Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2. Nærmare om utviklingstrekk i verksemda til Husbanken

Husbanken er statens sentrale gjennomføringsorgan i bustadpolitikken. Banken forvaltar låne- og tilskotsordningar og fordeler bustøtte.

Tabell 3.1 viser dei viktigaste verkemidla til Husbanken i forhold til dei nemnde bustadpolitiske måla. I tillegg gjer verkemidla det mogleg å nå fleire av dei andre måla.

Tabell 3.1. Husbankens verkemiddel i forhold til dei bustadpolitiske måla 1997-1999

1997

1998

1999

God bustaddekning

Oppføringslån, talet på ordinære bustader med tilsegn

8 512

7 515

8 530

Oppføringslån. Gjennomsnittleg storleik, m2

114

107

110

Lån til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar, talet på bueiningar med tilsegn

1 657

1 325

1 402

Tilskot til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar, talet på bueiningar med tilsegn

2 482

5 616

6 285

God bustadfordeling

Etableringslån, talet på saker med tilsegn

7 660

8 179

8 115

Bustadtilskot til etablering og utleige, talet på bustader med tilsegn

3 013

3 004

2 641

Av desse utleigebustader

926

838

1 185

Kjøpslån, talet på bustader med tilsegn

1 299

2 099

2 288

Butryggleik

Bustøtte, talet på hushaldningar med støtte1

97 221

98 860

100 539

Gode bustader, god byggkvalitet og godt bumiljø

Oppføringslån, talet på bustader med tilleggskvalitetar

5 928

5 395

6 714

Tilskot til bustadkvalitet, talet på bustader med tilsegn

4 039

4 351

4 452

Utbetringslån, talet på bustader med tilsegn

8 891

7 017

9 999

Bustadstilskot til utbetring, talet på saker med tilsegn frå kommunane

6 432

5 599

5 619

Lån til barnehagar og skulefritidsordning, talet på plassar

2 091

697

1 730

Tilskot til utvikling av bumiljø o.a., talet på prosjekt

63

52

116

1 Ved hovudutbetaling for 2. termin.

I 1996 vart verkemiddelapparatet i Husbanken omarbeidd mykje. Rentestøtta på lån vart avvikla, og subsidiane vart frå då av gitt i form av målretta tilskot.

Tabell 3.2 gir oversikt over dei viktigaste verkemidla som Husbanken disponerte i perioden 1996-1999.

Tabell 3.2. Husbankens verkemiddel. Rammer for aktivitetsnivå 1996-1999. Mill. kroner

1996

1997

1998

1999

Tilskotsrammer i alt

2 005

2 626

3 766

4 144

Bustøtte1

820

1 314

1 507

1 576

Tilskot til byfornying og bustadkvalitet

228

228

180

1752

Bustadtilskot til etablering, utbetring og utleigebustader

510

447

434

4942

Tilskot til utvikling av bumiljø, bustadforvaltning og bustadpolitikk

22

22

22

35,4

Tilskot til organisasjonane for funksjonshemma3

8,4

8,4

8,4

Oppstartingstilskot

367

607

1 5352

1 582

Kompensasjonstilskot4

80

282

Utlånsramme

9 000

8 500

8 000

9 000

Totalt disponert

7 776

8 712

8 004

9 000

Oppføringslån - nye bustader5

4 111

5 301

4 079

4 135

Lån til omsorgsbustader o.a.

1 231

1 063

890

963

Utbetringslån

801

735

676

1 168

Etableringslån

1 390

1 055

1 373

1 667

Kjøpslån

243

558

986

1 067

1 Butilskotordninga til Sosialdepartementet og bustøtteordninga til Kommunal- og regionaldepartementet blei slått saman i 1997.

2 I 1998/99 blei løyvingssystemet på dei merka postane lagd om. I det nye løyvingssystemet er løyvingane knyta opp til kor mykje ein antar kjem til utbetaling i budsjettåret, i motsetning til tidlegare hvor løyvinga svarte til gitte tilsegn i det enkelte budsjettåret.

3 Posten vart innlemma i tilskot til utvikling av bumiljø o.a. frå og med 1999.

4 Nytt tilskot i 1998.

5 Inklusive lån til barnehagar.

I 1996 vart det innført ei ordning med marknadsbestemt flytande og fast rente for husbanklån. Renta i Husbanken er knytt til høvesvis 3 månaders statssertifikat (flytande rente) og 5 års statsobligasjonar (fast rente). Begge rentesatsane er tillagde ein margin på 0,5 prosentpoeng.

Tabellen nedanfor viser utviklinga i Husbankens rentesatsar i 1998 og 1999.

Tabell 3.3. Nominelle rentesatsar 1998-1999 (i pst.)

År

Kvartal

Flytande

Fast

1998

1. kvartal

4,2

5,6

2. kvartal

4,1

5,6

3. kvartal

4,2

5,5

4. kvartal

4,6

5,5

1999

1. kvartal

6,7

5,8

2. kvartal

8,1

5,8

3. kvartal

7,3

5,6

4. kvartal

6,6

5,6

Husbanken løyvde i 1998 oppstartingstilskot til godt og vel 5 600 bueiningar - fordelte med om lag 3 850 omsorgsbustader og vel 1 750 sjukeheimsplassar, som er ein auke på heile 3 150 bueiningar i forhold til året før (jf. tabell 3.1). Talet på innvilga tilskot vart endå høgare i 1999, og totalt var det nærmare 6 300 bueiningar som fekk oppstartingstilskot. I handlingsplanen for eldreomsorga var målet sett til 5 800 bueiningar i 1999. I tillegg skulle det bli gitt oppstartingstilskot til 270 omsorgsbustader i samband med opptrappingsplanen for psykisk helse. Målet i eldreplanen vart altså nådd med solid margin, mens det trengst noko meir tid til å innarbeide denne tilskotsordninga i forhold til opptrappingsplanen for psykisk helse.

I 1998 vart det sett i gang bygging av om lag 19 700 nye bustader. Husbanken gav same år oppføringslån til 7 515 nye bustader og tilsegn om oppstartingstilskot til om lag 3 400 nye omsorgsbustader.

Det inneber at 55 pst. av alle igangsette bustader oppfylte Husbankens kostnads- og kvalitetskrav. I 1999 var talet på igangsetjingar 20 500, og Husbanken gav tilsegn om oppføringslån til 8 530 nye bustader og tilsegn om oppstartingstilskot til om lag 4 200 nye omsorgsbustader. I 1999 var det 62 pst. av alle igangsette bustader som oppfylte kostnads- og kvalitetskravene.

Låneutmålinga i Husbanken vart merkbart redusert i forhold til 1997 og utgjorde i gjennomsnitt 63 og 61 pst. av anleggskostnadene i høvesvis 1998 og 1999. Årsaka til det er at det har vore ein relativt sterk kostnadsauke på nye bustader, spesielt i 1999.

Husbankens lån til oppføring av nye bustader har sidan gjenreisinga etter siste verdskrigen vore eit av dei mest sentrale verkemidla i norsk bustadpolitikk. Ved å gi lån med gunstig rente har staten ønskt å stimulere til bygging av fleire bustader med god kvalitet enn det ein elles ville ha hatt, utan at den gunstige renta førte til unødvendig prisstiging. For å få vite meir om i kva grad låna faktisk er med på å oppfylle desse bustadpolitiske måla, har Husbanken engasjert Noregs byggforskningsinstitutt til å gjennomføre ein forstudie av låneordninga (Byggforsk, Notat 44, 2000). Hovudkonklusjonane i rapporten frå Byggforsk er at Husbankens lånefinansiering av nye bustader gir betre kvalitet, men at ho ikkje dempar kostnadene for ein bustad med ein gitt standard.

Husbanken påverkar kvalitet i nye bustader gjennom minstestandard, lånetillegg og tilskot. Alle ordinære nye bustader som blir finansierte i Husbanken, skal tilfredsstille ein minstestandard. Kvalitativt gode bustader oppnår høgare lån enn mindre gode bustader.

For å dempe tomte- og byggjekostnadene har Husbanken operert med kostnadsgrenser og eit system for låneutmåling som premierer rimelege og nøkterne bustader.

Byggforsk konkluderer med at Husbankens grenser for tomtekostnader pr. bustad truleg ikkje er med på å redusere tomtekostnadene, men i staden påverkar kva for typar bustader som kan byggjast på tomta. Det vil seie at det i strøk med høge tomtekostnader blir meir konsentrert husbygging. Byggforsk konkluderer vidare med at Husbanken i liten grad kan påverke byggjekostnadene for ein bustad med ein gitt standard.

Byggforsk har samanlikna bustader med og utan husbankfinansiering. Data viser at Husbanken truleg har vore med på å auke storleiken på dei minste blokkhusværa, mens storleiken på einebustadene er redusert (sjå tabell 3.4). Gjennom krava til øvre og nedre arealgrense har Husbanken vore med på å vri tilbodet av bustader inn mot eit meir gjennomsnittleg sjikt. Ut frå ein likskapstankegang må dette oppfattast som positivt.

Undersøkinga viser også at stimulering til god bustadkvalitet gir fornøgde låntakarar.

Tabell 3.4. Fordeling av bustadstorleik (i m2) etter hustype med og utan husbanklån

Einebustad

Småhus

Blokk

Med husbanklån

Utan husbanklån

Med husbanklån

Utan husbanklån

Med husbanklån

Utan husbanklån

Gjennomsnitt

127

136

97

103

74

71

90-persentilen

180

210

130

150

100

100

Øvre kvartil

150

160

115

120

84

84

Median

120

120

100

95

70

69

Nedre kvartil

99

90

80

70

60

55

10-persentil

80

70

60

53

54

44

Ei av dei viktigaste bustadpolitiske oppgåvene for Husbanken er å oppnå ei god bustadfordeling gjennom å finansiere og medverke til eigna bustader til vanskelegstilte husstandar og å gjere det mogleg for dei å bli buande i desse bustadene. Dette er husstandar med svak økonomi blant funksjonshemma, sosialt vanskelegstilte, flyktningar, unge førstegongsetablerande, eldre og barnefamiliar. Husbanken har i samarbeid med kommunane fleire ulike verkemiddel som gjer det mogleg å setje saman finansieringspakkar av lån, tilskot og eventuelt bustøtte tilpassa den evna husstanden har til å dekkje utgiftene sine til bustad og livsopphald.

Husbanken har gjennom St.meld. nr. 49 (1997-1998) Om boligetablering for unge og vanskelegstilte, fått ansvar for å stimulere kommunane til å utarbeide lokale bustadsosiale handlingsplanar og rettleie dei i arbeidet.

Samarbeidet med kommunane fører til kompetanseutvikling sentralt og lokalt, og dei kommunale handlingsplanane kjem til å vere viktige i forhold til fordeling og vidareutvikling av verkemidla.

I år vart det også sett i gang eit utviklingsarbeid for å førebyggje og motarbeide bustadløyse i dei 5 største byane. Arbeidet, som er eit samarbeid mellom Sosial- og helsedepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og Husbanken er ei oppfølging av Utjamningsmeldinga (St.meld. nr. 50 (1998-1999)).

Bustadtilskot til etablering er det verkemidlet som nyttast overfor dei som har størst behov for økonomisk hjelp. Bustadtilskotet blir gitt til etablering i eigen bustad, til tilpassing av bustad for eldre og funksjonshemma, og til utleigebustader. Tilskot til etablering i eigen bustad og tilskot til tilpassing av bustad blir gitt gjennom kommunane og tilskot til utleigebustader frå Husbanken. Både nybygging og kjøp av brukte bustader kan få tilskot.

Bustadtilskot til etablering og utleigebustader vart i 1999 gitt til 2 641 bustader. Dette talet inkluderer 1 185 utleigebustader. I 1998 var det 838 utleigebustader som fikk tilskot. Inkludert i totaltalet for 1999 er også om lag 290 bustader til flyktninghushald frå Kosovo. Bustadene til flyktningane vart finansiert gjennom ei tilleggsløyving på 75 mill. kroner. Også i 1997 og 1998 vart det gitt tilskot til om lag 3 000 husstandar, jf. tabell 3.1. I alt 541 unge under 35 år fekk bustadtilskot til etablering i 1999, mot 653 i 1998. Gjennomsnittleg inntekt for tilskotsmottakarane var på om lag 175 000 kroner i 1999, mot 137 000 kroner i 1998.

Ordninga med tildeling av etableringslån til kommunane vart vidareført i 1998 og 1999. Formålet med ordninga er å medverke til at husstandar med svak økonomi og/eller spesielle behov får høve til å skaffe seg rimeleg topp- og tilleggsfinansiering når dei etablerer seg i nøkterne bustader.

Kommunane auka sine opptak av etableringslån med godt og vel 20 pst. frå 1998 til 1999. Den positive utviklinga har samanheng med at kommunane no satsar sterkare på dette verkemidlet. I tillegg har den auka handlefridommen til å byggje opp tapsfond via bustadtilskotet vore med på å redusere risikoen ved å yte etableringslån til vanskelegstilte. Utlån frå kommunane utgjorde totalt 1 704 mill. kroner i 1999, mot 1 520 mill. kroner året før. I alt fekk 8 115 husstandar etableringslån av kommunane i 1999, eller omtrent det same talet som i 1998. Når talet på husstandar ikkje gjekk opp sjølv om kommunane tok opp meir etableringslån, kjem det av at låneutmålinga auka. Om lag halvparten av husstandane som fekk etableringslån i 1999, hadde ei inntekt på under 200 000 kroner.

I 1999 sette kommunane totalt av 33 mill. kroner av bustadstilkotsmidlane, dei blei tildelt for å dekkje eventuelle tap på utlåna sine, og ved utgangen av året hadde dei bygd opp samla tapsfond på i alt 105 mill. kroner. I 1998 realiserte kommunane 2,7 mill. kroner i tap på etableringslån. I 1999 var tapa på 4 mill. kroner.

Husstandar som fekk kjøpslån i 1998 hadde ei gjennomsnittleg husstandsinntekt på 142 000 kroner, som utgjorde ca. 47 pst. av gjennomsnittleg inntekt i Noreg det året. I 1999 var gjennomsnittsinntekta 225 000 kroner pr. husstand, og dette utgjorde 68 pst. av gjennomsnittleg inntekt. For funksjonshemma som har behov for spesielle bustadløysingar, er det inga økonomisk behovsprøving. Det var likevel ikkje nokon vesentleg skilnad på inntekta til funksjonshemma i forhold til gjennomsnittsinntekta til dei husstandane som fekk kjøpslån i 1998 og 1999.

Det var fleire enkeltpersonar i 1999 som søkte om kjøpslån enn enkeltpersonar som søkte om oppføringslån til ny bustad. Årsaka er at ordninga er opna for fleire unge i etableringsfasen.

Totalt vart det gitt behovsprøvde, personretta lån til kjøp av bustad for 2,7 mrd. kroner i 1999. Kjøps- og etableringslån har, saman med utbedringslån, høgast prioritet når det er lånekø. Det som er brukt til desse låneordningane, er såleis lite påverka av køsituasjonen i 1998 og 1999.

Bustøtteordninga er saman med bustadlovene, eit sentralt verkemiddel for å nå målet om god butryggleik. Formålet med ordninga er å hjelpe barnefamiliar, alders-, uføre- og etterlatnepensjonistar med låge inntekter og høge buutgifter til å etablere seg eller bli buande i ein god bustad. Bustøtta skal også utjamna skilnader i levekår for pensjonistgrupper som følgje av skilnader i buutgifter.

Bustøtta er ei behovsprøvd ordning, og for å motta bustøtte stilles det krav til både husstanden og bustaden. Dersom desse vilkåra blir innfridd, vil forholdet mellom inntekter og godkjende buutgifter avgjere om det blir innvilga bustøtte.

I 1998 var det 106 158 husstandar som fekk bustøtte i ein eller fleire terminar. I 1999 hadde talet auka til 109 136 husstandar. Den gjennomsnittlege bustøtta pr. husstand pr. månad var 1 206 kroner i 1998 og 1 280 kroner i 1999. Dei totale godkjende buutgiftene til mottakaren var gjennomsnittleg 300 kroner høgare pr. månad i 1999 enn dei var i 1998. Buutgiftene som del av inntekta vart i 1998 redusert frå 50 pst. til 31 pst. ved hjelp av bustøtta. I 1999 utgjorde buutgifta 52 pst. av inntekta og 33 pst. etter motteken bustøtte.

Generelt blir det lagt stadig meir vekt på bustadkvalitet og miljøomsyn i bustad- og byggjesektoren i lys av måla om ei berekraftig samfunnsutvikling. Dette har mellom anna ført til at det treårige prosjektet Berekraftig byggjeskikk har vorte etablert i regi av Statens byggjeskikkutval. Prosjektet er nyleg avslutta. Eit eksempel på berekraftig byggjeskikk er klimatilpassa bustader. Sterkare krav om energiøkonomisering er eit anna bustadretta tiltak. Likeins er krava til inneklimaet skjerpa.

Husbanken har fleire verkemiddel for å oppnå gode bustader, god byggkvalitet og eit godt bumiljø. Desse er omtala nedanfor.

I 1998 vart det gitt lånetillegg for livsløpskvalitet til nesten 50 pst. av dei 7 500 bustadene som Husbanken lånefinansierte med oppføringslån. I 1999 fekk 48 pst. av 8 530 bustader lånefinansiert med oppføringslån lånetillegg for livsløpskvalitet. Prosentdelen har auka dei to siste åra og er no omtrent på same nivå som i første halvdel av 1990-åra.

Husbankens lånetillegg til oppføringslån for helse, miljø og tryggleik har vore eit prioritert område i 1999, og tillegget vart auka frå 25 000 til 50 000 kroner. Omfanget av ordninga har også auka, og meir enn halvdelen av bustadene (4 536) fekk dette lånetillegget i 1999. I 1998 vart tillegget gitt til snautt 45 pst. av bustadene.

Lånetillegget til utomhuskvalitetar omfattar kvalitetar i uteareal, terreng og vegetasjon og tiltak for auka trafikktryggleik. Aktiviteten på dette området har auka med rundt 20 pst. i forhold til 1998.

Tilskotet vart i 1999 gitt til om lag 4 450 bustader, eller 100 fleire enn i 1998. Rundt halvparten vart gitt til bustader innanfor fornying og fortetting av byprega bumiljø. Tilskot til fornying og fortetting vart gitt til installasjon av heis, utbetring og fornying av uteareal og samanslåing av leilegheiter. Installasjon av heis gav i 1998 betre tilkomst til 403 bustader i eksisterande bygningsmasse. I 1999 gav tilskotet betre tilkomst til 431 bustader. I 1998 fekk 643 nye bustader i lågbygg kvalitetstilskot for heis og for å ha oppfylt kriteria for livsløpsstandard. I 1999 var talet på bustader som fekk slikt tilskot 684.

Husbanken gir også tilskot til tilstandsvurdering av burettslag og sameigar. Tilskotet til tiltak mot radon vart innført i 1999. Tilskotsordninga skal stimulere tiltak som kan gi sunnare forhold i bustader der radonnivået ligg over ein viss grenseverdi (400 Bq/m3 i årsmiddelverdi). I alt vart det gitt tilskot til 48 bustader det første året.

Det vart i 1999 gitt tilsegn til byfornying for ca. 90 mill. kroner, eller om lag 34 pst. høgare enn i 1998 da det vart gitt tilsegn for 67 mill. kroner. Oslo og Bergen fekk rammer til prioriterte programområder i byfornyinga. Trondheim fekk tilskot til enkeltprosjekt.

I 1998 var programtilskotet til Oslo på 38 mill. kroner som vart nytta til full utbetring av 150 bustader og utbetring av gårdsrom for 111 bustader. Det ble også gitt tilskot til enkelttiltak for ca. 1 000 bustader til bad/wc, brannsikring, etterisolering, m.m. Bergen fekk 17 mill. kroner som i hovudsak vart nytta på Nedre Nygård. Dei resterande midlane vart brukt til etablering av gatetun, lekeareal og opparbeiding av gateløp som kompensasjon for manglande gårdsrom. Trondheim fekk ca. 10 mill. kroner i byfornyingstilskot som vart brukt til ulike miljøtiltak på Møllenberg og Lademoen.

Oslo og Bergen fekk også i 1999 eigne rammer til prioriterte programområde i byfornyinga, mens det i Trondheim vart gitt tilskot til enkeltprosjekt.

Ei evaluering av ordninga (Byggforsk 246/1998) konkluderte med at det var eit klart behov for tiltaket, og at det verka etter intensjonane. Rapporten peika på nokre forbedringspunkt som Husbanken har gjennomført i 1999: betre informasjon om ordninga til brukarane og offentleg tilsette som har kontakt med potensielle brukarar, og forenkling av regelverket for saksbehandling.

Kommunane gav 1999 bustadtilskott til utbetring til 5 619 bustader, omtrent like mange som året før da 5 599 bustader fekk tilskot.

Den årlege løyvinga til dette tiltaket vart auka frå 22 mill. kroner i 1998 til 35,4 mill. kroner i 1999. Det vart gitt tilskot til i alt 116 prosjekt frå denne tilskotsordninga i 1999. I alt 11 av desse prosjekta gjaldt etablering av lokale bustadsosiale handlingsplanar i kommunane. Gjennom målretta planarbeid for å få til ein heilskapleg bustadpolitikk kan kommunane betre hjelpe vanskelegstilte husstandar med å etablere seg i bustad og behalde bustaden. Kartlegging og vurdering av bustadbehov og verkemiddelbruk skal danne grunnlaget for dei strategiane og tiltaka kommunane legg opp til. Husbanken reknar med å ha etablert samarbeid med ca. 90 kommunar i løpet av 2001.

Prosjektet Berekraftig byggjeskikk er også finansiert over denne tilskotsordninga. I 1998 gav Husbanken denne typen tilskot til 52 prosjekt.

Om lag 7 000 bustader fekk i 1998 tilsegn om utbedringslån. Dette var ein nedgang samanlikna med 1997 på 21 pst. i talet på bustader og ein nedgang på 7 pst. målt i kroner. Nedgangen hadde samanheng med at fleire utbetringsprosjekt i store burettslag var over. I 1998 var det fleire enkeltbustader og mindre prosjekt som fekk utbedringslån.

I 1999 tok etterspørselen etter utbedringslån seg opp, og Husbanken prioriterte ordninga høgt. Om lag 10 000 bustader fekk tilsegn om utbedringslån. Over 75 pst. av desse bustadene fekk prosjektretta miljølån til blokkbusetnad som hovudsakleg er frå etterkrigstida. Berre 15 pst. av låna vart gitt til enkeltpersonar på sosialt grunnlag. I Husbanken er det sett i gang eit prosjekt med sikte på å forenkle både retningslinjene for utbedringslån og saksbehandlinga, slik at det blir meir attraktivt for enkeltpersonar å søkje om utbedringslån.

Barnehagelånet har hatt ei utflating dei siste åra. I 1998 vart det gitt tilsegn om lån til 697 barnehageplassar for til saman ca. 42 mill. kroner. I 1999 fekk 1 730 plassar tilsegn om lån for 132 mill. kroner.

Det har vore ein samanhengande nedgang i talet på misleghaldne lån sidan byrjinga av 90-åra, men no synest denne utviklinga å ha stoppa opp. Ved utgangen av 1999 utgjorde talet på misleghaldne lån 2,9 pst. av samla tal på utlån, mot 2,3 pst. ved utgangen av 1998. Sett i forhold til uteståande lån auka misleghaldet frå 1,4 pst. i 1998 til 1,8 pst. ved utgangen av 1999.

Ved utgangen av 1999 hadde Husbanken bokført eit samla bruttotap på 23,4 mill. kroner. Tapa er fordelte med høvesvis 22,4 mill. kroner på personlege låntakarar og 1 mill. kroner på ikkje-personlege låntakarar. På personlege låntakarar var tapet det same i 1999 og 1998. Tap knytte til ikkje-personlege låntakarar har derimot gått ned, frå 3,3 mill. kroner i 1998 til 1 mill. kroner i 1999.

Tapa er framleis låge, men Husbanken ventar ein viss auke i åra framover fordi ein større del av låna går til økonomisk vanskelegstilte husstandar.

Husbanken starta i 1997 ei omorganisering av verksemda. Ny organisasjonsmodell var på plass i april 1998, og det vart oppretta to ny regionkontor for kundane frå Aust- og Sørlandet etter same modell som dei etablerte avdelingskontora. Avdelingskontora for aust og sør er samlokaliserte med hovudkontoret i Oslo. Ny organisasjon er evaluert, og konklusjonane er at den nye modellen jamt over fungerer bra, men at samarbeidet på tvers av organisasjonsstrukturen bør styrkjast.

Personalpolitisk har Husbanken profilert seg på seniorpolitikk for arbeidstakarar over 45 år.

Informasjonsteknologien er svært sentral for drifta av Husbanken når det gjeld saksbehandling, informasjonsverksemd og marknadsføring, analysar og rapportering.

Internett har vore eit viktig satsingsområde i perioden. Husbankens internettsider er eit viktig strategisk verktøy og representerer eit stort potensial for kommunikasjon med kundar og andre eksterne aktørar. Bruk av Internett er derfor eit område som vil bli stadig meir sentralt for Husbanken framover.

Arbeidet med å setje kunden i sentrum har vore ei prioritert oppgåve i perioden og er styrande for utvik-lingsarbeidet i verksemda.

Komiteen viser til at Husbanken engasjerte Norges byggforskningsinstitutt til å gjennomføre en forstudie av ordninga med oppføringslån (Byggforsk, Notat 44, 2000). Dette mener komiteen er positivt fordi en har fått en gjennomgang av virksomheten som lettere synliggjør bra og mindre bra sider ved Husbanken, og dermed gir mulighet til korrigering av tiltak.

Komiteen viser til at en av de viktigste boligpolitiske oppgavene for Husbanken er å medvirke til at vanskeligstilte husstander, herunder bostedsløse, får mulighet til egen bolig, og i tillegg gjøre det mulig å bli boende i boligen. Med bakgrunn i kommunenes handlingsplaner for de mest vanskeligstilte på boligsektoren, samt det samarbeidet som er innledet med de fem største byene om skal sikre bostedsløse her et helhetlig hjelpetilbud, forutsetter komiteen at Husbanken kan bidra til enda bedre måloppnåelse. Komiteen har merket seg at Husbanken rekner med å ha etablert samarbeid med 90 kommuner i 2001, og at dette er en viktig strategi for tiltak som gir gode resultat.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser til den positive utvikingen som har skjedd når det gjelder kommunenes bruk av etableringslån. Det er en god utviking fordi etableringslån og kjøpslån er gode virkemidler for egen bolig til de som har vanskeligheter i det ordinære lånemarkedet. Flertallet viser til at det var flere enkeltpersoner i 1999 som søkte om kjøpslån, og at begrunnelsen er at ordningen er åpen for flere unge som er i etableringsfasen.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre viser til at ordningen med å formidle kjøps- og etableringslån gjennom kommunene båndlegger 105 mill. kroner av boligtilskuddet gjennom oppbygging av tapsfond i kommunene. Disse medlemmer mener den store tapsfondsavsetningen styrker vårt ønske om en omlegging av disse ordningene.

Komiteen har merket seg at den nedgangen i tallet på misligholdte lån ser ut til å ha stoppet opp og at det har vært en økning i 1999. Komiteen har videre merket seg Husbankens vurdering om at tapene vil stige, da en større del av låna går til økonomisk vanskeligstilte husstander. Komiteen tar dette til etterretning.

Komiteen har merket seg Husbankens IT-satsing og bruk av Internett, og ser at saksbehandlingstid er en god måte å måle servicegraden på. Husbanken vil også i framtida være avhengig av fornøyde kunder og gjør rett i å gjøre enda en bedre jobb ved å sette kunden i sentrum.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser til at meldingen bekrefter at det er behov for en særlig innsats overfor unge og vanskeligstilte. Flertallet vil understreke at begrepet "unge og vanskeligstilte" rommer en stor og uensartet gruppe mennesker. Derfor er det viktig å tenke et spekter av ulike botilbud som kan fange opp svært ulike behov.

Flertallet viser til at Utjamningsmeldingen inneholder flere konkrete forslag som kan avhjelpe situasjonen for denne gruppen. Bl.a. forslag om å prioritere en styrking av Husbankens tilskuddsordninger til bruk for kommunene i deres arbeid med de bostedsløse og å vurdere merfinansieringsordninger eller forsøksordninger for bokollektiv for bostedsløse.

Flertallet vil be om at Regjeringen vurderer å utvide inntektsgrensen for de som kan benytte kjøpslån. Dagens inntektsgrense på 225 000 kroner + 25 000 kroner pr. husstandsmedlem utelukker svært mange fra å benytte seg av Husbanken til kjøp av en rimelig bruktbolig. Flertallet finner det riktig at Husbanken bedre legger til rette for kjøp av rimelige bruktboliger.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til at meldingen bekrefter at det trengs en langt sterkere innsats for å gi tilfredsstillende botilbud og botrygghet til unge og vanskeligstilte. Det finnes ingen holdepunkter for å si at antall bostedsløse har gått ned. På tross av at myndighetene i mange år har kjent til de store problemene er det ikke gjort vesentlige grep for å bedre situasjonen. Tvertimot har ulike regjeringer fra midten av 90-tallet fram til siste års budsjett svekket innsatsen på boligsektoren vesentlig. Sammenfallende med at staten har redusert sitt bidrag har også flere kommuner minsket sitt engasjement for de vanskeligstilte. For å få fart på utbygging og for å sikre varig rimelige utleietilbud kan det etter dette medlems mening være nødvendig at staten går inn på eiersiden i boligprosjekter.