Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Samandrag

I proposisjonen vert det lagt fram forslag om endringar i løyvingane under diverse kapittel i statsbudsjettet for 2001.

Det blir foreslått at departementet får kompensert for dei meirutgiftene som følgjer av lønsauken til dommarane i Høgsterett ved ei auke i løyvinga på kap. 61, post 1 med kr 292 000.

Husleigeutgifter for Rogaland og Trondheim statsadvokatembeter har tidlegare blitt dekka over kap. 410 Herads- og byrettane. Desse embeta betaler no eiga husleige, og det blir derfor foreslått å redusere løyvinga på kap. 410, post 1 med 1,15 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av løyvinga på kap. 445, Den høgare påtalemakta, post 1. På bakgrunn av rekneskapstal blir det vidare foreslått å auke løyvinga under kap. 410, post 21 med 5,2 mill. kroner.

På bakgrunn av rekneskapstal blir det òg foreslått å auke løyvinga under kap. 3410, Rettsgebyr, post 1 med 110 mill. kroner, og post 4 med 20 mill. kroner.

På bakgrunn av rekneskapstal blir det vidare foreslått å auke løyvinga under kap. 414, Domsutgifter, post 1 med 5 mill. kroner.

Det ser ut til å bli meirinntekter på kap. 3430 Kriminalomsorg, post 2 Inntekter frå arbeidsdrifta pga. auka aktivitet samanlikna med budsjettgrunnlaget i år. Overslag over inntektene er usikre og ein foreslår difor at Justisdepartementet i 2001 får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430, post 21 Spesielle driftsutgifter mot tilsvarande meirinntekt under kap. 3430, post 2 Inntekter frå arbeidsdrifta.

Som ein delvis inndekning for meirutgiftene under kap. 455, Redningstenesta, post 21 og kap. 460, Dei særskilde etterforskingsorgana, post 1 blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 432, Kriminalomsorgens utdanningssenter post 1 med 0,3 mill. kroner og løyvinga under kap. 451 Sivilt beredskap, post 45 med 4 mill. kroner.

Då Stortinget handsama Revidert nasjonalbudsjett for 2001 vart Politi- og lensmannsetaten tildelt 17,5 mill. kroner under kap. 440, Politi- og lensmannsetaten, post 1 til å opprette stillingar for nyutdanna politihøgskulestudentar. Oslo politidistrikt fekk 30 av desse. Ein foreslår difor å overføre 5,8 mill. kroner frå kap. 440, post 1 til kap. 441 Oslo politidistrikt, post 1.

Landsdelsordninga i politi- og lensmannsetaten vart avvikla 1. august 2001. Stillingar og ressursar er overførte frå Landsdelsstaben for Østlandet til Politidirektoratet eller særorgana. Ein foreslår etter dette å overføre 3,333 mill. kroner frå kap. 441, post 1 til kap. 440, post 1.

Det er eit lågt forbruk på kap. 440, post 22 Søk etter omkomne. På dette grunnlaget foreslår departementet å redusere kap. 440, post 22 med 15 mill. kroner.

Talet på nye pass til vaksne har gått monaleg ned i 2001 samanlikna med tidlegare år, og kap. 3440, Politi- og lensmannsetaten, post 1 Gebyr vert derfor redusert med 13 mill. kroner.

I samband med kronprins Håkon Magnus sitt bryllaup gjekk det med ekstraordinære utgifter ved Oslo politidistrikt. Det blir foreslått å auke kap. 441, post 1 med 9,0 mill. kroner for å dekke desse.

Sett i lys av terrorhandlingane i USA 11. september 2001 er tryggingsopplegget rundt Nobels Fredspris sitt 100 års jubileum svært omfattande. Ein foreslår derfor å auke løyvingane under kap. 441 (retta frå kap. 440 i proposisjonen), post 1 med 8 mill. kroner.

I Revidert nasjonalbudsjett 2001 vart post 21 under kap. 441 avvikla og løyvinga på 16,606 mill. kroner overført til kap. 440. I samband med momsreforma løyvde Stortinget ein kompensasjon for meirutgifter under kap. 441, post 21 på kr 944 000. Departementet legg fram forslag om å overføre dette beløpet til kap. 440, post 21.

På grunnlag av rekneskapstall og forventa utvikling ut året blir det foreslått å auke løyvinga på kap. 455 Redningstenesta, post 21 med 3,6 mill. kroner for 2001.

Utgiftene til SEFO er vanskelege å rekne ut, og kan variere sterkt. På bakgrunn av rekneskapstal blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 460, Dei særskilde etterforskingsorgana, post 1 med 2,7 mill. kroner.

Utgiftene på kap. 466 Advokatutgifter m.m., post 1 er regelbundne og blir påverka av saksmengda. Det er venta ei meirutgift på 148 mill. kroner under posten i 2001. Dei høge utgiftene ser særleg ut til å kome av at det sidan 1998 har vore ein auke i saksavviklinga og at stadig fleire av sakene er store og ressurskrevjande. Justisdepartementet har sett i gong eit arbeid for å sjå nærare på årsaka til det høge forbruket. Det blir på bakgrunn av rekneskapstal foreslått å auke løyvinga under kap. 466, post 1 med 148 mill. kroner.

Det blir foreslått å auke løyvinga på kap. 467 Norsk Lovtidend, post 1 med 1,7 mill. kroner. Meirutgiftene kjem av eit etterskot av utgifter til trykking og utsendingar frå 2000.

Det er venta ei monaleg meirutgift på kap. 470 Fri rettshjelp, post 70 Fri sakførsel i 2001. Dette kjem for ein stor del av ein auke i talet på ikkje-behovsprøva saker for fylkesnemndene sidan 2000, og at fleire av sakene er blitt meir omfattande og kostnadskrevjande. På bakgrunn av rekneskapstal blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 470, post 70 med 50 mill. kroner. Det er òg venta ei meirutgift på post 71 Fritt rettsråd i 2001. Dette kjem av ein auke i talet på saker. På bakgrunn av rekneskapstal blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 470, post 71 med 18 mill. kroner.

På bakgrunn av rekneskapstal blir det foreslått å auke løyvinga på kap. 471, Statens erstatningsansvar, post 70 Erstatning til valdsoffer med 6 mill. kroner, og å redusere løyvinga på post 71 Erstatningsansvar m.m. med 6 mill. kroner.

Utgiftene på kap. 475 Bubehandling, post 1 rettar seg etter talet på tvangsoppløysingar og den generelle aktiviteten i næringslivet. Det høge forbruket ser ut til å kome av endringane i aksjelova og konkurslova, og ein auke i talet på tvangsoppløysingar. Det er usikkert om meirverdiavgiftsreforma vil føre til ytterlegare auke av bukostnadene. På bakgrunn av rekneskapstal blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 475, post 1 med 19 mill. kroner.