Innstilling fra finanskomiteen om fullmakt til å ta opp innenlandske og utenlandske statslån
Dette dokument
- Innst. S. nr. 48 (2001-2002)
- Kildedok: St.prp. nr. 28 (2001-2002)
- Dato: 06.12.2001
- Utgiver: Finanskomiteen
- Sidetall: 3
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
Det oljekorrigerte underskotet på statsbudsjettet blir finansiert ved overføring frå Statens petroleumsfond. Avdrag på statens gjeld samt netto utlån til statsbankane m.v. blir dekka ved nye låneopptak og ved trekk på statens kontantbehaldning (statens konti i Noregs Bank).
Tabell 1. Statens lånebehov i 20011 og 2002. Mill. kroner
Overslag over rekneskapen 2001 | Statsbudsjettet 2002 | |
A Statsbudsjettets oljekorrigerte overskot | - 4 041 | - 36 900 |
B Overført frå Statens petroleumsfond | 4 041 | 36 900 |
C Overskot før lånetransaksjonar (A+B) | 0 | 0 |
D Utlån til statsbankane, andre utlån, aksjeteikning mv., Netto | 17 335 | 11 637 |
E Statens netto lånebehov (D-C) | 17 335 | 11 637 |
F Gjeldsavdrag innanlands2 | 41 920 | 45 857 |
G Gjeldsavdrag utanlands3 | 967 | 1 561 |
H Samla finansieringsbehov som skal dekkjast med trekk på kontantbehaldninga og ved låneopptak (E+F+G) | 60 222 | 59 055 |
Memo: | ||
Overskot på statsbudsjettet før overføring til Statens | ||
petroleumsfond | 237 894 | 149 870 |
1 Jf. St.prp. nr. 1. Tillegg nr. 4 (2001-2002).
2 Dette gjeld avdrag på langsiktige statslån, medan avdragsbetalingar på kortsiktige lån ikkje er medrekna.
3 Alle utanlandslån er langsiktige.
Forslaget til statsbudsjett for 2002, jf. St.prp. nr. 1. Tillegg nr. 4 (2001-2002) syner at staten har eit brutto finansieringsbehov på 59,1 mrd. kroner i 2002, jf. tabell 1. Av dette utgjer netto utlån til statsbankane, kjøp/sal av aksjar og utlån til andre m.v. 11,6 mrd. kroner, medan avdrag på langsiktig gjeld er berekna til 47,5 mrd. kroner. Ein legg opp til at statens finansieringsbehov i hovudsak blir dekka ved låneopptak innanlands. Spørsmålet om å dekke deler av statens finansieringsbehov ved trekk på Petroleumsfondet vart drøfta i Revidert nasjonalbudsjett 1997, og ein av konklusjonane var at statens lånebehov ikkje nødvendigvis blir redusert om heile eller deler av nettofinansieringsbehovet blir dekka ved trekk på Petroleumsfondet. Tilrådinga var difor at statens finansieringsbehov bør dekkjast med låneopptak. Eit fleirtal i finanskomiteen tok konklusjonen til etterretning. Denne konklusjonen har lege til grunn for vedtaket om finansiering av staten dei siste åra.
Når ein vurderer opplegget for finansieringa av staten, tar ein normalt det utgangspunktet at statens transaksjonar samla sett skal virke nøytralt på likviditeten i pengemarknaden. Staten trekkjer isolert sett inn likviditet frå pengemarknaden svarande til overskotet på statsbudsjettet inkludert overføringane til Petroleumsfondet. Likviditeten blir tilført marknaden igjen gjennom kjøp av valuta (og sal av kroner) til Petroleumsfondet. Nokre postar på statsbudsjettet, som t.d. overføringar frå Noregs Bank og renter på statens utanlandslån, påverkar ikkje likviditeten i pengemarknaden direkte. Desse transaksjonane påverkar likevel balansen på statsbudsjettet og dermed avsetninga i Statens petroleumsfond. For 2002 er slike postar berekna å utgjere om lag 13 mrd. kroner. For å få eit likviditetsnøytralt opplegg, må ein låne eit tilsvarande beløp ekstra i 2002. Korrigert for slike postar skal staten i 2002 eventuelt låne om lag 72 mrd. kroner.
Erfaringa frå tidlegare år tilseier rommelege lånefullmakter, slik at ein kan tilpasse statens låneprogram til skiftande forhold gjennom året. På denne bakgrunnen ber ein om, på linje med opplegget for inneverande og tidlegare år, fullmakt til å ta opp langsiktige innanlandske lån som er større enn finansieringsbehovet i 2002.
Tabell 2 gjev ei samla oversikt over lånefullmaktene i 2000 og 2001 saman med forslag til fullmakter for 2002. Fullmakta for opptak av nye langsiktige innanlandske og utanlandske statslån blir foreslått sett til 80 000 mill. kroner og 20 000 mill. kroner, høvesvis. Fullmakta for uteståande lån i form av kortsiktige marknadspapir, medrekna kortsiktige kontolånsplasseringar frå Folketrygdfondet, blir foreslått redusert frå 100 000 mill. kroner til 80 000 mill. kroner. Fullmakta for samla uteståande i andre kortsiktige lån blir foreslått halden uendra på 100 000 mill. kroner.
Tabell 2. Fullmakter til opptak av statslån i 2000 og 2001. Forslag til fullmakter for 2002. Mill. kroner
Fullmakt for 2000 | Utnytta 31. desember 2000 | Gjeldande fullmakt for 2001 | Utnytta 30. september 2001 | Forslag til fullmakt for 2002 | |
Langsiktige innanlandske lån4, nye lån | 40 000 | 33 200 | 90 000 | 28 400 | 80 000 |
Lån i utlandet, nye lån | 20 000 | 0 | 20 000 | 0 | 20 000 |
Kortsiktige lån, samla | |||||
uteståande: | |||||
- kortsiktige marknadspapir5 | 100 000 | 33 500 | 100 000 | 39 300 | 80 000 |
- andre kortsiktige lån | 90 000 | 37 042 | 100 000 | 49 061 | 100 000 |
4 Medrekna langsiktige kontolån frå Folketrygdfondet.
5 Medrekna kortsiktige kontolån frå Folketrygdforndet.
Det er i kap. 3 i proposisjonen gjort greie for statsgjelda og statens kontantbehandling, i kap. 4 for innanlandske lån og i kap. 5 er det gjort greie for utanlandske lån mellom Noregs Bank og sentralbankane i andre land. I kap. 6 i proposisjonen er det gjort greie for kredittavtalar.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Ranveig Frøiland, Svein Roald Hansen, Tore Nordtun, Torstein Rudihagen og Hill-Marta Solberg, fra Høyre, Svein Flåtten, Torbjørn Hansen, Heidi Larssen og Jan Tore Sanner, fra Fremskrittspartiet, Gjermund Hagesæter, lederen Siv Jensen og Per Erik Monsen, fra Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, Audun Bjørlo Lysbakken og Heidi Grande Røys, fra Kristelig Folkeparti, Ingebrigt S. Sørfonn og Bjørg Tørresdal, fra Senterpartiet, Morten Lund, fra Venstre, May Britt Vihovde og fra Kystpartiet, Karl-Anton Swensen, slutter seg til forslagene I-IV i proposisjonen om fullmakter til å ta opp innenlandske og utenlandske statslån i 2002.
Komiteen viser til proposisjonen og til det som står foran, og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
I
Finansdepartementet får fullmakt til å ta opp nye langsiktige innanlandske statslån til eit beløp av 80 000 mill. kroner i 2002.
II
Finansdepartementet si fullmakt til å ha uteståande kortsiktige marknadslån blir sett til 80 000 mill. kroner.
III
Finansdepartementet si fullmakt til å ha uteståande andre kortsiktige lån blir auka til 100 000 mill. kroner.
IV
Finansdepartementet får fullmakt til å ta opp nye lån i utlandet i 2002 til eit beløp motsvarande 20 000 mill. kroner utrekna på grunnlag av valutakursane per 31. oktober 2001.
Oslo, i finanskomiteen, den 6. desember 2001
Siv Jensen leder |
Svein Flåtten ordfører |
Ingebrigt S. Sørfonn sekretær |