Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Sammendrag

I eit breitt kulturpolitisk perspektiv spelar arkiv, bibliotek og museum ei viktig rolle gjennom å velja ut, ta vare på og leggja til rette ulike former for kunnskapskjelder og informasjon. I eit slikt perspektiv er ingen av institusjonstypane mål i seg sjølve. Dei representerer ulike organisatoriske løysingar og hjelperåder som eit samfunn på ein medveten måte etablerer for å oppnå ein del samfunnsverdiar som det er allmenn semje om bør finnast. Kort kan desse samfunnsverdiane formulerast som like rettar til informasjon og kunnskapskjelder som set einskildindividet i stand til å vera deltakar i eit levande demokrati og som kan vera grunnlag for at samfunnet kan tilby einskildindivida like høve til å utvikla seg som aktive samfunnsdeltakarar.

Arkiv, bibliotek og museum har til felles at dei skal forvalta materiale frå, og formidla kunnskap om, både fjern og nær fortid. Samla rår dei over eit tilfang som gjer det mogleg å setja notida inn i eit historisk perspektiv og såleis fremja ei forståing av at samfunnet i vår tid byggjer på det tidlegare generasjonar har etterlate seg.

Fellesskapen mellom dei tre sektorane er vorten endå sterkare gjennom aukande bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) både i ordning og forvaltning av samlingar og materiale og i formidlingsarbeidet overfor publikum. Dessutan handterar dei tre institusjonstypane i aukande grad digitalt materiale, anten i form av digitalisert representasjon av anna originalmateriale, eller materiale som berre eksisterer i digital form. Dette kan føra til at arbeidsmåtane vil verta meir likearta, og det er naturleg å vurdera nærare korleis samordningspotensialet kan utviklast slik at brukarane kan få lettast mogleg tilgang til kombinerte tenester.

Målet med stortingsmeldinga er såleis å forma rammevilkår som kan gje grobotn for å trekkja full nytte av det potensialet for samordning og samarbeid som ligg føre mellom arkiv, bibliotek og museum, samstundes som det vert lagt til rette for å utvikla dei sektorspesifikke sidene. Samla skal dei kunna yta betre tenester overfor samfunnet.

I samband med utarbeidinga av denne meldinga har det både frå bibliotek- og museumshald vorte sett spørjeteikn ved om det vil vera rett å behandla desse sektorane under eitt. Dei har mange års historie som separate fag- og yrkesfelt og har såleis etablert sjølvforståing og oppfatningar om "dei andre" som i stor monn er tufta på det som skil meir enn det som samlar. M.a. vert det peikt på at bibliotek høver dårleg saman med arkiv og museum, av di biblioteka ikkje har vern av kjeldemateriale som si oppgåve, men å formidla informasjon om sakstilhøve, tufta på relevant og tilgjengeleg materiale, anten det er å finna i tradisjonelle, prenta publikasjonar, i elektronisk form eller i AV-media.

Samanlikningar som i fyrste rekkje festar seg med sektorspesifikke kjennemerke, fører i dette tilfellet på avvegar. Å hevda at hovudkjennemerket ved museums- og arkivarbeid er bevaringsfunksjonane, er like feil som å hevda at bibliotekarbeid berre er å arbeida med den aller nyaste litteraturen i prenta form, eller at museumsarbeid i hovudsak er utstillingsproduksjon. Hovudoppgåvene er å leggja til rette informasjons- og meiningsinnhald med utgangspunkt i ulike typar informasjonsberarar. Kjenneteiknande er systematisk analyse, tolking, tilrettelegging og vidareformidling av meiningsinnhald som ligg i informasjonsberarane, anten det er ein publikasjon, eit kunstverk eller eit arkivstykke. At ein i arkiva og musea arbeider med unika, og difor og har som oppgåve å tryggja materialet for ettertida, endrar ikkje på den felles tilnærminga til det å handtera meiningsinnhald overfor brukarar. Bevaring er ikkje eit mål i seg sjølv, det er eit naudsynt tiltak som skal tryggja at informasjonsberarane kan tolkast på ny av framtidige generasjonar. Heller ikkje i bibliotekverda er det slik at ein berre fokuserer på det aller nyaste. Relevans og kvalitet er det avgjerande, anten informasjonsberarane er av ny eller eldre dato. Sidan bibliotek i hovudsak arbeider med masseproduserte informasjonsberarar, har ein kunna sentralisera bevaringsarbeidet på feltet gjennom pliktavlevering til Nasjonalbiblioteket og resirkulering av tilsynelatande uaktuelt materiale gjennom Nasjonalbibliotekets depotbibliotek.

Frå eit brukarsynspunkt vil det ofte vera naudsynt å oppsøkja både arkiv, bibliotek og museum for å få fullnøyande kunnskap om eit spesielt tema. I eit slikt perspektiv er det særs viktig for styresmaktene å leggja til rette for god samhandling mellom sektorane og samstundes stimulera til kritisk vurdering av hegemoniserande båsoppfatningar for å tryggja at samfunnet/brukarane kan få best mogleg glede og nytte av arkiv, bibliotek og museum som levande samfunnsinstitusjonar.

Hovudutfordringane for arkiv, bibliotek og museum dei neste tiåra er:

  • – å utnytta det potensialet ny teknologi representerer for systematisk samanstilling og formidling av informasjon.

  • – å handtera dei bevaringsproblema som digitalt lagra informasjon fører med seg.

  • – å sjå oppgåver og arbeidsmål på tvers av tradisjonelle sektorgrenser.

  • – å samordna tiltak og oppgåveløysing nasjonalt, regionalt og lokalt.

  • – å dokumentera eit samfunn som endrar seg i eit stendig raskare tempo.

  • – å formidla det historiske forløp til flest mogleg på ein pedagogisk god måte.

Desse utfordringane vil Regjeringa møta gjennom ei rekkje tiltak for å gjera arkiv, bibliotek og museum betre rusta til å gå inn i det nye tusenåret. Regjeringa skisserer i denne meldinga:

  • – Ei opptrapping av dei statlege løyvingane og tilskota til arkiv, bibliotek og museum med til saman 414 mill. kroner utover noverande nivå i løpet av dei komande fem åra. Den årlege budsjettmessige oppfølginga vil vera avhengig av den økonomiske utviklinga og budsjettsituasjonen. Det må såleis på vanleg måte takast atterhald om den årlege budsjetthandsaminga.

  • – Organisatoriske endringar, særleg på museumsfeltet.

  • – Innføring av standard- og kvalitetskrav og endringar i lover og forskrifter.

Meldinga gjer dessutan greie for det behovet ei rad kulturinstitusjonar har for å betra bygningsmessige rammevilkår.

I meldinga vert arkiv, bibliotek og museum sett inn i eit kulturpolitisk perspektiv. Det vert gjort nærare greie for dei samfunnsmessige funksjonane desse institusjonane skal fylla. Likskapar og skilnader mellom dei tre sektorane vert nærare utdjupa. Vidare vert omgrepet kulturarvsinstitusjonar - arkiv, bibliotek og museum som historieforteljarar - drøfta. Sektorane vert dessutan sett i samanheng med utviklinga av det fleirkulturelle samfunnet. Elles vert fellesutfordringane på IKT-området særskilt poengterte.

Meldinga dreier seg først og fremst om institusjonar og tiltak som direkte eller indirekte er knytte til ansvarsfeltet åt Kulturdepartementet. Kulturminnevernet (under Miljøverndepartementet), universitetsmuseum, bibliotek ved universitet og høgskular og i undervisningssektoren elles (under Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet) vert nemnde i dei samanhengane det er naudsynt for å gje eit rett bilete av heilskapen, men vert ikkje drøfta meir inngåande.

I meldinga vert det gjort greie for utfordringar og planlagde tiltak innanfor arkivsektoren.

Nemninga arkiv vert dels nytta om dokumenttilfang som oppstår hjå ein offentleg eller privat arkivskapar, og som seinare kan få nytt verde som samfunnsmessig dokumentasjon ved avlevering til ein arkivinstitusjon eller eit arkivdepot, som oppbevarer arkivet for ettertida og gjer det tilgjengeleg for bruk. Nemninga arkiv kan òg nyttast om denne institusjonstypen, og dei viktigaste arkiva er Riksarkivet og åtte regionale statsarkiv, som til saman utgjer det statlege Arkivverket under leiing av Riksarkivaren. Som fagleg forvaltningsorgan fører Riksarkivaren tilsyn med arkivarbeidet i statleg og kommunal verksemd, og Riksarkivarens fullmakter og arkivskaparane sine plikter er no forankra i arkivlova, som tok til å gjelda 1. januar 1999.

Alle statlege organ har avleveringsplikt til Arkivverket, medan alle kommunar har plikt til sjølve å bevara dei eldre arkiva sine. Men arkivvolumet skal reduserast ved føreskriven arkivavgrensing og kassasjon, og med arkivlova har ein no fått styrkt forbodet mot å kassera arkivmateriale utan i samsvar med spesifikke reglar som Riksarkivaren har godkjent. Rett nok kan framleis Datatilsynet av personverngrunnar krevja sletting av ømtolige personopplysningar sjølv om Riksarkivaren finn materialet verneverdig. Men ser ein arkivlova og framlegget til ny personopplysningslov i samanheng, er det grunn til at tru at det ikkje så ofte vil oppstå konfliktar mellom arkivvern og personvern.

Bevaring og avlevering av arkiv etter privat verksemd er i hovudsak avhengig av friviljug medverknad frå arkivskaparane. Sjølv om mykje privat arkivmateriale er bevart både i Arkivverket, i private arkivinstitusjonar, med Arbeiderbevegelsens Arkiv som den største, og i bibliotek og museum, er dette likevel lite i høve til offentleg materiale. For å unngå at ein i framtida skal sitja att med eit skeivt kjeldegrunnlag for innsikt i norsk samfunnsliv, vil departementet skipa til ei statleg støtteordning for vern og formidling av privatarkiv. Gjennom arkivlova er det dessutan lagt til rette for eit meir systematisk privatarkivarbeid med Riksarkivaren som koordinator og fagleg premissleverandør.

Den store og kritiske utfordringa er korleis ein skal halda elektronisk arkivmateriale teknologisk tilgjengeleg for ettertida. Faren er at spora etter verksemda i offentleg forvaltning vert utviska i takt med stendige omskifte i maskinelt utstyr og programvare. Mykje verneverdig dokumentasjon i offentlege fagsystem og register er alt gått tapt. Arkivverket har utvikla metodar for mottak og langtidslagring av elektroniske arkiv, men vantar operativ kapasitet og treng omfattande mannskapsauke, både for å ta hand om eksisterande elektronisk arkivmateriale, og til å førebu den planlagde overgangen til fullelektronisk saksbehandling og arkivering i offentleg forvaltning. Elektronisk teknologi inneber ei monaleg effektivisering i offentleg forvaltning, men gjer arbeidet med bevaring for ettertida langt meir sårbart og kostnadskrevjande enn før.

Fram til 2025 må Arkivverket også ta imot dei papirarkiva som er skapte i statleg forvaltning dei siste 25 åra, og i tillegg eit monaleg etterslep av endå eldre materiale som alt skulle vore avlevert. Dette krev auka avleveringstakt, som igjen er avhengig av mannskaps- og magasinkapasiteten i Arkivverket. I framtida vert derimot auken i magasinbehovet sterkt redusert, av di elektroniske arkiv gjev mykje meir kompakt lagring enn papir.

Dei fleste kommunane vantar enno institusjonelle og fysiske føresetnader for å ivareta depotpliktene sine godt nok, og mykje verdefullt arkivmateriale er gått tapt eller vorte øydelagt gjennom åra. Nærare helvta av kommunane har rett nok gått saman i såkalla interkommunale arkivordningar, men desse har hittil ikkje hatt depotoppgåver. Med arkivlova er no det kommunale arkivansvaret nærare definert og spesifisert, m.a. må kvar kommune oppretta eiga depotordning, eventuelt gjennom interkommunalt samarbeid. Slikt samarbeid vil truleg vera særleg aktuelt for elektronisk arkivmateriale, der bevaringssituasjonen gjev grunn til uro.

Tilgangen til arkivmateriale føreset at journalar og arkivnyklar følgjer med avleveringa, og at arkivskaparane har ordna og listeført materialet som grunnlag for seinare katalogisering. Her har det ofte svikta, og om lag 8 pst. av arkivbestanden i Arkivverket er i dag utilgjengeleg eller i vanskeleg tilgjengeleg orden. Mikrofilming vert nytta både for å verna originalmateriale mot slitasje og for å letta tilgangen til mykje etterspurt arkivmateriale, òg etter kvart er og ein del demografisk kjeldemateriale vorte digitalisert. Dette opnar nye perspektiv i formidlingsarbeidet, noko ein har fått klåre indikasjonar på etter at det såkalla Digitalarkivet vart opna i 1998 som gratis Internett-basert teneste.

Omsynet til personvernet gjennom teiepliktføresegnene i forvaltningslova er elles det som representerer den største avgrensinga i den frie tilgangen til avlevert arkivmateriale. Det er viktig at Arkivverket vert oppfatta som ein forsvarleg forvaltar av personsensitivt arkivmateriale, slik at ein unngår at slikt materiale i større grad vert kravt sletta. Det aller meste av arkivmaterialet i Arkivverket er fritt tilgjengeleg for alle, noko som er uttrykk for at arkiva i eit moderne demokrati er ein kollektiv eigedom som arkivinstitusjonane forvaltar på vegner av folket og til beste for heile samfunnet.

I meldinga vert det gjort greie for utfordringar og planlagde tiltak innanfor biblioteksektoren. Med 21 mill. besøk og 23 mill. utlån pr. år utgjer folkebiblioteka ein kulturinstitusjon med brei kontaktflate. Alle biblioteka går inn i ei omstillingstid, og endringane vil i stor grad vera knytte til utviklinga av IKT-bruken i samband med desentralisert utdanning, fjernlånstenester, innhenting og bearbeiding av informasjon og tilgjenge til databasar. Folkebiblioteka bør stimulerast til å utvikla nye og alternative samarbeids- og samordningsmodellar for organisering av bibliotektenester. Særleg er det viktig at dei mange små bibliotekeiningane på kommunenivå kan utvikla samarbeid over kommunegrensene.

Det er òg stort behov for etter- og vidareutdanningstilbod for personalet i folkebiblioteksektoren, særleg med tanke på å kunna utnytta IKT-potensialet i bibliotekarbeidet. Departementet legg her opp til å yta ekstra midlar til utviklingsprosjekt og vil samstundes vurdera kriteria for bruk av dei noverande prosjektmidlane i Statens bibliotektilsyn. Departementet vil ta initiativ overfor Kommunenes Sentralforbund for å vurdera tiltak som kan vitalisera folkebiblioteka innanfor det kommunale systemet.

Den noverande strukturen med folkebiblioteka som allmennbibliotek og fag- og forskingsbiblioteka som hovudressurs innanfor utdanning og forsking vil vera naturleg i framtida med, men kombinasjonen IKT og eit samfunn som vil verta prega av livslang læring og etter- og vidareutdanningstiltak, vil krevja tettare samhandling mellom alle delar i eit samla biblioteknettverk. Det ideelle målet er å få til eit tilnærma saumlaust bibliotektilbod til brukarane. Det inneber at ein som brukar ikkje skal måtta tenkja på kva type bibliotek ein vender seg til når ein treng bibliotektenester.

Departementet vil halda fast ved prinsippet om at utlån frå folkebiblioteka skal vera gratis, men vil ­vurdera å tilrå biblioteklova justert slik at kommunen kan ta betalt for datatenester dersom folkebiblioteket skaffar skreddarsydde informasjonstenester som ikkje har interesse for andre enn den som tingar tenesta. Departementet vil og vurdera å tilrå endra lovføresegna om fylkesbibliotek, slik at fylkeskommunane får større fridom til å finna alternative organisatoriske løysingar for å ivareta dei fjernlåns-, samarbeids- og rettleingstenestene som fylkesbiblioteka i dag skal ta seg av.

Nasjonalbiblioteket vart frå 1. januar 1999 etablert som ein samla institusjon, og departementet førebur no saman med Statsbygg bygging av nytt magasinareal og opprusting av den gamle bibliotekbygningen på Drammensveien. Det er sett av prosjekteringsmidlar i budsjettet for 2000, og departementet vil koma attende til byggjesaka i budsjettproposisjonen for 2001.

På kort sikt er utfordringane for Nasjonalbiblioteket å utvikla dette til å verta ein organisasjon med to avdelingar, i Rana og Oslo. Meir generelle og langsiktige utfordringar knytte til det å fungera som eit moderne nasjonalbibliotek er behovet for å utvikla depotbiblioteket ved avdelinga i Rana, for på den måten å effektivisera delar av fjernlånsfunksjonane mellom biblioteka, og for å vidareutvikla digitale bibliotektenester med det siktemål å kunna tilby betre og meir einfeld tilgang til dei samlingane ved Nasjonalbiblioteket som høver for digital formidling. Særleg viktig vil slike tenester vera i eit samspel med IKT-satsingane innanfor utdanningssektoren.

Departementet vil sjå nærare på korleis lova om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument, som no har verka i ti år, har fungert. Dessutan vil departementet i samarbeid med Norsk filminstitutt og Nasjonalbiblioteket gjera ein særskild gjennomgang av føresegnene om pliktavlevering av filmar og videogram.

Ny informasjons- og kommunikasjonsteknologi kan innebera at Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek i løpet av få år vil måtta leggja til rette heilt andre tenester enn i dag. Behovet for teknologisk kompetanse for å kunna handtera desse omstillingane kan tilseia at tiltaket vert knytt organisatorisk i hop med Nasjonalbiblioteket. Det må dessutan setjast i gang tiltak for å kopiera og bevara eit omfattande masterarkiv av lydbøker i Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek.

Fire prosjekt som gjeld utgjeving av nasjonale oppslagsverk har tilknyting til bibliotekområdet. Det gjeld Norsk Ordbok, Norsk Riksmålsordbok, Norsk Biografisk Leksikon og Historisk-kritisk Ibsen-utgåve. Målet er at alle desse prosjekta skal vera sluttførte innan 2014.

I meldinga vert det gjort greie for utfordringar og tiltak innanfor museumssektoren. Det norske museumslandskapet er splitta opp i meir enn 700 sjølvstendige museum. Kvart år oppsøkjer om lag 9 mill. menneske formidlingstilboda ved musea. Nokre få, men viktige museum er knytte til universiteta eller er etatsmuseum under andre departement, men dei fleste har budsjettmessig tilknyting til Kulturdepartementet. Av desse mottek ei mindre gruppe heile driftsløyvinga eller driftstilskotet frå staten, medan hovudregelen er delt tilskotsansvar mellom stat, fylkeskommune og kommune. Plasseringa av dei ulike institusjonane i ulike finansieringskategoriar er prega av historisk slump.

Tilskotsordninga frå 1975 overlèt til den einskilde fylkeskommunen å strukturera museumsfeltet i fylket. Det har vakse fram mange gode og viktige museum innanfor ramma av denne ordninga. Veikskapane er likevel berrsynte - fragmentert struktur, mangelfull samordning innanfor fylket og inga samordning fylka imellom.

Prinsipielt vert det i denne meldinga lagt til grunn at det berre reint unnataksvis er naturleg at staten skal ha det samla drifts- og tilskotsansvaret for eit museum. Museet som kunnskapsformidlar og kulturinstitusjon i breiare meining vil vera viktigare for nærområdet og regionen enn for folk elles i landet. Fylkeskommunar og kommunar må difor medverka.

Dei fleste musea kan gje gode grunngjevingar for auka tilskot. Regjeringa legg til grunn at dette vil vera eit viktig satsingsfelt i åra framover. Samstundes må det skisserast ein modell for organisering og samordning som kan gje betre utnytting av alt føreliggjande ressursar og optimal bruk av nye innsatsar. Retningsgjevande prinsipp for framtidig organisering av museumssektoren og bruken av statlege verkemiddel vil vera

  • a: å bevara og styrkja lokalt engasjement og deltaking i kulturvernet,

  • b: å tryggja fagleg kompetanse på regionalt nivå og

  • c: å samordna musea i eit nasjonalt nettverk.

Frå statleg hald bør det initierast ein prosess med sikte på ei opprydding i dei einskilde distrikta og regionane, slik at ein sit att med eit mindre tal (1-6) konsoliderte museum eller museumsnettverk i kvart fylke, dvs. einingar med ei så sterk fagleg og økonomisk plattform at dei på ein meiningsfull måte kan inngå i eit samla nasjonalt nettverk av museum. Tanken er ikkje å sentralisera; lokale museum bør framleis finnast som formidlingsarenaer, men det bør arbeidast for ei samorganisering på regionalt nivå for å oppnå ei fagleg kvalitetsheving.

Det vert lagt opp til at Norsk museumsutvikling i samarbeid med dei respektive fylkeskommunane, kommunane og musea i løpet av dei næraste fem åra skal gjennomgå heile landet for å nå fram til meir leveføre museumseiningar. Der det vert semje om konsoliderte institusjonar, må det i samråd med fylkeskommunen vurderast om det som no skal gjevast statleg driftstilskot via fylkeskommunen, og i den grad dette vert resultatet, vil tilskotsordninga halda fram. Alternativt kan det gjerast avtale om statstilskot direkte til institusjonen, men slik at staten dekkjer inntil 60 pst. og regionen minst 40 pst. I unnatakstilfelle kan det opnast for øyremerkte tilskot utan motkrav om regional medverknad for å ivareta særskilde oppgåver.

Den noverande oppdelinga i nasjonale institusjonar, knutepunktinstitusjonar og andre tilskotsmuseum vil etter kvart verta avløyst av eit system der alle museum som får tilskot over det statlege kulturbudsjettet, inngår i eit nasjonalt nettverk med Norsk museumsutvikling som overvakar, samordnar og informasjons- og budsjettknutepunkt. Det vert lagt opp til at samordningsorganet skal disponera utviklings- og prosjektmidlar som monnar, og det samla siktemålet med omlegginga er ei kvalitativ oppgradering av musea over heile landet.

For å tryggja heilskapen i forvaltninga av sektoren og samstundes tryggja at det einskilde museet inngår i eit nasjonalt nettverk, vert det lagt vekt på at det statlege fagorganet - Norsk museumsutvikling - skal vera fagleg og budsjettmessig tilknytingspunkt for alle museum som får statleg tilskot frå Kulturdepartementet. Dette organet må samhandla nært med fylkeskommunane om alle musea der finansieringsansvaret er delt, særleg om prioriteringsspørsmål, der det nasjonale samordningsperspektivet må vera retnings­gjevande.

I hovudstadsområdet vert det tilrådd ei samorganisering av kunstinstitusjonane Nasjonalgalleriet, Museet for samtidskunst, Riksutstillingar, Kunstindustrimuseet, Norsk Arkitekturmuseum og Henie-Onstad Kunstsenter. Det vil gje betre heilskapstenking å ha ei leiing med eit breitt strategisk ansvar; både faglege og administrative funksjonar vil kunna gjerast meir robuste, og fleksibiliteten i bruk av samlingar, lokale og personale vil verta større.

NOU 1996: 7 Museum. Mangfald, minne, møtestad (museumsutgreiinga) dokumenterte eit klårt behov for tiltak for å få betre oversyn over og oppbevaringstilhøve for samlingane ved musea. I tillegg er det tvillaust eit stort unytta potensial på formidlingsområdet. Det bør setjast inn tiltak som gjev standardheving og auka kompetanse innanfor dokumentasjons-, bevarings- og vedlikehaldsfunksjonar. Kvalifiserte tekniske konserveringstenester bør finnast i alle fylke. Det må og satsast på å opparbeida særskild kvalifisert handverkskompetanse for vedlikehald og vernevøling av dei meir enn 5 000 verneverdige bygningane ved musea og til å halda i hevd tekniske innretningar og kulturminne. Vidare må kapasitet og kompetanse aukast med tanke på å utarbeida formidlings- og undervisningsopplegg tilpassa ulike alderssteg. Det er elles naudsynt å oppgradera samiske museum og museumstiltak for nasjonale minoritetar og innvandrargrupper.

Meldinga gjer greie for hovuddrag ved arkiv-, bibliotek- og museumssektorane i ein del andre land. Særleg verd å merkja seg er at det i mange land, men på ulike vis, vert arbeidd med problemstillingar eller teke organisatoriske grep som går på tvers av dei tradisjonelle skiljelinene mellom arkiv, bibliotek og museum.

For å fremja ei heilskapleg tenking kring arkiv, bibliotek og museum vert det i meldinga tilrådd å greia ut grunnlaget for å skipa eitt statleg samordningsorgan, tufta på noverande Statens bibliotektilsyn og Norsk museumsutvikling. Eit slikt organ bør dessutan ha oppgåver på dei delane av arkivfeltet som og vedkjem bibliotek og museum, særleg innanfor privatarkivfeltet og generelt i spørsmål som gjeld formidling og bruk av arkiv, likevel slik at Riksarkivaren sitt ansvar ikkje vert innskrenka. Den overgripande oppgåva for eit nytt organ vil vera å sjå til at store og små einingar innanfor alle tre sektorane samspelar i eit nasjonalt nettverk. Organet er tiltenkt namnet ABM-utvikling med undertittelen Kulturdepartementets samordningsorgan for arkiv, bibliotek og museum.

For alle tre sektorane vert det lagt opp til ein tiltaksmodell etter to parallelle strategiar, for det fyrste ei generell styrking av institusjonane, som gjev betre basistenester, dinest meir målretta, tidsavgrensa satsingar, m.a. med utgangspunkt i dei behova som låg til grunn for den såkalla REVITA-planen som det vart gjort framlegg om i museumsutgreiinga frå 1996. I tillegg til ei sektorvis satsing vert det lagt opp til ei rad fellestiltak, så som kompetanseutvikling, utviklingsprosjekt og særskilde tiltaksplanar for bevaring av t.d. lydmateriale, fotografisk materiale og levande bilete. Eit samla fagorgan vil vera eit viktig instrument i denne samanhengen.

Alt i alt skisserer Regjeringa i denne meldinga ei opptrapping av dei statlege driftsløyvingane til arkiv, bibliotek og museum med til saman 414 mill. kroner utover noverande løyvingsnivå i løpet av den komande femårsperioden. Den årlege budsjettmessige oppfølginga vil vera avhengig av den økonomiske utviklinga og budsjettsituasjonen. Det må såleis på vanleg måte takast atterhald om den årlege budsjetthandsaminga.

I meldinga vert det gjort greie for ei lang rekkje uløyste oppgåver når det gjeld statlege, nasjonale og andre kulturbygg. I St.prp. nr. 1 (1999-2000) varsla Kulturdepartementet eit oversyn over planar, prosjekt og behov i stortingsmeldinga om arkiv, bibliotek og museum.

Kulturbygningane har tvillaust vore viktige i forminga av det offentlege rommet i by og bygd, men hovudfunksjonen har sjølvsagt vore å tena som arena for kunst og kultur, både til bevaring og formidling av kulturuttrykk. Utforminga av kulturbygningane skal i tillegg presentera kva oppgåver og verdiar kunsten og kulturen har.

Dei kjende investeringsbehova er av mange ulike slag og i mange tilfelle vil det vera tale om ein kombinasjon av desse situasjonane:

  • – Gamle bygningar som bør rehabiliterast og oppgraderast.

  • – Gamle bygningar som gjev for tronge fysiske rammer for brukarinstitusjonen, slik at det bør førast opp påbygg eller nytt tilstøytande bygg.

  • – Gamle bygningar som bør byggjast om for å verta betre eigna for noverande brukarinstitusjon.

  • – Nyare bygningar som bør utbetrast grunna uheldige tekniske løysingar.

  • – Nyare bygningar der tekniske installasjonar må oppgraderast eller skiftast ut for å stetta arbeidsmiljøkrav e.l.

  • – Nyare bygningar og anlegg i fjell som bør utvidast for å dekkja behov for meir magasinareal.

  • – Kulturinstitusjonar og tiltak som i større eller mindre grad er utan høvelege bygningar.

  • – Kulturinstitusjonar med tilhald i fleirbrukshus, som gjev vanskelege arbeidsvilkår, og der det vil vera naudsynt med tiltak for å utvikla institusjonen kvalitativt.

  • – Nye institusjonar og tiltak som krev bygningsmessige rammevilkår.

Regjeringa legg til grunn at løyvingane til kulturbygg må aukast monaleg i det komande tiåret.