Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om kraftutvekslinga mellom Noreg og Danmark
Dette dokument
- Innst. S. nr. 93 (2000-2001)
- Kildedok: St.meld. nr. 9 (2000-2001)
- Dato: 13.12.2000
- Utgiver: Energi- og miljøkomiteen
- Sidetall: 3
Tilhører sak
Alt om
Innhold
- Samandrag
- Merknader frå komiteen
- Forslag frÅ mindretall
- Komiteen sI tilråding
- Vedlegg: Brev fra Olje- og energidepartementet v/statsråden til energi- og miljøkomiteen, datert 24. november 2000
Til Stortinget
Olje- og energidepartementet foreslår i meldinga ei omlegging av kraftutvekslinga mellom Noreg og Danmark med verknad frå 1. januar 2001. Årsaka til omlegginga er i hovudsak endringar mot meir opne kraftmarknader på kontinentet og den nordiske elbørsen Nord Pool ASA si etablering av prisområde i Danmark.
Departementet legg i meldinga opp til at kraftutvekslinga mellom Noreg og Danmark over Skagerrakkablane skal byggje på dei same prinsippa som i dag gjeld for utveksling av kraft mellom Noreg, Sverige og Finland, jf. St.meld. nr. 11 (1995-1996) Om organisering av krafthandelen med Sverige, Innst. S. nr. 97 (1995-1996) og utgreiinga om krafthandelen med Finland i St.prp. nr. 1 (1998-1999), jf. Budsjett-innst. S. nr. 9 (1998-1999).
Omlegginga vil føre til at kraftutvekslinga mellom Noreg og Danmark skal baserast på Nord Pool sine områdeprisar. Den norske delen av kostnadene og flaskehalsinntektene knytt til Skagerrakkablane og det norske landanlegget, skal etter omlegginga falle innanfor sentralnettsordninga.
Kraftutvekslinga mellom Noreg og Danmark blir i dag regulert i samsvar med prinsipp fastsett i St.meld. nr. 46 (1992-1993) Om langsiktig kraftutveksling med utlandet, jf. Innst. S. nr. 229 (1992-1993).
Omlegginga av kraftutvekslinga med Danmark vil krevje konsesjon frå Olje- og energidepartementet, i samsvar med § 4-2 i energilova.
Departementet viser til at omlegginga av kraftutvekslinga vil bidra til ein meir open og integrert nordisk kraftmarknad, og organiseringa av kraftutvekslinga med Danmark vil vere betre tilpassa opnare kraftmarknader på kontinentet.
Omlegginga vil føre til ein samla auke i sentralnettstariffen med opp til 11 pst., eksklusiv Noreg sin del av flaskehalsinntektene.
Forslaget til ny organisering av kraftutveksling mellom Noreg og Danmark får ingen konsekvensar for dei to planlagde kablane til Tyskland og Nederland.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Inga Balstad, Aud Blattmann, Bent Hegna, Anders Hornslien, lederen Tore Nordtun og Torny Pedersen, fra Fremskrittspartiet, Øyvind Korsberg og Øyvind Vaksdal, fra Kristelig Folkeparti, Jens Arnfinn Brødsjømoen og Hilde Frafjord Johnson, fra Høyre, Bent Høie og Jan Tore Sanner, fra Senterpartiet, John Dale, fra Sosialistisk Venstreparti, Hallgeir H. Langeland, og fra Venstre, Gunnar Kvassheim, har merka seg at Olje- og energidepartementet tar sikte på å legge til rette for en omlegging av kraftutvekslingen mellom Norge og Danmark. Begrunnelsen for omleggingen er i hovedsak endringer mot mer åpne kraftmarkeder på kontinentet og den nordiske elbørsen Nord Pool ASA sin etablering av prisområde i Danmark.
Komiteen har spesielt merket seg de økonomiske virkningene omleggingen vil få for Statnett SF, Statkraft SF, de øvrige 17 norske selskapene som er med i Elsam-avtalen, og sentralnettet sine kunder. Statnett vil nå ta over hele ansvaret for den fysiske kraftutvekslingen over Skagerakkablene og kabelanleggene blir lagt inn i sentralnettsordningen. Kostnaden og tapene ved kabelanleggene vil derfor bli dekket av sentralnettsordningen.
Komiteen har vært opptatt av hvordan denne økningen vil slå ut for kundene i sentralnettet. Komiteen vil peke på at omleggingen skjer samtidig med endringene i fordelingen av sentralnettstariffen der forbrukerne får økt sin andel fra 50 til 60 pst. Komiteen ser imidlertid at forbrukerne vil kunne tjene på at Skagerakkabelen åpnes, hovedsakelig fordi prisbufferen som i dag begrenser kraftutvekslingen forsvinner. På denne måten vil kraftmarkedet bli mer effektivt.
Komiteen mener forbrukerne er best tjent med et mest mulig effektivt og velfungerende nett, helt frem til den enkelte forbruker. En harmonisering av tariffene med de nordiske land må derfor ikke svekke forbrukernes interesser og arbeidet for et effektivt kraftmarked.
Komiteen legger til grunn at kostnadene ved kablene fordeles mellom Norge og Danmark etter prinsipper som gjelder på nettgrensene mellom Norge-Sverige og Norge-Finland og at den norske delen inngår i det norske sentralnettet. At Statnett er eier av kabelen frem til Danmark bør likevel ikke medføre annet kostnadsgrunnlag for det norske sentralnettet enn for andre mellomriksforbindelser, - kostnader for kabelen må derfor deles mellom Norge og Danmark slik St.meld. nr. 9 (2000-2001) legger opp til. Komiteen forutsetter at NVE gir Statnett inntektsramme for den del som inngår i sentralnettet etter samme prinsipper som for øvrige norske netteiere.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti merker seg at meldingen foreslår en omlegging av kraftutvekslingen mellom Danmark og Norge, og at bakgrunnen for omleggingen er endringer mot mer åpne kraftmarkeder på kontinentet. Samtidig registrerer dette medlem at import av kullkraft fra Danmark jevnlig presenteres som et argument for behovet for å bygge gasskraftverk i Norge, noe dette medlem er kraftig imot, av årsaker som har vært gjort rede for i andre sammenhenger.
Dette medlem registrerer også at markedet for "grønn el" - dvs. kraft som er produsert ved hjelp av miljøvennlig kilder, som vind, vann eller andre fornybare energikilder - er voksende mange steder, deriblant Danmark og Sverige. Dette vil si at forbrukere kan etterspørre kraft fra en bestemt type kraftkilde.
Dette medlem hadde sett det som meget positivt dersom denne typen handel hadde vært mulig ikke bare mellom produsent og forbruker i ett land, men også i handelen som foregår mellom nasjoner. Dette medlem ber derfor Regjeringen om å utrede en omlegging av kraftutvekslingen mellom Danmark og Norge slik at det er kun er mulig å importere kraft produsert av fornybar energi fra Danmark eventuelt andre land. Dette for å unngå økt produksjon og import av sterkt forurensende kullkraftverk.
Dette medlem foreslår følgende:
"Stortinget ber Regjeringen å utrede miljømessige avgrensninger knyttet til kjøp og import av kraft, slik at bl.a. import av kraft produsert av sterkt forurensende kullkraftverk kan unngås."
Forslag fra Sosialistisk Venstreparti:
Stortinget ber Regjeringen å utrede miljømessige avgrensninger knyttet til kjøp og import av kraft, slik at bl.a. import av kraft produsert av sterkt forurensende kullkraftverk kan unngås.
Komiteen har elles ingen merknader, viser til meldinga og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
St.meld. nr. 9 (2000-2001) - om kraftutvekslinga mellom Noreg og Danmark - vert å leggje ved protokollen.
Eg viser til brevet Dykkar av 17. november 2000 med spørsmål i tilknyting til handsaming av St. meld. nr. 9 (2000-01). Spørsmåla handlar om økonomiske verknader for Statnett SF, Statkraft SF og sentralnettet sine kundar som følgje av den omlegginga av kraftutvekslinga mellom Noreg og Danmark som departementet legg opp til frå 1.1.2001.
I St. meld. nr. 9 (2000-01) står det:
"Statkraft har gjort avtaler med ELSAM og E.ON Energie om å gjere dei fysiske kraftutvekslingsavtalene om til finansielle avtaler. Endringane fører til at dei kommersielle partane i avtalene gjev frå seg dei eksklusive avtalefesta rettane knytt til fysisk kraftutveksling over kablane i nær 20 år framover. Statkraft vil etter omlegginga ikkje lenger leige kablane av Statnett SF."
For å kunne gjennomføra kraftutvekslinga over Skagerrakkablane slik avtalane ein har i dag med ELSAM og E. ON Energie føreset, leiger Statkraft kabelanlegga av Statnett. Leigeavtalane varer like lenge som kraftutvekslingsavtalane.
Leigeinntektene frå Statkraft til Statnett dekkjer kostnadene ved kablane. Statkraft betalar i tillegg grensetariff til sentralnettet og får alle inntekter frå kraftutvekslinga. Dei fysiske tapa i kabelanlegga vert dekka innanfor kraftutvekslingsavtalane.
Statkraft og Statnett har gjort ein avtale som frir Statkraft frå å leige kablane, når dei fysiske kraftutvekslingsavtalane vert gjort om til finansielle avtalar og ny organisering av kraftutvekslinga mellom Noreg og Danmark trer i kraft. Når det gjeld dei økonomiske verknadene for Statkraft, vil eg vise til at Statkraft har i underkant av 45 prosent av ELSAM-avtalen, medan den resten er fordelt mellom 17 andre norske kraftselskap, jf St.prp. 37 (1994-95 og Innst. S. nr. 162 (1994-95). ELSAM-avtalen regulerer 60 prosent av overføringshastigheten på kablane.
I St. meld. nr. 9 (2000-01) står det vidare:
"Kraftutvekslinga mellom Noreg og Danmark er til nytte for begge land. Departementet legg til grunn at alle kostnadene knytt til sjøkablane skal delast mellom Noreg og Danmark, og at tilsvarande prinsipp skal gjelde ved reinvestering eller utviding av kapasiteten. Den norske delen av kostnadene for kablane og det norske landanlegget vil bli dekka innanfor sentralnettsordninga. Inntektene til sentralnettet frå grensetariffen vil falle bort som følgje av omlegginga. Dette vil innebere ei omfordeling mellom brukarane av sentralnettet samanlikna med i dag. Den samla auken av tariffane i sentralnettet vil i følgje Statnett vere opp til 11 prosent. Flaskehalsinntekter vil kunne medverke til å redusere auken i tariffen."
Statnett tek no over heile ansvaret for den fysiske kraftutvekslinga over Skagerrakkablane og kabelanlegga vert lagde inn i sentralnettsordninga. I den nye organiseringa vil difor kostnadene ved kabelanlegga og tapa bli dekka av sentralnettsordninga, grensetariffen vil falle bort og den norske delen av flaskehalsinntektene frå utvekslinga vil i staden koma som inntekt til sentralnettet.
Eg kan stadfesta at Statnett i sommar søkte NVE om auka inntektsramme med 150 millionar kroner pr. år som følgje av at Skagerrakkablane og landanlegga på norsk side skal leggjast inn i det norske sentralnettet. Statnett har nyleg sendt NVE ein revidert søknad om auka inntektsramme. Der søkjer Statnett om ei ramme som baserer seg på dei ordinære reglane for NVE si fastsetjing av inntektsrammer, mellom anna handsaming av kapitalgrunnlag. Vidare søkjer Statnett om dispensasjon frå reglane om effektiviseringskrav når det gjeld kabelanlegga. Departementet har ikkje vurdert innhaldet i søknaden til Statnett, og søknaden vert no handsama av NVE etter energi- og forvaltningslova på ordinær måte.
I 2000 vil Statkraft betala ca 80 millionar kroner i grensetariff til sentralnettet. Denne inntektskjelda til sentralnettet fell som nemnt bort som følgje av omlegginga.
Då departementet i St. meld. nr. 9 (2000-01) gjorde eit overslag på opp til 11 prosent auke i den samla sentralnettstariffen, vart det tatt omsyn til både auken i inntektsramma og bortfallet av grensetariffen. Det er viktig å understreka at det ikkje er tatt omsyn til at sentralnettet vil få flaskehalsinntekter i dette overslaget. Det er uvisst kor stor auken i tariffen blir når ein tek omsyn til flaskehalsinntektene. Desse inntektene vil variera frå år til år og avhenga mellom anna av tilsiget.
Når det gjeld spørsmålet om auken vil falle på "kundene i sentralnettet, altså på forbrukerne", vil eg først peika på at både uttak og innmating må betala tariff til sentralnettet. Altså er både produsentar og forbrukarar kundar i sentralnettet.
Ved fastsetjinga av sentralnettstariffen for 2001 har Statnett opplyst at dei har tatt høgde for verknadene av omlegginga.
Omlegginga av kraftutvekslinga med Danmark fell saman i tid med at Statnett har endra fordelinga av sentralnettstariffen mellom innmating og uttak. For 2001 har Statnett lagt til grunn at innmating av kraft til sentralnettet skal betala ein mindre tariff enn uttak. Dette er gjort med omsyn til mellom anna effektbalansen og arbeidet med å harmonisere sentralnettstariffane i Norden. Sidan norske produsentar i dag stort sett betalar ein høgare innmatingstariff enn produsentar i dei andre nordiske landa, ynskjer Statnett å redusera produsentane sine tariff ytterlegare frå 2002.
Sentralnettstariffen for 2001 er klaga inn til NVE, av mellom anna Prosessindustriens Landsforening, ei rekkje større forbrukarar og Forbrukarrådet. Klagen er til handsaming i NVE, og eg vil på dette tidspunktet difor ikkje kommentera sjølve sentralnettstariffen for 2001 og fordelinga mellom forbrukarar og produsentar.
Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 13. desember 2000
Tore Nordtun leiar og ordførar |
Aud Blattmann sekretær |