Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

6. Regional fordeling av levekår

Det blir i meldinga gjort greie for den regionale utviklinga og fordelinga av levekår.

Inntekta ligg jamt over lågare i perifere strøk enn i byar og tettstader og i dei større byane. Differansen har ikkje vorte vesentleg endra dei siste ti åra. Spesielt kvinner i periferien har låg inntekt.

Det er små skilnader både i sysselsetjing og arbeidsløyse mellom typar bustadkommunar, men nivået på sysselsetjinga totalt er litt høgare i storbyane enn i perifere bustadkommunar. Den høgaste sysselsetjinga har ein i by/tettstader og perifere kommunetypar på Vestlandet, medan perifere strøk i Nord-Noreg har den lågaste delen med sysselsette. Tal for arbeidsløyse gir det same biletet. Sysselsetjinga er elles høgast blant menn i byar og tettstader og lågast blant kvinner i perifere bustadkommunar.

Det har skjedd ei markert regional utjamning med omsyn til kor stor del som har grunnskule som høgaste utdanning. Ungdom vel vidaregåande opplæring uavhengig av kvar dei bur i landet. Oslo hadde i 1997 den høgaste delen med personar med høg utdanning. Deretter følgjer dei andre storbyane, sentrale kommunar og til sist utkantane.

Det er store regionale skilnader i forbruket av visse typar av trygdeytingar. Dette gjeld mellom anna forbruket av helserelaterte ytingar til livsopphald som sjukepengar, attføring og uførepensjon. Det er også store skilnader når det gjeld grunnstønad og hjelpestønad.

Det er store fylkesvise variasjonar i forbruket av helserelaterte ytingar. Høgst var forbruket i Finnmark, med Østfold på ein klar andre plass. Lågast forbruk var det i Sogn og Fjordane og Rogaland. Det var dei same fylka i 1989 og i 1998 som hadde eit forbruk som låg høvesvis høgare/lågare enn landsgjennomsnittet.

Bustadsituasjonen er betre i utkantane enn i sentrale strøk. Butilhøva i storbyane skil seg ut særleg på to måtar: fleire har dårleg standard på bustaden eller dårleg utemiljø. I Oslo er det fleire som har opphoping av dårlege butilhøve enn befolkinga elles i landet. Det er relativt mange med svake burettar og dårleg buøkonomi i perifere kommunar.

Jamvel om det er regionale skilnader i helsetilstanden, er den venta levealderen for nyfødde nokså lik over heile landet. Venta levealder har gått opp både for kvinner og menn dei siste åra, og viser at kvinner har om lag fem år lengre venta levealder enn menn (81 år for kvinner og 75,5 år for menn). Ei undersøking av skilnadene mellom bydelane i Oslo, viste at desse var større enn mellom fylka. Statens helsetilsyn drøftar i tilsynsmeldinga for 1997 ulike sider ved sosiale skilnader og helse. Dei peikar på at det er store geografiske skilnader ikkje berre når det gjeld fordeling av helsepersonell, men også til dømes når det gjeld bruk av lækjemiddel.

Studiar av levekåra til folk viser ingen dramatiske skilnader mellom ulike regionar når det gjeld den kontakten folk har med familiar, venner og grannar. Folk på landsbygda held likevel meir kontakt med grannane sine enn folk i dei største byane, og denne skilnaden har vore nokså stabil dei siste 15 åra.

Kulturbrukundersøkingar viser at det er klare regionale skilnader i kulturtilbodet. Den delen som er aktiv i organisasjonar, er høgast i dei grisgrendte strøka (55 pst.) og lågast i dei mest tettbygde strøka (48 pst.).

Når det gjeld offentlege tenester, er grunnskuletilbodet jamnast fordelt i høve til behovet, deretter kjem barnehagetilbodet og heimehjelpstenesta. Heimesjukepleie er skeivare fordelt, noko som også er tilfelle for mellom anna barn i barnevernstiltak. Lovpålagde tenester er jamt fordelte, medan variasjonane mellom kommunane er store der den nasjonale standardiseringa er låg. Det viser seg at ein i langt større grad finn tendensar til at tenestetilbodet jamt over er godt i somme kommunar, enn at kommunar som har eit godt utbygd tilbod på somme område har dårlegare tilbod på andre. Den beste dekninga av kommunale tenester er i Finnmark. Oslo har også god dekning samanlikna med andre store byar. Når det gjeld produktivitet og standard på tenestene, skårar dei tre nordlegaste fylka høgast, medan Vestfold ligg på botnen. Det er markerte skilnader innanfor somme fylke. Helseundersøkingane frå 1995 viser generelt at personar i perifere område har mindre kontakt med delar av helsetenesta enn personar i storbyar.

Levekårsindikatorane i dei samiske områda følgjer i stor grad mønsteret for Nord-Noreg i det heile, men ligg på fleire område klart dårlegare an enn snittet for landsdelen.

Det ser ikkje ut til at det er slik at somme regionar systematisk kjem dårleg ut på alle område.

I storbyane, og særleg i Oslo, er det fleire som har svært dårlege levekår i høve til resten av landet. Oslo har bydelar med både dei beste og dei dårlegaste levekåra i Noreg.

Også i dei andre norske storbyane er det levekårsskilnader mellom bydelane. Mønsteret er parallelt til det ein finn i Oslo. I sentrale byområde er levekårspresset sterkast med høg arbeidsløyse, dårlege butilhøve, behov for sosialhjelp, høge dødstal og kriminalitet. Samtidig er det i sentrale bystrøk populære byområde som trekkjer til seg yngre folk med høg utdanning og kjøpekraft. Inntekta til gruppa med høgast inntekt har auka meir i storbyane og mest i Oslo, i høve til heile landet. Det er òg i Oslo vi finn dei sterkaste utslaga for gruppa med lågast inntekt.

Komiteen viser til at det ikke er svært store forskjeller i levekår mellom de ulike deler av landet eller mellom de ulike regionene i landsdelene. Det er i de største byene at en ser økende grad av forskjeller i levekår.

Komiteen har registrert at f.eks i Oslo bor menneskene med de beste levekår her i landet, samtidig som de med de dårligste levekår bor der. Samme tendens ser en i de andre storbyene her i landet.

Komiteen viser til at boligforholdene er en av de viktigste faktorene til de økende levekårsforskjellene i byene. Meldinga dokumenterer at boligsituasjonen er bedre i utkantene enn i sentrale strøk. Forskjellene i inntekt er også større i byene enn i andre deler av landet, og det er lavinntektsgruppene som også har de dårligste boligforholdene i byene. I flere byer er det tendenser til at grupper med like levekår bosetter seg i samme område. En kan da få forsterket virkningen av tendenser til opphopning av mennesker med mange levekårsulemper i samme strøk.

Komiteen viser til at en viktig faktor for bedre utjamning er bedring av sysselsettingssituasjonen og et arbeidsmarked som inkluderer alle. Her er det ikke store forskjeller mellom by og land, og distriktsnorge klarer seg godt i konkurransen med byer og tettbygde strøk når det gjelder sysselsetting.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti, Høyre, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, vil vise til at Utjamningsmeldinga på en klar måte påviser levekårsproblemene i storbyene. Flertallet vil vise til at undersøkelser som er gjort i indre Finnmark (kommunene Kautokeino, Karasjok, Porsanger, Tana og Nesseby), synliggjør tilsvarende levekårsproblemer i dette området som i indre Oslo øst. Det er derfor etter flertallets syn viktig å rette en særlig oppmerksomhet mot dette området, på linje med oppmerksomheten som meldinga retter mot indre Oslo øst.

Til tross for levekårsproblemene har omstillingsregionen hatt en positiv utvikling.Kommunene har satt i gang en serie tiltak lokalt. Videreføringen av omstillingsprogrammet avsluttes inneværende år. Med de utfordringene regionen står overfor, er det nettopp i årene som kommer at man etter flertallets syn har behov for å følge opp omstillingsarbeidet. Den politiske ledelsen i kommunene har utviklet forslag til en tiltakspakke for regionen som innebærer a) oppbygging av arbeidsstyrkens kompetanse, b) oppgradering av infrastrukturen, c) ivaretakelse av nåværende offentlige institusjoner og opprettelse av nye, d) utvikling av stedegne arbeidsplasser, basert på utnytting av lokale ressurser, e) satsing på nyetableringer av stedsuavhengige arbeidsplasser (bl.a. registerarbeidsplasser).

Dersom dette arbeidet skal lykkes, er man etter flertallets syn avhengig av en forståelse for situasjonen, og statlige tiltak i denne regionen må samordnes med de tiltak man søker å realisere lokalt.

Som ledd i å kunne oppnå dette, fremmer komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti følgende forslag:

«Stortinget ber Regjeringen om raskt å legge fram en sak for Stortinget om levekår i indre Finnmark.»

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet og Høyre, ber om at Regjeringen på egnet måte orienterer Stortinget om situasjonen i indre Finnmark.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser til at meldinga slår fast at utdanning på grunnskole- og videregående nivå stort sett er lik over hele landet, men at det ikke har skjedd en regional utjamning når det gjelder høyere utdanning.

Komiteen mener det er viktig å satse på kompetanse og kunnskap i distriktene for slik å sikre bosettingen.

Komiteen har sett at erfaringene med desentralisert utdanning er meget gode. Slik utdanning har ofte stor søkning, og de som gjennomfører den, blir i stor grad værende i sitt distrikt. Komiteen ser at en desentralisert utdanning er positiv også for familier, fordi utdanningen kan tas på hjemstedet. Komiteen mener på den bakgrunn at det er behov for en sterkere satsing på desentralisert høyere utdanning. Komiteen ser det som en nasjonal oppgave å gi studietilbud desentralisert, og vil stimulere de høgskoler som velger å legge ut en del av sine tilbud.