Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

6. Verksemda i Statens Bank­sikringsfond i 1999

Det er i meldinga gitt oversyn over det rettslege grunnlaget for Statens Banksikringsfond, for organisasjon og leiing og for reknskap og verksemd i 1999.

Det blei vedteke i ekstraordinær generalforsamling 16. desember 1993 at Oslobanken skulle oppløysast, og ein valde eit avviklingsstyre som skulle stå for avviklinga av banken.

Fondet har i 1999 motteke halvårlege rapportar frå banken.

I 1999 fekk banken eit underskot på 21,8 mill. kroner. Aksjekapitalen i banken er tapt, og eigenkapitalen var negativ med 546 mill. kroner ved utgangen av 1999. Underdekninga er dekt inn gjennom eit lån frå Forretningsbankenes sikringsfond. Banken vil bli endeleg avvikla i 2000.

I samanheng med det avtaleverket som blei etablert i 1993 i samband med avviklinga av Oslobanken, stilte Forretningsbankenes sikringsfond ein garanti overfor Oslobanken som gjaldt eksisterande og framtidige skyldnader for banken. Ved avtale av 28. mai 1993 mellom Statens Banksikringsfond og Forretningsbankenes sikringsfond forplikta SBF seg til å skyte inn kapital i Oslobanken i den grad utbetalingane frå Forretningsbankenes sikringsfond i samband med garantien overfor Oslobanken sine kreditorar overstig 750 mill. kroner, men avgrensa til 250 mill. kroner. Sett på bakgrunn av at Oslobanken hadde ein negativ eigenkapital på 546 mill. kroner ved utgangen av 1999, og at banken vil bli endeleg avvikla i 2000, inneber det at Fondet ikkje må betale ut endå meir.

Komiteen tek omtalen i meldinga til orientering.