6. Komiteens tilråding
Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
I
På statsbudsjettet for 1999 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. |
Post |
Formål |
Kroner |
Utgifter |
|||
1311 |
Tilskot til regionale flyplassar |
||
60 |
Tilskot til ikkje-statlege flyplassar, kan overførast, kan nyttast under kap. 1310 post 70, blir auka med |
132 100 000 | |
frå kr 27 900 000 til kr 160 000 000 |
|||
1320 |
Statens vegvesen (jf. kap. 4320) |
||
61 (ny) |
Omstillingstilskot - fv 228, Fræna kommune, kan overførast, blir løyvd med |
12 000 000 | |
1380 |
Post- og teletilsynet (jf. kap. 4380) |
||
01 |
Driftsutgifter, blir auka med |
6 300 000 | |
frå kr 130 800 000 til kr 137 100 000 |
|||
45 |
Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast, blir auka med |
2 500 000 | |
frå kr 19 300 000 til kr 21 800 000 |
|||
Inntekter | |||
4350 |
Jernbaneverket (jf. kap. 1350) |
||
04 |
Leigeinntekter, blir redusert med |
48 000 000 | |
frå kr 50 000 000 til kr 2 000 000 |
|||
4380 |
Post- og teletilsynet (jf. kap. 1380) |
||
01 |
Diverse avgifter og gebyr, blir auka med |
4 400 000 | |
frå kr 144 100 000 til kr 148 500 000 |
|||
51 |
Frå reguleringsfondet |
4 400 000 | |
5611 |
Renter av lån til NSB BA |
||
80 |
Renter, blir auka med |
13 000 000 | |
frå kr 124 000 000 til kr 137 000 000 |
II
Stortinget samtykkjer i at:
Jernbaneverket kan overskride løyvingane for 1999 på kap. 1350 postane 23 Drift og vedlikehald og 30 Investeringar i lina, tilsvarande rekneskapsførde inntekter på kap. 4350 postane 02 Sal av eigedomar m.v. og 03 Arbeid for framande, med inntil 8 pst. av dei samla løyvingane på kap. 1350 Jernbaneverket. Fullmakta gjeld ikkje sal til NSB Gardermobanen AS og vidaresal av elektrisitet til togdrift.