Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra finanskomiteen om samtykke til å setje i kraft ein skatteavtale mellom Noreg og Kasakhstan, underteikna i Oslo den 3. april 2001

Innhold

Til Stortinget

Den 3. april 2001 blei det skrive under ein skatteavtale mellom Kongeriket Noreg og Kasakhstan. Formålet med avtalen er dels å unngå at inntekt og formue blir skattlagt dobbelt, dels å førebyggje at desse goda blir dregne unna skattlegging. Samtykke til at avtalen blei skriven under blei gitt ved kgl. resolusjon 3. oktober 1997. Avtalen blei skriven under av finansminister Karl Eirik Schjøtt-Pedersen på vegner av Noreg og av finansminister Mazhit Esenbaev på vegner av Kasakhstan.

Avtalen trer i kraft den dagen begge statar har meldt frå til kvarandre om at dei har teke dei naudsynte konstitusjonelle stega for at avtalen skal tre i kraft. For kjeldeskattar vil avtalen få verknad for beløp som er betalte eller godskrivne i eller etter den andre månaden i året etter det året då avtalen trer i kraft. Når det gjeld andre skattar, vil avtalen få verknad for skattar som gjeld inntektsår som følgjer etter det året då avtalen trer i kraft.

Etter oppmoding frå kasakhstanske styresmakter tok Noreg og Kasakhstan i 1995 opp forhandlingar om å inngå ein skatteavtale. Etter første runde med forhandlingar i Oslo blei eit utkast til avtale parafert den 1. september 1995. Lovrådgjevar Per Olav Gjesti, Finansdepartementet, leia den norske delegasjonen.

Avtalen byggjer i store trekk på mønsteret for tosidige avtalar som er utarbeidd av OECD. På grunn av skilnadene mellom Noreg og Kasakhstan sin økonomi, er det på nokre punkt også teke omsyn til det mønsteret som er utarbeidd i FN for skatteavtalar mellom industrialiserte land og utviklingsland. Avtalen vik på nokre punkt frå desse mønsteravtalane. Mellom anna har avtalen reglar om verksemd og arbeid utanfor kysten, som svarer til det som finst i dei fleste skatteavtalane Noreg har inngått dei siste åra.

Avtalen er inngått på engelsk, kasakhstansk, russisk og norsk. Alle tekstane er gyldige, men ved tvil om tolkinga skal den engelske teksten vere avgjerande. Den engelske og norske teksten følgjer som vedlegg til proposisjonen.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, lederen Dag Terje Andersen, Erik Dalheim, Grethe G. Fossum, Britt Hildeng, Ottar Kaldhol, Torstein Rudihagen og Signe Øye, fra Kristelig Folkeparti, Valgerd Svarstad Haugland, Lars Gunnar Lie og Ingebrigt S. Sørfonn, fra Høyre, Børge Brende, Per-Kristian Foss og Kjellaug Nakkim, fra Fremskrittspartiet, Siv Jensen, Per Erik Monsen og Kenneth Svendsen, fra Senterpartiet, Odd Roger Enoksen, fra Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, fra Venstre, Terje Johansen, og representanten Karl N. Meløysund, slutter seg til forslaget om at Stortinget samtykker i at skatteavtalen med Kasakhstan settes i kraft.

Komiteen viser til proposisjonen og til det som står foran, og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Stortinget samtykker i at Norge setter i kraft en sk­atteavtale mellom Norge og Kasakhstan, undertegnet i Oslo 3. april 2001.

Oslo, i finanskomiteen, den 22. mai 2001

Dag Terje Andersen

leder

Odd Roger Enoksen

ordfører

Siv Jensen

sekretær