5. Frå enkeltbedrifter til utviklingsmiljø FOR BEDRIFTER
- 5.1 Konkurransedyktige, framtidsretta og nyskapande bedrifter
- 5.2 Verdikjedene i landbruks- og fiskerinæringen må utnytte regionale fortrinn
Den næringsrettede ekstrainnsatsen i distrikts- og regionalpolitikken er forankret både i nasjonale næringspolitiske og distrikts- og regionalpolitiske mål og skal understøtte nasjonale strategier og innsatsområder på en effektiv måte. Den overordnede målsettingen om å opprettholde hovedtrekkene i bosettingsmønsteret fordrer et lønnsomt og konkurransedyktig næringsliv i alle deler av landet. Kompetanse og innovasjonsevne er de viktigste framtidige konkurransefaktorene for utviklingen av et slikt næringsliv.
Samtidig med at det blir satset på kompetanseheving i det etablerte distriktsnæringslivet, må det satses mer bevisst på å fremme nyetableringer.
Forutsetningene for at det regionale næringslivet skal utvikles, er sterkere regionale kompetanse- og innovasjonsmiljøer, gjerne lokalisert sammen med universiteter og høgskoler. Det er viktig å bygge opp og videreutvikle slike miljøer og stimulere til samarbeid mellom disse og regionalt næringsliv, andre kompetansemiljø og nasjonale og internasjonale nettverk. Hensynet til både bosettingen og samfunnsøkonomien gjør at det fortsatt er nødvendig med en ekstraordinær innsats for å fremme næringsutvikling i distriktene.
Den næringsrettede ekstrainnsatsen i distriktspolitikken blir rettet inn mot tre hovedområder:
– Økt oppmerksomhet på kompetanse og innovasjon i det eksisterende næringslivet. Strategier og rammer for bruk av virkemidlene må ta mer hensyn til kompetanseutvikling og nyskapning.
– Det blir viktig å stimulere til økt etablering av konkurransedyktige, framtidsrettede og nyskapende virksomheter. I dette vil det ligge en særlig utfordring i å stimulere til etableringer innenfor næringer med høy verdiskapningsevne. Arbeidet for å få entreprenørskap inn i utdanningssystemet på alle nivåer skal forsterkes.
– Det er viktig å styrke samarbeidet mellom bedrifter og mellom bedrifter og kunnskapsinstitusjoner ved at en utvikler gode regionale verdiskapingsmiljøer. Større deler av dagens virkemiddelbruk vris fra støtte til enkeltbedrifter til i større grad å styrke bedrifters utviklingsmiljøer. Virkemidlene må rettes inn mot de områdene som har forutsetninger for å lykkes. Virkemiddelapparatet må bli mer oppsøkende og utviklingsorientert.
Komiteen meiner meldinga peikar på viktige område for å auke den nasjonale verdiskapinga. Det vil vere avgjerande korleis dei næringspolitiske verkemidlane i brei forstand vert retta inn mot dette arbeidet. Erfaringar frå andre land viser at betydeleg tilrettelegging frå det offentlige, gjennom satsing på fysisk infrastruktur, forsking og utvikling, samt kapitaltilgang brukt på ein rett måte har skapt store industrielle ringverknader.
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Høgre, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, vil leggje vekt på at dei lokale og regionale vilkåra for næringsutvikling er svært forskjellige i ulike deler av landet. Det betyr at mål, strategiar og tiltak for å skape utvikling også må være forskjellige og tilpassa dei aktuelle føresetnadene og utfordringane i den enkelte region. Den overordna politikken for regional utvikling må ta omsyn til disse forskjellane og tillate ein betydeleg fleksibilitet i prioriteringar, arbeidsformer og tiltak. Samstundes må det vere nokre overordna rammer for virkemiddelbruken som er felles for alle, og som sikrar at det ikkje oppstår uheldig konkurranse mellom regionar (nullsumspel) ved hjelp av offentlege virkemiddel, eller vert skapt uheldig konkurransevriding mellom bedrifter i ulike deler av landet.
Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, er samd med Regjeringa i at næringspolitikken framover må leggje vekt på eit regionalt samspel mellom ulike aktørar. Gjennom å samle regionale og nasjonale aktørar, og midlane og kompetansen desse rår over på same arena, greier ein å auke den regionale utviklingskrafta og grunnlaget for verdiskaping.
Effekten av å koordinere ulike verkemidlar og skape positive resultat gjennom forpliktande samarbeid er stor. Dette fleirtalet legg vekt på at det er i det vanskelege spenningsfeltet mellom lokalt, regionalt og nasjonalt nivå det er størst behov for vidareutvikling, og at ein difor må styrke samarbeidet mellom dei ulike nasjonale aktørane innanfor næringsutvikling. Det blir viktigare å finne samarbeidsløysingar enn å sjå på grenselinjer mellom aktørane, slik at merksemda rettast mot korleis organa fungerer i forhold til sine målgrupper og brukarar.
Dette fleirtalet er samd i at det i dei Regionale utviklingsprogramma (RUP) er etablert ein arena for koordinering av bruken av regionale midlar for næringsutvikling, basert på partnerskap mellom de viktigaste utviklingsaktørane på regionalt nivå. Gjennom vidareutvikling bør RUP kunne danne basis for ein meir heilskapleg, fleksibel og målretta utviklingspolitikk basert på regionspesifikke utfordringar, behov og prioriteringar.
RUP bør være eit program som fokuserer på effektiv samhandling for utvikling av regionane sine føresetnader for innovasjon og læring (lærande regionar). Alle sektorar og myndigheitsorgan som spelar ei rolle i utvikling og tilrettelegging av infrastrukturen for næringsutvikling på regionalt nivå, bør inngå som likeverdige partnerar i eit reelt partnerskap med ansvar for utforming og gjennomføring av RUP.
Aktiv deltaking frå næringslivet vil sikre at dei naturgitte vilkår for å utvikle arbeidsplassar vert lagt til grunn i det vidare arbeidet. I tillegg til fokus på styrking av næringslivet si utviklings- og innovasjonsevne, meiner dette fleirtalet at RUP bør gje meir generelle strategiske føringar for bruken av dei etterspurnadstyrde bedriftsretta verkemidlane som forvaltast regionalt. Desse bør vere slik at dei sikrar fokus mot sentrale utfordringar i bedriftene, som kompetanse, innovasjon og samarbeid, men likevel opne opp for finansiering av viktige prosjekt i høve målsetjingane for verdiskaping og busetnad som måtte falle utanfor hovudprioriteringane.
Medlemene i komiteen frå Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti meiner at alle fylke skal utarbeide Regionale utviklingsprogram, og Strategiske næringsplanar med eit 4-års perspektiv. Desse vert vedtekne av fylkeskommunen sine politiske organ, og vil danne grunnlag for forhandlingar med staten om utviklingsavtalar. Avtalane vil, under gitte vilkår, utgjere ramma for den statlege ressursallokeringa til næringsutvikling i fylket dei komande fire åra.
Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet viser til at disse partier ønsker å nedlegge fylkeskommunen. I tiden fram til fylkeskommunen avvikles er det ikke naturlig å gi fylkeskommunene et utvidet ansvar for den regionale næringspolitikken.
Disse medlemmer har ingen tro på at 4-årige regionale utviklingsprogram er et egnet virkemiddel i fremtidsrettet vekstpolitikk for distrikts-Norge. Mindre enn noen gang før lar næringspolitikk seg langsiktig planlegge. Tilgang på naturressurser og arealer, samt generelle gode rammevilkår vil derimot gi næringslivet muligheter til å skape vekst i distriktene.
Disse medlemmer forutsetter at SNDs distriktskontorer legger opp det regionale arbeidet utfra lokale forhold og i samråd med de berørte kommunene. I fylker med store avstander bør SNDs distriktskontorer samarbeide med aktuelle kommuner slik at tjenestene som tilbys på distriktskontoret i en viss utstrekning også kan tilbys lokalt.
Medlemene i komiteen frå Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet ber Regjeringa vurdere å innlemme fleire verkemidlar enn det som i dag eksplisitt inngår i grunnlaget for dei regionale utviklingsprogramma, til dømes midlar frå Norges forskningsråd og Norges Eksportråd.
Desse medlemene ser det som viktig at eit regionalt partnerskap samansett av dei viktigaste utviklingsaktørane må utarbeide årlege handlingsplanar for det næringsretta utviklingarbeidet. Også desse skal vedtakast på politisk nivå og gjerast retningsgjevande for alle deltakarane i partnarskapet. Planane føreset å vere innanfor ramma av nasjonale politiske føringar.
Desse medlemene meiner at slike planar må gjerast mindre detaljerte og meir fleksible enn i dag.
Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti mener planene bør bli klarere på flere områder, som for eksempel ansvar for gjennomføring, finansiering og fremdrift.
Komiteen viser til at mange av framtidas arbeidsplassar ikkje er skapt enno. Regionale utdannings- og forskingsmiljø i god dialog med lokalt næringsliv er motorar som trengst for å intensivere utvikling av nye næringar, og vidareutvikling av det eksisterande næringsliv.
Komiteen vil peike på at målet om forskingsmidlar på linje med andre OECD-land må innfriast i komande periode. Dei regionale høgskulane og forskingsinstitutta må styrkast, og konkurrere på lik linje med dei store nasjonale institutta ang. oppdrag.
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Framstegspartiet og Senterpartiet, viser til at forsking til ein viss grad vert prega av kva miljø arbeidet vert gjort i. Også difor er det rett å fordele noko av midlane til ulike delar av landet.
Komiteen ser det som viktig å styrke dei regionale kompetansemiljøa som eit ledd i oppbygging av regionale innovasjonsmiljø. Kunnskapsparkane knytta til dei regionale høgskulane er viktige instrument for den utviklinga meldinga legg opp til. Sentrumsregjeringa sette i verk ei satsing på næringshagar. Erfaringane frå dette arbeidet er at det har ført til betydeleg nyskaping og etablering av arbeidsplassar.
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeiderpartiet, Kristeleg Folkeparti og Senterpartietvil gje SIVA handlingsrom til å vere pådrivar i dette arbeidet, i tett dialog med forskings- og utdanningsinstitusjonar over heile landet.
Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, meiner det må leggjast til rette for at SIVA kan ta avgjerd i god dialog og samarbeid med bedrifter og politisk miljø i distrikta. Dei økonomiske rammene til SIVA må sikre tilstrekkeleg egenkapital og låneramme for alle aktivitetsområda.
Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet understreker at det bare er privat sektor som kan bidra til varig vekst. Offentlig sektor skal ikke være bærebjelken i Distrikts-Norge, men være tilrettelegger og tilbyder av visse tjenester.
Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Høyre og Fremskrittspartiet mener at distriktene må fremstå som attraktiv for investeringer og utvikling av nye ideer og virksomheter. Verdiene næringslivet skaper, er grunnlaget for distriktenes velstand. Den økonomiske politikken må derfor innrettes på å gi næringslivet økonomisk handlefrihet og forutsigbare rammebetingelser.
Disse medlemmer mener at næringslivet må få bruke mer tid på produktiv virksomhet og slippe å bruke tid og krefter på å tilpasse seg et uoversiktlig og komplisert offentlig regelverk. Det må ryddes opp i skjemaveldet og forskriftsjungelen. Antall regler og skjemaer som belaster småbedriftene, må reduseres. Dette vil ikke minst komme bedriftene i distriktene til gode.
Politikkens oppgave er ikke å peke ut markedets vinnere, men å legge til rette for verdiskaping ved å fjerne hindringer for vekst og nyskaping.
Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet mener at selektiv næringsstøtte til bedrifter og bransjer bør derfor nedtrappes til fordel for bedre rammebetingelser for all næringsvirksomhet.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til merknader om fiskeri under 5.2.2.
Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet vil vise til at Regjeringen Stoltenberg i sitt budsjettforslag for 2001 fremmet en rekke distriktsfiendtlige forslag. Dessverre vedtok Arbeiderpartiet og sentrumspartiene i budsjettforliket for 2001 forslag som rammer næringslivet i distriktene sterkt. Innstramningene i avskrivningsreglene er et eksempel. Et annet er økningen i el-avgiften som rammer næringslivet i Distrikts-Norge.
Medlemene i komiteen frå Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet vil særleg understreka at budsjettforliket innebar forbetringar for næringslivet og forbrukarane på meir enn 18 mrd. kroner.
Komiteen viser til merknader i Budsjett-innst. S. I (2000-2001).
Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti og Høyre vil påpeke at deler av Distrikts-Norge lider under mangelen på arbeidskraft. Arbeidskraftmangelen fører til at distrikter som sliter med å holde oppe folketallet ikke klarer å utvikle næringer og bedrifter som kan snu den negative utviklingen. Sjømatproduksjon er et eksempel på en næring med stort vekstpotensial i distriktene som ikke får utnyttet sitt potensial på grunn av mangelen på arbeidskraft. Også reiselivet lider under mangelen på arbeidskraft og dette bidrar til å undergrave den årelange satsingen på reiseliv som en viktig vekstnæring i distriktene.
Komiteens medlemmer fra Høyre mener derfor det er en alvorlig svekkelse av norsk økonomi at stortingsflertallet ikke fulgte opp Høyres forslag i Dokument nr. 8:4 (2000-2001) - bedre tilgangen på arbeidskraft.
Komiteen viser til behandlingen av Dokument nr. 8:4 (2000-2001), jf. Innst. S. nr. 78 (2000-2001) og Ot.prp. nr. 96 (2000-2001), jf. Innst. O. nr. 128 (2000-2001).
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti vil påpeke at i SNDs årsrapporter fra de siste åra blir det slått fast at styret ofte har avslått eller måttet utsette gode prosjekter både i distriktene og ellers i landet, fordi rammene er for knappe. Dette er prosjekt med stor risiko og stort potensiale, men som SND ikke er i stand til å yte toppfinansiering til. Mange av disse prosjektene blir av den grunn ikke realisert. Hovedbegrensningen ligger i rammene og gir ikke SND nok handlingsrom til å møte de utfordringene som er knyttet til fraflytting fra distriktene. Disse mulighetene må tas i brukt. Verken Norge eller distriktene har råd til å la være å realisere gode prosjekt. Dette medlem vil derfor under behandlingen av St.meld. nr. 36 (2000 2001) om SND foreslå at rammene for tilskudd og risikolån må økes.
Landbruks- og fiskerinæringene er viktige for bosetting og sysselsetting i distriktene. Næringene står overfor store utfordringer i å utnytte det potensialet som ligger i naturressursene og de naturgitte forholdene. I videreutvikling av verdikjedene i landbruks- og fiskerinæringen er det derfor viktig at en legger vekt på å utnytte regionale fortrinn for å øke lønnsomheten i næringene. I denne sammenhengen er støtte til å utvikle og styrke regionale verdiskapingsmiljøer av stor betydning for en positiv utvikling i kyst- og landbruksområdene i ulike deler av landet. Den generelle sysselsettingspolitikken står fortsatt overfor store utfordringer i forbindelse med å sikre kvalifiserte arbeidssøkere til et stadig mer kompetansekrevende næringsliv. Lokale tilpasninger i arbeidsmarkedspolitikken er derfor en viktig utfordring.
Komiteen vil peike på at fiskeri- og havbruksnæringa har stort vekstpotensiale for framtida.
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser til at Regjeringa meiner landbruks- og fiskerinæringane er viktige for distrikta. Fleirtalet vil hevde at landbruket framleis er bærebjelken i mange kommunar, både kva angår busetnad og næringsliv.
Fleirtalet vil peike på at undersøkingar viser stor oppslutning om norsk landbruk i befolkninga, dei fleste vil oppretthalde dagens nivå. Etter dyretragediane i Europa er òg forståinga av trygg mat styrka. Fleirtalet ser eit variert norsk landbruk som viktig for å sikre forbrukarane tilgang til rein mat.
Fleirtalet vil understreke behovet for tilrettelegging for lokalt sal av nisjeprodukt, slik at verdikjedene i større grad kan utnytta lokale fortrinn.
Fleirtalet vil peike på betydninga av næringskombinasjonar i utviklings- og omstillingsprosessar i distrikta. Gjennom å stimulere til og legge til rette for moderne kombinasjonar kan inntektsgrunnlaget og etableringsmuligheitene styrkast, spesielt i område der primærnæringane står sterkt. Erfaringar frå KRD og Landbruksdepartementet sitt prosjekt i Troms (Malangen) viser muligheitene som ligg i å stimulere til nye næringskombinasjonar i distrikta.
Fleirtalet vil vise til målsetjingane i St.meld. nr. 19 (1999-2000) Om norsk landbruk og matproduksjon, der utnytting av utmarksressursane er peika på som viktig for å betre inntektsgrunnlaget i næringa. Dersom ein slik strategi skal lukkast må inntektspotensialet og betalingsviljen som finst i høve desse tenestene kunne utnyttast.
Medlemene i komiteen frå Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti meiner det difor er viktig at ein ikkje får ei ytterlegare svekking av service og infrastruktur i utkantkommunane, då landbruket, hage- og skogbruket, næringlivet elles og anna verksemd er gjensidig avhengige av kvarandre.
Desse medlemene meiner at den positive haldninga til norsk landbruk står i kontrast til dei økonomiske realitetane. Eit auka fokus på matvaresikkerheit og økologi er òg nødvendig. Desse medlemene ser det som avgjerande for ei positiv utvikling i distrikta at ein lukkast i å sikre det økonomiske grunnlaget for matvareproduksjon, og bremse strukturrasjonaliseringa. Landbruket, inklusive hagebruket, er ei næring som krev langsiktigheit og må sikrast forutsigbare rammevilkår.
Medlemene i komiteen frå Kristeleg Folkeparti, Høgre, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til at framlegga i Friluftsmeldinga, St.meld. nr. 39 (2000-2001) om maksimalprisar på jakt og fiske og at det ikkje skal innførast noko form for kompensasjon til grunneigar når det foregår kommersiell utnyting av utmarksressursane, er i motstrid til den vedtekne St.meld. nr. 19 (1999-2000) og vil redusere mulegheitene til å skape ny næring og arbeidsplassar.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti mener det må utredes hvordan grunneier kan tilstås vederlag fra staten som kompensasjon for reduserte muligheter til å bruke utmarksressursene i næringsøyemed.
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet, viser til at oppdrett av fisk og skalldyr er ein av dei aller viktigaste næringane å satse på når olje- og gassutvinninga gradvis får mindre betydning. Det er viktig å leggje til rette for havbruk og dermed også sikre utsette kystsamfunn nødvendige ringverknader, t.d. servicefunksjonar.
Oppdrettslova gir staten ei klar plikt til å utvikle havbruk som ei distriktsnæring. Dette er vesentleg for å kunne dra nytte av fordelane ved å drive oppdrett i distrikta. Dessutan bør det nå leggjast vekt på eit tett samarbeid mellom oppdrettsnæringa og fiskerinæringa. Viktige tiltak i denne samanhang vil vere samarbeid om kystsoneplanlegging, teknologisk utvikling, produktutvikling og marknads- og eksportarbeid.
Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, vil understreke at ei framtidsretta, lønsam og miljøvenleg fiskeri- og oppdrettsnæring må vere basert på kunnskap, styring gjennom eit fornuftig lovverk, lokalt eigarskap og utnytting av dei fortrinn som kyst-Norge har frå naturen si side.
Dette fleirtalet viser til at Stortinget tidlegare har vedteke at det ikkje skal vere auksjon på oppdrettskonsesjonar. Dette fleirtalet viser til Innst. O. nr. 123 (2000-2001) der Stortinget også endrar lovverket frå fri omsetjing av oppdrettskonsesjonar slik at det er mogleg for personar utan mykje kapital å sikre seg desse. Konsesjonar til undervisning og forskning skal det ikkje takast vederlag for. Dette fleirtalet meiner dette er avgjerande for å sikre sysselsetting og busetjing i kystsamfunna.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til egne forslag fremmet direkte i Stortinget under behandlingen av Innst. O. nr. 123 (2000 2001).
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser til at det er fleirtal i Stortinget for å opprette eit halvstatleg investeringsselskap. Korleis dette investeringsselskapet skal organiserast ligg til handsaming i næringskomiteen. Eit mål med å bruke statleg risiko- og investeringskapital må vera at gode idear og resultat av norsk forsking i større grad medverkar til verdiskaping og etablering av arbeidsplassar i hele landet, også i distrikts-Noreg.
Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet, viser til at næringskomiteen i Budsjett-innst. S. nr. 8 (2000-2001) særleg framhevar at investeringsselskapet må sjåast i samanhang med moglegheitene innan biomarin sektor, og potensialet for å utnytta heile verdikjeda frå havbruk og mat til legemiddel og farmasi.
Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet mener at norsk landbruk skal gi forbrukerne kvalitetsprodukter til konkurransedyktige priser, utnytte nye markedsmuligheter og bevare kulturlandskapet. Eiendomsretten og råderetten i landbruket må vernes. Bonden, og ikke myndighetene, er best skikket til å bestemme hvordan driften på det enkelte bruk bør innrettes. Høyre og Fremskrittspartiet vil liberalisere reglene for omsetning av landbrukseiendommer.
Disse medlemmer vil vise til at konkurranse innen foredlings- og omsetningsleddene er viktig for å oppnå lavere priser, økt mangfold og kvalitet. Økt konkurranse om råstoffet er også til gunst for produsentene. Høyre og Fremskrittspartiet vil derfor sikre uavhengige produsenter konkurransedyktige rammebetin-gelser og gjøre konkurranselovgivningen gjeldende for omsetningsleddet. De årlige jordbruksforhandlingene bør avvikles.
Jordbruket er tillagt et betydelig ansvar for bosetting, biologisk mangfold og bevaring av kulturlandskapet. Disse medlemmer mener at det offentlige bør betale for disse offentlige godene, mens inntektene fra den løpende matproduksjonen må komme fra markedet. Høyre og Fremskrittspartiet vil derfor at de offentlige tilskuddene til jordbruket legges om til forskjellige former for arealstøtte. Tilskuddsordningene bør endres slik at innsats og initiativ belønnes enten gårdsbruket er stort eller lite.
Disse medlemmer mener at landbrukspolitikken må utformes slik at den samlede støtten til landbruket kan reduseres. For å sikre forbrukerne lave matvarepriser mener Høyre og Fremskrittspartiet at importvernet og markedsreguleringen bør nedtrappes.
Disse medlemmer vil understreke at for norsk landbruk bør produksjon av trygg og ren mat betraktes og utnyttes som et konkurransefortrinn. Det bør være et system for merking av matvarer hvor forbrukerne informeres om hvor varen er produsert og hvilke tilsetningsstoffer den inneholder.
Disse medlemmer vil vise til at utmarksressursene representerer et betydelig verdiskapingspotensial for mange grunneiere. Høyre og Fremskrittspartiet vil trygge grunneiernes rettigheter til jakt og fiske, mineralforekomster og skogressurser. For å styrke økonomien i skogbruket vil Høyre og Fremskrittspartiet selge statens produktive skogeiendommer. Skogbruket må være en selvhjulpen næring med konkurransedyktige rammebetingelser.
Disse medlemmer legger til grunn at fiskeripolitikken skal baseres på en bærekraftig fiskeriforvaltning der hensynet til både fiskeribestandene og næringsutøverne ivaretas. En lønnsom fiskerinæring er et viktig grunnlag for verdiskaping og sysselsetting langs kysten. For å øke lønnsomheten vil Høyre og Fremskrittspartiet arbeide for færre reguleringer, mer markedstilpassede produkter og bedre internasjonal markedsadgang.
Disse medlemmer mener flest mulig bør ha anledning til å satse på fiskeryrket og bli eier eller medeier av eget fartøy. Det vil bidra til at inntektene fra fiskerinæringen reinvesteres i kystsamfunnene.
I de kommende forhandlingene i Verdens Handelsorganisasjon vil Høyre og Fremskrittspartiet prioritere en friere verdenshandel med fiskeprodukter.
Disse medlemmer mener at enhetskvoter eller andre sammenslåingsordninger bør innføres for alle regulerte fiskerier. Slike ordninger vil gjøre det mulig å slå sammen kvoterettighetene og fiskekvotene med færre fiskefartøyer. På denne måten gis det mulighet for en fortløpende kapasitetstilpassing. Høyre og Fremskrittspartiet vil understreke de miljømessige gevinstene en kapasitetstilpassing kan gi. Av hensyn til forutsigbarheten i næringen er det viktig at kriteriene for fordelingen av kvoter mellom de enkelte fartøygruppene ligger fast. Dagens stivbeinte kvote- og rettighetssystem gjør det ofte vanskelig for unge fiskere å starte for seg selv. Høyre og Fremskrittspartiet ønsker å sette av rekrutteringskvoter slik at unge mennesker får mulighet til å etablere seg.
Disse medlemmer mener at for å sikre mangfold og en dynamisk utvikling av fiskerinæringen er det viktig at eierskapet til den norske fiskeflåten er spredt. For stor eierkonsentrasjon kan bli en trussel mot den frie konkurransen om råstoffet. Høyre og Fremskrittspartiet mener deltakerloven må liberaliseres slik at det i større grad blir anledning for andre enn fiskere å investere i fiskeflåten. Dette vil styrke fiskeindustriens muligheter til å eie fiskefartøy, samtidig som fiskerne i større grad får anledning til å innhente ekstern kapital.
Disse medlemmer ønsker en friere førstehåndsomsetning av fangsten mellom kjøper og selger. Det vil sikre at råstoffet kan selges dit det gir størst lønnsomhet. Utviklingen av fiskeindustrien er avhengig av en stabil tilgang på råvarer for å tilfredsstille eksportmarkedenes stadig strengere krav til forsyningssikkerhet og høyt bearbeidede produkter. Det må derfor være mulig å inngå langsiktige leveringsavtaler mellom kjøper og selger uten at disse kan settes til side av salgslagene. Fiskere med svak lokal markedsstilling må fortsatt sikres mot manglende konkurranse på mottaks-siden.
Disse medlemmer vil vise til at et stortingsflertall, bestående av Arbeiderpartiet og sentrumspartiene, i Innst. O. nr. 123 (2000-2001) har påført oppdrettsnæringen betingelser som medfører alvorlige hindringer for en næring med stort utviklingspotensiale langs kysten.
Arbeiderpartiet og sentrumspartiene har blitt enige om at det skal innkreves avgift ved tildeling av nye oppdrettskonsesjoner. Oppdretterne må nå forberede seg på at Arbeiderpartiet og sentrumspartiene har plukket ut norsk oppdrettsnæring som landets neste skatte- og avgiftsoffer. Listen over nye skatter, avgifter og reguleringer sentrumspartiene og Arbeiderpartiet er blitt enige om er lang:
– Vederlag på 5 mill. kroner ved tildeling av nye konsesjoner
– Nytildelte konsesjoner kan ikke overdras i løpet av de ti første årene
– Det skal fremlegges forslag om en arealavgift eller produksjonsavgift på oppdrett
– Det skal utredes en egen avgift på videresalg av konsesjoner
– Antall nye konsesjoner begrenses til 35
Sentrumspartiene, som tidligere har signalisert motstand mot vederlagsordningen, har dermed gjort knefall for Arbeiderpartiet. Samtidig strammes den tvangstrøya av reguleringer stortingsflertallet har lagt oppdrettsnæringen i, ytterligere inn. Konsekvensen er at konkurransevnen til næringen svekkes og at norske oppdrettere vil se større muligheter utenfor landets grenser. Fra nå av må mange tiltakslystne langs norskekysten som ønsker å komme i gang med oppdrett av laks og ørret, belage seg på å betale en høy inngangsbillett til den norske statskassen. Arbeiderpartiet og sentrumspartiene svekker også mulighetene til å utvikle sterke eier- og kompetansemiljøer innenlands. I praksis legger flertallet opp til at den fremtidige veksten i havbruksnæringen skal skje i utlandet.
Dette er en utvikling disse medlemmer beklager. Disse partier vil heller avregulere norsk oppdrettsnæring. Dagens konsesjonsordning bør erstattes med en godkjenningsordning, der man slipper til dersom de miljø-, kunnskaps- og arealmessige forutsetninger er på plass.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti vil påpeke at det er behov for mer politisk styring over de viktige naturressursene slik som energiforsyning, olje og gass og fisk. Både distriktspolitiske og miljøpolitiske hensyn må få større vekt.
Dette medlem vil påpeke at fiskeressursene er hovedgrunnlaget for arbeid og bosetting langs store deler av kysten i Norge. En stadig voksende havfiskeflåte er i ferd med å tømme verdenshavene for fisk og fører til utarming av de økonomiske og sosiale vilkårene for kystbefolkningen. Det må innføres en bærekraftig forvaltning av fiskeressursene basert på forskernes anbefalinger.
Dette medlem mener at fiskeriallmenningen må holdes åpen ved at det innføres fritt fiske for båter under 15 m som fisker med passive redskaper, og gå imot innføring av omsettelige kvoter/enhetskvoter. Økningen i større kystfartøy må dekkes inn ved overføring av kvoter fra fabrikktrålerflåten. Fabikktrålerflåten må reduseres og leveringsplikten må overholdes. Fiskeressursene må forvaltes på en slik måte at mer av fangsten kommer på land i Nord-Norge.
Dette medlem vil arbeide for å skille fiskerettighetene fra båten. Dersom båten selges ut av regionen/fylket mister båtens eier fiskerettighetene, som retildeles nye fiskere i regionen/fylket. Det må innføres fylkesvis/regional kvotefordeling, hvor det politiske organ har hånd om tildelingen av fiskerettighetene innenfor sin region/fylke og lånerammen i SND-systemet for finansiering av fornyelse i kystfiskeflåten må utvides.
Dette medlem vil påpeke at nyskaping, variasjon, miljøvennlighet og utvikling av en høy markedskompetanse i fiskeri- og havbruksnæringa er avhengig av økt forskningsvirksomhet ved universiteter, høgskoler og i andre fagmiljøer.
Dette medlem vil påpeke at havbruk er en viktig distriktsnæring som kan gi flere arbeidsplasser, fordi både forskning, produksjon, foredling og salg kan foregå lokalt. Oppdrettsnæringa vil legge beslag på viktige områder langs kysten, områder som gjennom generasjoner har vært brukt til fiske, frilufts- og rekreasjonsaktiviteter. Det er derfor naturlig at det innføres en arealavgift på retten til å bruke en lokalitet i kommunen, og at denne skal tilfalle kommunen.
Dette medlem vil påpeke at konsesjonstildeling må fungere som et virkemiddel for å styrke miljøhensyn, bosetting og næringsutvikling i distriktene, blant annet ved at de tildeles ut fra dokumentasjon på næringskonsept som for eksempel slakting, pakking og videreforedling lokalt. Konsesjoner må ikke bli omsettelige på det åpne markedet eller auksjoneres bort og de må gå tilbake til staten ved opphør eller satt tidsfrist.
Dette medlem vil påpeke at landbrukspolitikken er vesentlig både for distriktsbosettingen og for å skaffe forbrukerne trygg mat. Norsk landbruk kan ikke konkurrere på volum og pris, men på kvalitet og trygg mat. Dette medlem vil fremme en landbrukspolitikk som sikrer slike målsettinger og som får flere arbeidsplasser, belønner økologi, god miljøforvaltning av jord og landskap for pengene. Kombinasjonsbrukerne må være ryggraden i bruksstrukturen.
Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil vise til at ordningen med servicekontor må utbygges og statlige etater pålegges å gå inn i slike samarbeid.
Disse medlemmer vil vise til at det i store deler av landet og spesielt i Hedmark og Oppland, er et stort potensial i økt bruk av bioenergi som er fornybar og miljøvennlig energi. Den store biomasseressursen er av uvurderlig verdi for hele landet og nødvendig for at vi kan bedre vår klima- og energipolitikk. Ved å ta den i bruk slipper vi både forurensende gasskraftverk og forurensende import. Lokal energidekning frigjør energi og reduserer problemene med effektknapphet.
Disse medlemmer vil vise til at innlandsområder med store skog- og bioressurser ikke på samme måte som kystområdene tar del i den rivende utviklingen som foregår innenfor havbruk, fiske, olje og gass. Satsing på bioenergi vil gi disse områdene mulighet til å ligge i front når det gjelder utvikling av framtidsrettet miljøvennlig energi, samtidig som det vil gi mange arbeidsplasser lokalt.
Disse medlemmer vil vise til Dokument nr. 8:103 (2000 2001) fra stortingsrepresentantene Hallgeir H. Langeland og Karin Andersen om økt satsing på bioenergi og om å utarbeide en nasjonal plan for utbygging av infrastruktur til vannbåren varme. I Innst. S. nr. 263 (2000-2001) støtter et flertall forslaget om en nasjonal plan og det er derfor tatt viktige skritt for å realisere god miljø- og distriktspolitikk. Både av hensyn til miljøet og av hensyn til distriktene er det viktig at ambisjonen i arbeidet økes. Norsk Bioenergiforening bekrefter at en satsing på biomasse, spillvarme og varmepumper kan gi 10 nye og miljøvennlige TWH hvis forholdene blir lagt til rette for det og den politiske viljen er til stede. Disse medlemmer mener derfor det er behov for å få satt flere konkrete prosjekter ut i livet.
Disse medlemmer foreslår derfor følgende:
"Stortinget ber Regjeringen innen utgangen av 2001 å sørge for at det blir igangsatt minst 10 prosjekter for å øke bruken av bioenergi og vannbåren varme."