Innstilling fra finanskomiteen om fullmakt til å ta opp innenlandske og utenlandske statslån
Dette dokument
- Innst. S. nr. 46 (1999-2000)
- Kildedok: St.prp. nr. 19 (1999-2000)
- Dato: 30.11.1999
- Utgiver: Finanskomiteen
- Sidetall: 2
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
Statsbudsjettet for 2000, jf. St.prp. nr. 1 (1999-2000), syner eit overskot på 79,2 mrd. kroner for statsbudsjettet og Statens petroleumsfond samla. Det er foreslått å setje av heile dette beløpet i petroleumsfondet. Ein netto auke i utlån til statsbankane, kjøp/sal av aksjar og utlån til andre m.v. på 7,2 mrd. kroner, saman med avdrag på langsiktig gjeld på 2,8 mrd. kroner, gjer at staten ut frå forslaget i St.prp. nr. 1. Tillegg nr. 12 (1999-2000) har eit brutto finansieringsbehov på i underkant av 10 mrd. kroner i år 2000. Lånebehovet vil i hovudsak bli dekt ved nye låneopptak.
Etter gjeldande opplegg for Statens petroleumsfond skal overføringar frå fondet dekke det oljekorrigerte underskotet i statsbudsjettet, jf. mellom anna omtale i Revidert nasjonalbudsjett 1997. Avdrag på statens gjeld og utlån til statsbankane m.v. skal dekkjast ved trekk på kontantbehaldninga eller ved nye låneopptak. Overskot på statsbudsjettet vil såleis ikkje gje grunnlag for ein reduksjon i statens bruttogjeld.
Nivået på statskassens bruttogjeld har sidan 1993 vore om lag uendra i nominelle storleikar, jf. figur 1.1 i proposisjonen. Ved utgangen av 1998 utgjorde statsgjelda i alt 255 mrd. kroner, medan fordringane utanom kapitalinnskot i forretningsdrifta, forskot og mellomrekneskap med ordinære rekneskapsførarar og andre utgjorde vel 490 mrd. kroner. Målt på denne måten hadde statskassen netto finansielle fordringar på 235 mrd. kroner. Når ein reknar med kapitalinnskot i forretningsdrifta m.v. og statskassens gjeld og avsetningar utanom statsgjelda, utgjorde statskassens netto finansielle fordringar ved utgangen av 1998 i bokførte verdiar om lag 361 mrd. kroner, jf. vedleggstabell 3.23 i St.meld. nr. 1 (1999-2000).
Tabell 1.2 i proposisjonen gjev eit oversyn over utviklinga i statens gjeld, statens kontantbehaldning og utlån til statsbankane. Lån som i utgangspunktet bind staten for ein periode på meir enn eitt år, blir rekna som langsiktige lån, medan lån med løpetid på inntil eitt år blir rekna som kortsiktige lån.
Statens kontantbehaldning var 47,9 mrd. kroner ved årsskiftet 1998/1999, mot 81,1 mrd. kroner eitt år tidlegare. Nedgangen har mellom anna samanheng med at avdraga på utanlandsgjelda i 1998 på 15,5 mrd. kroner i hovudsak blei dekte ved trekk på kontantbehaldninga. Ved utgangen av september 1999 var kontantbehaldninga på 39,0 mrd. kroner.
Tabell 1.3 i proposisjonen gjev ei samla oversikt over lånefullmaktene i 1998 og 1999 saman med forslag til fullmakter for 2000.
Fullmakta for opptak av nye langsiktige innanlandske og utanlandske statslån blir foreslått sett til 40 000 mill. kroner og 20 000 mill. kroner, høvesvis. Fullmakta for uteståande lån i form av kortsiktige marknadspapir, herunder statssertifikat, blir foreslått redusert til 100 000 mill. kroner, og fullmakta for samla uteståande i andre kortsiktige lån blir foreslått halden uendra på 90 000 mill. kroner. Det er ikkje aktuelt å be om fullmakt til å utferde grunnkjøpsobligasjonar.
Det er i avsnitt 1.4 og 1.5 i meldinga gjort greie for målsetting og resultat for statens gjeldsforvaltning og om instrumentbruk og eventuelle nye instrument.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Dag Terje Andersen, Berit Brørby, Erik Dalheim, Ranveig Frøiland, Trond Giske, Tore Nordtun og Hill-Marta Solberg, fra Fremskrittspartiet, Siv Jensen, Per Erik Monsen og Kenneth Svendsen, fra Kristelig Folkeparti, Randi Karlstrøm, lederen Lars Gunnar Lie og Ingebrigt S. Sørfonn, fra Høyre, Børge Brende, Per-Kristian Foss og Kjellaug Nakkim, fra Senterpartiet, Jørgen Holte, fra Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, fra Venstre, Borghild Tenden, og representanten Steinar Bastesen, slutter seg til forslagene I-IV i proposisjonen om fullmakter til å ta opp innenlandske og utenlandske statslån i 2000.
Komiteen viser til proposisjonen og til det som står foran, og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
I
Finansdepartementet får fullmakt til å ta opp nye langsiktige innanlandske statslån til eit beløp av 40 000 mill. kroner i 2000.
II
Finansdepartementet si fullmakt til å ha uteståande kortsiktige marknadslån blir sett til 100 000 mill. kroner.
III
Finansdepartementet si fullmakt til å ha uteståande andre kortsiktige lån blir halden uendra på 90 000 mill. kroner.
IV
Finansdepartementet får fullmakt til å ta opp nye lån i utlandet i 2000 til eit beløp motsvarande 20 000 mill. kroner utrekna på grunnlag av valutakursane pr. 30. september 1999.
Oslo, i finanskomiteen, den 30. november 1999
Lars Gunnar Lie leder |
Hill-Marta Solberg ordfører |
Siv Jensen sekretær |