Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

12. Økonomiske og administrative konsekvenser

Regjeringa legg til grunn at prinsippet om sektoransvar blir ført vidare. Det vil seie at fagstyresmaktene i ulike sektorar og på ulike forvaltningsnivå skal ha det same ansvaret for flyktningar som for befolkninga elles. Som hovudregel skal flyktningar omfattast av generelle ordningar og tiltak. På dei ulike områda skal arbeidet rettast inn mot å oppnå best mogleg resultat innanfor dei rammene som gjeld.

Regjeringa foreslår i meldinga å innføre ei ny ordning for busetjing som vil endre den gjeldande oppgåve- og ansvarsfordelinga mellom ulike forvaltningsnivå. Forslaget inneber at ordninga skal organiserast gjennom utval på to nivå - eit utval på nasjonalt nivå og eit utval i kvart enkelt fylke. Busetjingsutvalet i fylka skal fastsetje og tildele dei enkelte kommunane det talet flyktningar dei skal busetje kommande år. Alle kommunene i fylket bør vere representert i busetjingsutvala. Regjeringa foreslår at busetjingsutvala i fylka skal leiast av fylkesmannen.

Det er behov for å konkretisere ytterlegare oppgåvene til utvala, og bestemme kven som skal gjere kva, før ein kan rekne på dei økonomiske og administrative konsekvensane for dei enkelte aktørane. Den nye ordninga vil mellom anna på sikt føre til innsparingar for staten ved at busetjinga skjer raskare, slik at utgiftene til drift av statlege mottak blir reduserte.

Regjeringa foreslår i meldinga å leggje til rette for at barn i alderen frå fire til og med fem år kan få eit tilbod om halvdagsplass i barnehage. Utgiftene blir om lag 10 mill. kroner pr. år, dersom alle barn i mottak i den aktuelle aldersgruppa nyttar tilbodet. Dersom ein legg til grunn at 75 pst. av barna i målgruppa nyttar tilbodet, vil utgiftene bli om lag 7,2 mill. kroner pr. år.

Regjeringa foreslår òg å vidareføre ordninga med foreldrerettleiing i mottak. Utgiftene blir om lag 1,1 mill. kroner pr. år, og er knytte til å setje i verk foreldrerettleiing på mottak og til opplæring og rettleiing av foreldrerettleiarar.

Vidare foreslår Regjeringa å styrkje dei fem regionale psykososiale teama med ei stilling kvar, slik at kommunar med statlege mottak for asylsøkjarar og flyktningar og kommunar som buset flyktningar, kan få meir råd og rettleiing. Meirutgiftene blir om lag 2,5 mill. kroner pr. år.

Regjeringa vil setje i verk ei ordning med yrkesprøving for å vurdere fagutdanning frå utlandet. Ein legg til grunn at 250 personar vil gå opp til yrkesprøving kvart år. Utgiftene knytt til personar som går opp til yrkesprøving blir om lag kr 13 500 pr. person. I tillegg kjem ein administrativ kostnad på kr 5 000 pr. person. Det vil òg vere behov for kompetansehevingstiltak overfor personale som skal ta hand om yrkesprøvinga. Utgiftene til dette vil vere om lag 1 mill. kroner pr. år. Dei totale utgiftene per år knytt til ei ordning med yrkesprøving blir da om lag 5,6 mill. kroner pr. år.

I tillegg foreslår Regjeringa at dei som ikkje står til språkprøva etter 850 timar med opplæring i norsk, skal få inntil 100 timar ekstra. Førebels berekningar viser at utgiftene kan bli om lag 1,8 mill. kroner pr. år. Dersom dei som tek ut 100 timar ekstra kan halde fram i same klasse som før, vil dei totale utgiftene bli mindre enn det som her er lagt til grunn.

Regjeringa foreslår òg å styrke bemanninga og fagkompetansen ved avdelingane for einslege mindre­årige i mottak med ei stilling kvar, i tillegg til tiltak for å heve kompetansen blant dei tilsette. For 16 avdelingar for einslege mindreårige vil utgiftene bli om lag 9 mill. kroner pr. år.

Tiltak for å sikre raskare behandling av asylsøknader og raskare busetjing, eventuelt retur til heimlandet for dei som får avslag på søknaden om asyl, vil på sikt innebere vesentlege innsparingar for staten i form av reduserte utgifter til drift av statlege mottak. Samstundes vil truleg fleire av dei foreslåtte tiltaka i meldinga gjere det lettare for flyktningane å bli sjølvhjelpa kort tid etter busetjing. Tiltak for å styrkje tilbodet til barn og vaksne i mottak, som på kort sikt fører med seg eit behov for meir ressursar, vil på lengre sikt truleg òg innebere innsparingar for hjelpeapparatet. Tiltak for å auke yrkesdeltakinga blant nykomne flyktningar vil på lengre sikt også føre til auka skatteinntekter og reduserte utgifter både for staten og for kommunane.

Komiteen har bedt om at det etableres en ny type verger for mindreårige asylsøkere, at de lønnes og at fosterhjem i større grad brukes for denne gruppen. Dette vil kreve økte ressurser.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet og Fremskrittspartiet, tar Regjeringens vurdering av kostnadene til etterretning.

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Høyre, Senterpartiet og Sosialistisk Venstrepartitar Regjeringens vurderinger av kostnadene til etterretning, men viser til at komiteen i sine generelle merknader har bedt om en kartlegging av ressursbehovet i utlendingssaksbehandlingen for å få bort restansene og komme ned på en rimelig saksbehandlingstid. Disse medlemmer har bedt om at dette innarbeides i Revidert nasjonalbudsjett 2001.

Komiteens medlemmer fra Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil påpeke at de konkrete prosjekter som nevnes i kapitlet summerer seg til 30 mill. kroner. Dette er ikke tilstrekkelig for å oppnå meldingens målsettinger. Disse medlemmer vil spesielt bemerke nødvendige investeringer i bolig og i en kraftig styrking av kvaliteten på tilbudet til enslige mindreårige asylsøkere. En raskere og mer målrettet bruk av Aetats virkemidler vil også koste noe mer. Imidlertid vil en bedre og mer vellykket politikk være lønnsom for samfunnet og for den enkelte. Med en økt satsing vil derfor regnestykket i sum gå i pluss.