Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

3. Nærmare om omsorgsbustader og sjukeheimar

Husbanken gav i 1998 tilsegn om oppstartingstilskot til i alt 5 616 bueiningar. I 1999 vart det gitt tilsegn til 6 285 bueiningar, inklusive 118 bueiningar etter opptrappingsplanen for psykisk helse. I tillegg vart det i 1998 gitt lån til om lag 1 300 bueiningar og om lag 1 400 bueiningar i 1999. 80 pst. av alle sjukeheimsrom som fekk tilskot i 1998 tilfredsstilte Husbankens norm for privatareal. I 1999 tilfredsstilte 91 pst. norma. Denne kvalitetsnorma føreset at privatarealet er på minst 24 m2.

For å styrkje tilboda til eldre med behov for pleie og omsorg la dåverande regjering fram St.meld. nr. 50 (1996-1997) Handlingsplanen for eldreomsorga, i 1997. I planperioden (1998-2001) skal det bli bygd 24 400 omsorgsbustader og sjukeheimsplassar. Her er det medrekna både nybygging av omsorgsbustader og sjukeheimar, og større utbetringar av gamle institusjonar. Mellom anna er det lagt stor vekt på at kommunen skal kunne tilby einerom til bebuarar med varig opphald i sjukeheim. 19. mai 2000 vart Stortinget informert om resultata av handlingsplanen gjennom St.meld. nr. 34 (1999-2000) Handlingsplanen for eldreomsorga etter 2 år.

Siktemålet med Opptrappingsplanen for psykisk helse 1999-2006, jf. St.prp. nr. 63 (1997-1998), er å leggje til rette for ei planmessig utbygging av tilbodet til menneske med psykiske lidingar. Det skal byggjast 3 400 nye omsorgsbustader til personar med psykiske lidingar frå 1999 til 2006.

Ved bygging, utbetring og kjøp av omsorgsbustader og sjukeheimsplassar får kommunane utbetalt oppstartingstilskot og kompensasjonstilskot.

Husbanken har i perioden gitt godkjenning til bygging/utbetring av om lag 11 800 sjukeheimsplassar og omsorgsbustader. Dette er i bra samsvar med målsetjingane halvvegs i planen. Tilsegna er fordelt med om lag 65 pst. til omsorgsbustader og 35 pst. til sjukeheimsplassar. Av omsorgsbustadene er om lag 20-25 pst. bufellesskap og bukollektiv og 70-75 pst. sjølvstendige omsorgsbustader. Bukollektiv og bufellesskap blir bygde med tanke på dei mest hjelpetrengjande, og i stor grad til menneske med demens. I Opptrappingsplanen for psykisk helse var målsetjinga i 1999 sett til 270 omsorgsbustader, medan det blir gitt tilsegn til bygging av 118 omsorgsbustader.

Husbanken erfarer at kvaliteten i omsorgsbustadene er bra. Mange eldre sjukeheimar har fått eit stort standardløft gjennom utbetring.

Gjennomsnittleg totale anleggskostnader pr. omsorgsbustad for 1999 var på om lag 1,1 mill. kroner, mens ein sjukeheimsplass er om lag 200 000 kroner dyrare. Frå 1997 og fram til 1999 har dei totale anleggskostnadene auka med 30 pst. pr. omsorgsbustad og 36 pst. pr. sjukeheimsplass. Anleggskostnadene pr. m2 bruksareal for ein sjukeheimsplass og omsorgsbustad har auka med høvesvis 15 pst. og 24 pst. frå 1997 til 1999. Kostnadene for ordinære nye bustader finansiert med husbanklån har auka med 22 pst. i same perioden.

Det er store variasjonar i anleggskostnadene for omsorgsbustader og sjukeheimsplassar, og dei dyre prosjekta driv gjennomsnittskostnadene opp. Samstundes er det tydelege regionale forskjellar.

Tal frå Husbanken viser at ein omsorgsbustad kostar om lag 3 200 kroner meir pr. m2 enn ein vanleg bustad som er godkjend for oppføringslån. Analysar syner at det i første rekkje er prosjekterings- og byggjeprosessane ved oppføring av omsorgsbustader som verkar fordyrande. Dei fleste omsorgsbustadprosjekta skil seg klart frå ordinære bustadprosjekt både når det gjeld kva for aktørar som er involverte, og sjølve prosjekterings- og byggjeprosessen. Det er særleg kommunens ulike roller, lokal politisk styring, prosessar knytte til brukarmedverknad og høyringar, og kommunens kompetanse som byggherre som er grunnen til dei observerte kostnadsskilnadene.

Komiteen viser til at det i Stortinget er behandlet en melding om evaluering av handlingsplanen for eldreomsorgen etter 2 år, jf. Innst. S. nr. 92 (2000-2001). Komiteen mener Husbanken gjør en god jobb for at denne reformen skal bli vellykket.

Komiteen deler bekymringen når det gjelder kostnadene og kostnadsvariasjonene. Det at en omsorgsbolig koster om lag 3 200 kroner mer pr. kvadratmeter enn en vanlig bolig er bekymringsfullt. Komiteen har merket seg at Husbanken har viet dette problemet stor oppmerksomhet og bl.a. fått laget en egen rapport om årsakssammenhengene.

Komiteen vil peke på muligheten for å få ned byggekostnadene, og gjennom dette både kostnadene for kommunene og husleia for beboerne, dersom kommunene også kanaliserer sitt engasjement mot utbedringer av eksisterende bebyggelse.

Komiteen vil også peke på at det kan være mulig å redusere kostnadene ved at kommunene gjennomgår sin bruk av entrepriseformer og organiseringen av vedkommende kommunes byggherrefunksjon.