Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

8. Verksemda til folketrygdfondet i 1998

Samandrag

Det er i meldinga gjort greie for Folketrygdfondets styre og administrasjon og for reglar for plasseringsverksemda.

Stats- og statsgaranterte obligasjonar og sertifikat (medrekna kontolån til statskassa knytt til underliggjande statslån) er hovudplasseringsforma til Folketrygdfondet. Ved utgangen av 1998 var 66,1 mrd. kroner plasserte i denne kategorien papir (rekna til kostpris), eller 63 pst. av dei samla plasseringane til fondet. Tilsvarande tal ved utgangen av 1997 var 61,2 mrd. kroner, dvs. 62,4 pst. av dei samla plasseringane.

Fondet sine samla plasseringar i private og kommunale obligasjonar og sertifikat utgjorde om lag 26,4 mrd. kroner ved utgangen av 1998, mot 26,6 mrd. kroner ved utgangen av 1997. Dette svara til høvesvis 25,2 pst. og 27,1 pst. av dei samla plasseringane. Bankinnskota var på 234 mill. kroner ved det siste årsskiftet.

Folketrygdfondet har frå juni 1991 hatt høve til å plassere i eigenkapitalinstrument i form av børsnoterte aksjar, grunnfondsbevis og konvertible obligasjonar (jf. St.prp. nr. 69 (1990-1991) og Innst. S. nr. 228 (1990-1991)). Den øvre ramma for plasseringar i aksjar blei, jf. over, utvida frå 15 til 20 pst. av fondet sin forvaltningskapital ved Stortinget sitt vedtak 28.oktober 1994. Øvre grense for eigenkapitalplasseringar var ved utgangen av 1998 21,6 mrd. kroner rekna på grunnlag av fondskapitalen rekna til kostpris inklusive opptente, ikkje utbetalte renter. Eigenkapitalplasseringane til fondet var på same tid på i alt 12,1 mrd. kroner (kostpris) fordelte på 50 ulike selskap. Av dette utgjorde plasseringar i grunnfondsbevis vel 0,4 mrd. kroner. Eigenkapitalplasseringane svara til 11,2 pst. av dei samla plasseringane til fondet. Plasseringane i eigenkapitalinstrument auka frå utgangen av 1997 til utgangen av 1998 med 1,9 mrd. kroner. Marknadsverdien av dei samla eigenkapitalplasseringane til fondet i form av aksjar, grunnfondsbevis og konvertible obligasjonar var ved utgangen av 1998 på 14,1 mrd. kroner. Fondet hadde såleis ein urealisert kursvinst på slike verdipapir på 2,0 mrd. kroner. Folketrygdfondet sine samla urealiserte kursvinstar (netto) og opptente ikkje utbetalte renter utgjorde 6,3 mrd. kroner ved utgangen av 1998.

Folketrygdfondet sine aksjar på Oslo Børs utgjorde om lag 3,4 pst. av heile børsen i 1998. Folketrygdfondet skriv i sin årsrapport mellom anna følgjande:

«For å unngå at fondet får en høyere markedsandel i aksjemarkedet enn det som er likviditetsmessig tjenlig og risikomessig forsvarlig, har fondet ikke funnet det riktig å utnytte mer enn ca. 60 prosent av den ramme som er fastsatt for fondets plasseringer i aksjer og andre egenkapitalsinstrumenter".

Det verdikorrigerte resultatet til Folketrygdfondet (dvs. medrekna urealiserte vinstar) var i 1998 på 145 mill. kroner. Dette svara til ein avkastningsrate på 0,1 pst. rekna på basis av fondet sin kapital ved inngangen til året. Avkastninga i 1997 var på 8,4 pst. Avkastninga på fondet sine plasseringar i renteinstrument (obligasjonar, sertifikat og bankinnskot) var i 1998 på 4,4 pst., mens avkastninga på aksjar var på - 23,4 pst. Dette var 3,3 pst. betre enn avkastninga til totalindeksen på Oslo Børs. Folketrygdfondet hadde frå 1993 til utgangen av 1998 ei gjennomsnittleg årleg avkastning på eigenkapitalplasseringane på vel 16 pst., dvs. på linje med børsindeksen.

Samla renteinntekter i 1998 var 6550 mill. kroner, mens motteke aksjeutbytte var på 352 mill. kroner. Fondet hadde gjennom året ein auke i urealiserte verdipapirvinstar på aksjar og obligasjonar på - 6,7 mrd. kroner. Dei urealiserte kursvinstane var fordelte med - 4,6 mrd. kroner på aksjeporteføljen og - 2,1 mrd. kroner på dei resterande verdipapira.

Merknader frå komiteen

Komiteen tek det som står i meldinga til etterretning.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet og Høgre, ber om at Regjeringa, for å styrkje norske selskap, vurderer om Folketrygdfondet bør få investere i norske selskap som ikkje er børsnoterte.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre mener det statlige eierskapet i norsk næringsliv er for omfattende, og vil advare mot flertallets anmodning om at Folketrygdfondet skal gis adgang til å investere også i selskaper som ikke er børsnoterte. Disse medlemmer mener det i stedet bør gjennomføres endringer som reduserer Folketrygdfondets innflytelse over norsk næringsliv, og viser blant annet til forslag fra disse medlemmer i Budsjett-innst. S. I (1999-2000) om at Folketrygdfondet skal gis anledning til å investere også i de øvrige nordiske land.