Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

3. Regelverksutvikling og forvaltningssaker på finansmarknadsområdet

I meldinga er det gitt ei oversikt over dei viktigaste endringane i regelverket på finansmarknadsområdet for 2000, og dessutan ei oversikt over sentrale forvaltningssaker for same år. Omtalen er i hovudsak avgrensa til 2000, men enkelte stader har ein ført framstillinga fram utover årsskiftet. Kredittmeldinga 1999 inneheld òg ei framstilling som på enkelte punkt omfattar endringar i 2000. Enkelte av desse sakene blir kort omtala på ny her. Ein viser elles til Kredittmeldinga 1999 kapittel 3.

Komiteen tek omtalen i meldinga til orientering.