Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

11. Behov for kunnskap

Dei siste ti åra har Kommunal- og regionaldepartementet arbeidd systematisk for å betre kunnskapsgrunnlaget når det gjeld levekåra til flyktningar som nyleg har kome til landet, det statlege mottakssystemet for asylsøkjarar, situasjonen til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, busetjing og tilbakevending av bosniske flyktningar, politikken for mellombels vern overfor bosniske flyktningar, og effektane av strategiane for busetjing av flyktningar i kommunane dei siste fem åra. I tillegg er ordninga med integreringstilskot evaluert.

Forsking viser at løysingar i stor grad må finnast gjennom justeringar og omleggingar i eksisterande ordningar og politikk, og at det på somme område er behov for endå meir kunnskap og for utvikling av gode arbeidsmetodar. Samstundes er det behov for å følgje opp og jamleg evaluere det arbeidet som blir gjort, både på statleg og kommunalt nivå. I meldinga er det gjort greie for forsøksprosjekt og evalueringar.

Kommunal- og regionaldepartementet har dei siste ti åra samarbeidd med Statistisk sentralbyrå (SSB) for å skaffe fram betre statistikk og betre analysar om inn- og utvandring og situasjonen og levekåra til innvandrarar og flyktningar. Det har også vore eit siktemål å få fram statistikk oftare og raskare.

Samarbeidet mellom SSB og departementet vil bli ført vidare.

Komiteen har ingen merknader.