3. Regelverksutvikling og forvaltningssaker på finansmarknadsområdet
I meldinga er det gitt ei oversikt over dei viktigaste endringane i regelverket på finansmarknadsområdet for 1999, og dessutan ei oversikt over sentrale forvaltningssaker for same år. Omtalen er i hovudsak avgrensa til 1999, men enkelte stader har ein ført framstillinga fram utover årsskiftet. Kredittmeldinga 1998 inneheld òg ei framstilling som på enkelte punkt omfattar endringar i 1999.
Komiteen tek omtalen i meldinga til orientering.