Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

6. ESA-saka

Den Norske Bankforening (frå 1. januar 2000 Finansnæringens Hovedorganisasjon) klaga 7. november 1995 Husbanken inn for EFTA sitt organ for overvaking, European Surveillance Authority (ESA). Foreininga la ned påstand om at vilkåra for Husbankens utlån til nye bustader var i strid med reglane i EØS-avtalen om konkurranse i kredittmarknaden.

Saka vart avgjort av ESA 9. juli 1997. Klagemålet vart avvist, men i september same året klaga Finansnæringens Hovedorganisasjon avvisingsvedtaket inn for EFTA-domstolen.

Den 3. mars 1999 kunngjorde EFTA-domstolen dom i saka. ESA sitt vedtak av 9. juli 1997 vart kjent ugyldig, og saka vart sendt tilbake til ESA for ny handsaming. EFTA-domstolen tok ikkje stilling til realiteten i saka.

Den 28. juni 2000 tok ESA ny avgjerd i saka. Klagemålet vart på nytt avvist med den grunngjevinga at Husbankens vilkår er omfatta av unntak i EØS-avtalen, såleis at dei ikkje er i strid med dei generelle konkurransereglane i avtalen. ESA avslutta med at Husbanken sitt system er rimeleg tilpassa måla for bustadpolitikken, og at det ikkje er noko som tyder på at utlånsverksemda til Husbanken påverkar marknadsutviklinga på ein uheldig måte.

ESA si avgjerd av juni 2000 er ikkje påklaga, og saka er såleis avslutta.

Komiteen tar til orientering at ESAs beslutning ikke er påklaget og at saken er avsluttet.