3. Komiteens merknader
Komiteen syner til Budsjett-innst. S. nr. 3 (1999-2000) og debatten om denne i Stortinget den 10. desember 1999. Stortinget slutta seg der til hovudtrekka i denne meldinga.
Komiteen syner vidare til trykte vedlegg til denne innstillinga.
Komiteen meiner at situasjonen har endra seg lite i det området som meldinga dekkjer sidan budsjettbehandlinga. Komiteen syner til at det i Stortinget ved fleire høve har vore framheva at den norske innsatsen på Balkan bør gå inn i ei vidare internasjonal arbeidsdeling for at resultatet skal bli best mogleg. Ramma for denne internasjonale innsatsen bør vera Stabilitetspakta for Søraust-Europa. Gjennom Stabilitetspakta kan ein sjå heile området under eitt og dermed få til ei mest mogleg balansert utvikling. Komiteen meiner det er vanskeleg å få til ei fredeleg og stabil utvikling av velferd og demokrati i heile området dersom vesentlege område eller land blir halde utanfor.
Komiteen konstaterer at den samordna internasjonale innsatsen har kome kort. Komiteen meiner derfor at det også nå er vanskeleg og lite tenleg å foreslå detaljerte liner for fordelinga av den norske innsatsen på Vest-Balkan. Regjeringa må ha rom for å tilpassa den norske innsatsen til den internasjonale samordninga og til utviklinga i området. Dersom Regjeringa finn at det internasjonale samarbeidet ikkje fungerer tilfredsstillande bør Regjeringa leggje fram ein meir detaljert langsiktig strategi for den norske innsatsen på Vest-Balkan.
Ut over dei merknadene som kjem fram i denne innstillinga sluttar komiteen seg til vurderingane frå Regjeringa for så vidt gjeld utviklinga på Vest-Balkan og bruken av norske ressursar i området.
Komiteen går ikkje inn på utviklinga på Vest-Balkan fram til nå. Komiteen går heller ikkje inn på vurderingar av militæraksjonen i Kosovo eller den norske innsatsen der i denne innstillinga.
Komiteen går ikkje nærare inn på den norske militære innsatsen i området i denne innstillinga.
Komiteen sluttar seg til den geografiske avgrensinga som meldinga legg opp til.
Kroatia, Bosnia og Hercegovina, Makedonia, den føderale republikken Jugoslavia og Albania er alle hardt råka av krigane i det tidlegare Jugoslavia. Komiteen er derfor samd i at hovudinnsatsen blir retta inn mot dette området, Vest-Balkan.
Granneland som Romania og Bulgaria er også råka, men meir indirekte gjennom m.a. bortfall av handel. Desse landa er ikkje godkjende for ODA-støtte. Komiteen meiner at det må være det aktuelle behovet som må være avgjerande for innsatsen og ikkje om landet formelt har rett til utviklingsstøtte. Desse landa er likevel i ein annan situasjon enn landa på Vest-Balkan. Komiteen er derfor samd med departementet i at samarbeidet t.d. med Romania og Bulgaria bør vere annleis enn for Vest-Balkan.
Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, ber Regjeringa leggje fram for Stortinget framlegg til evt. tilleggsløyving eller omdisponering dersom dette skulle bli nødvendig for å få til eit tilfredsstillande samarbeid med desse landa.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet kan imidlertid støtte en omdisponering hvis dette er nødvendig for samarbeidet med disse landene.
Komiteen syner til at Moldova er i ein særleg dårleg økonomisk situasjon. Komiteen ber derfor Regjeringa vurdere ein særskilt innsats i dette landet. Komiteen meiner likevel at Moldova fell utanom føremålet med denne meldinga.
Komiteen meiner at vala i Kroatia er den kanskje viktigaste enkelthendinga i området sidan meldinga vart lagt fram. Komiteen meiner det er viktig at det internasjonale samfunnet reagerer positivt på signala om samarbeid frå den nye leiinga i Kroatia. Dette også fordi Kroatia spelar ei svært viktig rolle i regionen. Særleg viktig er denne rolla i Bosnia og Hercegovina.
Komiteen meiner det er særleg viktig å retta innsatsen mot dei mange flyktningane og internt fordrevne. Komiteen meiner det er viktig å følgje opp signala frå den nye leiinga i Kroatia om å gjere det enklare å vende heim for dei som har flykta frå landet. Dette inneber også innsatsen for dei som har kome til landet eller som på annan måte er offer for krigshandlingane.
Tilbakevending må framleis vere ein vesentleg del av arbeidet i Bosnia og Hercegovina.
I høve til Kosovo er det også avgjerande at retten til å bli verande i Kosovo og retten til å vende attende dit for dei som ønskjer det blir mest mogleg reell.
Komiteen vil særleg minne om den vanskelege situasjonen for dei som har søkt tilflukt i den føderale republikken Jugoslavia og særleg i Serbia. Dersom ikkje andre rettar ein særskilt innsats mot desse så meiner komiteen at Noreg må retta ein særskilt innsats mot desse flyktningane.
Komiteen finn det rimeleg at den humanitære innsatsen er stor den første tida. Siktemålet er likevel utviklinga av demokrati og velstand på lang sikt. Dette må vere det overordna målet for arbeidet.
Komiteen meiner at utviklinga i området heng nært saman med situasjonen i den føderale republikken Jugoslavia. Landet er viktig i høve til granneland så som Bosnia og Hercegovina. Også utviklinga internt i den føderale republikken Jugoslavia er viktig for heile regionen. Utviklinga i Kosovo og Montenegro er to døme på dette.
Så lenge president Milosevic og dei andre som er tiltalt for krigsbrotsverk og "brotsverk mot menneskja" sit med makta er det vanskeleg å tenkje seg ei normal politisk og økonomisk utvikling i området.
Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, trur på den andre sida heller ikkje at full isolasjon av den føderale republikken Jugoslavia utanom Kosovo og Montenegro tener dei langsiktige måla. Fleirtalet legg her vekt både på humanitære og politiske konsekvensar av isolasjonen. Fleirtalet ber Regjeringa arbeide aktivt for at sanksjonane mot landet blir endra. Fleirtalet vil streka under at Norge ikkje skal bryte med våre allierte i dette spørsmålet. Fleirtalet meiner heller ikkje at einsidige norske tiltak vil vere tenlege. Målet må vere å gjere dette til felles politikk for landa i EU og NATO. Fleirtalet meiner at våpenboikotten bør halde fram, vidare bør også tiltak retta mot dei som er tiltalt for "brotsverk mot menneskja" og dei som er nærast knytt til desse halde fram, evt. bli utvida.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti er enig i målet om å gjøre dette til felles politikk fra EU og andre aktører. Dette medlem mener imidlertid at Norge bør ta innledende skritt i retning av å oppheve våre sanksjoner. Dette medlem ber Regjeringen vurdere det som del av arbeidet med å få til en felles opphevelse av sanksjonene.
Komiteen meiner at tilhøvet mellom Serbia og Montenegro i den føderale republikken Jugoslavia vil bli særleg viktig i tida som kjem. Komiteen ber derfor Regjeringa følgje denne utviklinga nøye også med tanke på økonomisk samarbeid i første omgang med Montenegro. Etter kvart som sanksjonane blir heva bør også samarbeidet med den føderale republikken Jugoslavia utanom Kosovo og Montenegro auke.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener at en opphevelse av sanksjonene mot den føderale republikken Jugoslavia uten at regimet har gitt etter på noe punkt og fremdeles ledes av en person som er tiltalt av den internasjonale krigsforbryterdomstolen i Haag for forbrytelser mot menneskeheten, vil gi et galt signal og vil kunne fremstilles som en triumf for regimet.
Disse medlemmer mener at lettelse av sanksjoner under enhver omstendighet bør utelukkes så lenge den føderale republikken Jugoslavia søker å forhindre at kosovoalbanerne hjemsendes til Kosovo, og vil fremsette forslag om dette.
Komiteen er samd med Regjeringa i at stabilisering i Kosovo er ein vesentleg føresetnad for utviklinga i eit større område. Også i Kosovo er det viktig at innsatsen er langsiktig, sjølv om det er mange brennande humanitære behov som må bli løyst.
Komiteen vil framheve verdien av det arbeidet som politiske parti og andre organisasjonar gjer i høve til samarbeidspartnarar i området og reknar med at slikt arbeid kan bli finansiert over denne løyvinga.
Komiteen syner også til samarbeidet mellom lokale styresmakter i ulike land. Samarbeidet mellom Narvik og Kikinda er eit døme på dette. Komiteen meiner slikt samarbeid er svært viktig og meiner dette fell klart innanfor denne løyvinga.
Komiteen meiner at dei frivillige organisasjonane spelar ei viktig rolle på Vest-Balkan og at desse bør ha ein sentral plass i tida framover. Komiteen meiner det er viktig å sjå til at det arbeidet som desse gjer på oppdrag frå Regjeringa både er langsiktig og samordna i tråd med både nasjonale og internasjonale prioriteringar.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet vil fremheve at det er for mange organisasjoner som er engasjert i området. Deres arbeid er dårlig koordinert og medfører altfor store omkostninger i forbindelse med reise og opphold.
Komiteen ber Regjeringa sjå til at det i samband med kontrakter og samarbeidsavtaler blir lagt vekt på det langsiktige, kompetanseoverføring og på lokale, evt. regionale leveransar av varer og tenester. Ut over dette meiner komiteen at den norske innsatsen i heile området må vere bunden på same måten som dei andre landa sin innsats. Komiteen ser ingen grunn til å skilje mellom Kosovo og område elles i høve til binding.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti deler Regjeringens vurdering av problemene knyttet til at EUs bistand til Kosovo i all hovedsak vil gå til bedrifter i EU-land. Dette medlem støtter Regjeringens arbeid for å få alle aktører til å avbinde bistanden til Sørøst-Europa. Man må unngå at det etablerer seg en praksis der bistandsmidler blir tildelt egne bedrifter for oppdrag uten konkurranse, framfor å gå til lokale bedrifter eller bedre tilbydere i andre land. Dette medlem vil peke på at Regjeringen bør arbeide for at norske bistandsprosjekter blir tildelt lokale leverandører der dette er mulig.
Komiteen meiner at samarbeidet med området må ha ei strategisk orientering mot å byggje opp kompetanse og kunnskap. Også enkeltpersoner og institutt i den føderale republikken Jugoslavia utanom Kosovo og Montenegro bør kunne vere ein del av eit slik samarbeid.
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, ber Regjeringa leggje vekt på arbeid som kan betra situasjonen for kvinner. Særleg i krigsområda har kvinnene ofte vore svært utsett. Fleirtalet meiner også at jamstelling mellom kjønna bør vere eit viktig mål i det norske arbeidet både i det direkte arbeidet og i høve til dei internasjonale organisasjonane der Noreg er med.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet ønsker at norsk innsats skal komme dem til gode som trenger det mest uten hensyn til kjønn.
Komiteen ber Regjeringa leggje til rette for auka handel med området. Dette kan skje gjennom bruk av GSP-ordninga. Komiteen meiner også at frihandelsavtaler vil vere nyttige bidrag til auka handel. Slike bør eventuelt bli følgde av finansiell og teknisk støtte der omleggingane er særleg store.
Komiteen ber Regjeringa arbeide for ei betre internasjonal samordning for løn og rekruttering av lokalt tilsette i internasjonale organisasjonar. Sterk konkurranse på desse områda fører lett til at viktige delar av samfunnslivet blir tappa for viktige ressursar.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti vil peke på at ødeleggelsene på Balkan etter år med væpnede konflikter og flere kriger er enorme. Kostnadene ved gjenoppbygging er av ulike kilder anslått til minst 400 mrd. kroner. Investeringer i demokratisering og en moderne økonomi er likevel billigere enn å rydde opp etter flere kriger og væpnede konflikter. Gjenoppbyggingen av hele regionen er selvsagt viktig. Dette medlem vil også særlig peke på at flyktningers mulighet for hjemvendelse vil medføre betydelige kostnader, og at særlig tilbakevendelse til Kroatia kan bli aktuelt i nær framtid. Likeledes er det et stort behov for humanitær hjelp og hjelp til gjenoppbygging i Jugoslavia som i dag ikke blir fylt.
Dette medlem vil på denne bakgrunn fremme følgende forslag overfor Stortinget:
«Stortinget ber Regjeringen legge fram en plan om ytterligere bevilgninger til gjenoppbygging for landene i Sørøst-Europa, begrenset oppad til 1 mrd. kroner.»