Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Samandrag

Regjeringa legg fram meldinga om vern i kystsona, som er utarbeidd på bakgrunn av vedtak i Stortinget etter debatt om interpellasjonen om kystverneplanane for Nordland 5. mars 1998:

«Stortinget ber Regjeringen i løpet av 1998 om å legge frem en melding om kystverneplanene. Meldingen må belyse de næringsmessige konsekvenser ved gjennomføringen av planene, samt avklare om sjøarealer skal kunne inngå i kystverneplanene. Meldingen skal behandles av Stortinget før kystverneplanene stadfestes.»

Meldinga er meint å vere eit viktig grunnlag for Regjeringa si behandling av framlegga til kystverneplanane i Nordland og Troms, samt andre framtidige verneplanar som omfattar sjøareal i kystsona, og departementet viser til at verneframlegg som i vesentleg grad femner om sjøareal er stansa inntil meldinga er behandla.

Regjeringa si målsetjing er å sikre det biologiske naturgrunnlaget i tråd med nasjonale og internasjonale tilrådingar m.a. gjennom vern av område i medhald av naturvernlova. Samstundes skal det sikrast areal til hausting av naturressursar og matproduksjon i sjø. Dette stiller store krav til samordna avvegingar mellom brukar- og verneinteresser.

Meldinga legg hovudvekt på ansvarsområda til fiskeri- og miljøvernstyresmaktene. Den omhandlar lovgrunnlaget for å verne og ta vare på naturverdiar i kystsona med særleg vekt på naturvernlova og forholdet mellom denne og bruk av saltvassfiskelova og oppdrettslova. I tillegg vert plan- og bygningslova, samt andre lover som regulerer arealbruk i kystsona, omtala. Meldinga skisserer òg retningslinjer for avveging mellom fiskerinærings- og verneinteresser i forhold til ulike verneformål innafor dei ulike vernekategoriane i naturvernlova, og meldinga vurderer verneplanprosessen og forvaltninga av verneområda, samt overvaking og evaluering av område verna i medhald av naturvernlova.

I meldinga er kystsona i sjø avgrensa til det som ligg inn under naturvernlova sitt virkeområde, dvs. ut til territorialgrensa. Meldinga omtaler òg problemstillingar knytt til framtidige marine verneområde, sjølv om desse kan strekkje seg utanfor territorialgrensa.

Meldinga fokuserer på areal som funksjonelt heng nært saman med sjøen, og som er av interesse for andre samfunnsinteresser, og meldinga legg vekt på fiskerinæringa sitt behov for areal.

Naturvernlova sitt virkeområde omfattar ikkje Svalbard med Bjørnøya og Jan Mayen, og vern av land- og sjøareal i desse områda er derfor ikkje omtala i meldinga.

Regjeringa viser til at det er aktuelt å verne berre ein liten del av det totale arealet i kystsona i medhald av naturvernlova. Innafor verneområde vil ulike sektorlover gjelde for aktivitetar som ikkje er i strid med verneformålet.

Regjeringa understrekar at vern i medhald av naturvernlova alltid skal ta utgangspunkt i formålet med vernet, og at naturvernlova skal nyttast i eit avgrensa omfang på areal med nasjonale verneverdiar. Dette gjeld både val av vernekategori og utforming av forskrifter. Vernet skal ikkje vere strengare enn det som er naudsynt for å sikre verneverdiane. Verneområdet skal heller ikkje vere større i utstrekning enn det som er naudsynt av omsyn til verneverdiane, og heile verneområdet må oppfylle krava til den aktuelle vernekategorien i naturvernlova. Regjeringa meiner det er naudsynt å utvikle ein meir samordna praksis på landsbasis når det gjeld framlegg til vern av sjøareal. Miljøstyresmaktene og fiskeristyresmaktene vil derfor i framtida samarbeide nært i spørsmål knytt til omfanget av vern av sjøareal.

Naturvernlova heimlar vern både på land og i sjøområde, og vernekategoriane i naturvernlova slik dei er utforma i dag gjeld også i sjø, men dei er generelle og ikkje spesielt tilpassa dette formålet. Regjeringa vil gå gjennom naturvernlova og sjå nærare m.a. på kategoriane naturreservat og nasjonalpark og eventuelt vurdere innføring av ein eigen kategori for vern i sjø.

Regjeringa meiner det er naudsynt å utvikle ein meir samordna praksis på landsbasis når det gjeld framlegg til vern av sjøareal i verneområde der verneformålet er knytt til verneverdiar på land. Miljø- og fiskeristyresmaktene vil derfor samarbeide nært i spørsmål knytt til dette.

Departementet viser til at det er utarbeida framlegg til kystverneplanar i Nordland og Troms, og som berre er aktuelle i desse to fylka. Målet med kystverneplanane er å sikre ein heilskapleg gjennomgang av verne- og næringsinteresser i kystsona i desse to fylka. Ved sluttbehandlinga av kystverneplanen for Nordland vil Regjeringa, tilsvarande som for andre verneframlegg, gjere ei grundig vurdering av dei konsekvensane verneframlegga kan få for eksisterande og eventuell framtidig næringsutnytting, slik at det vert minst mogleg konflikt mellom vern og andre brukarinteresser. I samband med framlegg til kystverneplan for Nordland, vil Regjeringa vurdere å redusere storleiken på sjøareala som har vore på høyring.

Regjeringa meiner at ein bør iverksetje ei prøveordning i Nordland der forvaltningsstyresmakta knyter til seg ei rådgjevande gruppe samansett av representantar frå dei ulike fagstyresmaktene, i samband med behandling av dispensasjonssaker i sjø.

Regjeringa meiner at ein skal utarbeide marine verneplanar m.a. basert på den naturfaglege kartlegginga av eigna område som ligg føre. Det vert nedsett eit rådgjevande utval på linje med det sentrale Barskogutvalet samansett av representantar frå forvaltninga og aktuelle interesseorganisasjonar til dømes innan fiskeri-, havbruk og miljøvern. Utvalet skal gi råd om kor mange og kva for område som bør inngå i eit framlegg til verneplan, og gi råd om avgrensing, verneform og vernereglar for områda og sjå på konsekvensar av vern og næringsverksemd.

Regjeringa meiner lokal og kommunal medverknad er ein føresetnad for å få til ei god verneplanprosess ved vern både på land og i sjø. Kommunar, grunneigarar, interesse- og næringsorganisasjonar skal komme inn i prosessen så tidleg som mogleg, og ved framlegg om vern av sjøareal som ikkje er omfatta av grunneigarrettar, skal dei aktuelle brukar- og næringsorganisasjonane trekkjast inn. Det er ein føresetnad at fylkesmannen samarbeider nært med andre aktuelle sektorstyresmakter, m.a. regionale fiskeri- og havbrukstyresmakter. Faggruppa som er oppretta i samband med tang- og tareforvaltninga, vil ha ei sentral rolle i samband med verneframlegg som kan påverke slike interesser.

Regjeringa understrekar at dei nasjonale miljømåla ligg fast og føreset at dei kommunane som får forvaltningsansvaret for verneområde, syter for at aktuelle styresmakter og interessegrupper i naudsynt grad vert trekt inn i arbeidet med forvaltninga. Avhengig av type verneområde bør forvaltninga av verneområda liggje anten i kommunane eller hos fylkesmannen, som framleis bør ha forvaltningsstyresmakta for m.a. nasjonalparkar og våtmarksområde med internasjonal verdi, såkalla Ramsarområde.

Regjeringa vil vurdere behovet for å gjennomgå eksisterande verneforskrifter med sikte på ei eventuell oppdatering, f.eks. i enkelte område hvor det har skjedd vesentlege endringar sidan vernevedtaket vart fatta. Dette er m.a. viktig for at verneområda ikkje skal omfatte meir sjøareal og ha strengare restriksjonar enn kva som er naudsynt.

Miljøvernstyresmaktene vil i samarbeid med fiskeristyresmaktene vurdere om omfang av sjøareal og restriksjonar i forhold til utøving av fiske og havbruk i eksisterande verneområde er i samsvar med retningslinjene i meldinga. Verneforskrifter som regulerer tang- og tarehausting vil verte vurdert når forvaltningsplanen for tare ligg føre.

Regjeringa meiner at det i kystsona er tilstrekkeleg sjøareal både for utvikling av naudsynt næringsaktivitet knytt til fiskeri, havbruk og tang- og tarehausting og til vern av område i sjø og på land.

Det vert i meldinga peika på at både vern og næringsutvikling vil vere ein del av ei langsiktig utvikling i kystsona og at det derfor er viktig å ta vare på areal som ikkje vert påverka av ulike aktivitetar og inngrep. Det er òg viktig å sikre for ettertida område som har særlege verdiar med tanke på representativitet og som typeområde.

I dei fleste verneområda som omfattar sjøareal, er utøving av fiske ikkje i strid med verneformålet, og dei fleste verneforskriftene vil derfor framleis verte utforma slik at omsynet til fiskeriaktivitetane vert ivareteke.

Ved framlegg om nye verneområde vil behovet for å regulere taretråling i verneforskriftene verte vurdert på bakgrunn av forvaltningsplanen for tare og verneformålet. Regulering av taretråling i verneforskriftene kan likevel vere naudsynt dersom forvaltningsplanen ikkje i tilstrekkeleg grad ivaretek verneverdiane. Ein bør i størst mogleg grad samordne framlegga til verneområde med dei trålfrie områda i forvaltningsplanen.

Regjeringa understrekar at både oppdrettsnæringa og verneinteressene legg beslag på marginale areal totalt sett i kystsona, og at nasjonale vernevedtak i liten grad har verka inn på utviklinga av oppdrettsnæringa. Regjeringa meiner derfor at det i kystsona er tilstrekkeleg sjøareal både for naudsynt etablering av oppdrettsanlegg og gjennomføring av dei resterande verneplanane. Før ein fattar vedtak om vern som omfattar sjø, vil Regjeringa gjere ei grundig vurdering av storleiken på sjøareala som skal vernast.

Dersom det i enkelte høve viser seg å verte konkurranse om dei same areala, og det både for naturverninteressene og for havbruksnæringa ikkje er mogleg å finne alternative tilsvarande lokalitetar, må ein gjere ei grundig vurdering av forholdet mellom verneformål og kva for type oppdrett som er aktuelt. Dersom miljøverknadene av den aktuelle oppdrettsverksemda i liten grad vil påverke verneformålet, t.d. skjeloppdrett i eit landskapsvernområde, kan vern og oppdrett kombinerast. Under føresetnad av at det ikkje er i strid med verneformålet meiner Regjeringa at det i framtida vil kunne vere mogleg å kombinere vern av eit sjøareal og bruk av det same området til havbruksverksemd i større grad enn ved tidlegare vernevedtak. Regjeringa meiner at ein skal leggje føre-var-prinsippet til grunn når ein vurderer om miljøstyresmakta kan gi løyve til havbruk innafor eit verneområde.

Overføring av forvaltning av verneområde til kommunane er eit ledd i oppfølginga av Agenda 21, og vil vere ei frivillig ordning for kommunane.

Når det gjeld økonomiske konsekvensar er vern i medhald av naturvernlova ikkje av eit slikt omfang at det vil få vesentlege konsekvensar, og sluttføringa av verneframlegg som omfattar sjøareal vil skje innafor dei til eikvar tid gjeldande budsjettrammer. Vederlag for vernevedtak vert dekkja over kap. 1427 post 32 i statsbudsjettet. Vederlag for ein marin verneplan vil truleg verte minimale, og dersom det vert fremja krav om erstatning, er staten ansvarleg for å bere sakskostnadene sjølv om det ikkje vert utbetalt erstatning. Slike saker vil òg verte dekka opp innafor dei til eikvar tid gjeldande rammer på kap. 1427 post 32.

Utgifter til forvaltning av verneområde skal verte dekkja innafor dei til eikvar tid gjeldande rammer på kap. 1426 og kap. 1427.

Kostnader knytt til betring av kunnskapsgrunnlaget vil inngå i dei pågåande programma for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald og vil ikkje få økonomiske konsekvensar utover dei til eikvar tid gjeldande budsjettrammer til dette arbeidet.