Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

5. Sosial- og helsedepartementets svar

«Departementet er samd i at undersøkinga er representativ for dei aller fleste sjukmelde. Departementet reiser spørsmål om undersøkinga er representativ for trygdekontora si oppfølging av dei sjukmelde. Intervjudelen av undersøkinga omfattar ikkje trygdekontor som dekkjer under 5 000 innbyggjarar. Dette fører til at om lag 50 pst. av trygdekontora ikkje er med i denne delen av undersøkinga.

Når det gjeld bruken av dei 100 stillingane, vil departementet leggje til at noko av meininga med å be Rikstrygdeverket å gjennomføre ei evaluering av 12 veker-vedtaket, nettopp var å få kartlagt bruken av dei 100 stillingane. Ei såpass brei evaluering som her blei gjennomført, måtte naturleg nok ta tid. Det hadde vore ein fordel om resultatet av evalueringa låg føre tidlegare, men evalueringa har vore aktivt brukt i etatsstyringa sidan rapporten låg føre. Departementet vil også vise til at metodikken i trygdeetaten sitt oppfølgingsarbeid i stor grad går ut på å sjå sjukepengar, rehabilitering og uførepensjon under eitt. Legg ein dette til grunn, er 90 pst. av stillingsauken gått til arbeid langs denne "helseaksen".

Størstedelen av forbetringa kjem fordi fleire 12 veker-vedtak er gjort til rett tid og ein auke i gruppa "aktive sjukmelde". Departementet meiner at bruk av andre aktive verkemiddel har vore for låg. Bruken av aktive verkemiddel har stått sentralt i etatsstyringsdialogen, og det er i ferd med å gje resultat.

Arbeidet med å vidareutvikle kvaliteten i oppfølgingsarbeidet kombinert med kompetansetiltak er, og vil framleis vere, høgt prioritert tema i etatsstyringa framover.»