med takstretningslinene. Departementet er no kjent med at det lokalt vil bli lagt fram eit forslag om å finansiere den foreslåtte ordninga med eit betalingstak på 1 000 kroner med kommunale midlar. Dette er tenkt gjort ved å redusere det lokale tilskottet til finansieringsplanen med 2,5 mill. kroner og å bruke desse midlane til å finansiere ordninga. Dette inneber at rabattordninga ikkje vil belaste inntektsgrunnlaget for bompengeordninga. Ordninga er ikkje i strid med takstretningslinene. Departementet legg til grunn at Bygland kommune tek den økonomiske risikoen med kostnaden ved ordninga og at rabattordninga blir administrert av kommunen heilt uavhengig av bompengeselskapet. Vidare legg Samferdselsdepartementet til grunn at tilleggsfinansieringa på 2,5 mill. kroner til utbygging av rv 9 Setesdalen kan dekkjast innafor fylkesfordelt riksvegramme i perioden 2002-2011 og at dette eventuelt blir godkjent av fylkeskommunen.
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, har merka seg den støtta prosjektet og delvis bompengefinansiering av prosjektet har både i dei aktuelle kommunane og i Aust-Agder fylkeskommune.
Fleirtalet ber om å verta halden informert om prosjektet på eigna måte, og har elles ingen kommentarar.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til merknader i Nasjonal transportplan 2002-2011.
Disse medlemmer viser til at statens inntekter på bil og bilbruk i dag er oppe i over 40 mrd. kroner, mens bevilget til riksveger over statsbudsjettet til vegdrift, vedlikehold og investeringer er på kun om lag 10 mrd. kroner.
Disse medlemmer viser også til Fremskrittspartiets forslag om en økning i Nasjonal transportplan til vegsektoren for perioden på 46 mrd. kroner utover Regjeringens forslag.
Disse medlemmer viser til at nåværende rv 9 allerede er betalt av bilistene gjennom altfor høye drivstoffavgifter og bilkostnader.
Disse medlemmer viser også til at bom på nåværende rv 9 vil medføre ytterligere høye transportutgifter for næringslivet og private, samtidig som vegen har stor betydning for å knytte sammen Agderfylkene og indre deler av Rogaland, Hordaland og Telemark.
Disse medlemmer er enig i de utbyggingsplanene som proposisjonen tar for seg, men er negativ til at utbyggingen skal finansieres ved innkreving av bompenger.
Med den utviklinga Kristiansund står overfor, er det rekna med høgare trafikkvekst i Kristiansund enn i resten av Møre og Romsdal. Problema i Dalegata bør derfor løysast snarast råd. På delar av strekninga er det særleg viktig å rydde opp i trafikktilhøva. Dette gjeld særleg trafikktryggleik og miljø for dei som bur langs vegen. Ved å føre trafikken gjennom eit mindre utbygd område og ved å leggje delar av vegen i tunnel, vil mykje av oppryddingstiltaka i Dalegata kunne bli unngåtte.
Departementet tilrår i proposisjonen at bompengeselskapet får høve til å krevje inn bompengar til delvis finansiering av utbygging av rv 70 Nordsundbrua - Løkkemyra, ny innfartsveg til Kristiansund i Møre og Romsdal.
Prosjektet omfattar bygging av ny veg frå Løkkemyra til Nordsundbrua med ei lengd på 1 930 m, fordelt på 2 byggjetrinn. Tunnelen er regulert med eit tunnellaup. Det er lagt opp til anleggsstart tidleg i 2003 og at prosjektet skal vere ferdig i 2005.
Det ligg føre godkjend reguleringsplan for heile prosjektet frå mai 2001. Innafor ei uvisse på +/- 10 pst. har vegkontoret rekna kostnaden til 140 mill. kroner (2002-kroner) fordelt med 115 mill. kroner for byggjetrinn 1 og 25 mill. kroner for byggjetrinn 2.
Nytte-kostnadsanalysen viser ein netto nytte (NN) på 77,6 mill. kroner. Netto nytte over totale kostnader (NN/K) er utrekna til 0,42.
Det er føresett at prosjektet blir finansiert med 15 mill. kroner i statlege midlar og 125 mill. kroner i bompengar. Dette gir ein bompengedel på 89 pst.
Dersom det ikkje blir gjort snarlege tiltak på innfartsvegen til Kristiansund, vil trafikkveksten dei næraste åra føre til framkomstvanskar og auka problem i høve til trafikktryggleik og miljø. Bompengeprosjektet gjer det mogeleg å løyse dette problemet tidlegare enn med statlege midlar åleine. Prosjektet har ein svært høg bompengedel og ei nedbetalingstid som er mykje kortare enn det som er vanleg.
Samferdselsdepartementet har merka seg at det er oppnådd lokal støtte til prosjektet ved å leggje opp til kort nedbetalingstid. Departementet tilrår derfor at det blir gitt løyve til å starte innkrevjing av bompengar i 2002 for å finansiere ny innfartsveg til Kristiansund.
Finansieringsplanen går fram av tabell 2.3 i proposisjonen.
Tabell 2.3 Finansieringsplan i mill. 2002-kroner
2002-2005 | 2006-2011 | Sum | |
Statlege midlar - ordinær løyving | 10 | 10 | |
- refusjon | 5 | 5 | |
Bompengar | 125 | 125 | |
Sum | 135 | 5 | 140 |
Det skal etablerast bomstasjonar i begge endar av prosjektet; den eine bomstasjonen om lag 300 m aust for rundkøyringa på Løkkemyra og den andre ved Nordsundbrua. Dette inneber at alle som har nytte av prosjektet, vil betale bomavgift.
Det er lagt opp til eit takst- og rabattsystem i samsvar med gjeldande retningsliner.
Basert på tidleg oppstart av innkrevjinga, vil alle lån vere nedbetalte innan 6 år. Dersom kostnaden aukar med 10 pst., betalande trafikk blir 10 pst. mindre enn rekna med og lånerenta aukar med 2 pst., vil innkrevjingstida auke med om lag 2 år.
Vilkåra går elles fram av proposisjonen.
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet, er positive til søknaden som ligg føre om bompengefinansiering av ny innfartsveg til Kristiansund.
Fleirtalet registrerer at det er oppstått ein ny situasjon etter bystyremøtet i Kristiansund den 7. mai i år, samtidig som vedtaket i Møre og Romsdal fylkesting ligg fast.
Fleirtalet vil på bakgrunn av dette avvente ei vurdering av prosjektet frå Regjeringa si side og ber Regjeringa komme tilbake med ei orientering til Stortinget på ein eigna måte.
Komiteen sine medlemer frå Arbeiderpartiet har merka seg den sterke motstanden det er mot sjølve prosjektet, særleg i Kristiansund kommune. Desse medlemene er gjort kjent med at saka vart handsama på nytt i bystyret 7. mai 2002. Eit fleirtal (24 mot 21) gjekk då imot prosjektet og gjorde følgjande vedtak:
– "1. Vedtak i bystyresak PS 01/53 oppheves.
– 2. Innkreving av bompenger til ny innfartsvei utsettes.
– 3. Saken vurderes på ny når Krifast er nedbetalt."
Desse medlemene har forståing for protestane mot dette prosjektet, under dette val av vegtrasé og val av plassering av bom, og vil på denne bakgrunn av dette gå imot prosjektet.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til merknader i Nasjonal transportplan 2002 - 2011.
Disse medlemmer viser til at statens inntekter på bil og bilbruk i dag er oppe i over 40 mrd. kroner, mens bevilget til riksveger over statsbudsjettet til vegdrift, vedlikehold og investeringer er på kun om lag 10 mrd. kroner.
Disse medlemmer viser også til Fremskrittspartiets forslag om en økning i Nasjonal transportplan til vegsektoren for perioden på 46 mrd. kroner utover Regjeringens forslag.
Disse medlemmer viser til at nåværende rv 70 allerede er betalt av bilistene gjennom altfor høye drivstoffavgifter og bilkostnader.
Disse medlemmer viser også til at bom på nåværende rv 70 vil medføre ytterligere høye transportutgifter for næringslivet og private i et fylke som allerede har alt for store transportkostnader på grunn av bomprosjekter og lange transportveger.
Disse medlemmer er enig i de utbyggingsplanene som proposisjonen tar for seg, men er negativ til at utbyggingen skal finansieres ved innkreving av bompenger.
Disse medlemmer går inn for at utbyggingen foretas med statlige midler og at prosjektet får oppstart i henhold til proposisjonen.
Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om løyve til å krevje inn bompengar for delvis bompengefinansiering av rv 661 ny bru over Straumen i Skodje kommune i Møre og Romsdal. Behovet for bygging av ny bru og delvis bompengefinansiering av prosjektet er omtalt i St.meld. nr. 46 (1999-2000) Nasjonal transportplan 2002-2011.
Eksisterande Skodje bru er i så dårleg stand at det er innført restriksjonar for trafikken over brua. Tungtrafikken, inkludert rutebussane, må derfor køyre gjennom Skodje sentrum. Dette aukar veglengda mellom områda nord for eksisterande Skodjebru og Ålesund med om lag ei mil. I tillegg til å påføre trafikantane ekstra køyring, fører dette til at Skodje sentrum blir unødig tyngd med gjennomgangstrafikk. Ei ny bru vil gi langt mindre trafikk gjennom Skodje sentrum og gi betre vilkår for heile bustad- og arbeidsmarknadsregionen. Departementet tilrår at delvis bompengefinansiering av prosjektet blir godkjent, og at innkrevjinga tar til når brua er ferdig, etter planane i 2004.
Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til Stortinget i dei årlege budsjetta med forslag til endeleg prioritering av prosjekta med anleggsstart og kostnadsoverslag.
Det vil bli inngått avtale mellom Vegdirektoratet og bompengeselskapet i tråd med gjeldande standardavtale og dei føresetnader som er lagde til grunn i proposisjonen.
Prosjektet er delt i fire byggjetrinn for å spreie finansieringa over tid. Det er ikkje noko til hinder for at nokon av dei kan gjennomførast som ein kontrakt.
Reguleringsplanen for prosjektet blei vedteken av Skodje kommunestyre 26. september 2000. Innafor ei uvisse på +/-10 pst. har vegkontoret rekna ut kostnadene til 224 mill. kroner (2002-kroner).
Prosjektet blir etter planen starta opp tidleg i 2003, med fullføring av byggjetrinn 1 innan utgangen av 2004.
Nytte-kostnadsanalysen med delvis bompengefinansiering av prosjektet viser ei netto nytte (NN) på 33 mill. kroner (2002-kroner). Netto nytte over totale kostnader (NN/K) er rekna til 0,23.
Av kostnadsramma på 224 mill. kroner er om lag 50 pst. er planlagt finansiert med bompengar. Det vil bli teke opp eit bompengelån som skal dekkje kostnadene til bygging og finansiering av bru og vegar på 143 mill. kroner. Av dette skal 30 mill. kroner refunderast over fylkesfordelt ramme i siste del av tiårsperioden, dvs. 2006-2011.
Dersom økonomien i prosjektet skulle bli betre enn det som er lagt til grunn, kan selskapet AS Skodjebrua etter søknad få forskottere så mykje av den statlege løyvinga som økonomien i prosjektet tillet.
Møre og Romsdal fylkesting har i sak T-39/01 vedteke å stille simpel garanti for bompengelånet for å oppnå gunstigast mogelege lånevilkår.
Den lokale handsaminga i kommunane Skodje, Haram, Ålesund og Sandøy og i Møre og Romsdal fylkesting går elles fram av proposisjonen.
Det er ein føresetnad at bomstasjonen blir plassert rett sør for Straumsholmen og opparbeidd med to felt i begge retningar. Innkrevjing vil skje i begge køyreretningane.
Ut frå føresetnadene som går fram av proposisjonen og med oppstart av innkrevjinga når brua er ferdig i 2004, er bompengeperioden utrekna til 15 år. Ein kostnadsauke på 10 pst. vil auke bompengeperioden til 17,5 år, ein trafikkreduksjon på 10 pst. vil forlengje bompengeperioden til 18 år, og ein renteauke på 1 pst. vil auke bompengeperioden til 17,5 år.
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, har merka seg den støtta prosjektet og delvis bompengefinansiering av det, har i dei aktuelle kommunane og i fylkeskommunen. Fleirtalet støttar ut frå dette prosjektet, og ber om å verta halden informert om utviklinga på eigna måte. Fleirtalet har elles ingen merknader.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet vil vise til at bilistene i form av forskjellige bilrelaterte avgifter årlig betaler inn over 40 mrd. kroner, mens bevilgningene i statsbudsjettet for vegdrift, vedlikehold og investeringer er på om lag 10 mrd. kroner. Dette viser at bilistene betaler ca. 30 mrd. kroner inn i statskassen som en ren fiskal avgift. I tillegg til dette må de betale store summer i bompengeavgift.
I tilfeller der det ikke finnes fornuftige muligheter til avgiftsfri omkjøring, er disse medlemmer prinsipielt imot etablering av bompengefinansierte veger.
Disse medlemmer konstaterer at i dette tilfelle vil det være muligheter for omkjøring uten at en er nødt til å betale bomavgift, og på den bakgrunn finner disse medlemmer å kunne støtte prosjektet.