Innstilling fra finanskomiteen om samtykke til å setje i kraft ein tilleggsavtale til skatteavtalen mellom Noreg og Frankrike av 19. desember 1980 med tilleggsavtalar av 14. november 1984 og 7. april 1995, underskriven i Oslo den 16. september 1999
Dette dokument
- Innst. S. nr. 17 (1999-2000)
- Kildedok: St.prp. nr. 3 (1999-2000)
- Dato: 04.11.1999
- Utgiver: Finanskomiteen
- Sidetall: 1
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
Den 16. september 1999 blei det i Oslo underskrive ein tilleggsavtale til skatteavtalen mellom Noreg og Frankrike av 19. desember 1980 slik denne avtalen lyder med endringane av 14. november 1984 og 7. april 1995. Samtykke til underskriving blei gitt i kgl. res. av 20. august 1999. Tilleggsavtalen blei på vegne av Noreg underskrive av utanriksråd Bjarne Lindstrøm og på vegne av Frankrike av ambassadør Patrick Henault.
Kvar stat skal gi den andre melding om når dei nødvendige stega er tekne for at avtalen kan tre i kraft. Tilleggsavtalen vil tre i kraft på den første dagen i den andre månaden som følgjer etter dagen då den siste av desse meldingane er mottekne. Tilleggsavtalen vil få verknad for inntekter mottekne frå og med 1. januar 2000. Artikkel 1 punkt 4, som gjeld dei franske kultursentra Centres Culturels Français, vil få verknad for inntekter mottekne frå og med 1. januar 1997.
Tilleggsavtalen til skatteavtalen mellom Noreg og Frankrike kom i stand for å løyse ei usemje mellom norske og franske skattestyresmakter om rekkjevidda av artikkel 19. Saka blei teke opp gjennom brevveksling mellom finansministrane i dei to landa, og blei også nemnd i samtaler statsminister Bondevik hadde med statsminister Jospin og president Chirac 8. og 9. oktober 1998. Etter ei tid med brevveksling blei dei to landa samde om å endre artikkel 19, og det blei halde eit forhandlingsmøte i Paris i desember 1998. Dette møtet resulterte i eit framlegg som, med nokre mindre endringar, blei parafert i juni 1999. Tilleggsavtalen inneber at artikkel 19 i avtalen blir tilnærma lik artikkel 19 i OECD sin mønsteravtale, men med dei skilnadene som svarar til dei reservasjonane Frankrike hadde då mønsteravtalen blei vedteken. Ein har dessutan teke med ein særregel som gjeld løn utbetalt frå dei franske kultursentra i Noreg.
Merknader til dei einskilde artiklane går fram av kap. 3 i proposisjonen.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Dag Terje Andersen, Berit Brørby, Erik Dalheim, Ranveig Frøiland, Trond Giske, Tore Nordtun og Hill-Marta Solberg, fra Fremskrittspartiet, Siv Jensen, Per Erik Monsen og Kenneth Svendsen, fra Kristelig Folkeparti, Randi Karlstrøm, lederen Lars Gunnar Lie og Ingebrigt S. Sørfonn, fra Høyre, Børge Brende, Per-Kristian Foss og Kjellaug Nakkim, fra Senterpartiet, Jørgen Holte, fra Sosialistisk Venstreparti, Heidi K. Larsen, fra Venstre, Terje Johansen, og fra Tverrpolitisk Folkevalgte, Steinar Bastesen, slutter seg til forslaget til tilleggsavtale til skatteavtalen med Frankrike.
Komiteen viser til proposisjonen og til det som står foran og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
Stortinget samtykker til å sette i kraft en tilleggsavtale til skatteavtalen mellom Kongeriket Norge og Republikken Frankrike av 19. desember 1980 med tilleggsavtaler av 14. november 1984 og 7. april 1995, underskrevet i Oslo den 16. september 1999, i samsvar med et forslag framlagt i St.prp. nr. 3 (1999-2000).
Oslo, i finanskomiteen, den 4. november 1999
Lars Gunnar Lie leder |
Per Erik Monsen ordfører |
Siv Jensen sekretær |