4. Komiteens tilråding
Komiteen har ellers ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
Stortinget samtykkjer i at :
1. Samferdselsdepartementet får fullmakt til utan løyving å utgiftsføre utgiftene knytta til salet av aksjar i Telenor og til å inntektsføre salsinntektene. Framlegg til løyvingar for utgiftene og inntektene skal leggjast fram for Stortinget så snart dei er avklart, og seinast i samband med proposisjonen om nysaldering av budsjettet for 2000.
2. Regjeringa får fullmakt til å selje staten sine aksjar i Telenor AS gjennom ein kombinasjon av emisjon og direkte nedsal av staten sine aksjar, men då slik at eigardelen utgjer minst 51 pst.
3. Regjeringa får fullmakt til å selje staten sine aksjar i Telenor AS til eit nystifta eigarselskap mot vederlag i aksjar i dette selskapet.
4. Regjeringa får fullmakt til å inngå avtale med tilretteleggarane av kapitalutvidinga i Telenor og utsalet av staten sine aksjar i selskapet om å halde tilretteleggarane skadeslause for krav frå kjøparar av aksjar.