9. Uttale frå energi- og miljøkomiteen
Kommunalkomiteen sitt utkast til innstilling er lagt fram for energi- og miljøkomiteen til uttale.
Energi- og miljøkomiteen uttaler følgjande i brev av 30. april 2002 til kommunalkomiteen:
"Energi- og miljøkomiteen viser til utkastet til innstilling for St.meld. nr. 7 (2001-2002) Om helse, miljø og sikkerhet i petroleumsvirksomheten, som er oversend frå kommunalkomiteen til uttalelse.
Energi- og miljøkomiteen har følgjande uttalelse til kommunalkomiteens utkast til innstilling datert 19. april 2002:
"Energi- og miljøkomiteen er nøgd med at Regjering og Storting rettar særskild merksemd mot helse, miljø og tryggleik (HMT) i petroleumsverksemda, og er positiv til dei mange tiltaka som vert sett fram, og til at det for framtida vil komme ei HMT-melding kvart fjerde år. Komiteen er også nøgd med at det er stor semje om dei ulike forslaga, og reknar med at det lettar arbeidet med oppfølging og iverksetjing av tiltak. Det er og positivt at ein samla kommunalkomite uttaler: "Komiteen ser det som ønskjeleg at Oljedirektoratet som tilsynsorgan blir styrkt."
Energi- og miljøkomiteen vil følgje nøye med at dette blir følgd opp i forslag på rammeområde 12, Olje- og energidepartementet, i handsaminga av revidert budsjett, og i den ordinære budsjetthandsaminga.
Komiteen viser til at "Samsvarsuttalelse for flyttbare innretninger (SUT)" har vore vellukka og sørgja for at kompetansen om regelverket i næringa har blitt betra. SUT kan såleis ha vore med å betre standarden og kunnskapen om innretninga si faktiske tekniske tilstand, og slik sett vore med å betre HMT-arbeidet. Energi- og miljøkomiteen ber på denne bakgrunn om at ordninga blir obligatorisk.
Komiteen vil peike på at innstillinga kunne vore klarare på ønskje om medverknad frå arbeidstakarane. På den eine sida er kommunalkomiteen samd i at medverknaden burde vore betre, samstundes vel eit fleirtal ikkje å ta stilling til deltaking i lisenskomiteane, men vel å vente på ei ny utgreiing.
Komiteen viser elles til innstillinga og dei ulike partier sine respektive merknader og forslag.""
Komiteens medlemmer fra Høyre og Kristelig Folkeparti viser til uttalelsen fra energi- og miljøkomiteen. Disse medlemmer viser til at "SUT-ordningen" skal evalueres, og at evalueringen skal være ferdig innen utgangen av 2002. Disse medlemmer mener dagens ordning bør videreføres i nåværende form, og ønsker ikke å gjøre den obligatorisk.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til uttalelser fra energi- og miljøkomiteen. Disse medlemmer har etter en samlet vurdering funnet å ville gi sin støtte til at "SUT-ordningen" gjøres obligatorisk.