Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå næringskomiteen om dei fiskeriavtalene Noreg har inngått med andre land for 2001 og fisket etter avtalene i 1999 og 2000

Innhold

Til Stortinget

Fiskeridepartementet legg med dette fram ei melding til Stortinget om dei fiskeriavtalene Noreg har inngått med andre land. I meldinga vert det gitt ei omtale av kvoteavtalene for 2001 og norsk deltaking i fleirsidig fiskerisamarbeid og i regionale forvaltningsorganisasjonar. Det vert gjort greie for dei kontrolltiltaka som er sette i verk i Noreg si økonomiske sone for å kontrollere norsk og utanlandsk fiske på tildelte kvotar. Meldinga gir også ei oversikt over kontrollsamarbeidet med andre land og tiltak mot uregulert fiske, utnyttinga av kvotar av norske og utanlandske fiskarar i 1999 og 2000, og kva slags fartøygrupper som fiskar på dei kvotane Noreg har i andre land sine soner.

Ei hovudutfordring i fiskeriforhandlingane med Russland om ein kvoteavtale for 2001 var å finne fram til løysing på spørsmålet om torskeforvaltninga i Barentshavet. Torskebestanden er utanfor føre-var grensene for fiskedødelegheit og gytebestand. Noreg og Russland har fastsett ein torskekvote på 395 000 tonn pluss 40 000 tonn norsk kysttorsk for kvart av årene 2001, 2002 og 2003. Partane ventar at den tre­årige torskekvoten vil redusere fiskepresset og medverke til å byggje opp gytebestanden i perioden.

Noreg og Russland har vedtatt at forskingsfangsten etter kongekrabbe skal førast vidare i 2001 med ei totalkvote på 200 000 krabbar delt likt mellom partane. Partane er samde om å opne for kommersiell fangst etter kongekrabbe frå sesongen 2002/2003. Eit hovudfokus for samarbeidet mellom Noreg og Russland om forvaltning og kontroll i Barentshavet i 2001 vil vere å betra rutinane for utveksling av informasjon om landingar av torsk og hyse, inklusive landingar i tredjeland.

Kvoteavtalen med EU for 2001 speglar den vanskelege bestandssituasjonen for botnfisk i Nordsjøen, som har ført til ein reduksjon i totalkvotane og eit redusert kvotebytte mellom Noreg og EU. Situasjonen for torsken i Nordsjøen er særleg kritisk. Noreg og EU er difor samde om ein vesentleg reduksjon av torskekvoten i 2001, og arbeider i tillegg med ein omfattande plan med ytterlegare tiltak for å byggje opp att torskebestanden i Nordsjøen. Ei avtale om forvaltning og fordeling av nordsjøsild vart sett i verk frå 1. januar 1998. Denne løyste eitt av dei tyngste problemkompleksa i fiskerisamarbeidet med EU. Innan 31. desember 2001 skal partane ha ein gjennomgang av sildearrangementet.

I 1999 vart Noreg, EU og Færøyane samde om ei trepartsavtale for forvaltning av makrell i Nordaust-Atlanteren. Med denne avtalen aksepterte Noreg og EU at Færøyane er kyststat til makrellen. Fordelinga av makrell mellom Noreg og EU er eit spørsmål som partane forhandlar om og følgjer opp i dei årlege tosidige forhandlingane. North East Atlantic Fisheries Commission (NEAFC) har for 2001 for første gong vedteke ei regulering av makrellfisket i internasjonalt farvatn, med ein kvote på 65 000 tonn makrell for dette området. Reguleringa vart godteke av Russland medan Island har framsett ein formell reservasjon. Med dette er makrellen no regulert i heile sitt utbreiingsområde.

Noreg har for 2001 inngått kvoteavtalar med EU om fisket i Skagerrak/Kattegat og om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen. Noreg har vidare inngått bilaterale kvoteavtaler for 2001 med Færøyane, Grønland og Polen. Det er for 2001 utveksla kvotar i tråd med trepartsavtala mellom Noreg, Grønland og Island om forvaltning av lodde, og med Island i tråd med "Smottholavtala" og den tosidige avtala som er knytt til.

EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland har sett ein totalkvote for norsk vårgytande sild i 2001 på 851 500 tonn.

NEAFC har fastsett ein totalkvote for kolmule på 650 000 tonn i 2001. Kvoten er ikkje fordelt mellom medlemslanda i NEAFC. Partane er no samde om at ein må få etablert både eit kyststatsregime og ei regulering av kolmule i internasjonalt farvatn.

Noreg har også i 2001 vore representert i ulike møte i regionale forvaltningsorganisasjonar. Noreg er no medlem i SEAFO (South East Atlantic Fisheries Organsation), ein regional fiskeriorganisasjon som vart formelt oppretta 20. april 2001.

Noreg har no fått på plass kontrollavtaler og avtaler om gjensidig satellittsporing med dei viktigaste samarbeidspartane på fiskerisektoren, mellom anna med Russland og EU. Fiskeridepartementet vedtok 1. juni 2000 satellittovervaking av alle norske fiske- og fangstfartøy over 24 m. Slike fartøy vil vere underlagt sporing i områder både under norsk og utanlandsk fiskerijurisdiksjon. Vidare vil alle norske fartøy, uansett storleik, sporast ved fiske i internasjonalt farvatn. Utanlandske fiskefartøy vert underlagt krav om satellittsporing i Noreg si økonomiske sone. Norske myndigheiter har dei seinare åra innført tiltak for å gripe ulovleg og uregulert fiske. Eit sentralt tiltak har vore den såkalla "svartelistinga" av fartøy som har drive uønska aktivitet i områder utanfor norsk jurisdiksjon.

Dei norske fartøya har nytta kvotane på fellesbestandane torsk og hyse nord om 620N fullt ut i 1999 og 2000. I tillegg til Noreg sine ordinære kvotar på torsk og hyse nord om 620N, har norske reiarlag kjøpt kvotar på desse artane frå Russland både i 1999 og 2000.

I Nordsjøen vart kvotane på fellesbestandane makrell, sild og sei oppfiska i 1999 og 2000.

I 1999 utnytta ikkje norske fartøy kolmulekvotane i EU-sona fullt ut, medan dei i Færøy-sona fiska heile kvoten. I 2000 vart kvotene i begge soner nytta fullt ut.

Norske linefartøy utnytta om lag 68 pst. av botnfiskkvotane av blålange, lange og brosme i EU sine farvatn i 1999 og 77 pst. i 2000. I færøyske farvatn har norske fartøy fiska heile botnfiskkvoten i 1999 og i 2000.

Noreg har kvotar ved Grønland etter dei årlege kvoteavtalene med Grønland og EU. For norske fiskarar er kvotane på blåkveite, kveite, uer og reker av stor verdi. Desse kvotane blir godt utnytta.

Når det gjeld utanlandsk utnytting av kvotar er det eit generelt trekk at kvotane av torsk, hyse og sei nord om 62oN er godt utnytta av dei landa som har kvoterettar i området. I følgje offisiell fangststatistikk har EU i dei seinare åra hatt relativt låg utnytting av kvotane sine av torsk, hyse og sei i Nordsjøen. Utnyttinga av kvotane i Skagerrak var derimot gjennomgåande høg for EU.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, lederen Olav Akselsen, Bendiks H. Arnesen, Grethe Fossli og Aud Gaundal, fra Høyre, Silja Ekeland, Ivar Kristiansen og Michael Momyr, fra Fremskrittspartiet, Øystein Hedstrøm og Lodve Solholm, fra Sosialistisk Venstreparti, Åsa Elvik og Inge Ryan, fra Kristelig Folkeparti, Rigmor Andersen Eide og Olaf Gjedrem, fra Senterpartiet, Marit Arnstad, registrerer at departementet på en grundig måte presenterer en gjennomgang av kvoteavtalene for 2001 og norsk deltaking i det internasjonale fiskerisamarbeide. Komiteen understreker betydningen av at Norge i ethvert fiskeripolitisk samarbeide om kvotefordeling og forvaltning av felles bestander lar hensynet til en bærekraftig forvaltning veie tyngst. Komiteen registrerer med bekymring at de avtaler som er inngått mellom Norge og Russland de senere år ikke i tilstrekkelig grad har ivaretatt hensynet til en bærekraftig forvaltning av torskestammen. Komiteen registrerer at de oppnådde forhandlingsresultat er lagt på et nivå over de anbefalinger som er gitt fra forskerhold og understreker at hovedprinsippet for de fremtidige forhandlinger skal prioritere gjenoppbygging av bestander. Situasjonen for torsken i Nordsjøen viser også etter komiteens oppfatning at forvaltningen på flere områder ikke har vært særlig vellykket. Fra komiteens side er det derfor en forutsetning at Norge i det videre arbeide med forhandling og kvotedeling sørger for at internasjonale og nasjonale råd for kvotetak i større grad følges opp, samtidig som Norge aktivt arbeider videre for et gjensidig samarbeide med hensyn til ressurskontroll og forskningsutveksling.

Komiteen viser i denne sammenheng til at Norge i internasjonale forvaltningsspørsmål må ta de nødvendige initiativ (som må til,) for å nå de mål vi setter. Dette gjelder også de nasjonale behov for oppfølging av situasjonen rundt kvotejuks og illegalt kjøp og salg av fisk. I dette arbeidet er det etter komiteens oppfatning viktig at det etableres et internasjonalt regelverk som kan ivareta nødvendige hensyn hva angår forvaltningsspørsmål, kontroll og rapportering. Komiteen er tilfreds med at Norge og Russland har undertegnet et memorandum om kontrollsamarbeide.

Komiteen understreker viktigheten av at det fiskeripolitiske samarbeide med EU fremover kan bidra til at fiskeriforvaltningen i større grad ivaretar hensynet til truede arter og et større fokus på bærekraftighet i forvaltningen. Det er etter komiteens oppfatning nødvendig at Regjeringen igjen tar opp de manglende fremskritt hva angår beslutningsmønster og de praktiserende bifangstregler. Dagens EU-praktisering er etter komiteens oppfatning lite i samsvar med prinsippet om bærekraftighet. Dette gjelder ikke minst etter komiteens oppfatning sildeforvaltningen, hvor det ifølge ICES bl.a. fiskes store mengder ungsild i Nordsjøen.

Komiteen tar til etterretning at Norge i 2001 satte en fangstkvote på 549 vågehval. Komiteen har registrert av vågehvalbestanden nå er på et så pass høyt nivå at arten langt fra kan karakteriseres som utryddingstruet, og at det i fangstkvoter kan tas hensyn til dette.

Det er etter komiteens oppfatning viktig og nødvendig at tiltak, overvåkning og kontroll med det såkalte uregulerte fisket intensiveres. Arbeidet med "svartelisting" av fartøy som har drevet uønsket aktivitet i internasjonale farvann, må videreføres. Det understrekes fra komiteens side at slike fartøy ikke under noen omstendighet kan oppnå lisens for fiske i norsk økonomisk sone, samtidig som slike fartøy for alltid nektes å føre norsk flagg.

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti sluttar seg til fleirtalsmerknadene, men ønskjer i tillegg å fokusere på ein del forhold som St.meld. nr. 50 (2000-2001) ikkje tar opp.

Desse medlemene saknar ei evaluering av om dei fiskeriavtalene Noreg har inngått med andre land faktisk har bidratt til at måla for norsk fiskeripolitikk blir nådd. Vanleg forvaltningspraksis skulle tilseie at ein undersøkte om dei virkemidla ein vel bidrar til å nå dei måla ein har sett seg. Men den omtalte meldinga gjer altså ikkje det. Desse medlemene helsar derfor Riksrevisjonen si gransking av den norske fiskeriforvaltninga velkommen.

Desse medlemene ønskjer å uttrykkje uro over ressurssituasjonen i Barentshavet. Forskingstokta sommaren og hausten 2001 synte at der er lite torskeyngel å snakke om.

Desse medlemene viser til Noreg og Russland hausten 2000 inngjekk ein treårig avtale for norsk arktisk torsk. Desse medlemene har forståing for at fiskarane, som andre yrkesutøvarar, har behov for langsiktige rammevilkår. Likevel etterlyser desse medlemene ei fagleg drøfting av kva konsekvensar ein slik langsiktig får for ressurssituasjonen. Under forhandlingane i den norsk-russiske fiskerikommmisjon 2001 var nettopp den langsiktige avtalen det viktigaste argumentet for at ein valde å setje kvota for 2002 over dobbelt så høg som forskarane sine anbefalingar. Desse medlemene meiner dette er forhold som meldinga burde diskutere.

Desse medlemene saknar offentlegheit rundt og lokal medstyring over den norske fiskeriforvaltninga.

Komiteen har elles ingen merknader, viser til meldinga og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

St.meld. nr. 50 (2000-2001) - om dei fiskeriavtalene Noreg har inngått med andre land for 2001 og fisket etter avtalene i 1999 og 2000 - vedlegges protokollen.

Oslo, i næringskomiteen, den 29. november 2001

Olav Akselsen

leiar

Ivar Kristiansen

ordførar og sekretær