Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

6. Tiltak og arbeid frå styresmaktene

Regjeringa stiller seg bak målsetjinga om at Noreg ikkje bør nøye seg med å leggje seg opp mot minstekrava i dei internasjonale konvensjonane. Når det gjeld minoritetspolitikken, vil Regjeringa leggje vekt på dei målsetjingane som er nedfelte i Rammekonvensjonen om vern av nasjonale minoritetar og i Den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti, Høyre, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, gir sin tilslutning til målsettingen om at Norge ikke skal nøye seg med å legge seg opp mot minstekravene i de internasjonale konvensjonene. Flertallet gir også Regjeringen sin fulle støtte i arbeidet for å nå målsettingene som er nedfelt i Rammekonvensjonen om vern av nasjonale minoriteter og i Den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk.

Kommunal- og regionaldepartementet har samordningsansvaret for statleg politikk som særleg vedkjem dei nasjonale minoritetane i Noreg. Det inneber at departementet har ansvar for å sjå til at politikken på ulike område byggjer på prinsippa om likeverd og ikkje-diskriminering, og at tiltak er i tråd med internasjonale forpliktingar. Departementet har oppretta eit tverrdepartementalt samordningsutval, som er eit viktig organ for å sikre ei slik samordning. For å sikre samordninga har Kommunal- og regionaldepartementet òg eit ansvar for å gjennomgå saker som blir lagde fram for departementet i samband med høyringar.

Senter mot etnisk diskriminering har gjennomført ei undersøking som tyder på at mange av kommunane har liten kjennskap til nasjonale minoritetar og at det er behov for meir informasjon om nasjonale minoritetar og den statlege politikken overfor dei. Kommunal- og regionaldepartementet har òg erfart at det er behov meir informasjon, både for kommunar og fylkeskommunar og for organisasjonar og andre som har verksemd i tilknyting til nasjonale minoritetar.

  • – Kommunal- og regionaldepartementet vil frå 2001 gi ut eit informasjonsbrev om statleg politikk overfor nasjonale minoritetar.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti, Høyre, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser til at prinsippet om sektoransvar videreføres og at Kommunal- og regionaldepartementet har et samordningsansvar for politikken overfor nasjonale minoriteter. Departementet har opprettet et tverrdepartementalt samordningsutvalg som skal sørge for at politikken på ulike sektorer og områder skal bygge på prinsippene i internasjonale avtaler og konvensjoner og i prinsippene om likeverd og ikke-diskriminering. Flertallet vil understreke at det blir viktig å følge dette opp i praksis.

Senter mot etnisk diskriminering har gjennomført undersøkelser som tyder på at mange kommuner har liten kjennskap til nasjonale minoriteter og at det er et stort behov for informasjon. Flertallet viser til at Regjeringen vil gi ut et informasjonsbrev om statlig politikk i 2001. Flertallet forutsetter at slik informasjon blir kontinuerlig oppdatert og at det etableres toveis kommunikasjon med kommunene slik at innspill til nødvendige forbedringer blir fulgt opp.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til sine merknader under kap. 1.2.

Regjeringa ønskjer å stimulere til oppbygging av organisasjonar blant dei nasjonale minoritetane.

På denne bakgrunnen er det oppretta ei ordning med tilskot til nasjonale minoritetar, der organisasjonar med basis i ein nasjonal minoritet kan søkje om grunnstøtte frå staten. Formålet med ordninga er å støtte organisasjonar som tek vare på og representerer interessene til nasjonale minoritetar. Ordninga med tilskot skal også fremme dialog og samarbeid mellom nasjonale minoritetar, frivillige organisasjonar og offentlege styresmakter. Ordninga blir administrert av Kommunal- og regionaldepartementet.

Regjeringa held kontakten med minoritetsgruppene for å vere svært viktig og ønskjer å halde i gang og utvikle dialogen med organisasjonane også i framtida.

Det er viktig at også personar og organisasjonar som representerer minoritetane kan delta på den internasjonale arenaen, på lik linje med andre organisasjonar i Noreg. Dette har verdi med tanke på kompetanse- og nettverksbygging for dei nasjonale minoritetane. Samstundes kan slik deltaking vere med på å få fram eit meir dekkjande og heilskapleg bilete av situasjonen i Noreg og vere eit supplement til styresmaktene si eiga framstilling i internasjonale forum.

Tiltak:

  • – Representantar for nasjonale minoritetar kan på lik linje med andre søkje om å få delta på møte og søkje om støtte til deltaking. Dei kan òg søkje om midlar til andre prosjekt som gjeld forhold utanfor Noreg. Søknader som dreier seg om nordisk verksemd, kan rettast til Kommunal- og regionaldepartementet, medan søknader om støtte til verksemd i resten av verda kan rettast til Utanriksdepartementet.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti, Høyre, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, støtter Regjeringens arbeid for å stimulere til oppbygging av organisasjoner for å ivareta de nasjonale minoritetenes interesser og at det gis økonomisk støtte til organisasjoner med basis i nasjonale minoriteter. Det er også viktig at Regjeringen holder kontakt med og videreutvikler sin kontakt og dialog med minoritetenes organisasjoner og at denne kontakten ikke begrenses til de organisasjoner som mottar statsstøtte.

Flertallet ser det også som viktig at nasjonale minoriteter på lik linje med andre kan søke om å få delta på internasjonale møter og søke støtte til slik deltaking. Flertallet ser det som viktig at Regjeringen sørger for at rammebetingelsene for slik deltaking gir reelle muligheter til deltaking og viser til merknad om framdriftsplaner på de ulike områdene i statsbudsjettet for 2002.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til sine merknader under kap. 1.2.

I Innst. S. nr. 39 (1996-1997) behandla justiskomiteen i Stortinget spørsmål om erstatning og oppreisning til romanifolket (taterane/dei reisande). Fleirtalet i justiskomiteen uttalte at komiteen var oppteken av at samfunnet også skulle akseptere og respektere romanifolket i Noreg, og komiteen tok sterk avstand frå den uretten som er gjord mot denne gruppa tidlegare. Fleirtalet viste til det som var sagt i innstillinga om kva holdningar og handlingar romanifolket har vore møtt med, og sa at desse utsegnene frå Stortinget gir romanifolket som gruppe ei oppreisning. Vidare uttalte fleirtalet i komiteen at ei eventuell erstatning bør givast på individuelt grunnlag til dei som personleg har vore utsette for urett. I utgangspunktet meinte fleirtalet i komiteen at dette burde givast innanfor det allereie eksisterande systemet, til dømes ved skadeerstatning eller rettferdsvederlag frå staten.

Dei som har vore utsette for overgrep frå offentlege styresmakter si side, vil på ulike grunnlag kunne ha krav på erstatning etter vanlege norske skadeerstatningsreglar.

I visse høve kan ein ha rett på fri rettshjelp til å dekkje dei økonomiske kostnadene til advokat i saka.

Regelen i foreldingslova om forelding etter tjue år gjeld ikkje ved personskade når den ansvarlege eller nokon den ansvarlege heftar for, kjente eller burde kjenne til at det skadegjerande tilhøvet kunne medføre alvorleg helseskade. Ved ulovleg tvangssterilisering vil eit erstatningskrav neppe bli forelda ut frå tjueårsregelen.

Er eit krav mot staten forelda, kan ein likevel få fremma det dersom staten avgjer at forelding ikkje skal hevdast i saka.

I dei tilfella der den skadelidne vil lide eit uforskyldt tap om forelding blir gjort gjeldande, vil påstand om forelding etter Justisdepartementet sin praksis nesten utan unntak bli fråfallen. Departementet fører ein særleg liberal praksis i saker der barn og unge har vore utsette for overgrep eller forsømming frå offentlege styresmakter.

Rettferdsvederlag (billighetserstatning) frå Stortinget kan søkjast av alle som utan skuld meiner å ha lide eit tap, økonomisk eller ikkje-økonomisk, som ikkje kan bli dekt gjennom andre ordningar, som trygder, sosial stønad, forsikringar eller erstatning på rettsleg grunnlag.

Dei mest vanlege tilfella der det blir gitt rettferdsvederlag, er der personar anten har fått mangelfull skolegang, har vore utsette for feilbehandling i helsevesenet eller har vore utsette for feilvurderingar i samband med spørsmål om omsorgsovertaking av barn. I mange høve har personar som blir rekna til romanifolket (taterane/dei reisande), fått rettferdsvederlag for mangelfull skolegang. I ein del høve er det gitt rettferdsvederlag for overgrep som det offentlege har gjort seg skuldig i, som lobotomering, tvangssterilisering og tvangsmessig plassering på institusjon i strid med adekvat praksis og lovgiving. I desse sakene er det gitt rettferdsvederlag på grunnlag av dei konkrete overgrepa søkjarane er blitt utsette for. Rettferdsvederlag blir altså ikkje tilkjent berre fordi ein tilhøyrer ein nasjonal minoritet, men i tilfelle der dei generelle retningslinjene tilseier at rettferdsvederlag skal tilkjennast.

Det er fast praksis at personar med bakgrunn frå romanifolket som har fått mangelfull skolegang, blir tilkjent 60 000 kroner i rettferdsvederlag. Dersom dei i tillegg får tilkjent rettferdsvederlag på andre grunnlag, blir det totale rettferdsvederlaget fastsett etter ei skjønnsvurdering ut frå vanleg praksis i saker som kjem inn under ordninga om rettferdsvederlag.

Det kollektive oppgjeret skal understreke at det blir teke eit oppgjer i forhold til behandlinga av heile det jødiske samfunnet i Noreg, særleg fordi den økonomiske og fysiske likvidasjonen var tiltak retta mot jødane i Noreg som gruppe. I tillegg kjem det faktum at mange jødar som blei drepne, ikkje hadde levande arvingar. Det var på bakgrunn av dette naturleg med eit økonomisk oppgjer i form av ei løyving til fellesjødiske formål både nasjonalt og internasjonalt. Samstundes blei det gitt tilbod om eit skjønnsvederlag på 200 000 kroner til dei enkeltpersonane som blei ramma av forfølginga i Noreg under den andre verdskrigen.

Det individuelle oppgjeret blei kunngjort i slutten av april 1999 i norsk og internasjonal presse. Søknadsfristen blei sett til 1. november 1999. Det blei i 1999 utbetalt om lag 126,5 mill. kroner. Pr. august 2000 var det registrert nesten 1 000 søknader om skjønsvederlag. Til saman er det no utbetalt om lag 131,4 mill. kroner i skjønsvederlag. Det individuelle oppgjeret er venta sluttført i løpet av 2000.

Når det gjeld det kollektive oppgjeret, blei det utbetalt 150 mill. kroner til dei mosaiske trussamfunna i Noreg i mai 1999. Pengane skal gå til sikring av jødisk kultur og framtid i Noreg.

Vidare er det gitt ei løyving på 40 mill. kroner til oppretting av eit senter for studiar av holocaust og livssynsminoritetane si stilling i Noreg. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet administrerer dette (jf. St.prp. nr. 1 (2000-2001) og St.prp. nr. 1. Tillegg nr. 4 (2000-2001)).

Det er òg løyvt 60 mill. kroner til støtte utanfor Noreg sine grenser til å minnast og utvikle den jødiske tradisjonen og kulturen nazistane prøvde å utrydde. Pengane er overførte til eit internasjonalt fond som skal administrere midlane.

Etter Regjeringa si oppfatning må det takast eit oppgjer med overgrepa mot romanifolket. Sjå kap. 2.1.6 foran.

Komiteen viser til partienes merknader i Innst. S. nr. 39 (1996-1997). Komiteen viser til at etter denne saken var ferdigbehandlet har Regjeringen gjennomført og avsluttet jødebooppgjøret med både individuell og kollektiv erstatning. I forbindelse med foreliggende stortingsmelding har Regjeringen tatt et moralsk og historisk oppgjør med den politikken som er ført i forhold til romanifolket. Komiteen ser det slik at vedtaket om å opprette et dokumentasjonssenter for romanikulturen på Elverum er en del av et kollektivt oppgjør med romanifolket. Utover dette tilrår Regjeringen å håndtere slike saker i tråd med Innst. S. nr. 39 (1996-1997), der erstatningssaker henvises til å bli behandlet på individuelt grunnlag etter skadeserstatningsreglene eller til Stortingets ordning med rettferdsvederlag - billighetserstatning.

Komiteen viser til at reglene om forelding av krav kan føre til at saker der overgrep har skjedd, ikke kan reises etter regler om skadeserstatning og at dette også gjelder saker der den skadelidte først får kjennskap til overgrepet etter at foreldingsfristen gikk ut. Reglene om forelding etter tyve år gjelder ikke ved personskade der den ansvarlige for skaden eller noen den ansvarlige hefter for, kjente eller burde kjenne til at tiltaket kunne medført alvorlig helseskade. Ved ulovlig tvangssterilisering vil et erstatningskrav neppe bli avvist. Komiteen viser til at departementet allikevel kan avgjøre at en sak som er foreldet blir fremmet og at i de tilfellene den skadelidte vil lide et uforskyldt tap dersom forelding blir gjort gjeldende er praksis at forelding nesten uten unntak blir frafalt. Regjeringen har i brev til komiteen vist at det ikke føres statistikk over saker om foreldelsesinnsigelse og det er derfor vanskelig å vite hvordan praksis er. Komiteen understreker at det er viktig at staten har en konsekvent og liberal praksis om frafall av påstand om forelding og ber Regjeringen følge dette opp.

For personer med bakgrunn i nasjonale minoriteter kan det være særlig vanskelig å dokumentere i tilstrekkelig grad de overgrep som har skjedd. Årsaken til dette er i hovedsak at flere relevante arkiv er blitt destruert og/eller at viktige dokumenter er blitt borte fra de ulike arkivene som i dag finnes i Riksarkivet.

Beviskravene i slike saker kan være så tunge at det i realiteten er vanskelig å få tilkjent erstatning. Regjeringen viser i brev til komiteen til at staten har lempet kravet til bevis dersom det offentlige har makulert relevant arkivmateriell og at erstatning er gitt i saker om mangelfull skolegang selv om dokumentasjon ikke har latt seg framskaffe.Komiteen viser til henvendelser fra Den norsk kirke til Regjeringen under utarbeidelse av meldingen, der det påpekes at billighetserstatningene ikke fungere tilfredsstillende for romanifolket. Stort sett er det tapt skolegang som har dannet grunnlaget for å få utbetalt erstatning, mens andre former for myndighetsmisbruk ikke faller inn under de retningslinjer som kvalifiserer for erstatning eller lemping av beviskrav. Dette dreier seg om tap av eiendom eller erverv, opphold på Svanviken med tvangsarbeid og ufrivillig omsorgsovertakelse. Dette er tiltak som var hjemlet i lov og som myndighetene hadde ansvaret for å håndheve. Vurdering av slike saker basere seg på om vedkommende har kommet uheldig ut sammenlignet med andre i samme situasjon, basert på hva som var faglig og sosialt akseptert på den tiden skaden/tapet oppstod. Dette betyr at noen av de forhold Regjeringen nå har bedt om unnskyldning for i noen tilfeller ikke vil vurderes som erstatningsberettiget, i og med at det på den tiden overgrepene ble begått var allment akseptert. I meldingen gir ikke Regjeringen noen signaler eller synspunkter på om de anser det er behov for lemping av beviskrav i saker som kan reises som følge av slike forhold som myndighetene nå har bedt om unnskyldning for.

Komiteen ber derfor Regjeringen i samråd med Billighetserstatningsutvalget foreta en vurdering av beviskrav og kravet til sammenlignbarhet i forhold til hva som var akseptert på den tiden overgrepene ble begått og melde tilbake om dette på egnet måte.

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Høyre, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til at Sverige i 1999 opprettet en egen erstatningsordning for personer som urettmessig ble utsatt for tvangssterilisering. Steriliseringserstatningen innebærer betydelige lemping i forhold til ordinære skadeserstatningsregler. Årsaken til at man innførte en slik lemping var at overgrepene/steriliseringsinngrepene var gjennomført med hjemmel i lov, og Riksdagen i Sverige følte i den forbindelse et særlig ansvar for så langt det lar seg gjøre å bøte på uretten.

Disse medlemmer ber Regjeringen utrede å innføre en lignende ordning i Norge og legge dette fram for Stortinget i løpet av neste sesjon.

Disse medlemmer viser til St.meld. nr. 25 (1999-2000) Om fri rettshjelp, der det kom fram at det er et underforbruk av rettsapparatet blant de som har lavest inntekt og at de derfor lider rettstap fordi de verken har økonomi til å forfølge sakene sine eller faller inn under loven. Dette er et problem både for velferdsstaten og rettsstaten. Under behandlingen av meldingen om fri rettshjelp ble behovet både for fritt rettsråd og fri rettshjelp i de tilfeller der det offentlige var motpart tatt opp. Justiskomiteen ba under behandlingen av saken om at ordningen skulle utvides i saker der det offentlige var motpart. Regjeringen skulle komme tilbake med forslag til dette.

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti ber Regjeringen legge fram forslag til endringer i fri rettshjelpsordningen slik at den utvides både med hensyn til fritt rettsråd og med hensyn til utvidelse av de saksområdene den gjelder for, så snart som mulig. Inntil dette er skjedd ber disse medlemmer Regjeringen sikre likebehandling ved å ta initiativ til å sikre at fylkesmennene har en lik og liberal praksis med hensyn til å innvilge fri rettshjelp i saker om erstatting for overgrep mot personer som tilhører nasjonale minoriteter.

Det var først i Mønsterplan for grunnskolen av 1987 at "sigøynarane" blei nemnde som ein "tradisjonell minoritet" og at kvenene fekk spesiell omtale. Det heiter mellom anna at "det må vere ei oppgåve for skolen å ta vare på det særprega i dei kulturelle tradisjonane som lever i den kvenske og finske befolkninga". Planen kom òg med denne klare tilrådinga: "Elevane bør få tilbod om finsk som valfag. Kvensk bør trekkjast inn i undervisninga i den grad det er naturleg."

På eit generelt grunnlag blei det peika på at morsmålet er viktig, og på at skolen bør gjere sitt for at elevar frå språklege minoritetar skal kunne bli funksjonelt tospråklege. Denne mønsterplanen hadde også ein generell plan for morsmålsopplæring og ein plan for norsk som andrespråk for språklege minoritetar.

Internasjonale konvensjonar, rekommandasjonar og erklæringar set minimumsnormer i verdssamfunnet for dei rettane minoritetar har krav på. Det visast her særskilt til Den europeiske pakta for regions- eller minoritetsspråk (Minoritetsspråkpakta), som er aktuell når det gjeld kvensk/finsk. Her heiter det mellom anna at statane skal ha som målsetjing å "gi tilbod om høvelege former og middel for undervisning og studium av regions- eller minoritetsspråk på alle aktuelle nivå" (art. 7, pkt. 1f). Den andre er Europarådets rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar, der artiklane 12, 13 og 14 handlar om opplæring og fo­rsking.

Dei nemnde artiklane i dei to konvensjonane viser til saman viktige sider av Noregs internasjonale plikter overfor dei nasjonale minoritetane når det gjeld opplæring og forsking.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har med heimel i opplæringslova gitt føresegner (§ 24-1) som gir kommunane plikt til å gi elevar frå språklege minoritetar nødvendig morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring og særskild norskopplæring til dei har gode nok kunnskapar i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen.

I forskrift av 16. juni 1997 nr. 791 Om læreplanverkene for grunnskolen fekk finsk status som andrespråk i område i Finnmark og Troms med kvensk/finsk befolkning. Føresegna seier at når minst tre elevar ved ein skole i dette området krev opplæring i finsk som andrespråk, har elevane rett til å få slik opplæring. Frå 1. august 1999 tok den nye opplæringslova til å gjelde, og med dette blei retten til opplæring i finsk som andrespråk lovfesta (§ 2-7).

  • – Regjeringa ser det som viktig for framtidig rekruttering til finskopplæringa at elevar som har hatt finsk som andrespråk i grunnskolen, skal kunne halde fram med faget i vidaregåande opplæring utan å vere avhengige av opptak ved bestemte skolar. Nettbasert opplæring vil i nær framtid kunne medføre at opplæring i finsk på vidaregåande nivå kan givast utan endringar i føresegnene om retten til opplæring.

Det meste av opplæringstilbodet for dei nasjonale minoritetane blir gitt etter dei vanlege behovskriteria i grunnskoleopplæringa og i vaksenopplæringa i ele­vane sine heimkommunar; like eins i fylkeskommunane når det gjeld den vidaregåande opplæringa. Primærkommunen og fylkeskommunen har ansvaret for å leggje forholda til rette for tilpassa opplæring på grunnskolenivå og vidaregåande nivå.

Både romanifolket (taterane/dei reisande) og rom (sigøynarane) er folkegrupper som har reising som ein del av livsforma. Opplæringa i skolen er ikkje alltid tilpassa denne livsforma. Regjeringa legg like fullt til grunn at retten og plikta til opplæring gjeld på lik linje for alle barn. Det kan derfor vere behov for å utvikle undervisningsformer som kan praktiserast jamvel om elevane reiser delar av året.

  • – Regjeringa vil vurdere om IKT i kombinasjon med skolestøtta kontaktnett i dei aktuelle områda, kan tilpassast opplæringsbehovet hos rom (sigøynarane) og romanifolket (taterane/dei reisande), som er på reise delar av skoleåret.

Skoleåret 1998-1999 tok 707 grunnskoleelevar i 11 av dei 19 kommunane i Finnmark finsk som andrespråk. Hausten 1999 var talet 720 elevar, fordelte på 14 kommunar. For Troms fylke var elevtalet 204 skoleåret 1998-1999, fordelt på 11 av dei 25 kommunane i fylket. Hausten 1999 var det 219 elevar fordelte på 10 kommunar.

Ved Statens utdanningskontor i Troms blir det no utvikla læremiddel for nettundervisning i finsk.

For grunnskolen er det ei generell tilskotsordning for språklege minoritetar. Denne ordninga gjeld også for dei nasjonale minoritetane.

Det er ei eiga tilskotsordning for opplæring i finsk i grunnskolen.

På vidaregåande nivå er det ei tilskotsordning for språklege minoritetar. Opplæring i finsk og samisk har prioritet ved tildelinga.

Både Romanifolkets landsforening og Stiftelsen Roma har teke opp med styresmaktene at det lovfesta vilkåret om fagbrev for å kunne utøve visse yrke inneber eit problem for mange frå romanifolket. Denne gruppa har sterke tradisjonar innanfor ulike område av byggebransjen (for eksempel taktekking, snekring, murararbeid o.a.).

I meldinga er det gjort greie for moglegheitene for å ta fagbrev for personar som har lang praktisk erfaring, men manglande teoretisk bakgrunn.

Skolen er ein sentral samfunnsarena der dei nasjonale minoritetane bør vere synlege. Han kan vere ein kanal der storsamfunnet formidlar kunnskap om dei nasjonale minoritetane til barn og unge, og etter kvart til resten av majoritetsbefolkninga. Det er derfor viktig at skolen gir eit sannferdig og fordomsfritt bilete av dei nasjonale minoritetane i dagens samfunn og deira situasjon i Noreg i fortida.

  • – Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil også i framtida styrkje den haldningsskapande rolla opplæringa har.

Finsk institutt ved Universitetet i Tromsø har studium i finsk språk og kultur opp til doktorgrad. Frå og med hovudfag kan studentane også konsentrere seg om kvensk språk og kultur. Universitetet har sidan 1998 gitt tilbod om semesteremne i kvensk, der det ikkje har vore sett krav om generell studiekompetanse, og der kvener har hatt prioritet ved opptaket. Også Universitetet i Oslo har fullt studium i finsk.

Høgskolen i Finnmark har tilbod om semesteremne og grunnfag i finsk. Mellomfagstillegg blir gitt anna­kvart år. Det er også lagt til rette for fagdidaktikk i finsk for dei som tek lærarutdanning. Spørsmål som gjeld kunnskapsutvikling og forsking blir behandla i pkt. 6.11.

Det er mangel på lærarar som kan undervise i finsk. Det er eit mål at dei lærarane som elles er tilsette på skolen, også skal få kompetanse til å undervise i finsk. Tilsetjing av lærarar frå Finland blir ikkje sett på som noka god, varig løysing.

  • – Statens utdanningskontor i Finnmark og Troms, som samarbeider om å betre skoletilbodet i finsk, vil foreslå tiltak for å betre lærarsituasjonen når det gjeld undervisning i finsk. Dei har etablert kontakt om dette med dei norske universitets- og høgskolemiljøa, og dessutan med universitetet i Oulo.

Regjeringa legg til grunn at kvensk kultur og kvensk/finsk språk er ein levande del av det norske samfunnslivet. Universitetet i Tromsø og Høgskolen i Finnmark har ei viktig rolle i å ta vare på og vidareføre kvensk kultur og kvensk/finsk språk.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet og Høyre, viser til sine respektive merknader under kap. 1.2.

Et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti, Høyre, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser til at Statens utdanningskontor i Finnmark og Troms vil foreslå tiltak for å bedre lærersituasjonen når det gjelder undervisning i kvensk/finsk språk. Dette flertallet vil peke på at økte muligheter for etterutdanning i kvensk/finsk for lærere er et eksempel på et slikt tiltak.

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til merknader under kap. 1.2 der Regjeringen i budsjettet for 2002 bes legge fram en forpliktende plan for gjennomføring av tiltakene meldingen og innstillingen inneholder, med tidspunkt for gjennomføring og framdrift for de enkelte tiltak ogprosjekter.

Oppvekstmiljøet til barn og ungdom er eit av dei viktigaste satsingsområda til regjeringa. Eit overordna mål er å sikre alle barn og unge likeverdige tilbod og like høve til utvikling, uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn, sosial bakgrunn eller kvar i landet dei bur. Likeverd, solidaritet og medverknad er viktige verdiar i barne- og ungdomspolitikken.

Regjeringa har sett i verk fleire tiltak for å styrkje og vidareutvikle lokale oppvekstmiljø, og for å stimulere til større deltaking og medverknad av barn og unge. Desse tiltaka skal gjelde alle barn og unge, også barn og unge frå nasjonale minoritetar. Eit hinder i arbeidet med å nå desse barna og ungdommane kan vere mangel på kunnskap om kulturen og levemåten til dei nasjonale minoritetane. Den nordiske kunnskapsstatusen som skal utarbeidast om dei nasjonale minoritetane (jf. pkt. 6.11.4), må derfor bli ein del av grunnlaget for arbeidet overfor desse gruppene.

Frivillige organisasjonar er viktige talerør og møtestader for barn og unge. Dei nasjonale minoritetane har dei siste åra skipa fleire eigne organisasjonar. Dersom desse organisasjonane har eit barne- og ungdomsarbeid, eller dei dannar eigne barne- og ungdomsorganisasjonar, kan det søkjast om støtte til dette arbeidet.

Lov om barneverntenester fastslår at barneverntenesta skal vurdere og finne tiltak som er til beste for barnet. Ho slår vidare fast at barnevernarbeidet skal ta utgangspunkt i det enkelte barnet, familien og det miljøet barnet høyrer heime i. Det skal takast rimeleg omsyn til den etniske, religiøse, kulturelle og språklege tilhøyrsla. Barnet skal ha rett til å nyte godt av sin eigen kultur, til å vedkjenne seg og utøve sin eigen religion og til å bruke sitt eige språk. Dette inneber at dersom eit barn som tilhøyrer ein minoritet, må plasserast i fosterheim, skal barneverntenesta vurdere om det vil vere til det beste for barnet å bli plassert i ein fosterheim der fosterforeldra tilhøyrer den same minoriteten som barnet. I praksis kan dette vere vanskeleg å gjennomføre. Det skal takast omsyn til at det å bli fjerna frå familien sin inneber eit større traume for eit barn dersom det samstundes mister kontakten med sin eigen kultur.

For barn med minoritetsspråkleg bakgrunn blir det gitt eit eige tilskot til tospråkleg assistanse over budsjettet til Barne- og familiedepartementet. Intensjonen er å leggje forholda til rette slik at kommunale og private barnehageeigarar kan gi barn frå språklege og kulturelle minoritetar eit godt og utviklande barnehagetilbod. Barn som tilhøyrer nasjonale minoritetar, blir omfatta av tilskotsordninga, noko som er presisert spesielt i rundskrivet for 2000 (Q-2/2001).

  • – Særlege tiltak, der ein tek sikte på å fremme utvikling av kvensk kultur, språk og identitet i barnehagar, vil kunne få stønad frå Barne- og familiedepartementet sine midlar over kap. 856 post 21 i statsbudsjettet. Til vanleg kan ikkje dette kombinerast med at barnehagen får midlar frå tilskotsordninga for barn med bakgrunn i minoritetsspråk.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet og Høyre, viser til sine respektive merknader under kap. 1.2.

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til merknader under kap. 1.2 der Regjeringen i budsjettet for 2002 bes legge fram en forpliktende plan for gjennomføring av tiltakene meldingen og innstillingen inneholder, med tidspunkt for gjennomføring og framdrift for de enkelte tiltak og prosjekter.

Det bør i framtida vere eit hovudprinsipp at kulturelt mangfald også skal vere synleg i arkiv-, bibliotek- og museumssamanheng. I visse høve kan det vere aktuelt med eigne institusjonar for ei folkegruppe. Samstundes er det viktig å setje i verk tiltak og finne løysingar som gir uttrykk for samkvem, kulturmøte og samspel mellom ulike grupper. Det er ein kvalitet når arkiv, bibliotek og museum speglar slikt samkvem i regionar der dette er eit viktig kjennemerke. Det kan såleis ofte vere betre å knyte ansvar og tiltak til eksisterande institusjonar framfor å skipe nye. Men det er da avgjerande at den aktuelle minoriteten er premissleverandør, og at tiltaket er ein del av gruppa sin innsats for å halde oppe og styrkje sin eigen kultur.

Alt i alt er det likevel behov for ekstra satsing for å gi mangfaldet i kulturbakgrunn i det moderne norske samfunnet ein tydelegare plass på kulturfeltet. Med utgangspunkt i eksisterande institusjonar lyt ein ta sikte på å markere denne dimensjonen sterkare i norsk kulturarv. Desse målsetjingane for arkiv, bibliotek og museum er nedfelte i St.meld. nr. 22 (1999-2000) Kjelder til kunnskap og oppleving - Om arkiv, bibliotek og museum i ei IKT-tid og om bygningsmessige rammevilkår på kulturområdet.

Gjennom somme museum og prosjekt har det alt i ein del år vore arbeidd med å dokumentere og formidle kulturen til nokre av dei nasjonale minoritetane. Vadsø museum - Ruija kvenmuseum har lenge hatt kvenkultur som sitt ansvarsfelt. No kjem i tillegg Kvæntun-prosjektet i bygda Børselv i Porsanger, som vil utfylle dette. Eit tidlegare heilt forsømt område er romanifolket og deira kulturhistorie i Noreg. Prosjektet ved Glomdalsmuseet på Elverum, som tek sikte på å byggje opp eit permanent dokumentasjons- og formidlingssenter for denne minoritetskulturen, er såleis eit banebrytande og viktig tiltak. Satsinga på kulturen til romanifolket er frå Kulturdepartementet si side sterkt bunden opp mot prosjektet ved Glomdalsmuseet, og Norsk museumsutvikling har gjennom fleire år ytt prosjektstøtte til dette tiltaket.

Under Kulturdepartementet sitt budsjett blir det løyvt midlar til tilskotsordningar for lokale, regionale og nasjonale kulturbygg. Innanfor rammene av desse ordningane kan ein søkje om stønad til oppføring av nybygg og ombygging av eksisterande bygningar for kulturtiltak for minoritetar. Ingen av dei allereie vedtekne nasjonale kulturbyggprosjekta har som særskilt mål å ta vare på og utvikle minoritetskulturar.

I St.meld. nr. 22 (1999-2000) er det gjort greie for behov, planar, prosjekt og prioriteringar i samband med statlege og nasjonale kulturbygg. To av planane gjeld kulturtiltak for nasjonale minoritetar: ei ny avdeling for dokumentasjon og formidling av taterkulturen ved Glomdalsmuseet og eit nytt senter for kvensk språk og kultur i Børselv, Porsanger.

Glomdalsmuseet på Elverum har arbeidd med planar om å skipe eit kulturhistorisk dokumentasjons- og formidlingssenter for taterkulturen i Noreg som ei ny avdeling ved museet.

  • – Regjeringa vil gjere framlegg om at det blir løyvd midlar til investeringar og drift med sikte på byggjestart i 2002 (jf. pkt. 6.3.5).

Planane for Kvæntunet i bygda Børselv er initierte av Porsanger kommune. Kvæntunet skal bli eit senter for kvensk språk og kultur. St.meld. nr. 22 (1999-2000) viser til at Kvæntunet er viktig fordi det er knytt til eit lokalsamfunn der kvensk språk og kultur framleis er levande. Verksemda ved Kvæntunet gjeld dokumentasjon, bevaring og utvikling av kvensk språk, med hovudvekt på lingvistikk. Institusjonen skal elles arbeide med kulturarrangement og kultursamarbeid.

Byggjesakene Kvæntunet og den nye avdelinga på Glomdalsmuseet er mellom anna kjenneteikna av at behovet for historisk dokumentasjon er stort, at dei nasjonale minoritetane sjølve er aktive pådrivarar og premissleverandørar i planleggingsarbeidet, og at planane er langt framskridne. Regjeringa vil freiste å medverke til at desse prosjekta blir gjennomførte. Forslag om løyving til slike og andre prosjekt vil kome når omfanget og kostnadene er tilpassa ei forsvarleg tilskotsramme, og når ansvaret for fullfinansiering, framdrift og drift er avklart.

Regjeringa er vidare kjend med Nordreisa kommune sine planar om å etablere eit kvenkultursenter som skal dokumentere og formidle kvensk kultur og tradisjon, særleg i Troms fylke.

Ei rad kulturtiltak retta inn mot dei nasjonale minoritetane er av kortsiktig karakter og speglar så vel mangfald som vekslande behov. Dei er i hovudsak prosjektretta. Både Kulturdepartementet og Norsk kulturråd har ved fleire høve støtta kulturtiltak for dei nasjonale minoritetane.

Kulturpolitikken vis-à-vis dei nasjonale minoritetane er ei samansett oppgåve der løysingane vil måtte variere avhengig av behova til den enkelte minoriteten og dei lokale aktørane si tolking av situasjonen. Ei fleksibel og kompetent forvaltning av prosjektretta tiltak er viktig i utforminga av ein effektiv kulturpolitikk på feltet.

Støtte til prosjektretta kulturtiltak for og i regi av dei nasjonale minoritetane inngår som ein del av Norsk kulturråd si regulære verksemd. Rådet vil med andre ord kunne vurdere støtte til prosjekt og tiltak som gjeld kulturvern, handverkstradisjonar, musikk, scenekunst og informasjonsbrosjyrar.

Det blir gitt ei årleg løyving på 500 000 kroner til eit finsk bibliotek forankra i Vadsø bibliotek/Finnmark fylkesbibliotek. Etter avtale med staten skal biblioteket fungere som sentralbibliotek for finskspråkleg litteratur i Noreg.

Arkiva representerer eit fundament for kulturarven vår og er ein sentral del av den kollektive minnefunksjonen i samfunnet.

Riksarkivet får eit øyremerkt tilskot til forvaltning av arkivet etter Norsk misjon blant hjemløse. Tilskotet skal dekkje ekstraarbeid og lønnsutgifter som følgje av førespurnader frå enkeltpersonar som ønskjer opplysningar om seg og familien sin, og utgifter knytte til fo­rskarar som har fått tilgang til arkivet.

Spørsmålet om bevaring eller kassasjon av arkiv får ofte ein ekstra dimensjon når det er tale om personopplysningar, særleg dersom dei er av svært ømtålig eller sensitiv karakter.

Det såkalla "Åndssvakeregisteret" som inneheld informasjon om etnisk tilknyting, saman med mange andre sensitive opplysningar, er i dag deponert hos Riksarkivaren. Datatilsynet påla, i vedtak av 24. februar 2000, Riksarkivaren å anonymisere dette registeret etter ein periode på tre år.

Stiftelsen Rettferd for taperne påklaga Datatilsynet sitt vedtak til Justisdepartementet. Vidare har representantar for romanifolket i dialogen med Kommunal- og regionaldepartementet ytra sterke ønske om at slike gamle register som inneheld informasjon om enkeltpersonar si tilknyting til romanifolket, som "Åndssvakeregisteret" og "Taterregisteret" hos Kripos, blir bevarte utan anonymisering. Etter deira oppfatning er omsynet til personvernet tilstrekkeleg teke vare på ved at registra blir sikra på ein slik måte at uvedkomande ikkje kan få tilgang til opplysningane, til dømes ved deponering i Riksarkivet.

Justisdepartementet vedtok å ta klaga frå stiftelsen Rettferd for taperne til følgje, slik at registeret likevel ikkje skal anonymiserast.

Regjeringa støttar synspunktet til Romanifolkets landsforening og vil understreke at omsynet til å ta vare på dokumentasjon av overgrep mot minoritetar skal vege tungt i avveginga mellom arkivvern og personvern.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, viser til Innst. S. nr. 46 (2000-2001) der flertallet sier:

"Et annet flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, er enig i at det er en viktig utfordring å sette urfolk og minoritetskulturer i stand til å sikre og utvikle egen kultur for på den måten å bidra til å opprettholde Norge som et flerkulturelt samfunn."

Et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet og Høyre, viser til sine respektive merknader under kap. 1.2.

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser også til merknader ellers i innstillingen og under kap. 1.2 der Regjeringen i budsjettet for 2002 bes legge fram en forpliktende plan for gjennomføring av tiltakene meldingen og innstillingen inneholder, med tidspunkt for gjennomføring og framdrift for de enkelte tiltak ogprosjekter.

Norske Kveners Forbund har i dialogen med Kommunal- og regionaldepartementet kravd at namnelova blir endra, "slik at det blir mogleg for kvenske familiar å ta tilbake sine opphavlege slektsnamn, også i tilfelle der desse namna berre har vore i bruk munnleg". Representantar for skogfinnane har kravd at dei som ønskjer det, må kunne ta tilbake sine gamle kvenske eller finske slektsnamn som etternamn eller som mellomnamn.

I dag vil det utan problem bli gitt bevilling til nylaga kvenske slektsnamn. Nylaga slektsnamn er namn som i dag ikkje er i bruk ifølgje folkeregisteret. Namnet kan altså ha vore brukt tidlegare.

Problema for kvener og skogfinnar oppstår når dei ønskjer å ta slektsnamn som er registrerte i landet og som har rettsleg vern.

Departementet har i 1999 med heimel i namnelova § 9 nr. 6 gitt samtykke til namneendring til det opphavlege kvenske slektsnamnet som ein av oldeforeldra til søkjaren hadde, når fornorsking var årsak til namnebytet frå kvensk til norsk slektsnamn.

Ved brev av 22. april 1999 sette Justisdepartementet ned ei arbeidsgruppe som skal vurdere namnelova. Arbeidsgruppa vil vurdere endringar i namnelova, mellom anna i forhold til nasjonale minoritetar. Innstillinga frå arbeidsgruppa er planlagd levert til departementet innan utgangen av 2000.

Eit utval oppnemnt av Kulturdepartementet har evaluert lov av 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn med forskrifter som likestiller norske, samiske og finske stadnamn og gir reglar for skrivemåte og bruk av fleirspråklege namneformer. Kulturdepartementet vurderer for tida korleis rapporten frå utvalet skal følgjast opp. Kravet frå Norske Kveners Forbund om at nemninga "finske stadnamn" skal endrast til "kvenske stadnamn" vil bli vurdert i denne samanhengen.

Fleire kommunar i Finnmark og Troms er tre­språklege, med norsk, samisk og kvensk/finsk språk. For slike kommunar kan det vere verdifullt at alle språka blir synleggjorde i kommunenamnet. I dag finst det ingen kommunar som har trespråkleg kommunenamn. Porsanger kommune har søkt staten om løyve til å ha dette.

  • – Regjeringa har opna for å godkjenne trespråklege kommunenamn på lik linje med tospråklege kommunenamn.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet og Høyre, viser til sine respektive merknader under kap. 1.2.

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til merknader under kap. 1.2 der komiteen ber Regjeringen i budsjettet for 2002 legge fram en forpliktende plan for gjennomføring av tiltakene meldingen og innstillingen inneholder, med tidspunkt for gjennomføring og framdrift for de enkelte tiltak ogprosjekter.

Ytringsfrihetskommisjonen (NOU 1999:27) meiner at det er viktig at det blir lagt til rette for både ein offentleg samtale innanfor minoritetane og mellom dei ulike gruppene i samfunnet. Kommisjonen hevdar at minoritetane sine føresetnader kan seiast å vere ein "test case" på ytringsfridommen sine vilkår i samfunnet og viser mellom anna til artikkel 7 og 9 i Rammekonvensjonen.

Regjeringa meiner at ei aktiv støtte til ytringsfridom og høve til å ytre seg for minoritetane er eit viktig politisk tiltak i eit kulturelt mangfaldig samfunn.

Den kvenske avisa Ruijan Kaiku er i dag eit viktig forum for ytringar, informasjon og diskusjon i det kvenske samfunnet. Det øyremerka tilskottet frå Kulturdepartementet er foreslått auka til 350 000 kroner i 2001.

NRK Troms har kvar veke ei 12 minutts sending på finsk. Sendinga inneheld nyhendemeldingar, reportasjestoff, musikk og kulturinnslag.

Allmennkringkastingsrådet uttalte i sin rapport for 1999 at NRK bør vurdere å utvide sendetida, og dessutan gjere sendingane landsdekkjande.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti, Høyre, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, mener et tilbud om aviser for minoriteter er et viktig tiltak for å utvikle minoritetenes språk og kulturer. Flertallet viser til at Regjeringen i statsbudsjettet for inneværende år foreslo, og fikk støtte til, at den kvenske avisa Ruijan Kaiku får en økning i statstilskuddet fra 250 000 kroner til 350 000 kroner. Flertallet ber Regjeringen vurdere den økonomiske situasjonen og grunnlaget for drift for avisa.

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til merknader under kap. 1.2 der Regjeringen i budsjettet for 2002 bes legge fram en forpliktende plan for gjennomføring av tiltakene meldingen og innstillingen inneholder, med tidspunkt for gjennomføring og framdrift for de enkelte tiltak ogprosjekter.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til merknader under kap. 1.2.

Sosial- og helsedepartementet har lite oppdatert kunnskap om helsetilstanden og levekåra til dei nasjonale minoritetane og kva forhold dei har til helse- og sosialtenestene. Minoritetane har i dialogen med styresmaktene i liten grad formulert krav og ønske på dette området.

Senter mot etnisk diskriminering har informert om at dei er blitt kontakta av rom som føler seg diskriminerte i Noreg, mellom anna når det gjeld å skaffe seg husvære. Den reisande livsforma gjer at rom kan ha vanskar med å oppfylle kravet om samanhengande butid i ein kommune for tilvising av kommunal bustad. Departementet viser spesielt til at Oslo kommune på bakgrunn av brev frå Senter mot etnisk diskriminering har gått bort frå kravet om tre års samanhengande butid for rom. Dette er eit døme på at reell likebehandling av og til krev at det blir teke omsyn til ulike føresetnader.

Den jødiske minoriteten har ein særskild alders- og sjukeheim i Oslo, som blir driven med tilskot frå Oslo kommune og Det mosaiske trussamfunnet. Regjeringa går ut frå at sjukehusa har ei imøtekomande holdning med omsyn til eventuelle ønske om kosher (rituelt) kosthald og høve til å få åndeleg og etisk rådgiving. Dette gjeld i første rekkje sjukehus og andre institusjonar i Oslo og Trondheim.

Når det gjeld kvenene sitt forhold til helse- og sosialtenestene, kan det nemnast at finsk-/kvenskspråkleg kompetanse finst i mange kommunale og fylkeskommunale institusjonar i Finnmark og Troms, men at det kan vere behov for å utnytte denne kompetansen betre. Ein skal vere merksam på at også personar som til dagleg snakkar norsk, kan ønskje å bruke morsmålet i akutte krisesituasjonar, og at tap av minne i alderdommen også kan gjere at morsmålet er det einaste språket som fungerer. Dette er ei problemstilling som er aktuell for fleire grupper.

Norsk helse- og sosialpolitikk byggjer på eit omfattande sett av brukarrettar. Alle brukarar har same rett til å bli møtte med respekt for sin spesielle livssituasjon og kulturelle bakgrunn. Regjeringa legg vekt på at tenestene skal få ei individuell utforming som speglar ei slik holdning.

Sosial- og helsedepartementet er kjend med at registrering av minoritetsbakgrunn i journalar og saksdokument har skjedd i helsevesenet og trygdeetaten, med enkelte døme heilt fram til notida. Ein veit ikkje korleis denne informasjonen har vore nytta. Sosial- og helsedepartementet seier seg lei for denne praksisen og vil understreke at dette ikkje skal skje.

Meldinga presiserer at registrering av språk kan vere legitimt, sidan dette kan vere til nytte for brukarane sjølve, til dømes for å førebu tolking. Når det gjeld romanifolket, kan omsynet til språk neppe ha vore årsaka til registrering av minoritetsbakgrunn.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet og Høyre, viser til sine respektive merknader under kap. 1.2.

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til merknader under kap. 1.2 der Regjeringen i budsjettet for 2002 bes legge fram en forpliktende plan for gjennomføring av tiltakene meldingen og innstillingen inneholder, med tidspunkt for gjennomføring og framdrift for de enkelte tiltak ogprosjekter.

Staten sin politikk overfor nasjonale minoritetar byggjer på prinsippa om likebehandling og ikkje-diskriminering. Dette er grunnleggjande prinsipp i Verdserklæringa for menneskerettane og i internasjonale menneskerettskonvensjonar.

Det er eit overordna mål for Regjeringa at alle som bur i Noreg, same kva bakgrunn dei har, skal ha reelt like høve, like rettar og like plikter til å delta i alle delar av samfunnet og til å bruke sine eigne ressursar.

Nasjonale minoritetar opplever mobbing og trakassering i skolen og elles i kvardagen. Til dels er det tale om openlys diskriminering, der sterke, negative haldningar kjem til uttrykk. Det er derfor mange som tilhøyrer ein nasjonal minoritet som ikkje ønskjer å stå ope fram med bakgrunnen sin.

Senter mot etnisk diskriminering har mellom anna hjelpt til i saker der familiar med tilknyting til rom og romanifolket har blitt diskriminerte ved at dei har blitt bortvist frå campingplassar utan sakleg grunn. Senteret rapporterer og om døme på at ein søknad om lån truleg har blitt avvist på bakgrunn av den etniske opphavet til lånsøkjaren. Andre førespurnader senteret har fått gjeld sosialtenesta, helsevesenet og politiet.

Det finst i dag enkelte føresegner som fastset eit forbod mot etnisk diskriminering på avgrensa saksområde. Det er likevel sjeldan at desse føresegnene blir prøvde for domstolane. Dei gruppene som føresegnene skal verne, opplever i liten grad at dei har eit reelt vern mot diskriminering.

Handlingsplan mot rasisme og diskriminering (1998-2001) dannar grunnlaget for den politikken Regjeringa har på området.

Senter mot etnisk diskriminering blei offisielt opna 10. februar 1999 og skal verke i ein prøveperiode fram til utgangen av 2002. Senteret har som formål å sikre vernet mot etnisk diskriminering. Senteret har som hovudoppgåve å gi rettshjelp i saker om diskriminering på grunnlag av truvedkjenning, rase, hudfarge og nasjonalt eller etnisk opphav og å dokumentere og overvake situasjonen når det gjeld arten og omfanget av denne typen diskriminering.

Den 3. mars 2000 sette Kongen i statsråd ned eit utval som skal greie ut ei lov mot etnisk diskriminering.

Regjeringa legg vekt på det internasjonale arbeidet mot rasisme og diskriminering. FN skal arrangere ein verdskonferanse mot rasisme i 2001, og Europarådet stod ansvarleg for ein europeisk konferanse mot rasisme i 2000. Staten vil i samarbeid med dei frivillige organisasjonane delta aktivt i prosessen fram mot verdskonferansen, som óg inneber eit arbeid på nasjonalt plan.

Regjeringa understrekar at staten har eit særskilt ansvar for å sikre at det blir sett i verk tiltak for å sikre likebehandling og motverke diskriminering.

Komiteen viser til at Regjeringen arbeider med en egen lov mot etnisk diskriminering. Komiteen vil uttrykke støtte til dette arbeidet og til at innsatsen mot diskriminering må intensiveres.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti, Høyre, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser ellers til merknad under kap. 1.2 der komiteen ber Regjeringen vurdere om SMED også skal ha en rolle i forhold til diskriminering av minoriteter som gruppe.

Ved vurdering av senterets mandat i 2002 ber komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti Regjeringen i budsjettet for 2002 legge fram en forpliktende plan for gjennomføring av tiltakene meldingen og innstillingen inneholder, med tidspunkt for gjennomføring og framdrift for de enkelte tiltak ogprosjekter.

Forsking om nasjonale minoritetar skal få fram kunnskap for at politikken på feltet kan byggje på eit best mogleg grunnlag. Slik situasjonen er i dag, har styresmaktene ein del kunnskap, men mykje av kunnskapen er fragmentarisk og dessutan ikkje tilstrekkeleg dokumentert. Det er derfor behov for meir systematisert forsking om ulike problemstillingar knytte til nasjonale minoritetar og deira situasjon, til dømes når det gjeld minoritetsspråk, tilhøva for barn og unge og tilhøva mellom menn og kvinner.

Å vere med på ei nasjonal kunnskapsutvikling og å sjå til at forskingsresultata på dette området blir formidla, blir sentrale oppgåver for Kommunal- og regionaldepartementet som samordnande departement. Sektorprinsippet gjeld likevel her som på alle andre område i statsforvaltninga.

Forsking på kvenske tilhøve går no i hovudsak føre seg ved Universitetet i Tromsø. Her er det faste forskarstillingar i kvensk/finsk språk og litteratur. Noregs fo­rskingsråd har ei eiga satsing på kvensk forsking med eit budsjett på om lag 1,5 mill. kroner årleg.

Generelt har forskinga omkring kvenske tilhøve i første rekkje dreidd seg om språk, historie og i nokon grad etnologi og folkloristikk. Det er behov for meir forsking for å dokumentere språksituasjonen og sjå nærmare på vidareutviklinga av kvensk/finsk. Det er óg fleire aktuelle behov innanfor historisk forsking.

Det er behov for kunnskap om samspelet mellom dei ulike etniske gruppene som har levd saman på Nordkalotten i lang tid.

Gjennom Noregs forskingsråd sitt forskingsprogram om romanifolket (taterane/dei reisande) er den behandlinga som romanifolket har vore utsett for frå staten, Norsk misjon blant hjemløse og resten av storsamfunnet, blitt dokumentert. Både Universitetet i Oslo og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim har laga rapportar som del av programmet. Sosial- og helsedepartementet har finansiert satsinga.

Det har ikkje vore nokon koordinert forskingsinnsats omkring situasjonen til jødar, skogfinnar og rom (sigøynarar). Særleg har skogfinnane peika på behovet for å få dokumentert historia.

Opprettinga av eit senter for studium av Holocaust er no under førebuing. Regjeringa arbeider med ein modell som legg opp til at senteret blir plassert i Villa Grande (jf. St.prp. nr. 1. Tillegg nr. 4 (2000-2001)).

Det blir lagt til grunn at studiar omkring jødiske tilhøve i Noreg skal vere ein del av forskingsinnsatsen ved senteret.

  • – Barne- og familiedepartementet vil få utarbeidd ei nordisk kunnskapsoversikt om barn og ungdom frå nasjonale minoritetar som òg skal omtale barnevernet. Ved å la kunnskapsoversikta gjelde Norden, kjem det empiriske kunnskapstilfanget til å auke, samtidig som målgruppa blir større.

Mykje tyder på at fleire personar frå romanifolket har blitt plasserte på spesialskolar og psykiatriske institusjonar utan at det var fagleg grunnlag for det. Vi har likevel ikkje nok kunnskap om og på kva for måtar helse- og omsorgssektoren har behandla framandt levesett og etnisk identitet som sjukdom.

  • – Sosial- og helsedepartementet vil finansiere fo­rsking og dokumentasjon omkring den ideologien som låg bak helse- og omsorgssektoren si behandling av eit framandt levesett som sjukdom. Departementet vil også kartleggje betre kva praksis som blei følgd i det psykiske helsevernet med omsyn til sjukleggjering av etnisk identitet.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet og Høyre, viser til sine respektive merknader under kap. 1.2.

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til merknader under kap. 1.2 der Regjeringen i budsjettet for 2002 bes legge fram en forpliktende plan for gjennomføring av tiltakene meldingen og innstillingen inneholder, med tidspunkt for gjennomføring og framdrift for de enkelte tiltak ogprosjekter.