Tilråding frå komiteen
Komiteen har elles ingen merknader og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
I
Stortinget ber Regjeringa vise stor fleksibilitet ved godkjenning av forsøk etter opplæringslova § 1-4. Det må ikkje stillast som krav at alle forsøk skal ha endring i regelverket som formål for å kunne bli godkjende.
II
Dokument nr. 8:109 (2000-2001) - forslag fra stortingsrepresentantene Rolf Reikvam og Kristin Halvorsen om handlingsplan for økt satsing på grunnskolen over en 4-års periode - vert lagt ved møteboka.