Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Olav Akselsen, Bendiks H. Arnesen, Grethe Fossli og Aud Gaundal, frå Høgre, Silja Ekeland, Ivar Kristiansen og Michael Momyr, frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm og Lodve Solholm, frå Sosialistisk Venstreparti, Åsa Elvik og Inge Ryan, frå Kristeleg Folkeparti, Olaf Gjedrem og May-Helen Molvær Grimstad, og frå Senterpartiet, Marit Arnstad, viser til Dokument nr. 8:71 (2001-2002) forslag fra stortingsrepresentantene Øystein Hedstrøm og Lodve Solholm om salg av statlige eierandeler i Statskog SF, og til Landbruksdepartementet si vurdering av forslaget i brev av 20. mars 2002 (vedlagt).
Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser til at berre om lag 5 pst. av Statskog SF sitt areal utgjer produktiv skog, og at forslaget i Dokument nr. 8:71 (2001-2002) reiser spørsmålet om sal berre av utvalde delar av desse produktive areala.
Forslagsstillarane viser dessutan til at ein må venta med eit eventuelt sal i dei områda som blir berørt av Samerettsutvalget sitt arbeid og i dei av Statskog sine areal som er statsallmenning. Forslagsstillarane viser til at det i slike område er nødvendig med ei grundigare juridisk vurdering før sal eventuelt kunne verta aktuelt. Fleirtalet har merka seg denne avgrensinga i forslaget.
Landbruksdepartementet viser i sitt brev til at Statskog SF sine areal med produktiv skog vil verta viktige framover i samband med arbeidet med barskogvern, enten ved at statskogareal vert verna, eller ved at desse areala vert teke i bruk i makeskifte mellom private eigarar som vert berørt av barskogvern og staten. Fleirtalet sluttar seg til departementet si vurdering av at statskogareala kan spele ei viktig rolle i slike makeskifteoppgjer.
Fleirtalet har såleis merka seg at det etter Landbruksdepartementet si oppfatning er aktuelt med eit visst sal ("arronderingsal") av statleg eigedom når omsynet til barskogvern er ivareteke. Fleirtalet føreset at eit slikt sal vil finne stad og at departementet kjem attende til Stortinget med ei orientering om framdrifta i og storleiken på dette nedsalet. Fleirtalet vil samstundes peike på at det i tilfelle der det er klårt at enkeltparsellar ikkje vil verta verna eller vil få nokon rolle i eit makeskifteoppgjer, må kunne opnast for å vurdera sal også parallelt med at barskogvernet vert fullført.
Fleirtalet viser til at mange av dei mindre parsellane som Statskog SF i dag sitter med i ulike delar av landet, i si tid vart selde ut av gardsbruk som eit utslag av rein økonomisk naud. For slike areal er det etter fleirtalet si oppfatning særleg aktuelt med tilbakesal til det bruket den enkelte parsell vart seld ut frå. Fleirtalet føreset at Landbruksdepartementet og Statskog SF har ein romsleg praksis i saker der slikt tilbakesal kan styrkja det opphavlege gardsbruket.
Fleirtalet vil vidare vise til at sal av produktive skogareal kan styrkja næringsgrunnlaget for bønder og skogeigarar i ulike delar av landet gjennom å skapa større og meir robuste driftseiningar. Eit større arealgrunnlag vil også kunne gje eit betre grunnlag for anna næringsverksemd i utmark enn tømmerhogst. Fleirtalet går ut frå at slikt sal frå Statskog SF er mest aktuelt for mindre eigedomar som ligg spreidd, og at eventuelt nedsal frå større, samla areal som Statskog i dag driv aktivt, må vurderast grundigare.
Allemannsretten, retten til fri ferdsel, bærplukking osb., er lovfesta gjennom friluftsloven, og fleirtalet viser til at denne retten gjeld for alle utmarksareal, uansett om areala er i offentleg eller privat eige. Fleirtalet viser vidare til at retten til jakt og fiske en grunn-eigarrett som ikkje er ein del av allemannsretten. Allmugen si tilgang til jakt og fiske skjer gjennom sal av jaktkort og fiskekort, både av private eigarar og av Statskog. Fleirtalet har merka seg at Norges jeger- og fiskeforbund oppgir at tilgang til jakt og fiske er ein knapp ressurs i deler av Sør-Noreg.
Fleirtalet viser til at både private aktørar og Statskog SF leier ut jakt- og fiskerettar, og reknar dermed med at effekten på tilgang og pris av eit visst nedsal av Statskog SF sine produktive skogareal vil verta avgrensa.
Fleirtalet har merka seg at Statskog SF er friteke for meirverdiavgift på sal av fiskekort og jaktkort for småvilt og villrein på sine eigedomar, både i statsallmenningar og på innkjøpt statsgrunn (sjå vedlagte brev frå Landbruksdepartementet av 18. april 2002) medan private grunneigarar ikkje har slikt fritak. Fleirtalet viser til at denne skilnaden i rammevilkår mellom sal av jakt- og fiskerettar på innkjøpt statsgrunn og på privat grunn kan verke konkurransevridande til ulempe for dei private grunneigarane. Fleirtalet føreset at Regjeringa vil sjå nærare på denne moglege effekten av merverdiavgiftsystemet.
Når det gjeld statsallmenningane viser fleirtalet til at desse allmenningane har mange avgrensingar og heftelser når det gjeld bruksrettar og at eit eventuelt sal dermed ville være juridisk komplisert. Eit slikt sal er derfor neppe aktuelt på kort sikt. Fleirtalet har likevel merka seg at bransjeforeiningane Skogeierforeningen og Norskog i høyringa 10. april 2002 har gjort framlegg om at einskilde statsallmenningar med produktiv skog (skogsallmenningar) kan seljast samla til dei som har bruksrettar i allmenningen, i fellesskap. Foreiningane viste i høringane til at ein føresetnad for eit slikt eventuelt sal av aktuelle skogsallmenningar måtte vere at allmugen sin tilgang til jakt og fiske måtte sikrast gjennom ein vedvarande heftelse ved eigedommen, slik at denne tilgangen uansett held fram som før. Fleirtalet ber departementet komme tilbake på eigna måte med ei vurdering av om slikt sal kan være aktuelt for enkelte av statsallmenningane.
Fleirtalet vil elles vise til det er eit godt prinsipp at statsallmenningane i størst mogleg grad blir forvalta lokalt, av dei lokale allmenningsstyra og fjellstyra. Fleirtalet har merka seg at småviltjakt, villreinjakt og fiske nå blir forvalta av fjellstyra og ber Regjeringa vurdere om også forvaltninga av storviltjakta kan overførast til fjellstyra.
Fleirtalet har merka seg at nokre få av statsallmenningane i dag vert drivne på samme måte som bygdeallmenningar - t.d. Øyer og Langmorkje. Fleirtalet ser positivt på at ressursane vert forvalta lokalt på denne måten, av dei som er berørte, og ber departementet vurdere om forsøk med denne forvaltningsmåten kan gjerast i enkelte andre statsallmenningar der ei slik forvaltningsordning kan passe.
Fleirtalet har inntrykk av at det i statsallmenningar med skogsdrift kan oppstå interessemotsetningar mellom fjellstyret, allmenningsstyret og Statskog SF, som følgje av at tre ulike organ deltek i forvaltninga av det same arealet. Fleirtalet ber på denne bakgrunn Landbruksdepartementet komme tilbake til Stortinget med ei vurdering av om det bør gjerast forsøk med at oppgåvene til fjellstyret og allmenningsstyret blir løyste av eitt, felles organ og av kva for nye lovheimlar som eventuelt er nødvendige for å gjere slike forsøk.
Fleirtalet vil hevde at det er ønskeleg at lokalbefolkninga får utnytte dei lokale naturressursane på ein slik måte at det skapar vekst og sysselsetting i lokalmiljøa. Innbyggjarane kan ha høg kompetanse med omsyn til å forvalte denne typen ressursar. Vidare er det eit stort behov for å styrke næringsgrunnlaget i norsk landbruk. Hardare økonomiske vilkår innan landbruk og skogbruk kan leie til auka utflytting og mindre vekst. Difor hevdar fleirtalet at lokalbefolkninga i langt større grad enn i dag kan forvalte dei ressursane som finst lokalt for på den måten å medverke til at framtida og eige næringsgrunnlag vert sikra. Fleirtalet vil peike på at skogbruk, utleige av hytter, sal av fiskekort, utleige av jaktrettar, tilbod om opplevingsarrangement og utnytting av sandstein- og grusførekomstar, er forretningsområde som kan tene som døme på dette.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener at fast eiendom fortrinnsvis bør forvaltes av private grunneiere. Det meste av Statskogs arealer og eiendommer kan eies og forvaltes gjennom lokalt eierskap. Dette gjelder særlig de produktive skogarealene. Videre vil disse medlemmer peke på at utmarksressurser som skog, fjell, fiske og jakt har stor betydning for potensiell næringsutvikling i distriktene. Av de andre delene av Statskogs virksomheter, bør de heleide selskapene omgjøres til aksjeselskaper og selges. Det samme bør skje med Statskogs andeler i de selskaper der de er delaksjonærer.
Disse medlemmer viser til evalueringsrapporten angående vern av skog i Norge, presentert 19. april 2002, der det anslås et fremtidig vernebehov på 4,5 pst. mot dagens 1 pst. Disse medlemmer mener dette tyder på at prosessen vil pågå i lang tid. Dette kan bety, dersom Statskogs arealer tas inn i denne sammenhengen, at betydelige salg ikke kan realiseres i overskuelig fremtid. Videre vil disse medlemmer vise til notatet fra Norges Skogeierforbund og NORSKOG til komiteen hvor det fremgår at Statskogs skogarealer i liten grad inneholder verneverdier som gjøre dem attraktive som verneområder. Disse medlemmer er enig i at makeskifte er et viktig virkemiddel for å senke konfliktnivået ved gjennomføringen av barskogvernet, men i en slik prosess er det viktig å kunne tilby arealer som er attraktive for berørte grunneiere. I de tilfellene Statskogs arealer ikke er av en slik art, mener disse medlemmer at de bør legges ut for salg, og inntektene anvendes til kjøp av makeskiftearealer.
Disse medlemmer vil hevde at det er viktig å sette et klart ambisjonsnivå og tidsfrist for vurderingen og gjennomføringen av salg. Det er av betydning at det også legges ut arealer av en slik størrelse og i en forfatning som gjør at de vil ha en reell betydning for kjøpere og distriktene. Ved kun å selge ut små, lite attraktive eiendommer vil en signalisere at dette er et rasjonaliseringstiltak fra Statskog og at en selger de minst attraktive områdene. Disse medlemmer mener derfor at det i tillegg til et arronderingssalg må foretas en gjennomgang og vurdering av alle skogarealene med tanke på salg. Departementet bør foreta en slik vurdering parallelt med et arronderingssalg innen utgangen av 2003. Dette vil være et viktig signal til distriktene om å styrke det lokale næringsgrunnlaget. Disse medlemmer slutter seg til flertallets merknader subsidiært.
Disse medlemmer fremmer følgende forslag:
"Stortinget ber Regjeringen legge til rette for og fremme forslag om salg av utvalgte deler av Statskog SFs produktive skogeiendommer i tråd med intensjonene i forslaget innen 1. januar 2004."
Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti mener det er helt uaktuelt med salg av Statskogs eiendommer bortsett fra mindre arronderingsalg. Disse medlemmer mener Statskog er garantisten for allmennhetens tilgang til jakt og fiske. Ved salg av statlige eiendommer kan avtalene med lokale jeger- og fiskerforeninger kunne falle bort, og tilbudet til allmennheten bli dårligere. Antallet som slipper til blir færre fordi tilbudet endrer seg ved at private i større grad leier ut arealene på åremål til dem som betaler mest. Gjennom frasalg av enkelteiendommer stykkes også helheten i tilbudet opp, og enkelteiendommer kan bli liggende som "øyer" utenom samarbeidet med lokal jeger- og fiskerforening. Disse medlemmer mener staten må bruke Statskog til å videreutvikle utmarkspolitikken. Det bør satses på ytterligere å forbedre tilretteleggingen for allmennheten når det gjelder friluftsliv, naturopplevelser, jakt og fiske.
Statskog eier i dag kun 7,5 pst. av det produktive skogsarealet, og mye av dette er langt mot nord og høyt til fjells. Disse medlemmer mener det er viktig at Statskog disponerer et såpass stort produktivt areal både ut fra verdiskapings- og miljøhensyn. En av disse utfordringene er barskogvernet. Statskog bør også ligge i tet mht. nye og miljøvennlige hogstformer, estetiske tiltak, reparasjoner etter drifter mv. Disse medlemmer mener Statskog i større grad må endre fokus fra tradisjonell skogsdrift til å ivareta andre verdier som samfunnet prioriterer. Ansatte i Statskog innehar en viktig skogkompetanse som bør ivaretas og videreutvikles, og en slik forannevnt fokusendring skal ikke innebære nedbemanning. Disse medlemmermener at Statskog bør søke å ha representanter og ansatte i størst mulig tilknytning til de lokale skogeiendommene.
I forbindelse med barskogvern er det aktuelt med makeskifte mellom de berørte private grunneiere og staten. Disse medlemmer mener at Statskog her er et viktig redskap for staten slik at en kan oppnå gode løsninger uten for store konflikter.
I dag er det mange ulike aktører som forvalter statens utmarkseiendommer, (jf. Statskog, fjellstyrer, statsallmenning, bygdeallmenning). Disse medlemmer er positive til en gjennomgang som vurderer en forenkling og samordning av denne forvaltninga.
Disse medlemmer viser til at det de siste år har vært foretatt en omfattende nedbemanning i Statskog som følge av effektivisering og mindre avvikling av skog. Disse medlemmer er av den oppfatning at flertallets åpning for utsalg kan medføre en reduksjon i antall ansatte, samt tap av viktig fagkompetanse. Disse medlemmer ønsker ikke en slik utvikling og viser til statsrådens brev av 20. mars 2002, som etter disse medlemmers mening gir Statskog SF trygge og forutsigbare rammebetingelser for selskapet.