Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

1. Innleiing

Årsmeldingane frå Noregs Bank, Kredittilsynet, Statens Banksikringsfond, Statens Bankinvesteringsfond og Folketrygdfondet følgjer som utrykte vedlegg til meldinga. Det er i avsnitt 1.2 i meldinga gjort greie for utviklinga på finansmarknaden i 1999.

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Dag Terje Andersen, Erik Dalheim, Grethe G. Fossum, Britt Hildeng, Ottar Kaldhol, Torstein Rudihagen og Signe Øye, frå Framstegspartiet, Siv Jensen, Per Erik Monsen og Kenneth Svendsen, frå Kristeleg Folkeparti, Valgerd Svarstad Haugland, Lars Gunnar Lie og Ingebrigt S. Sørfonn, frå Høgre, Børge Brende, Per-Kristian Foss og Kjellaug Nakkim, frå Senterpartiet, Odd Roger Enoksen, frå Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, frå Venstre, Terje Johansen, og representanten Steinar Bastesen, viser til merknader under dei ein­skilde avsnitta nedanfor.