9. Tilråding frå komiteen
Komiteen har elles ingen merknader, syner til meldinga og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
I
Stortinget ber Regjeringa om å bidra til utdanning av fleire positivitetsagentar. Drifta av Positivitetsagentsekretariatet på Vega bør forankrast hos dei berørte kommunane og fylkeskommunane.
II
Stortinget ber Regjeringa i budsjettet for 2002 gjere greie for korleis kommunane kan stimulerast til å ta i bruk web-basert undervisning, m.a. elektroniske klasserom.
III
St.meld. nr. 34 (2000-2001) - Om distrikts- og regionalpolitikken - vert å leggja ved protokollen.