Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

7. Fordeling av inntekt og levekår i eindel OECD-land

Meldinga samanliknar velferdssystema, utdanningsnivået, arbeidsmarknaden, skattenivået, inntektsfordelinga og omfanget av låge inntekter i Noreg, Sverige, Danmark, Tyskland, Storbritannia, Nederland, Frankrike og USA. Desse landa har ulike innretningar på velferdssystema sine, og det blir skilt mellom tre modellar: ein angloamerikansk, ein kontinental og ein skandinavisk. Dei fleste landa har trekk frå fleire av modellane. Noreg har i stor grad ein skandinavisk velferdsmodell, men har òg trekk frå den kontinentale modellen.

Samanlikna med dei andre landa har Noreg i heile perioden 1986-96 hatt relativt låg arbeidsløyse. I tillegg er arbeidsmarknadsdeltakinga svært høg i Noreg og Danmark i høve til andre land. Medan både Sverige og Danmark har opplevd fallande yrkesdeltaking etter 1986, var deltakinga i Noreg i 1996 på om lag same nivå som 10 år tidlegare.

Utdanningsnivået er høgt i Noreg i høve til andre land. Saman med Tyskland og USA har Noreg den høgaste delen i yrkesaktiv alder med utdanning på minst vidaregåande nivå. USA og Nederland har den høgaste delen med utdanning på universitetsnivå, men denne delen er også relativt høg i Noreg og Danmark. Særleg har kvinner høgt utdanningsnivå i Noreg.

Noreg har eit skattenivå som er lågare enn gjennomsnittet for dei nordiske landa, men klart høgare enn til dømes USA. Når det gjeld marginalskatt på arbeid, har Noreg lågare skattenivå enn dei fleste europeiske landa, men klart høgare enn til dømes Storbritannia og USA. Den formelle skattesatsen på overskot i Noreg er relativt låg i internasjonal samanheng.

Saman med dei andre nordiske landa og Nederland er inntektsfordelinga jamn i Noreg samanlikna med andre OECD-land, men inntektsskilnadene er noko større i Noreg enn i dei andre nordiske landa, og dei ser ut til å ha auka meir enn i dei fleste av dei andre landa frå midt i 1980-åra til midt i 1990-åra. Auka inntektsskilnader er likevel ikkje eit særnorsk fenomen. Lønnsinntektene i Noreg er jamnare fordelte enn i Danmark, Sverige, Tyskland, Nederland og USA. Ein større del av dei offentlege overføringane går til tredelen med lågast inntekt i Noreg enn i andre land. På den andre sida tilfell kapitalinntektene i større grad den rikaste tredelen i Noreg enn i både Danmark, Sverige, Nederland, Tyskland og USA.

Det er mogleg å analysere inntektsfordelinga mellom grupper ut frå arbeidstilknyting, alder og hushaldstype for Noreg, Danmark, Sverige, Nederland, Tyskland, Frankrike og USA. For å kunne samanlikne inntektsnivået til grupper frå ulike land, er den gjennomsnittlege inntekta til kvar gruppe samanlikna med gjennomsnittsinntekta i kvart land. Personar under 30 år og over 65 år har klart lågare inntekter enn gjennomsnittet i alle landa, og medan det ser ut til at inntektene til unge er på om lag same relative nivå i Noreg som i dei andre landa, har alderspensjonistane noko lågare inntekt i Noreg enn i ein del andre land. Også einslege forsørgjarar og einslege har klart lågare inntekter enn gjennomsnittet i folket i alle landa. Både norske einslege forsørgjarar og barnefamiliar ser ut til å ha gode relative inntekter i høve til andre land, medan einslege gjennomsnittleg ser ut til å ha relativt låge inntekter. Hushald utan yrkestilknyting har naturleg nok mykje lågare inntekter enn gjennomsnittet i alle dei sju landa, men det kan sjå ut som om denne gruppa har lågare inntekter i Noreg enn i ein del andre land.

Når det gjeld utbreiinga av låge inntekter, er rangeringa mellom landa i grove trekk den same som for inntektsfordelinga. Den delen av befolkninga som har låge inntekter er relativt låg i dei skandinaviske landa og Nederland, særleg samanlikna med Storbritannia og USA. Delen med vedvarande låge inntekter er endå lågare. I Noreg og dei fleste andre landa har det vore ein auke i delen med låge inntekter dei siste 10 åra, medan det kan sjå ut som det har vorte færre med låge inntekter i Danmark, Frankrike og USA. Auken i talet på personar med låg inntekt har vore sterkare til dømes i Tyskland og Nederland enn i Noreg. Delen med låge inntekter blant einslege forsørgjarar, unge vaksne, sjuke/uføre og pensjonistar ser ut til å vere høgare i Noreg enn i Danmark, medan han er relativt låg i høve til dei andre landa.

Delen av folketalet som har dårlege levekår på fire område samtidig (bustad, inntekt, mangel på forbruksgode og mangel på nødvendige gode) er svært låg både i Danmark, Noreg, Nederland, Frankrike og England, mellom 0,7 pst. og 2,1 pst. Vel 6 pst. har dårlege levekår på minst tre område i Noreg, mot vel 5 pst. i Danmark og over 8 pst. i Frankrike. Det ser ikkje ut til å vere nokon klar samanheng mellom låge inntekter og sosial deltaking i nokon av desse landa.

Delen av unge vaksne som har dårlege levekår på alle fire områda er høgare i Noreg enn i dei andre landa. For alderspensjonistar er det derimot færre som har dårlege levekår på fleire område samtidig i Noreg enn i dei andre landa.

Analysar syner at det kan vere ein samanheng mellom offentleg velferdsproduksjon og type velferdstat på den eine sida og låge inntekter og opphoping av dårlege levekår på den andre. Land som brukar mykje pengar på helsetenester og trygder har i hovudsak eit mindre omfang av låge inntekter enn statar som brukar lite på slike føremål. Det kan sjå ut som om både talet på personar med låge inntekter, graden av låge inntekter for dei som har låg inntekt og omfanget av opphoping av dårlege levekår er lågare i dei skandinaviske velferdsstatane som Noreg og Danmark enn i den angloamerikanske velferdsstaten England som har meir fokus på behovs- og inntektsprøvde ordningar.

Komiteen vil peke på at sammenlignet med Sverige, Danmark, Tyskland, Storbritannia, Nederland, Frankrike og USA har det i hele perioden 1986 til 1996 vært relativt lav arbeidsledighet i Norge, og vi har en høy yrkesdeltaking.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, merker seg med interesse at vi har et skattenivå som er lavere enn gjennomsnittet for de nordiske landene. Det er videre positivt at vi har en relativt jamn inntektsfordeling, men det ser ut til at inntektsforskjellene har økt noe mer i Norge enn i landene vi sammenligner oss med.

Analysene kan tyde på at andelen i befolkningen med lave inntekter og opphopning av dårlige levekår er mindre i land med universelle velferdsordninger, som for eksempel Norge, enn i land som har mer behovsprøvde eller inntektsavhengige ordninger.

Flertallet viser til at Norge, sammen med de andre nordiske landene, i internasjonal sammenlikning har et høyt skattenivå målt ved skatter og avgifter som andel av BNP. Flertallet slutter seg til vurderingen av at dette må ses på bakgrunn av at Norge og de andre nordiske landene har et relativt godt utbygd offentlig pensjonssystem og stor grad av skatt på pensjonsinntekter m.v. Flertallet er videre enig i at en i alminnelighet bør være noe varsom med å trekke generelle konklusjoner om skattenivået i ulike land på bakgrunn av slike oppstillinger. Flertallet har merket seg at Norge gjennom skattereformen 1992 har gått langt i å redusere skattesatsene på et utvidet skattegrunnlag. Flertallet viser også til at det norske skattesystemet etter reformen gis meget positiv omtale fra ulike hold. Flertallet viser i denne sammenheng til OECDs landrapport 22. februar 2000 hvor det framgår at Norge gjennom skattereformen har nådd langt i å eliminere samfunnsøkonomiske kostnader som kan følge av et høyt skattenivå.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre understreker at Norge har et av verdens høyeste skattenivå, og mener det ikke er grunnlag for å trekke den konklusjon at det norske skattenivået, når vi fokuserer på virkningene for innbyggerne, er lavere enn i de øvrige nordiske land. For det første er skattenivået når en holder petroleumssektoren utenfor, dvs. skatteandelen av BNP for Fastlands-Norge, langt høyere enn skattenivået som andel av BNP. Dette er også påpekt i meldingen. Det samme er virkningen av nasjonalregnskapsrevisjonen, som fører til at Norge fremstår med et lavere skattenivå enn land som ikke har gjennomført en slik revisjon. Videre er det et faktum at skattenivået i Norge har økt siden 1997, som er det år meldingen refererer til. Dersom en i tillegg korrigerer for subsidier og overføringer til private fra det offentlige, som er høyere i Sverige og Danmark enn i Norge, finner en at nettoskattenivået i fastlands-Norge er minst på linje med Danmark og Sverige. Disse medlemmer vil understreke at dette skattebegrepet sier langt mer om befolkningens disponible inntekt etter skatt enn skatten som andel av BNP.

Disse medlemmer viser til Norges svært høye skattenivå, også sammenlignet med andre land. Disse medlemmer viser til at skattenivået i en slik oppstilling åpenbart henger sammen med hvilke løsninger som er valgt i forhold til pensjonene, men vil advare mot å trekke den slutning at dette forklarer det høye norske skattenivået. Sammenlignet med andre land har Norge en omfattende offentlig sektor med mange store og små, viktige og langt mindre viktige arbeidsoppgaver. I et langsiktig perspektiv er det en nær sammenheng mellom størrelsen på offentlig sektor og skattenivået, selv om noe av skatten kan omdefineres til å være en del av et "pay-as-you-go"-pensjonssystem.

Disse medlemmer vil også advare mot å tro at det norske skattesystemet ikke har negative virkninger, slik flertallet ser ut til å gjøre.

At skattereformen i 1992 samlet sett sannsynligvis bidro til å redusere de samfunnsøkonomiske kostnadene ved inntektsbeskatningen, er riktig. Dette er imidlertid på ingen måte det samme som at de samfunnsøkonomiske kostnadene nærmest er eliminert, slik flertallet gir uttrykk for. All beskatning fører til samfunnsøkonomiske kostnader, men utformingen av skattesystemet kan bestemme hvor store kostnadene skal være. Det er også en feilslutning å koble effektivitetsgevinstene ved skattereformen i 1992 til de samfunnsøkonomiske kostnadene ved det totale skattenivået. Dette utgjøres også av en rekke andre skatter og avgifter som ikke var omfattet av skattereformen. Disse medlemmer vil peke på at det kanskje er nettopp innenfor de skatter og avgifter som ikke var omfattet av skattereformen, en i dag finner de største negative virkningene for landet. Formuesskatten, investeringsavgiften og flere av særavgiftene er noen skatteformer som i dag har svært negative virkninger for norsk økonomi, og som disse medlemmer ønsker å redusere.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til sine merknader om vurdering av skattesystemet og nødvendige grep for å gjøre det mer rettferdig under kap.3.2.