Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

6. Verksemda i statens banksikringsfond i 1998

Samandrag

Det er i meldinga gjort greie for det rettslege grunnlaget for Statens Banksikringsfond og for organisasjon og leiing.

Statens Banksikringsfond hadde i 1998 eit overskot på 186,9 mill. kroner. Hovuddelen av inntektene var utbytet på aksjar i Den norske Bank, med 182 mill. kroner. Fondet hadde dessutan renteinntekter på til saman 9,1 mill. kroner.

Fondet hadde i 1998 kostnader på til saman 4,3 mill. kroner. Ein vesentlig del av desse kostnadene knyter seg til eit planlagt aksjesal.

Ved utgangen av 1998 hadde fondet 104 mill. aksjar i DnB som i rekneskapen var verdsette til 1040 mill. kroner. Marknadsverdien proposisjon aksjane var på same tid 2828,8 mill. kroner. Fondet eig dessutan 100 pst. av aksjane i Oslo-banken, som er under avvikling.

Forvaltningskapitalen til fondet var ved utgangen av 1998 på 1109,4 mill. kroner.

Dei likvide midlane til fondet er, med unntak av inneståande pådriftskonto og mindre beløp knytte til fordringar, plasserte som kontolån til staten. Kontolån til staten utgjorde 63,4 mill. kroner ved utgangen av 1998. Fondet førte tilbake til staten 382 mill. kroner i 1998. Denne overføringa er ført direkte mot fondet sin eigenkapital.

Det er i meldinga gjort nærare greie for verksemda i Statens Banksikringsfond i 1998.

Merknader frå komiteen

Komiteen tek det som står i meldinga til orientering.