2. Politisk grunnlag for eit kulturelt mangfaldig Noreg
Sjølv om omgrepet "nasjonal minoritet" ikkje er klart avgrensa, er det semje om at minoritetsgrupper som har ei langvarig historie i det landet dei bur i, er å rekne som nasjonale minoritetar. I erklæringa frå Wien-toppmøtet i Europarådet i 1993 blir det vist til at den omskiftelege historia i Europa har medverka til å etablere dei nasjonale minoritetane.
Meldinga er ei oppfølging av at Noreg 17. mars 1999 ratifiserte Rammekonvensjonen om vern av nasjonale minoritetar. Ho er òg ei oppfølging av St.meld. nr. 21 (1999-2000) Menneskeverd i sentrum - Handlingsplan for menneskerettigheter, der ein gjennomgang av politikken overfor nasjonale minoritetar var eit av dei varsla tiltaka.
Meldinga vil likevel ta opp ein del generelle minoritetspolitiske spørsmål, og ho vil såleis ha konsekvensar for heile det feltet vi kallar politikk for eit kulturelt mangfaldig samfunn.
Alt lenge før den norske staten blei etablert, budde både samar og nordmenn i det området som no utgjer Noreg. Kvener, skogfinnar og romanifolket kjem til syne i Noregs-historia ved overgangen frå mellomalderen til ny tid, på 1500- og 1600-talet. Alle dei nasjonale minoritetane har ei meir enn hundre år lang historie i landet.
Likevel har førestellinga om Noreg som eit kulturelt einsarta samfunn stått sterkt, og i den offentlege samtalen er minoritetar og urfolk i ein del tilfelle blitt framstilte som unntak som stadfestar regelen om at Noreg eigentleg er homogent.
Regjeringa tek utgangspunkt i at Noreg ikkje er kulturelt einsarta. Det er mange måtar å vere norsk på, og kulturelt mangfald er ein rikdom for fellesskapet.
Regjeringa slår fast at nokre verdiar og premissar, som respekten for menneskerettane og grunnleggjande demokratiske prinsipp, må vere felles for alle i Noreg. Dette er ein føresetnad for at dialogen mellom grupper, individ og styresmakter skal bli vellykka, trass i skilnader når det gjeld kultur, verdiar, uttrykksformer, livssyn og måtar å leve på.
Etter Regjeringa sitt syn er det avgjerande å sjå på alle personar som eineståande individ. Alle har rett til å skape sin eigen identitet, og alle med tilknyting til ein minoritet skal sjølve få avgjere om dei vil bli behandla som tilhøyrande ein nasjonal minoritet eller ikkje. Individperspektivet er òg viktig for å kunne identifisere aktuelle problemområde. Alle - kvinner, menn, barn og unge - skal få kome til orde med sine forteljingar og oppfatningar.
Prinsippet om ikkje-diskriminering er ein viktig del av vårt verdigrunnlag. Rasisme og diskriminering er i strid med dei mest grunnleggjande verdiane våre og må motarbeidast aktivt.
Det er i visse tilfelle nødvendig å setje inn særskilde tiltak med sikte på at minoritetane skal oppnå reell likskap med majoritetsbefolkninga på alle område av det økonomiske, sosiale, politiske og kulturelle livet.
Regjeringa ser det som eit mål at behova til minoritetane så langt råd er skal bli møtte innanfor dei generelle ordningane. I somme tilfelle kan ei god løysing vere å tilpasse dei generelle ordningane slik at dei også treffer behova til dei nasjonale minoritetane.
Når det gjeld grunnleggjande velferdstenester, som helsetenestene og sosialtenesta, har Regjeringa som mål at dei skal vere tilpassa behova til kvar enkelt person. Det inneber at slike tenester også skal vere tilpassa behova til personar som tilhøyrer dei nasjonale minoritetane. Dei lokale helse- og sosialtenestene må ha eller kunne skaffe seg tilstrekkeleg kompetanse til å kunne syte for slik tilpassing til brukarane.
Regjeringa vil arbeide for eit samfunn som fremmar dei føresetnadene som er nødvendige for at personar som tilhøyrer minoritetar, skal kunne uttrykkje, halde oppe og vidareutvikle sin identitet, både innanfor si eiga gruppe og i møte med resten av samfunnet.
Kulturarven til dei nasjonale minoritetane er ein del av kulturarven i Noreg. Norske styresmakter har såleis eit særskilt ansvar for å ta vare på kulturarven og dei kulturelle tradisjonane til minoritetane.
Regjeringa legg til grunn at ein del av behova til dei som tilhøyrer minoritetane, berre kan bli møtte gjennom særtiltak overfor gruppene som fellesskap, til dømes når det gjeld media og utdanning.
Det er viktig å slå fast at den retten minoritetar har til å uttrykkje, halde oppe og vidareutvikle sin kultur, ikkje skal kunne brukast av nokon til å krenkje rettane til andre personar.
Regjeringa ser på retten til deltaking i samfunnslivet i Noreg, og særleg på deltaking i dei politiske avgjerdsprosessane, som grunnleggjande rettar. Minoritetane sine organisasjonar har ei viktig rolle å spele her, og organisasjonane får økonomisk støtte over statsbudsjettet for å fylle denne rolla.
Styresmaktene fører dialog med dei organisasjonane som representerer gruppene. Samstundes må personar som på eigne vegner gir stemme til ulike syn, bli høyrde.
Utforminga av den personlege identiteten høyrer inn under privatsfæren og ikkje under feltet for staten sin politikk. Hovudregelen må vere at den det gjeld, sjølv får avgjere om ho eller han tilhøyrer ein nasjonal minoritet. Det vil seie at prinsippet om sjølvidentifisering gjeld.
Det er individ som har ein kulturell identitet, ikkje grupper. For personar som tilhøyrer ein nasjonal minoritet, vil tilknytinga til minoriteten gjerne vere ein meir eller mindre viktig del av den personlege identiteten. Opplevinga av kor viktig denne delen av identiteten er, kan vere ulik i ulike samanhengar. Mange opplever at dei har sin eigen identitet knytt til fleire folkegrupper.
I alle gruppene er det ordskifte om identitet og avgrensing, historisk opphav og kulturell endring. Det er ikkje ei oppgåve for styresmaktene å delta i slike ordskifte. Samstundes har staten ei plikt, mellom anna ut frå Rammekonvensjonen om vern av nasjonale minoritetar, til å leggje forholda til rette for at personar med minoritetstilknyting kan uttrykkje, halde oppe og utvikle sin eigen identitet.
Mange personar med bakgrunn i ein av dei nasjonale minoritetane har vore utsette for eit sterkt fornorskingspress, utan at minoritetsidentiteten dermed er blitt viska ut. For mange av desse personane er det avgjerande for sjølvkjensla og sjølvrespekten at identiteten deira blir stadfesta og styrkt, både av andre som tilhøyrer minoriteten, og av representantar for storsamfunnet.
Staten Noreg har skrive under ulike internasjonale menneskerettskonvensjonar og har gjennom dette teke på seg plikter overfor minoritetane.
Regjeringa vil likevel understreke at kommunar og fylkeskommunar har den same plikta som staten til å vere med på å oppfylle dei minoritetspolitiske forpliktingane som Noreg har teke på seg. Dette tyder mellom anna at omsynet til dei nasjonale minoritetane skal vere med i dei politiske vala som må gjerast lokalt.
Noko tilsvarande kan ein seie om fristilte statlege institusjonar, som universiteta, høgskolane og NRK. Overfor staten sine eigne institusjonar kan det dessutan vere aktuelt å gi særlege styringssignal gjennom konsesjonsvilkår og tildelingsbrev.
Den politikken staten tidlegare har ført overfor dei nasjonale minoritetane, har i lange periodar hatt assimilasjon (fornorsking) og kontroll som målsetjing.
Særleg overfor romanifolket (taterane/dei reisande) har det skjedd grove overgrep gjennom ein stor del av 1900-talet. Tiltak som busetting, plassering på institusjon, omsorgsovertaking av barn og sterilisering - formelt eller reelt grunngitt med at den det gjaldt var "omstreifar" - blei kopla saman på ein slik måte at det heile fekk eit sterkt element av tvang. Sett samla gir tiltaka eit bilete av ein samanhengande og sterkt undertrykkjande politikk frå storsamfunnet overfor ein utsett minoritet. Denne politikken var støtta og positivt sanksjonert av offentlege styresmakter (Stortinget, regjeringa, sentral og lokal forvaltning), og blei i stor utstrekning sett ut i livet av organisasjonen Norsk misjon blant hjemløse.
11. februar 1998 gav daverande kommunal- og regionalminister Ragnhild Queseth Haarstad på vegner av styresmaktene i Noreg ei offisiell orsaking til romanifolket for dei overgrepa som har skjedd. Regjeringa tek sterk avstand frå dei overgrepa som har vore gjorde mot romanifolket og ber om orsaking for den uretten som har skjedd. Noko liknande må aldri få hende igjen.
Regjeringa seier seg òg lei for den fornorskingspolitikken som har råka alle dei nasjonale minoritetane, og vil på staten sine vegner be om orsaking for den måten minoritetane er blitt behandla på.
Overgrepa mot romanifolket var særs grove og ramma ei etnisk gruppe hardt. Tiltak for å styrkje og fremme kulturen til romanifolket kan sjåast som ei form for kompensasjon for kontroll- og fornorskingspolitikken, særleg for dei verknadene denne politikken har hatt for å svekkje kulturen. Regjeringa vil derfor gjere framlegg om at det blir etablert eit senter for dokumentasjon og formidling av kulturen og historia til romanifolket. Senteret plasserast på Glomdalsmuseet på Elverum med sikte på byggjestart i 2002.
Komiteen understreker at det norske samfunn bygger på respekt for menneskerettighetene og demokratiske prinsipper. Dette er helt grunnleggende verdier og premisser for all politikk. Alle som bor i Norge, uavhengig av hva slags bakgrunn de har, skal ha like rettigheter, plikter og muligheter i alle deler av samfunnet og til å bruke sine ressurser.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti, Høyre, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, mener at i praksis betyr dette at ulike individ og grupper trenger ulike tiltak og rammebetingelser for å kunne nytte og fylle sine retter og plikter fullt ut. En politikk for likestilling må derfor ha et stort spekter av virkemidler for å oppnå reell likeverdighet.
Flertallet understreker viktigheten av å erkjenne at Norge ikke er eller har vært kulturelt ensartet og at det ikke er noe politisk mål at det skal være det. Kulturelt mangfold er en rikdom. Vårt samfunn vil i framtida være enda mer mangfoldig enn i dag. Dagens politikk må ha dette som et positivt utgangspunkt og fremme dette mangfoldet. Dette forutsetter at myndighetene ikke bruker sine virkemidler på en måte at det hemmer mangfold eller virker krenkende. Organisasjoner, minoritetsgrupper og enkeltmennesker skal heller ikke bruke sin rett til å uttrykke, holde oppe og videreutvikle sin kultur til å krenke eller ramme andre.
Flertallet vil slå fast at prinsippene om likestilling mellom kjønnene og prinsippet om ikke-diskriminering er en viktig del av vårt verdigrunnlag. Disse verdiene er ikke kultur- eller religionsrelativistiske. Dette verdigrunnlaget er en helt nødvendig forutsetning for et likeverdig samfunn og for å kunne lykkes i arbeidet med å ivareta interessene til minoriteter.
Flertallet deler Regjeringens syn om at det trengs både individrettede tiltak og generelle tiltak som ivaretar gruppene av minoriteter både på områder som media, kultur, helse og utdanning, - for å oppnå målsettingene om likestilling. Alle må kunne være med for å påvirke hva slags tiltak som skal gjelde dem selv.
Flertallet støtter derfor Regjeringen i at minoritetenes organisasjoner må få økonomisk støtte over statsbudsjettet for å kunne delta og påvirke både den generelle samfunnsdebatten og i arbeidet med å utforme politikk for minoritetene.
Flertallet er enig i at prinsippet om selvidentifisering må gjelde.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til sine merknader under kap. 1.2.