Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Samandrag

Olje- og energidepartementet(OED) legg i proposisjonen fram budsjettkonsekvensar knytt til restrukturering av det statlege engasjementet i petroleumsverksemda. I tillegg legg departementet fram budsjett­-konsekvensar for staten sitt direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE) og informasjon knytt til bruk av fullmakter under SDØE, samt andre forslag til endringar på statsbudsjettet for 2001 under Olje- og energidepartementet.

Departementet legg i proposisjonen også fram plan for utbygging, anlegg og drift av Kristin-feltet, som er eit gass- og kondensatfelt på Haltenbanken.

Olje- og energidepartementet viser til at departementet på vegne av staten har selt utvalde SDØE-eigardelar til Statoil, samt at staten har kjøpt nokre eigardelar frå Statoil, eit nettosal tilsvarande 15 pst. av verdien av opprinneleg SDØE-portefølje.

Statoil vart delprivatisert og notert 18. juni 2001 på Oslo Børs og ved New York Stock Exchange. Private aksjonærar kjøpte 18,2 pst. av aksjane i selskapet.

Det nye statsaksjeselskapet som skal forvalte SDØE-porteføljen på vegne av staten vart stifta 9. mai 2001 og fekk namnet Petoro AS. Det nye operatørselskapet for transport av naturgass vart stifta 14. mai 2001 og fekk namnet Gassco AS.

Olje- og energidepartementet førebur no sal av SDØE-eigardelar tilsvarande 6,5 pst. av verdien av SDØE-porteføljen til Norsk Hydro og andre selskap. Etter planen skal salet gjennomførast første halvår 2002, med verknad frå 1. januar 2002.

Herunder utgifter totalt til førebuing/gjennomføring, inkludert eksterne rådgjevarar og utgifter direkte knytt til gjennomføring av SDØE-salet.

Departementet ber om at løyvinga under kap. 1801 post 21 Omstrukturering av statens petroleumsengasjement vert gjort overførbar til 2002.

Herunder provisjon til tilretteleggarane, utgifter til marknadsføring og distribusjon mv., utgifter til Statoil sine rådgjevarar (prospektarbeid), utgifter til Olje- og energidepartementet sine rådgjevarar (prospektarbeid), rabatt til småinvestorar og utgifter til departementet sin prosessrevisor.

Totale utgifter for staten direkte knytt til delprivatiseringa av Statoil ASA er rekna til om lag 336,5 mill. kroner. Hovuddelen av desse utgiftene er det tidlegare ikkje bedt om løyving for. Desse utgiftene vil bli utgiftsført på kap. 1801 post 21.

Olje- og energidepartementet ber om ei tilleggsløyving på 326 mill. kroner, frå 135 til 461 mill. kroner på kap. 1801 post 21 Omstrukturering av statens petroleumsengasjement. I tillegg ber ein om at posten tilføras stikkordet "kan overføres".

Olje- og energidepartementet foreslår ei løyving for 2001 på kr 14 210 600 000 på kap. 4811 Statoil ASA ny post 90 Salg av aksjer. I tillegg vert det foreslått ei løyving for 2001 på kr 12 325 000 på kap. 5685 Statoil ASA ny post 82 Renter, salg av aksjer.

Herunder salsoppgjer mellom staten og Statoil og ansvarleg lån til Statoil i samband med sal av SDØE-eigardelar.

Totale nettoinntekter frå sal/kjøp av eigardelar mellom staten og Statoil er 40 228 mill. kroner, 38 980 mill. kroner vert inntektsført på kap. 5440 ny post 31 og 1 248 mill. kroner vert inntektsført på kap. 5440 ny post 81.

Departementet viser til at endringar som det er gjort rede for i proposisjonen fører til at kap. 5440 post 24 Driftsresultat samla viser ein reduksjon på 13 900 mill. kroner, frå 100 000 til 86 100 mill. kroner i 2001.

Overslaget for kap. 5440 ny post 85 Renter på mellomregnskapet er -25 mill. kroner. Under denne posten vert det inntektsført/utgiftsført renter på uteståande sum mellom staten og forretningsførar for SDØE.

På bakgrunn av oppgjer for skadar som har funne stad og forventa skadeutbetalingar for resten av året, vert det foreslått ei løyving på 500 mill. kroner i 2001 under kap. 5440 ny post 50 Overføring fra Statens petroleumsforsikringsfond.

Endringane medfører samla sett at netto kontantstraumen frå SDØE aukar med 17 283 mill. kroner i forhold til gjeldande budsjett, frå 107 128 til 124 411 mill. kroner. Dette gir isolert sett ein tilsvarande auke i overføringa til Statens petroleumsfond. Endring av kap. 2800 Statens petrolumsfond, vil verte foreslått i Finansdepartementet sin nysalderingsproposisjon.

Departementet viser til at under gitte føresetnader kan dei godkjenne nye prosjekt på kontinentalsokkelen, jf. St.prp. nr. 1 (2000-2001) og Budsjett-innst. S. nr. 9 (2000-2001). Verknader på budsjettet for Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE) av desse vedtaka er budsjettert under kap. 2440/5440.

Det er i proposisjonen gjort rede for dei prosjekta som er vedtekne under ordninga etter at St.prp. nr. 19 (2000-2001) Om endringar av løyvingar på statsbudsjettet for 2000 m.m. under Olje- og energidepartementet, vart lagt fram.

Departementet viser til at det i perioden etter at St.prp. nr. 19 (2000-2001) vart lagt fram til utgangen av oktober 2001 er godkjend 11 avtaler om overføring av statleg eigedomsrett. I tillegg blir det orientert om ein avtale mellom rettshavarane i Huldragruppa og Heimdalgruppa, som vart godkjend 25. juni 1999, men som ikkje har vore omtala tidlegare.

Det blir foreslått at løyvinga blir auka med 10,9 mill. kroner i forhold til gjeldande budsjett for 2001. Utgiftsauken vil bli motsvara av ei tilsvarande inntektsauke over kap. 4810 post 2.

Det blir foreslått å auke løyvinga under kap. 1820 post 1 med kr 250 000 i forhold til gjeldande budsjett for 2001.

Det blir foreslått at løyvinga blir redusert med 5,5 mill. kroner i forhold til gjeldande budsjett for 2001. Utgiftsreduksjonen vil bli motsvara av ein tilsvarande inntektsreduksjon over kap. 4820 post 2.

Det blir foreslått at løyvinga blir auka med 2 mill. kroner i forhold til gjeldande budsjett for 2001. Utgiftsauken vil bli motsvara av ei tilsvarande inntektsauke over kap. 4820 post 40.

Ein ønskjer å bruke tilbakeføringa av midlar til å gi tilskott til innkjøp av reservemateriell i kraftforsyninga, og ber om å overskride løyvinga under kap. 1820 Norges vassdrags- og energidirektorat post 75 Tilskudd til sikringstiltak, mot tilsvarande meirinntekt knytt til avhending av transformatorolje under kap. 4820 Norges vassdrags- og energidirektorat post 10, jf. forslag til vedtak II.

Departementet viser til handsaminga i Stortinget av St.meld. nr. 37 (2000-2001) Om vasskrafta og kraftbalansen, jf. Innst. S. nr. 263 (2000-2001) og brev frå olje- og energiministeren til energi- og miljøkomiteen av 21. mai 2001. Det er lagt til grunn å kompensere Statkraft for dei økonomiske tapa som er påført føretaket som følgje av instruksjonane om å stanse utbyggingsprosjekta i Beiarn, Bjøllåga og Melfjord. Kompensasjonen skal reknast ut på grunnlag av forventa noverdi av prosjekta, kostnader knytt til utsetjing av Beiarnprosjektet og skrinlegging av alle tre prosjekta. I tillegg kjem det rentekostnader fram til tidspunkt for utbetaling av kompensasjon.

Det foreslås ein kompensasjon på 440,6 mill. kroner, med føresetnad om at staten utbetaler kompensasjon til Statkraft ved utgangen av inneverande år. Av dette utgjer 345,8 mill. kroner noverdien av prosjekta pr. 1. juli 2000. Utgifter Statkraft har hatt sidan 1. juli 2000 utgjer 52,6 mill. kroner og 42,2 mill. kroner er renter fram til utgangen av inneverande år.

Det er lagt til grunn at kompensasjon er ei skattepliktig inntekt for Statkraft.

Olje- og energidepartementet legg til grunn at Nordland fylkeskommune skal ha økonomisk kompensasjon for at fylkeskommunen ikkje får nytta sin rett til medeigarskap i prosjekta i Beiarn, Bjøllåga og Melfjord. Kompensasjonen til Nordland fylkeskommune blir rekna på grunnlag av 20 pst. av noverdien av prosjekta pr. 1. juli 2000 tilsvarande 69,2 mill. kroner, trekt frå 20 pst. av Statkraft SF sine utgifter før 1. juli 2000, rentejustert til 1. juli 2000 tilsvarande 12,2 mill. kroner. Til saman utgjer kompensasjonen til Nordland fylkeskommune 62,9 mill. kroner medrekna renter fram til utgangen av inneverande år.

Med føresetnad om at staten utbetaler 440,6 mill. kroner i kompensasjon til Statkraft ved utgangen av inneverande år, må staten difor utbetale 62,9 mill. kroner til Nordland fylkeskommune som kompensasjon for at fylket ikkje kan utøve sin rett til medeigarskap i prosjekta.

Olje- og energidepartementet peiker i proposisjonen på at Radøy kommune får behalde næringsfondet på 3 mill. kroner for Melfjordutbygginga.

Radøy kommune har fremja krav om økonomisk kompensasjon på grunn av at utbygginga i Melfjord blei stogga. Kommunen krev ein kompensasjon på 8-10 mill. kroner årleg i heile konsesjonsperioden.

Departementet kan ikkje sjå at det ligg føre noko grunnlag for kravet frå kommunen som kan føre fram. Olje- og energidepartementet tilrår difor ikkje nokon kompensasjon i tillegg til næringsfondet på 3 mill. kroner.

Departementet foreslår at Statkraft blir kompensert med 79,6 mill. kroner. Det er lagt til grunn at staten utbetaler kompensasjonen til Statkraft ved utgangen av inneverande år, og at kompensasjonen er ei skattepliktig inntekt for Statkraft.

På basis av oppdaterte estimat over utbetaling av fjerningstilskott i 2001 blir budsjettposten redusert med 231,9 mill. kroner, frå 240 til 8,1 mill. kroner.

Overslaget under kap. 2490, underpost 24.01 Driftsinntekter og underpost 24.02 Driftsutgifter blir begge redusert med 6 mill. kroner, frå 42 til 36 mill. kroner. Det medfører ingen nettoendring på post 24 Driftsresultat.

Det blir foreslått at løyvinga blir auka med 1 mill. kroner i forhold til gjeldande budsjett for 2001. Utgiftsauken vil bli motsvara av ei tilsvarande inntektsauke over kap. 5490 post 1.

Løyvinga over posten blir foreslått auka med 10,9 mill. kroner i forhold til gjeldande budsjett for 2001, jf. tilsvarande auke under kap. 1810 post 21.

Oljedirektoratet har så langt i år ikkje selt nokon datapakkar. Departementet foreslår at budsjettoverslaget blir redusert med 10 mill. kroner, til 0 kroner.

Løyvinga blir foreslått redusert med 1 mill. kroner, frå 2 til 1 mill. kroner.

Løyvinga blir foreslått redusert med 5,5 mill. kroner i forhold til gjeldande budsjett for 2001, jf. tilsvarande reduksjon under kap. 1820 post 21.

Løyvinga over posten blir foreslått auka med 2 mill. kroner i forhold til gjeldande budsjett for 2001, jf. tilsvarande auke under kap. 1820 post 22.

I løpet av 2000 var inntektene frå denne ordninga på om lag 100 mill. kroner. Ved utgangen av 2000 var nominelt underskott for utanlandshandelen 16,9 mill. kroner. Flaskehalsinntektene for første halvdel av 2001 var større enn saldoen, og Statnett SF har difor innfridd det akkumulerte underskottet i 2001. Flaskehalsinntektene skal no inngå som inntekter i sentralnettsordninga.

Løyvinga under posten blir foreslått auka med 1 mill. kroner i forhold til gjeldande budsjett for 2001, jf. tilsvarande auke under kap. 2490 post 45.

Pr. i dag reknar ein med renteinntekter for 2001 på 127 mill. kroner, det vil seie 7 mill. kroner høgare enn i Revidert budsjett for 2001. Det blir foreslått å auke løyvinga for 2001 med 7 mill. kroner, frå 120 til 127 mill. kroner.

Departementet viser til at dei reservane ein ventar å kunne utvinne på Kristin-feltet er 34,6 mill. Sm3 kondensat, 34,9 mrd. Sm3 gass og 8,5 mill. tonn NGL.

Kristin-feltet er planlagt utbygd med eit produksjonsanlegg under vatn med brønnstraumoverføring til ei halvt nedsenkbar flytande produksjonsplattform, ei såkalla semi-plattform. Produksjonsplattforma vil vere bemanna og inkludere prosessanlegg og bustadkvarter. I prosessanlegget vil rikgassen bli separert til gass og kondensat. Gassen vil bli transportert i eigen ny røyrledning inn til eit tilkoplingspunkt på røyrledningen som går frå Åsgård-feltet til Kårstø. På Kårstø vil ty­ngre komponentar bli skilte ut frå gassen og selde som våtgass (NGL). Tørrgassen vil bli transportert til kontinentet. Kondensat som blir prosessert på Kristin-feltet vil bli overført i ein ny kondensatrøyrledning til eit lagerskip knytt til eksisterande Åsgård C lastebøye for lagring og utskiping med skytteltankarar. Det vil bli vurdert nærare om Åsgård C eller eit nytt lagerskip skal nyttast. Driftsorganisasjonen for feltet vil vere i Stjørdal. Forsyningsbasen vil vere i Kristiansund.

Utbygginga er planlagt ferdigstilt slik at gassleveransar frå feltet kan starte frå 1. oktober 2005.

Dei totale investeringane for Kristin-prosjektet er av operatøren vurderte til 15 990 mill. kroner. Operatøren sine utrekningar viser at Kristin-utbygginga vil gi ein noverdi før skatt på 8 950 mill. kroner ved 7 pst. kalkulasjonsrente. Ved ei avkastning på 8 pst. etter skatt er noverdien av prosjektet utrekna til 1 530 mill. kroner, og prosjektet sin balansepris for olje er utrekna til 13,1 USD/fat. Tilhøyrande balansepris for gass er utrekna til 49 øre/Sm3.

Utbygginga av Kristin-feltet føreset at det blir gjennomført modifikasjonar på mottaksanlegget på Kårstø. Det vil bli gjort eigne konsekvensutgreiingar for desse arbeida.

Departementet viser til at Kristin-prosjektet har vore konsekvensutgreidd. Det er i proposisjonen gitt ein gjennomgang av merknadene frå høyringsinstansane til konsekvensutgreiinga, og departementet sine kommentarar til desse. Det har i høyringsutsegnene ikkje komme fram tilhøve som tilseier at utbyggingsplanane ikkje bør godkjennast.

Olje- og energidepartementet foreslår at Kristin-feltet blir bygd ut i samsvar med dei planar for utbygging og drift som rettshavarene har framlagt med dei merknader og på dei vilkåra som kjem fram i proposisjonen.

Departementet peiker i proposisjonen ut Statoil ASA som operatør for gassrøyrleidningen frå Kristin-feltet til Åsgård Transport i utbyggingsfasen. Departementet vil i rimeleg tid før driftsstart peike ut operatør for gassrøyrleidningen i driftsfasen. Statoil ASA skal vere operatør for kondensatrøyrleidningen til eksisterande Åsgård C lastebøye.

Kostnader knytt til utbygging av Kristin-feltet og tilhøyrande røyrleidningar skal dekkast av eigarane, og SDØE sin eigardel etter samordning er 18,9 pst. Prosjektet vil i 2001 medføre om lag 34 mill. kroner i investeringar, om lag 2 mill. kroner i driftskostnader og om lag 1 mill. kroner i kalkulatoriske renter for SDØE. Dette inngår i gjeldande budsjett under kap. 2440 post 30 Investeringer og kap. 5440 post 24 Driftsresultat og post 80 Renter.