Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

8. Verksemda til Folketrygd-­fondet i 1999

Det er i meldinga gjort greie for Folketrygdsfondets styre og administrasjon, for reglar for plasserings-verksemda og for Folketrygdfondet sin balanse.

Det verdikorrigerte resultatet til Folketrygdfondet (dvs. medrekna urealiserte vinstar) var i 1999 på 9 314 mill. kroner. Dette svara til ein avkastningsrate på 8,4 pst. rekna på basis av fondet sin kapital ved inngangen til året. Avkastninga i 1998 var på 0,1 pst. Avkastninga på fondet sine plasseringar i renteinstrument (obligasjonar, sertifikat og bankinnskot) var i 1999 på 4,4 pst., mens avkastninga på aksjar var på 35,4 pst. Dette var 10,1 prosentpoeng svakare enn avkastninga til totalindeksen på Oslo Børs. Den viktigaste grunnen til mindreavkastninga var ifølgje fondet at kursen til dei enkeltselskapa fondet er tyngst inne i, hadde ei svak utvikling i 1999, til dømes Nycomed, Storebrand, Rieber & Søn, Hydro og Orkla. Fondet understrekar at desse investeringane må sjåast i eit langsiktig perspektiv.

Folketrygdfondet hadde frå 1993 til utgangen av 1999 ei gjennomsnittleg årleg avkastning på eigenkapitalplasseringane på vel 19 pst., dvs. om lag eit prosent-poeng lågare enn gjennomsnittet for børsindeksen. Den lågare avkastninga i denne perioden kjem av mindre-avkastninga i 1999. I 1998 hadde fondet 3,3 prosent-poeng betre avkastning enn totalindeksen på Oslo Børs.

Samla renteinntekter i 1999 var 6 607 mill. kroner, medan motteke aksjeutbytte var på 329 mill. kroner. Fondet hadde gjennom året ein auke i urealiserte verdipapirvinstar på aksjar og obligasjonar på 2 199 mill. kroner. Dei urealiserte kursvinstane var fordelte med 4 317 millionar kroner på aksjeporteføljen og 2 118 mill. kroner på dei resterande verdipapira.

Setninga "Styret skal påse at det er etablert et betryggende risikostyringssystem for fondets forvaltning" i 5 i reglementet for Folketrygdfondet (jf. punkt 8.3 over) blei vedteken av Stortinget i samband med handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett 2000.

Aksjeporteføljen til Folketrygdfondet hadde ein relativ volatilitet i forhold til totalindeksen på Oslo Børs på 4,4 pst. i perioden 1995-1999. Fondet sin portefølje av renteberande papir hadde i same periode en relativ volatilitet på 0,4 pst. målt mot ein samansett referanseportefølje, mens totalporteføljen til fondet hadde ein relativ volatilitet på 0,8 pst.

Komiteen tek omtalen i meldinga til orientering. Komiteen viser når det gjeld framlegget i Nasjonalbudsjettet 2001 om å gi Folketrygdfondet høve til å kjøpe aksjer på børs i andre nordiske land til Budsjett-innst. S. I (2000-2001).